7.1 Innleiing

Samandrag

Det er i meldinga gjort greie for det rettslege grunnlaget for Statens bankinvesteringsfond, for styre og administrasjon, og for rekneskap og balanse og verksemda i 1999.

I omtalen til punkt 3.4.14 kap. 5350 "Tilbakeføring av midler fra Statens Banksikringsfond" i St.prp. nr. 1. Tillegg nr. 3 (1997-1998) "Om endring av St.prp. nr. 1 om statsbudsjettet medregnet folketrygden 1998" heiter det mellom anna:

"Regjeringen legger til grunn at Statens Bankinvesteringsfond og Statens Banksikringsfond selger aksjene i DnB og i Kreditkassen i 1998 slik at fondenes eierandel i de to bankene reduseres til 1/3. En vil gjennom salget søke å oppnå et spredt eierskap i de to bankene."

Komiteen sitt fleirtal, alle utanom Sosialistisk Venstreparti, slutta seg til dette, jf. Budsjett-innst. S. nr. I. (1997-1998). Det er i meldinga gjort greie for saka.

Salsperioden var frå 8. mars til 19. mars 1999. I salsperioden heldt representantar for leiinga i Kreditkassen, tilretteleggaren og seljaren presentasjonar for 141 institusjonar. 71 av presentasjonane vart haldne separat for store institusjonar i Europa og USA.

I overkant av 50 pst. av institusjonane som blei besøkte, kjøpte aksjar i Kreditkassen. Totalt var det nesten 300 institusjonelle investorar som etterspurde aksjar i Kreditkassen. 61 mill. aksjar vart etterspurde av norske aktørar, og 157 mill. blei etterspurde av utanlandske aktørar.

Oppslutninga blant private investorar i Noreg var stor. Om lag 18 000 interessentar etterspurde 38 mill. aksjar. Dette var ein auke i forhold til resultata frå andre transaksjonar ein kan samanlikne med. Totalt blei det etterspurt 256 mill. aksjar. Sett i samanheng med at Bankinvesteringsfondet skulle selje 90 mill. aksjar, var dette tilfredsstillande.

I prospektet og informasjonsbrosjyren blei det spesifisert at ein ville tilgodesjå private investorar i tilfelle overteikning. Alle private aksjonærar som etterspurde mindre enn 3 000 aksjar, fekk 100 pst. tildeling. Dei same tildelingskriteria blei brukte både for norske og utanlandske institusjonelle investorar. Totalt sett blei 48 pst. av aksjane selde til norske aksjonærar. Tildelinga og salskursen på aksjane blei offentleggjorde 22. mars 1999.

Generelt sett var det en god spreiing på etterspurnaden.

I samband med internasjonale nedsal har aksjekursen ifølgje Bankinvesteringsfondet ofte hatt dårlegare utvikling enn liknande aksjar i perioden før og under salet. Etter salet har aksjane ofte stige meir enn tilsvarande aksjar i marknaden. Aksjekursen til Kreditkassen utvikla seg derimot godt både før og under salet i høve til aksjekursen til institusjonar ein kan samanlikne med. I perioden etter salet var aksjekursen stabil. Sett i samanheng med den gode etterspurnaden tyder dette på at marknadsføringa, både nasjonalt og internasjonalt, var vellukka.

Merknader frå komiteen

Komiteen tek omtalen i meldinga til orientering.

7.2 Fusjon mellom Den norske Bank ASA og Postbanken BA

Samandrag

Styra i DnB og Postbanken inngjekk 23. mars 1999 ein avtale med sikte på samanslåing av dei to finanskonserna med DnB som overtakande selskap. Bakgrunnen for samanslåinga var å utnytte områda der institusjonane utfylte kvarandre.

Som fusjonsvederlag fekk Postbanken sin eineaksjonær (staten) aksjar i DnB, som med ein aksjekurs på 30,40 kroner utgjorde 4 200 mill. kroner. I tillegg blei det til eineaksjonæren i Postbanken utbetalt ein kontantsum på 300 mill. kroner frå den frie eigenkapitalen i Postbanken. Aksjonærane i DnB eig 82,3 pst. og eineaksjonæren i Postbanken eig 17,7 pst. av det fusjonerte selskapet. Finansdepartementet har etter årsavslutninga overført aksjane frå fusjonsoppgjeret til Bankinvesteringsfondet.

Det blei vedteke å auke aksjekapitalen i DnB med 1 381,6 mill. kroner, frå 6 405,0 mill. kroner til 7 786,6 mill. kroner, ved nyteikning av 138 157 895 aksjar som følgje av fusjonen.

Det blei spesifisert at resultateffekten av potensielle kostnadsinnsparingar og pårekna meirsal bør kunne liggje på rundt 450 mill. kroner og mellom 150 og 200 mill. kroner før skatt på årsbasis i løpet av ein tre- til femårsperiode.

