7. Dagspresse m.v.

Økonomisk utvikling

       Samanlikna med 1993 viser rekneskapstal for 1994 eit forverra resultat for nr. 2-avisene. Dei nr. 2-avisene som har rett til produksjonstilskot hadde eit underskot i 1994 på 185 mill. kroner før stønadstildeling, mot eit tilsvarande underskot på 149 mill. kroner i 1993. Etter stønadstildeling hadde nr. 2-avisene eit underskot på 29,5 mill. kroner i 1994, mot eit overskot på 24,8 mill. kroner i 1993. Det er særskilt einskilde aviser i gruppa riksspreidde meiningsberande aviser som hadde store underskot i 1994.

       Dei samla inntektene for dagspressa auka frå om lag 8,8 mrd. kroner i 1993 til 9,4 mrd. kroner i 1994. Resultat før stønadstildeling auka frå 775 mill. kroner i 1993 til 821 mill. kroner i 1994. Auken skuldast mellom anna at annonseinntektene for dagspressa auka frå 1993 til 1994. I tillegg har avisbransjen halde fram rasjonaliseringa av drifta i 1994.

       Tal frå Norsk Reklamestatistikk syner at det samla annonsevolumet for aviser auka med 3 % i 1994. Tala syner vidare at radio og fjernsyn har teke marknadsdelar frå aviser når det gjeld merkevareannonsering frå 1993 til 1994.

Produksjonstilskotet

       Fordelinga av produksjonstilskotet til aviser skjer på grunnlag av forskrifter om produksjonstilskot. Nye fordelingskriterier har medført at dei minste avisene, særleg dei små lokale vekeavisene, har fått monaleg høgare støtte enn tidlegare.

       Ved kgl.res. av 5. juli 1995 vart det gjort ein endring av forskriftene som presiserer og innskjerpar regelen som set forbod for aviser som får pressestøtte mot å betale utbytte til eigarane. Aviser i konserntilhøve som utbetaler konsernbidrag, vil såleis misse retten til tilskot.

       Det blir vidare slått fast at konsernaviser som får pressestøtte ikkje skal kunne yte meir enn ein prosent av sine driftsinntekter eksklusiv pressestøtte til dekning av driftskostnadene i morselskapet.

       Som nemnt i St.prp. nr. 1 (1995-1996), vil departementet i tillegg innføre ordningar som sikrar betre kontroll med at pressestøttemidlar blir nytta til drift av den avisa som mottek støtta.

       Det er også nødvendig å sjå avisene sitt engasjement i nærkringkasting i lys av regelen om at pressestøttemidlar skal nyttast til avisdrift.

       Eit anna spørsmål som departementet ønskjer å avklare nærmare gjeld sjølve definisjonen av ei avis.

       Departementet meiner at ein del spesialiserte publikasjonar som tek opp spesielle samfunnstilhøve frå ein spesiell vinkel har verdifulle impulsar til den allmenne debatten. Det er eigne støtteordningar som mellom anna omfattar partipolitiske vekeaviser, nynorskavis, fråhaldsavis, samiske aviser og innvandrarpublikasjonar.

       Departementet meiner likevel ein må unngå at den aukande mengda av spesialpublikasjonar av ulike slag blir innlemma i pressestøtteordningane. Departementet tar sikte på å opprette ein arbeidsgruppe til å vurdere dagspresseomgrepet for betre å kunne skilje mellom allmenne dagsaviser og meir spesialiserte publikasjonar.

       Ei arbeidsgruppe med representantar frå Statens medieforvaltning og Kommunaldepartementet gjennomfører ei evaluering av støtta til dei samiske publikasjonane, med sikte på å utarbeide eit nytt regelverk for denne støtta.

       Forvaltninga av pressestøtteordningane vart overført til Statens medieforvaltning ved årsskiftet 1994/95.