Regjeringa ber i proposisjonen om Stortinget
sitt samtykke til å ratifisere FN-konvensjonen av 15. desember
1997 om kamp mot terroristbombing. Konvensjonen vart vedteken av
FN si 52. Generalforsamling 15. desember 1997, og underteikna av
Noreg 31. juli 1998.
Det vert synt til at konvensjonen i stor grad
byggjer på element frå eldre terrorismekonvensjonar
som Noreg har ratifisert. Gjennom konvensjonen forpliktar partane
seg til enten sjølve å påtale og straffe,
eller å utlevere for straffeforfølging personar
som gjer seg skuldige i handlingar som vert ramma av konvensjonen.
Konvensjonen rettar seg mot ulovleg og forsettleg levering, plassering,
utløysing eller detonering av sprenglekam eller annen dødbringande
innretning på, i eller mot offentleg eller statleg stad,
anlegg og infrastruktur med det føremål å valde
død, alvorleg lekamsskade eller øydeleggingar
som kan leie til større økonomisk tap. Han er
difor eit viktig folkerettsleg rammeverk for statane sitt samarbeid
i kampen for å oppklare slike terrorhandlingar, og for å straffeforfølgje
eller utlevere dei som står bak desse.
Det var USA som kort etter bilbombeåtaket
retta mot amerikansk militært personell i Dahran, Saudi-Arabia 25.
juni 1996 tok initiativ til å starte forhandlingane om konvensjonen.
Kort tid før dette åtaket hadde det funne stad
fleire liknande terrorhandlingar som alle leidde til internasjonal
uro og otte. Desse hendingane synleggjorde at jamvel om det fanst
viktige antiterrorkonvensjonar som råka bestemte terrorhandlingar
som t.d. flykapring og gisseltaking, fanst det ikkje noko multilateralt
rettsleg instrument som omhandla terroriståtak mot offentlege
plassar, slik som bilbomba i Dahran og fleire liknande åtak
som fann stad midt på 1990-talet.
Hausten 1996 vart det oppnådd semje
i Generalforsamlinga i FN om å setje ned ei ad-hoc arbeidsgruppe under
6. komiteen i FN for å utarbeide eit konvensjonsutkast.
Det vart oppnådd semje om konvensjonsteksten 21. november
1997. Konvensjonen vart så endeleg vedteken av Generalforsamlinga
15. desember same året. Han vart opna for underteikning
i FN sitt hovudkvarter 12. januar 1998 og underteikna av Noreg 31. juli
same året.
Konvensjonen stiller krav til dei statane som
vert part i han om å kriminalisere visse handlemåtar,
straffeforfølgje eller utlevere for straffeforfølgjing
personar som oppheld seg på staten sitt territorium og
som vert mistenkte for å ha gjort seg skuldige i handlingar
som vert ramma av konvensjonen. Vidare skal partane samarbeide om å hindre
og etterforske slike handlingar. Konvensjonen inneheld m.a.o. både
reglar som har som formål å hindre terrorhandlingar
og reglar som tek sikte på å effektivisere den
etterfølgjande strafferettslege forfølgjinga av
personar som gjer seg skuldige i slike handlingar. Som sine føregangarar
freistar ikkje konvensjonen å definere sjølve
omgrepet terrorisme, men tek i staden sikte på å råke
bestemte handlingar og unnlatingar uavhengig av dei motiva som ligg
bak.
Spørsmålet om underteikning
og ratifikasjon av konvensjonen har vore lagt fram for m.a. Justisdepartementet,
som har gjeve uttrykk for at det ville vere ønskjeleg å endre
utleveringslova § 5 før konvensjonen vert ratifisert
for å vere sikker på at det ikkje ville kunne
oppstå motstrid mellom denne paragrafen og føresegnene
i konvensjonen. Slik endring vart føreslegen av Justisdepartementet
i Ot.prp. nr. 56 (1998-99) Om lov om Schengen Informasjonssystem
(SIS), lov om endringer i utlendingsloven og enkelte andre lover som
følge av Schengensamarbeidet, jf. Innst. O. nr. 89 (1998-99).
Kopi av konvensjonen på engelsk og
i omsetjing til norsk følgjer som vedlegg til proposisjonen.
Komiteen forutsetter
at konvensjonen i forbindelse med utleveringsspørsmål
er å betrakte som en overenskomst og at utleveringen får
den nødvendige justering slik at utleveringsadgangen for
den type overtredelser konvensjonen omhandler fremgår på en
klar måte.
Komiteen har elles
ingen merknader, syner til proposisjonen og rår Stortinget
til å gjere slikt
vedtak:
Stortinget gjev samtykke til ratifikasjon av
FN-konvensjon av 15. desember 1997 om kamp mot terroristbombing,
i samsvar med forslaget i St.prp. nr. 85 (1998-99).
Oslo, i utanrikskomiteen, den 14. juni 1999.
Haakon Blankenborg,
leiar. |
Kjell Engebretsen,
ordførar. |
Einar Steensnæs,
sekretær. |