Rådgivarane til DnB og Postbanken, Merrill Lynch, Morgan Stanley og Orkla Finans, har uttala at fusjonsvederlaget framstår som rimeleg ("fair") frå eit finansielt synspunkt.

Det blei annonsert at den nye banken ville få ein forvaltningskapital på 315 mill. kroner. I tillegg til filialnettet til DnB skal 900 postkontor og 2 500 landpostbod kunne nyttast til banktenester.

Fusjonsplanen var ferdig handsama, og prospekt sendt til aksjonærane og offentleggjort 11. mai 1999 saman med innkalling til ekstraordinær generalforsamling i dei fusjonerande selskapa. Styret i Bankinvesteringsfondet støtta forslaget og deltok i valkomiteane som førebudde den formelle fusjonsprosessen. Aksjonærane i dei to selskapa stemte for fusjonsforslaget på ekstraordinær generalforsamling den 30. juni 1999. Finansdepartementet gav 14. oktober 1999 DnB ASA og Postbanken AS løyve til å fusjonere, og fusjonen tok til å gjelde 1. desember 1999.

Merknader frå komiteen

Komiteen tek dette til orientering.

7.3 Omorganisering av DnB-konsernet

Samandrag

Finansdepartementet vedtok i brev av 3. juli 1998 å stille som vilkår for godkjenning av kjøpet av aksjane i Vital Forsikring ASA ("Vital"), at DnB-konsernet skulle omorganiserast slik at eit nytt holdingselskap blei eigar av mellom anna DnB og Vital.

Den statlege eigarskapen var tidlegare direkte knytt til ei bestemt organisering av kvart einskilt konsern, der bank inngår som ein del av verksemda. I 1999 blei lova om Statens Bankinvesteringsfond endra slik at eigarskapen til Bankinvesteringsfondet også kan omfatte holdingselskap som mellom anna eig bankar. Bankinvesteringsfondet sit i valkomiteen i konsernet.

Den 20. desember 1999 vedtok den ekstraordinære generalforsamlinga i Den norske Bank ASA og DnB Holding ASA å omorganisere DnB-konsernet til eit finanskonsern med DnB Holding ASA som morselskap, ved at alle aksjane i Den norske Bank ASA blei bytte ut med aksjar i DnB Holding ASA.

Merknader frå komiteen

Komiteen tek dette til orientering.

7.4 Sal av aksjar i Den norske Bank

Samandrag

Som nemnt under punkt 7.5 heiter det i omtalen til punkt 3.4.14 kap. 5350 "Tilbakeføring av midler fra Statens Banksikringsfond" i St.prp. nr. 1. Tillegg nr. 3 (1997-1998) "Om endring av St.prp. nr. 1 om statsbudsjettet medregnet folketrygden 1998", mellom anna at:

"Regjeringen legger til grunn at Statens Bankinvesteringsfond og Statens Banksikringsfond selger aksjene i DnB og i Kreditkassen i 1998 slik at fondenes eierandel i de to bankene reduseres til 1/3. En vil gjennom salget søke å oppnå et spredt eierskap i de to bankene."

Den 16. mars 1998 opplyste Bankinvesteringsfondet i ei pressemelding at Warburg Dillon Read var vald til global co-ordinator og rådgivar for det planlagde samla nedsalet av aksjar i DnB. På grunnlag av utviklinga i aksjemarknadene planla Bankinvesteringsfondet å gjennomføre eit heilt eller delvis nedsal i DnB i løpet av mai/juni 1998.

Avgjerda i styret og representantskapet i DnB den 6. mai 1998 om at Finn A. Hvistendahl skulle gå av som konsernsjef, og at Svein Aaser skulle tilsetjast som ny konsernsjef i DnB, medførte at salssyndikatet under leiing av Warburg Dillon Read rådde Bankinvesteringsfondet til å utsetje eit nedsal av aksjar i DnB til tidlegast september 1998 etter at Svein Aaser hadde begynt i stillinga.

Det internasjonale kursfallet på ettersommaren gjorde det likevel naturleg å utsetje tidspunktet for nedsalet til 1999 eller til tilhøva såg ut til å liggje betre til rette for det.

I mars 1999 innleidde som nemnt DnB fusjonsforhandlingar med Postbanken. Fusjonen blei gjennomført 1. desember 1999. Bankinvesteringsfondet fann det ikkje naturleg å gjennomføre nedsalet så lenge det gjekk føre seg ein fusjonsprosess med Postbanken.

Med bakgrunn i Statens Bankinvesteringsfond sitt arbeid med moglege strukturelle løysingar for DnB og Kreditkassen, jf. omtalen under punkt 7.9, er det tidlegare syndikatet for nedsal av aksjar i DnB oppløyst. Den nærare framgangsmåten for salet vil bli vurdert seinare. Det blir lagt til grunn at staten sin eigardel i DnB skal reduserast i 2001, dersom ikkje marknadstilhøva skulle tilseie noko anna. Elles viser ein til St.meld. nr. 38 (1999-2000).

