Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Ranveig Frøiland, Svein Roald Hansen, Tore Nordtun, Torstein Rudihagen og Hill-Marta Solberg, frå Høgre, Svein Flåtten, Bente Gunn Håtuft, Heidi Larssen, og Jan Tore Sanner, frå Framstegspartiet, Gjermund Hagesæter, leiaren Siv Jensen og Per Erik Monsen, frå Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, Audun Bjørlo Lysbakken og Heidi Grande Røys, frå Kristeleg Folkeparti, Ingebrigt S. Sørfonn og Bjørg Tørresdal, frå Senterpartiet, Morten Lund, frå Venstre, May Britt Vihovde, og frå Kystpartiet, Steinar Bastesen, viser til brev frå finansminister Per-Kristian Foss av 9. februar 2004 som svar på spørsmål frå saksordførar Heidi Grande Røys 23. januar 2004. Brevet følgjer vedlagt innstillinga.

Komiteen viser til at det er 2 300 freda bygningar i privat eige i Noreg. Etter plan- og bygningslova har alle som eig eit hus ei generell plikt til å halde det ved like. Vedlikehald av ein freda bygning er i tillegg underlagt overvaking i kulturminneforvaltninga, og det kan stillast krav om at arbeidet skal utførast på antikvarisk måte. Dette er i regelen dyrare enn alminneleg vedlikehald. Ein eigar av freda kulturminne har høve til å søkje midlar frå fleire hald til arbeidet. Forslagsstillarane peikar på at offentlege tilskottsmidlar ikkje strekk til for å kunne dekke trongen for midlar. Forslagsstillarane meiner det difor er naudsynt å sjå på andre virkemiddel som kan lette børa for private eigarar av kulturminne.

Komiteen vil understreke at mange av dei private eigarane er svært interessert i, og medvitne om, dei verdiar dei har på eigedommane sine. Deira vilje, kompetanse og erfaring er avgjerande for at det enkelte kulturminne eller kulturmiljøet skal bli tatt vare på, på ein god måte. Freda eigedommar er underlagt ei eiga og strengare forvaltning enn andre. Det er difor særleg viktig at desse eigarane har rammevilkår som verkar motiverande, og som legg til rette for at dei aktivt skal kunne bruke og utvikle eigedommen sin.

Komiteen har merka seg at for 2004 utgjer dei totale tilskottsmidlane knytt til fysiske tiltak for vern og sikring av kulturminne, om lag 123 mill. kroner. I tillegg vil om lag 12 mill. kroner av avkastninga av Statens kulturminnefond kunne nyttast til dette føremålet.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, Senterpartiet og Kystpartiet, viser til brev frå finansminister Per-Kristian Foss av 9. februar 2004, der finansministeren uttaler:

"Omsynet til eit enkelt skattesystem talar for at ein bør unngå frådrag i inntekt som ikkje har direkte samanheng med å opptene inntekta. For å sikre størst mulig samanheng mellom faktisk inntekt og skattepliktig inntekt, bør økonomisk støtte til spesielle føremål normalt gjevast igjennom direkte støtte framfor særskilte frådrag i inntekt. Som hovudregel vil også støtta vere meir målretta dersom den blir gjeven igjennom direkte støtte enn igjennom særskilte frådrag eller andre særordningar i skattesystemet."

Fleirtalet stør dette synet.

Vidare vil fleirtalet vise til at det er slik at freda bygningar og anlegg i privat eige, i ein del tilfelle vert nytta i avgiftspliktig næringsverksemd. Døme på det kan vere gardsdrift, serveringsverksemd eller produksjon/sal av husflidsprodukt. Finansministeren viser i brev av 9. februar 2004 til at :

"I den grad eit freda bygg eller anlegg nyttast i avgiftspliktig næringsverksemd, føreligg det i dag på vanleg måte rett til frådrag for inngåande meirverdiavgift på innkjøp til verksemda. Denne retten til frådrag for inngåande meirverdiavgift gjeld berre for innkjøp som vert nytta i næringa. Innkjøp til våningshus/bustad på gardsbruk gir normalt ikkje rett til slikt frådrag. Skattemessig er reglane når det gjeld frådrag noko annleis. I høve til inntektsskattesystemet vil kostnadane til våningshus kunne førast til frådrag på linje med andre driftsmidlar."

Fleirtalet viser til at forslagsstillarane tar opp eitt av fleire forslag som er drøfta i NOU 2002:1 Fortid former framtid, utfordringer i ein ny kulturminnepolitikk. Fleirtalet er samd i at det er behov for å auke satsinga på freda og verna bygningar, og vil be Regjeringa i den varsla meldinga om kulturminne kome tilbake med ei vurdering av ulike måtar å få til ei satsing i samsvar med ambisjonsnivået Regjeringa sjølv legg opp til i St.meld. nr. 25 (2002-2003) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand.

Fleirtalet meiner forslaget om fritak frå å betale meirverdiavgift for arbeid på freda bygningar og anlegg i privat eige, må drøftast i ein heilskapleg samanheng og gjennomgang av kulturminnepolitikken, og viser til at finansministeren i brev av 9. februar 2004, varslar at Regjeringa vil fremje stortingsmelding om kulturminnepolitikken i løpet av 2004.

Fleirtalet vil difor, med grunngjeving i det som står ovanfor, fremje følgjande forslag:

"Dokument nr. 8:16 (2003-2004) - forslag fra stortingsrepresentantene Åslaug Haga og Inger S. Enger om generelt fritak fra å betale merverdiavgift for arbeid på fredede bygninger og anlegg i privat eie, eller kompensasjonsordninger med tilsvarende effekt - vert å legge ved protokollen."

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Senterpartiet og Kystpartiet viser til at vel 4 150 bygninger og enkeltobjekter i Norge er fredet med hjemmel i kulturminneloven.

Minst 2 300 fredede bygninger er i privat eie, og etter plan- og bygningsloven har alle som eier en bygning en generell plikt til å holde den ved like.

Vedlikeholdet av en fredet bygning er i tillegg underlagt kulturminneforvaltningens overvåkning, og det kan stilles krav om at arbeider skal utføres på en antikvarisk korrekt måte. Eiere av et fredet kulturminne har mulighet til å søke støtte fra en rekke forkjellige hold. Offentlige tilskuddsmidler strekker imidlertid ikke til for å dekke behovet, og Regjeringen slår selv fast i St.meld. nr. 25 (2002-2003) at "bare om lag 13 pst. av landets stående fredete bygg og anlegg har ordinært vedlikeholdsnivå", noe som betyr at 87 pst. er i en eller annen form for forfall. Mange land i Europa har egne skatteregler når det gjelder utgifter til vedlikehold av fredede bygninger. Det gjelder bl.a. Danmark, Finland, Storbritannia, Nederland og Frankrike. Redusert eller refundert merverdiavgift er et virkemiddel i de fleste av disse landene.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Kystpartiet mener at det forhold at statlige og kommunale myndigheter griper inn i eiendomsretten ved vesentlige verdireduserende tiltak og gjennom pålegg og begrensninger som påfører vesentlig økte kostnader for eierne, er god grunn til å støtte forslaget. Argumentene gjelder på samme måte for eiendommer som er regulert til bevaring etter plan og bygningsloven.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Senterpartiet og Kystpartiet fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om å innføre generelt fritak fra å betale merverdiavgift av varer og tjenester som brukes i forbindelse med arbeider på fredede bygninger og anlegg i privat eie, eller kompensasjonsordninger med tilsvarende effekt. Ordningen skal også gjelde for eiendommer som er regulert til bevaring etter plan- og bygningsloven."