2. Komiteen sine merknader

       Komiteen meiner at både Storting og Regjering må arbeide vidare med å auke det offentlege innsynet i EØS-saker, og gjera det enklare for Stortinget å førebu seg når EØS-saker skal drøftast der. Dette må vere eit løpande arbeid der ein byggjer på dei røynslene ein haustar.

       Komiteen syner til at namnet på « Konsultasjonsorganet » i Innst.S.nr.246 (1995-1996) frå Presidentskapet er endra til EØS-utvalet.

Frist for utsending av saksliste m.v.

       Fleirtalet i komiteen, alle utanom medlemene frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, meiner det er viktig at sakslista til EØS-utvalet/konsultasjonsorganet - og dei sakspapira som høyrer med - blir sendt til Stortinget så tidleg som råd. Særleg viktig er den kommenterte lista frå Regjeringa, der dei enkelte rettsaktene blir vurderte. Fleirtalet meiner ikkje at det rimeleg å setje ein fast frist for når saker skal sendast over til Stortinget. I dag blir sakene og sakslista for EØS-komiteen (EU-EFTA/EØS) sendt Stortinget om lag ei veke før møtet. Dette er normalt også det tidlegaste sakslista for EØS-komiteen blir fastsett. Fleirtalet meiner at dette er for seint når ein skal førebu meir omfattande saker.

       Fleirtalet meiner det er nødvendig med meir tid for Stortinget til å førebu sakene.

       Medlemene i komiteen frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Framstegspartiet meiner det er naudsynt å setja ein fast frist for oversending av saker frå Regjeringa til Stortinget. Fristen bør vera på 14 dager. Dette må sjåast i samanheng med at desse medlemene meiner Regjeringa må arbeida for å endra forretningsordninga for EØS-komiteen. EØS-avtalens art. 92 er heimelen for EØS-komiteens forretningsordning. Forretningsordninga er gjeven ved vedtak i EØS-komiteen. I EØS-komiteen opptrer berre to partar, EU og EFTA-statane, jf. art. 93. EFTA-statane kjem fram til felles standpunkt til sakene i EØS-komiteen gjennom møte i EFTAS faste komité. Noreg har stor makt i EFTAs faste komité og vil såleis ha stor gjennomslagskraft for krav om lengre tidsfristar i saksgangen i EØS-komiteen.

       Komiteen meiner derfor at kommenterte lister for nye rettsakter bør bli sendt over så snart dei er klar i Regjeringa. Dette bør skje sjølv om dei aktuelle rettsaktene ikkje kjem på dagsorden for det første møtet i EØS-komiteen og dermed heller ikkje for drøftinga i EØS-utvalet i Stortinget. Komiteen syner til at det enkelte tilfelle har vore orientert om saker utan at dei har vore aktuelle i det første møtet i EØS-komiteen, vidare er det også lagt opp til at enkelte saker blir drøfta i plenum før endeleg avgjerd (jf. « matsminke », Innst.S.nr.185 (1995-1996)). Komiteen meiner at det også i framtida bør vera rom for fleksibilitet når det gjeld behandlingsform.

       Komiteen strekar under at den informasjonen som blir sendt til Stortinget, samstundes blir gjort offentleg tilgjengeleg for alle interesserte etter vanleg prosedyre for offentleg tilgjengelege dokument. Både Storting og Regjering har eit ansvar for at informasjonen blir tilgjengeleg.

Offentleg informasjon om EØS-relevante forslag frå EU-kommisjonen.

       Komiteen meiner det ville vera ønskjeleg med informasjon også på norsk om framlegg frå Kommisjonen når desse er EØS-relevante, og såleis kan bli norsk lov.

       Komiteen meiner imidlertid at dette er eit svært omfattande arbeid, og at det såleis bør arbeidast vidare med desse spørsmåla.

