1. Samandrag

   I dokumentet blir det opplyst at bakgrunnen for framlegget er at over to års røynsle med EØS-medlemskap har vist klare demokratiske manglar ved sakshandsaminga av EØS-saker samanlikna med andre saker Stortinget arbeider med. Målet med framlegga er difor å syta for auka legitimitet i Stortinget si handsaming av EØS-saker.

       I framlegg B blir det m.a. vist til at sakshandsaminga i EØS-komiteen i Brussel går føre seg med så korte tidsfristar at det vert for kort tid til å føre ei reell utveksling av spørsmål og svar mellom medlemene i konsultasjonsorganet (EØS-utvalet) og Regjeringa på førehand. Det vert difor teke til orde for å be Regjeringa arbeide for å endre saksgongen i EØS-komiteen slik at konsultasjonsorganet får den aktuelle dokumentasjonen 14 dagar på førehand.

       Framlegget lyder:

       « Stortinget bed Regjeringa arbeida for at saksgangen i EØS-komiteen vert endra slik at konsultasjonsorganet for EØS-saker på Stortinget får førebels sakliste og naudsynte sakspapir, kommentert av Regjeringa, seinast 14 dagar før møte i konsultasjonsorganet. »

       I framlegg C blir det m.a. vist til at reglar vedtekne gjennom EØS i stor grad gjeld norske borgarar på same vis som reglar vedtekne innanfor det norske lovgjevingsapparatet. Det vert difor teke til orde for å skaffe allmenta breiare informasjon om komande EØS-reglar.

       Framlegget lyder:

       « Stortinget bed Regjeringa så snart råd er etablera ei ordning med kortfatta, offentleg informasjon om alle nye framlegg frå EU-kommisjonen som er relevante for EØS, jf. EØS-avtalen art. 99 nr. 2. Det same gjeld vedtak i andre organ i EUs lovgjevingsprosess. Dersom innhaldet i framlegg/vedtak tilseier behov for å endra norsk lov eller politisk viktige forskriftsreglar, må dette nemnast særskilt. Den som ønskjer det, må få høve til å tinga meir dokumentasjon om framlegget/vedtaket frå Regjeringa. »

       I framlegg D blir det m.a. vist til at det i rammeverket for EØS-komiteen eksisterer informasjonsordningar som gjev viktige signal om utviklinga i EØS, men som ikkje når Stortinget. Det vert difor teke til orde for å be Regjeringa etablere ei betre informasjonsordning om EØS andsynes Stortinget.

       Framlegget lyder:

       « Stortinget bed Regjeringa etablera ei informasjonsordning der Regjeringa på ein rask og effektiv måte orienterer Stortinget om utviklinga i EØS. Det gjeld:

- vedtak og brev frå EFTAs overvakingsorgan (ESA), med Regjeringa si vurdering og haldning når det gjeld verknader for Noreg og norske personar,
- avsagde domar frå EFTA-domstolen og EF-domstolen som vert sendt partane i EØS-avtalen til kvart møte, jf. EØS-avtalen art. 105 nr. 2,
- vedtak i EØS-komiteen, med plan for gjennomføring av dei i norsk rett.»