5. Regelverksutvikling og forvaltningssaker på finansmarknadsområdet

Samandrag

I meldinga er det gitt ei oversikt over dei viktigaste endringane i regelverket på finansmarknadsområdet for 2001, og dessutan ei oversikt over sentrale forvaltningssaker for same år. Omtalen er i hovudsak avgrensa til 2001, men enkelte stader har ein ført framstillinga fram utover årsskiftet. Kredittmeldinga 2000 inneheld òg ei framstilling som på enkelte punkt omfattar endringar i 2001. Enkelte av desse sakene blir kort omtala på ny her. Ein viser elles til Kredittmeldinga 2000 kapittel 3.

Departementet syner mellom anna til Dokument nr. 8:52 (2001-2002) frå stortingsrepresentant Siv Jensen om å gje Noregs Bank fullt sjølvstende, samt Innst. S. nr. 117 (2001-2002) frå finanskomiteen si handsaming av forslaget. I dokument 8-forslaget heiter det mellom anna:

"Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om endringer i lov 24. mai 1985 nr. 28 om Norges Bank og pengevesenet slik at loven gir banken et mål om prisstabilitet, banken får full frihet i bruk av pengepolitiske virkemidler, referansen til "de økonomisk-politiske retningslinjer fastlagt av statsmyndighetene" tas bort, banken pålegges en årlig eller halvårlig rapporteringsplikt til Stortinget, Regjeringen fratas retten til å treffe vedtak om bankens virksomhet, referanser til kronens internasjonale verdi, kursordning og kursleie tas bort og foreleggelsesplikten tas bort. Det tas inn i loven at medlemmer av hovedstyret må ha bred og god innsikt i samfunnsøkonomiske spørsmål og være uavhengige i forhold til partipolitiske og næringsøkonomiske særinteresser."

I Innst. S. nr. 117 (2001-2002) går det fram at fleirtalet i komiteen, alle bortsett frå medlemene frå Framstegspartiet, ikkje samtykkjer i dei endringsforslaga som er framsette i Dokument nr. 8:52 (2001-2002). Fleirtalet i komiteen, alle bortsett frå medlemene frå Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kystpartiet, syner i innstillinga til at finansministeren "vil vurdere enkeltheter i det aktuelle regelverket nærmere, og at han tar sikte på å komme tilbake til Stortinget med en slik vurdering i løpet av 2002", jf. brev av 25. februar 2002 frå finansministeren til finanskomiteen som følgjer som vedlegg til innstillinga. Det same fleirtalet uttaler vidare at det konstaterer at det i Innst. S. nr. 229 (2000-2001) om retningsliner for den økonomiske politikken ikkje var fleirtal for å be Regjeringa ta initiativ til å gå gjennom loven om Noregs Bank, mellom anna for å vurdere om det er naudsynt med endring i sentralbanken si stilling.

Av Innst. S. nr. 117 (2001-2002) følgjer det at departementet her mellom anna vil vurdere nærare enkelte sider ved regelverket om Noregs Banks stilling, oppnemningspraksis av bankens hovudstyre, samt gi ei meir generell utgreiing av relevant regelverk og praksis i andre land det er naturleg å samanlikne seg med. Departementet ser det som ein fordel at forslag og vurderingar blir oversendt Stortinget samla i ein lovproposisjon om endringar i sentralbanklova mv. Eit slikt samla lovforslag må sendast på høyring før endeleg handsaming i departementet. Lovproposisjonen vil difor ikkje kunne fremjast før årsskiftet. Departementet tar sikte på å leggje fram ei samla drøfting av forslag som blir tatt opp i Dokument nr. 8:52 (2001-2002) og Innst. S. nr. 117 (2001-2002) til våren, slik at Stortinget kan handsame saka i vårsesjonen.

Merknader frå komiteen

Komiteen tek det som står i meldinga om regelverksutvekling og forvaltningssaker på finansmark­nadsområdet til orientering.