       Komiteen syner mellom anna til dei innfløkte vedtaksprosedyrene i EU. Komiteen syner vidare til at mange av sakene blir endra mange gonger i løpet av drøftingane i dei ulike EU-organa. Også desse drøftingane og endringane kan vere svært viktige for Noreg. Ein informasjon berre om det opprinnelege framlegget frå EU-kommisjonen kan såleis vere misvisande i høve til dei endringane som seinare blir gjort. Ein må såleis arbeide vidare med å sjå korleis ein også kan informere om endringane og drøftingane av EU-lover etter at Kommisjonen har presentert sine framlegg og før dei endelege vedtak. Komiteen innser at dette er eit arbeid som vil måtte ta tid. Komiteen meiner at det hastar med å koma i gang med dette arbeidet.

       Komiteen meiner at ein i første omgang må leggje særleg vekt på å gjere lettare tilgjengeleg den informasjonen som alt finst mellom anna frå EU. Dette gjeld mellom anna EF-tidende og EØS-tillegget til EF-tidende.

       Komiteen vil peike på art. 99 nr. 2 i EØS-avtala der det går fram at kommisjonen skal sende gjenpart av framlegga til m.a. den norske regjeringa. På eit så tidleg tidspunkt tek såleis EU-kommisjonen naudsynleg stilling til kva for rettsakter som er EØS-relevante. Enkelte gonger kan dette imidlertid vere eit spørsmål om skjønn. Dersom det skulle vera tvil om ei sak er EØS-relevant meiner komiteen at det er rett å informera om litt for mange saker enn litt for få.

       Komiteen meiner at Stortinget også har eit stort ansvar for å leggje til rette informasjon om EØS for representantar og partigrupper. Ein bør t.d. vurdera å utvikla oversyn over EØS-relevante saker som er handsama i Kommisjonen og som er til handsaming i Parlament etc. Ein bør også vurdera å utvikla oversyn over saker som er endeleg avgjorde i EU, men som ikkje er drøfta i EØS-komiteen. Dette bør ein gjere sjølv om enkelte av dei sakene som blir med i eit slik oversyn seinare skulle syne seg ikkje å vere relevante for EØS. På denne måten vil Stortinget få eit oversyn over kva for saker som seinare vil koma til behandling i EØS-utvalet.

       Komiteen legg vekt på at mest mogleg av denne informasjonen må leggjast slik til rette at den også blir tilgjengeleg for andre interesserte. Komiteen meiner at det bør bli lagt til rette for at dei interesserte kan abonnere på slik informasjon og at den blir gjort tilgjengeleg på same måten som dokument frå Storting og Regjering så langt råd er.

Orientering om utviklinga i EØS.

       Komiteen sluttar seg til framlegget frå handelsministeren (jf. brev vedlagt denne innstillinga) om at Stortinget kvar månad skal få ei oppdatert liste over dei avgjerder som er gjort i EØS-komiteen. Komiteen understrekar at også denne lista må vere offentleg tilgjengeleg og enkel å få tak i for dei interesserte.

       Komiteen konstaterer at EFTAs overvakingsorgan (ESA) er eit uavhengig organ som Regjering og Storting ikkje kan instruere. Komiteen er samd med handelsministeren i at det kan vere aktuelt å orientere EØS-utvalet i Stortinget om saker som er oppe i ESA. Heller ikkje Regjeringa blir imidlertid alltid direkte informert frå ESA om dei sakene som er oppe. Handelsministeren syner til at informasjon om synet til Regjeringa og vurderingar av moglege verknader for Norge og norske personar tidlegast kan gjevast etter at ein har mottatt opningsbrev. Komiteen meiner det er rimeleg at Regjeringa orienterer Stortinget gjennom EØS-utvalet på dette stadium i sakene. Det er vidare rimeleg at Stortinget blir orientert når endeleg vedtak i ESA i form av grunngjeven fråsegn ligg føre. Det bør derfor vere eit mål å betre informasjonen frå ESA til norske styresmakter og andre interesserte, slik at det finst oversyn over kva for saker som er til drøfting og kva for avgjerder som er fatta. Dette må skje innafor dei grensene som alminneleg omsyn til forretningsdrift og liknande krev.

       Dei same vurderingane bør gjerast gjeldande for dommar frå EFTA- og EF-domstolen.

       Komiteen syner til brev frå Utanriksdepartementet datert 24. mai 1996 der også Handelsministeren legg til rette for fleire tiltak som vil gjera arbeidsvilkåra lettare for Stortinget i EØS-saker.