Merknader frå komiteen

Komiteen tek omtalen i meldinga til orientering.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti understreker betydningen av nasjonalt eierskap til sentrale finansinstitusjoner. Det har betydning at toppledelsen i institusjonene som skal finansiere store satsinger i norsk næringsliv, har forståelse for og kjennskap til deres forretningsmessige strategi og samfunnsmessige betydning. En slik innsikt vil bidra til å øke kvaliteten på vurderingene av norsk næringslivs prosjekter.

Dette medlem påpeker at et flertall i Stortinget var enige om at Kreditkassen ikke var til salgs, helt til det kom et bud fra en utenlandsk bank. Nå er en av de mest sentrale finansinstitusjonene i landet solgt.

Dette medlem registrerer at det er vanskelig å finne langsiktige private norske eiere til de sentrale finansinstitusjonene. Det finnes ingen grunner, verken politisk eller økonomisk, til å selge DnB. For å sikre nasjonalt eierskap bør staten etter dette medlems oppfatning derfor opprettholde sin eierandel i DnB.

7.5 Om statens eigarskap i DnB og Kreditkassen

Samandrag

Den 20. september 1999 offentleggjorde Merita-Nordbanken Plc ("MeritaNordbanken") eit tilbod til aksjonærane i Kreditkassen. Tilbodsperioden var venta å vare frå 28. september 1999 til 29. oktober 1999, men har seinare blitt forlengd fleire gonger.

I St.meld. nr. 11 (1999-2000), Kredittmeldinga 1998, lagd fram 29. oktober 1999, blei det peika på at det å redusere eigardelen i DnB eller Kreditkassen til under ein tredel ville vere i strid med dei retningslinene Stortinget då hadde gitt for den statlege eigarskapen.

I innstillinga til Kredittmeldinga 1998, Innst. S. nr. 44 (1999-2000), uttala fleirtalet i finanskomiteen mellom anna "at staten må medverke til å etablere ei sterk norsk løysing på finansmarknaden, slik at den nasjonale eigarskapen ikkje vert svekka", og "at eit eventuelt sal av aksjar i Kreditkassen ikkje kan gjennomførast før ein har sett kva for ei norsk løysing som kan etablerast".

I brev frå Finansdepartementet av 9. desember 1999 fekk Bankinvesteringsfondet i oppdrag å arbeide med moglege strukturelle løysingar for DnB og Kreditkassen.

I St.meld. nr. 38 (1999-2000) "Om statens eierskap i Kreditkassen", som blei lagt fram 26. mai 2000, orienterer Finansdepartementet om arbeidet med moglege strukturelle løysingar for DnB og Kreditkassen, og om kva retningsliner som vil bli lagde til grunn for den vidare utøvinga av eigarskapen.

Stortinget slutta seg til forslaget frå regjeringa om å endre retningslinene for den statlege eigarskapen under stortingsbehandlinga av St.meld. nr. 38 (1999-2000), jf. Innst. S. nr. 245 (1999-2000).

I brev av 20. juni 2000 frå Finansdepartementet til Statens Bankinvesteringsfond ber departementet Bankinvesteringsfondet om å førebu eit sal av statens aksjar i Kreditkassen.

I brev av 22. august 2000 frå Finansdepartementet til Statens Bankinvesteringsfond ber departementet Bankinvesteringsfondet om at saka knytt til salet av statens aksjar i Kreditkassen først blir lagd fram for departementet etter statsbudsjettet, St.prp. nr. 1 (2000-2001), er lagt fram. I brevet heiter det mellom anna:

"Det vises til det forestående salget av aksjer i Kreditkassen, jf. departementets brev av 20. juni 2000. I brevet ble det bl.a. lagt vekt på at salget skal skje uten ugrunnet opphold uten at det ble fastsatt noe bestemt tidspunkt.

Statens Bankinvesteringsfond er et eget rettssubjekt. Styret i Statens Bankinvesteringsfond skal forelegge saken for departementet i henhold til lov om Statens Bankinvesteringsfond § 4.

Departementet ber om at foreleggelse av saken først skjer etter at statsbudsjettet er lagt fram. På denne måten vil det ikke kunne stilles spørsmål ved om staten har noen annen informasjon enn andre aktører i markedet."

Bankinvesteringsfondet forventar at den pågåande budprosessen knytt til salet av Kreditkassen vil vere avslutta innan utgangen av oktober 2000, og at bydaren deretter vil gi eit offentleg tilbod til alle aksjonærar.

Merknader frå komiteen

Komiteen tek omtalen i meldinga til orientering.