Innstilling fra forsvarskomiteen om endringar i "Regulativ for tillegg mv. til utskrivne vernepliktige mannskap"

Dette dokument

Til Stortinget

Innleiing

I denne proposisjonen legg Forsvarsdepartementet fram forslag om regulering av primærgodtgjersler for utskrivne vernepliktige mannskap frå 1. juli 2004.

Samandrag og tilrådingar

Forslaget til regulering er basert på meklingsresultatet mellom staten og LO-Stat, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund-Stat, Akademikarane og Utdanningsgruppenes Hovedorganisasjon frå lønsoppgjeret i staten. Med basis i lønsoppgjeret for statstilsette blir primærgodtgjersler til vernepliktig mannskap tilrådd auka med 8,9 pst. frå 1. juli 2004.

Meirutgiftene for 2004 er utrekna til 23,4 mill. kroner.

Bakgrunn

Gjennom ei rekke år har dei økonomiske ytingane til soldatane blitt regulert med basis i lønsoppgjeret for tilsette i staten. Forsvarsdepartementet har dei seinare åra, i tråd med forsvarskomiteens syn, lagt til grunn den regulering som blir gitt i lågaste lønstrinn for vaksen, ufaglært arbeidskraft.

Det tilrådde lønsoppgjeret for statstilsette i lønsramme 1, alternativ 1 gav som resultat eit kronetillegg på 6 500 på A-tabellen med virkning frå 1. mai 2004. Vidare blei det gitt opprykk på fire lønstrinn i lågaste begynnarløn til kr 196 300 per år i lønstrinn 13 med virkning frå 1. juni 2004. Dette utgjer til saman ei regulering på 8,9 pst.

I 2003 gav lønsoppgjeret i staten ikkje lønsauke. Tenestetillegget til dei vernepliktige mannskapa vart likevel auka med 2,9 pst. i 2003 på grunnlag av auken i konsumprisindeksen, jf. St.prp. nr. 76 (2002-2003) og Innst. S. nr. 291 (2002-2003), som eit bidrag i arbeidet med å heve statusen til utskrivne vernepliktige mannskap. For 2004 ønskjer Forsvarsdepartementet å føre vidare prinsippet om regulering basert på lønsoppgjeret for vaksen, ufaglært arbeidskraft i staten.

Vurderingar

Dei økonomiske ytingane det dreier seg om, har som eit viktig mål å sikre den vernepliktige og familien hans/hennes ein rimeleg god levestandard. Dei årlege reguleringane med basis i lønsoppgjeret ivaretek dette. Departementet meiner det er naturleg og rimeleg at det i år blir gitt regulering som for lågaste begynnarløn for vaksen, ufaglært arbeidskraft i staten. Etter ei samla vurdering er Forsvarsdepartementet kome fram til at dei vernepliktige bør få ei regulering av primærgodtgjerslene med 8,9 pst. med verknad frå 1. juli 2004.

Regulering av satsane

Forslaget inneber følgjande regulering av satsane frå 1. juli 2004:

Tenestetillegg frå kr 111,00

til kr 120,90 per dag

Korporalstillegg frå kr 14,10

til kr 15,35 per dag

Kompensasjonstillegg frå kr 217,60

til kr 237,00 per dag

Ektefelletillegg frå kr 2 967,00

til kr 3 231,00 per månad

Barnetillegg, fyrste barn, frå kr 3 369,00

til kr 3 669,00 per månad

Barnetillegg, øvrige barn, frå kr 1 392,00

til kr 1 515,00 per månad

Dimisjonsgodtgjersle 12 månader teneste frå kr 8 851,00

til kr 9 636,00

Utdanningsbonus frå kr 7 351,00

til kr 8 007,00

Samlet utgiftsberegning

Meirutgiftene som følgje av forslaget er utrekna til 23,4 mill. kroner for 2004 etter følgjande fordeling:

Auke av tenestetillegg og korporalstillegg

20,116 mill. kroner

Auke av kompensasjonstillegg

0,274 mill. kroner

Auke av forsørgjartillegg

1,386 mill. kroner

Auke av dimisjonsgodtgjersle og utdanningsbonus

1,659 mill. kroner

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Gunnar Halvorsen, lederen Marit Nybakk og Rita Tveiten, fra Høyre, Bjørn Hernæs og Åge Konradsen, fra Fremskrittspartiet, Per Roar Bredvold og Per Ove Width, fra Sosialistisk Venstreparti, Kjetil Bjørklund, fra Kristelig Folkeparti, Åse Wisløff Nilssen, og fra Senterpartiet, Marit Arnstad, viser til at det fremlagte forslag fra departementet omhandler regulering av primærgodtgjørelse for utskrevne vernepliktige mannskaper fra 1. juli 2004. De økonomiske ytelser har som mål å sikre denne vernpliktige og eventuelt deres familie en rimelig god levestandard. Forslaget til regulering er basert på meklingsresultatet mellom staten og organisasjonene med et resultat på en økning på 8,9 pst.

Komiteens tilråding

Komiteenhar for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

I statsbudsjettet for 2004 blir det gjort følgende endringer:

Kap.

Post

Formål

Kroner

450

Sivile vernepliktige

1

Driftsutgifter, blir auka med

3 436 000

frå kr 177 791 000 til kr 181 227 000

1720

Felles leiing og kommandoapparat

1

Driftsutgifter, blir auka med

758 000

frå kr 1 202 847 000 til kr 1 203 605 000

1725

Fellesinstitusjoner og -utgifter under FST

1

Driftsutgifter, blir auka med

1 464 000

frå kr 2 418 902 000 til kr 2 420 366 000

1731

Hæren

1

Driftsutgifter, blir auka med

10 697 000

frå kr 3 918 825 000 til kr 3 929 552 000

1732

Sjøforsvaret

1

Driftsutgifter, blir auka med

4 121 000

frå kr 2 694 032 000 til kr 2 698 153 000

1733

Luftforsvaret

1

Driftsutgifter, blir auka med

2 543 000

frå kr 3 565 523 000 til kr 3 568 066 000

1734

Heimevernet

1

Driftsutgifter, blir auka med

3 284 000

frå kr 1 106 051 000 til kr 1 109 335 000

1790

Kystvakten

1

Driftsutgifter, blir auka med

557 000

frå kr 693 574 000 til kr 694 131 000

1795

Kulturelle og allmennyttige formål

1

Driftsutgifter, blir auka med

9 000

frå kr 143 978 000 til kr 143 987 000

Oslo, i forsvarskomiteen, den 8. juni 2004

Marit Nybakk

leder

Per Roar Bredvold

ordfører