Vedlegg 2: Brev fra Samferdselsdepartementet v/statsråden til samferdselskomiteen, datert 15. januar 2005

Tunnelane på E134 over Haukeli

Eg syner til brev frå Samferdselskomiteen datert 10. januar 2005. I samband med Dokument nr. 8:32 (2004-2005) Forslag fra stortingsrepresentantene Kenneth Svendsen, Øyvind Vaksdal, Arne Sortevik, Lodve Solholm, Sigvald Oppebøen Hansen, Oddbjørg Ausdal Starrfeldt og Magnhild Meltveit Kleppa om straks å innføre avbøtende tiltak for at vogntog med høyde over 4 meter kan passere Haukelitunnelene, viser Samferdselskomiteen i brevet til at det i ein artikkel i avisa Varden 8. januar 2005 kjem fram andre opplysingar enn det som er lagt til grunn i mitt brev til komiteen av 23. desember 2004. På den bakgrunn etterlyser komiteen grunnlaget for følgjande opplysingar:

  • i) Kor stor del av alle trailerar som køyrer over Haukeli som er over 4 meter.

  • ii) Registrerte alvorlige hendingar og nestenulykker i tunnellane over Haukeli.

Statens vegvesen gjennomførde i 2004 to kontrollar av tunge køyretøy på Seljestad der det vart registrert høgder på kjøretøya. Den første høgdemålinga fann stad i mars 2004, i samband med ein ordinær tungbilkontroll. Konklusjonen var at over ein tredjepart av køyretøya var for høge, men slik statistikken er laga kan ein ikkje fastslå kor mange køyretøy som var for høge. Årsaka til dette er at i statistikkane til Statens vegvesen for tungbilkontroll vert eit vogntog rekna som to køyretøy (køyretøyeiningar), ettersom bil og tilhengjar har ulike registringsnummer, medan det under høgdemålinga berre vart målt på det høgaste punktet på kvart vogntog, dvs. ein gong pr. vogntog. Det vart kontrollert 270 tunge køyretøyeiningar, der nokre er enkle lastebilar, medan vogntog som nemt er rekna som to einingar. Det var 92 køyretøy som var for høge. Dette gjer eit resultat på 34 prosent, men jf. argumentasjonen over er den reelle delen større, utan at ein kan seie kor stor.

I september 2004 vart det gjennomført ein ny kontroll på Seljestad, denne gongen berre for å kontrollere høgdene på dei tunge køyretøya. Ved denne kontrollen vart kvart vogntog rekna som eitt køyretøy. 64 køyretøy vart kontrollerte, og av desse var 41 for høge. Dette gjev eit resultat på 64 prosent. 13 køyretøy vart ikkje målt, ettersom dei var klart lågare enn fire meter. Om ein tek desse 13 med i reknestykket, vert resultatet 53 prosent som var for høge.

Det er på bakgrunn av desse målingane eg i brevet av 23. desember 2004 skreiv at "Andelen tunge kjøretøy med høyder over tillatte 4,0 meter er økt til nærmere 60 %". Når det er skrive "økt til", er bakgrunnen at før opninga av den nye vegen langs Åkrafjorden i 2000, var det her tunnelar som la fysiske avgrensingar på bruken av høge køyretøy.

Målingane som det er vist til ovanfor gir ikkje grunnlag for nokon fullgod statistikk, men viser uansett at det er mykje ulovleg køyring. Det er uansett ulovleg å køyre i strid med offentlege trafikkskilt. Det er ekstra farleg når dette skjer med for høge køyretøy i tunnelar, og enda farlegare når tunnelane er lange og det er mange som køyrar ulovleg. Omsynet til trafikktryggleiken gjer at den ulovlege køyringa som har funne stad i tunnelane på E134 over Haukeli ikkje kan aksepterast. Eg vil her også vise til intensjonane i det komande EU-direktivet om tryggleik i tunnelar.

I brevet frå Samferdselskomiteen er det vidare vist til eit utsagn i avisa Varden frå distriksvegsjefen i Voss og Hardanger distrikt. Då distriktsvegsjefen uttalte seg til avisa, var det målingane frå mars i fjor som var grunnlaget for hans utsagn.

Når eg i brevet av 23. desember 2004 viser til at "det er registrert en rekke hendelser og nestenulykker", byggjer dette på erfaringar og rapporteringar til Statens vegvesen. Særs alvorleg er det når tankbilsjåførar fortel om kor nære dei har vore ei ulukke i samband med at høge køyretøy har kryssa midtstripa inne i tunnelane. Eg meinar det er viktig å ta trafikktryggleik alvorleg, og ikkje vente på store ulukker før ein handterar slike utfordringar.

Sidan brannen i Seljestadtunnelen i 2000 er det i tunnelane på Haukeli registrert 35 skader der årsaka er påkøyring av utstyr i tak og vegger. Kostnadane er i overkant av 2,5 millionar kroner, inkludert reparasjonane etter Seljestadbrannen som åleine kom opp mot ein million kroner. Dette er også uttrykk for farlege situasjonar.