Innstilling frå helse- og omsorgskomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2006 som følgje av takstoppgjera for legar, psykologar og fysioterapeutar

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 228 (2005-2006)
  • Kildedok: St.prp. nr. 71 (2005-2006)
  • Dato: 08.06.2006
  • Utgiver: Helse- og omsorgskomiteen
  • Sidetall: 2

Til Stortinget

Samandrag

Innleiing

Helse- og omsorgsdepartementet gjer i proposisjonen framlegg om endring av løyvingane for 2006 under kap. 2711 post 70 Refusjon spesialisthjelp og post 71 Refusjon psykologhjelp, under kap. 2755 post 62 Tilskot til fastlønns­ordning fysioterapeutar, post 70 Refusjon allmennlegehjelp og post 71 Refusjon fysioterapi og under kap. 732 Regionale helseforetak, postane 71-75. Auken på i alt 189 mill. kroner har samanheng med reviderte avtalar med Den norske lægeforening, Norsk Fysioterapeutforbund og Norsk Psykologforening om takstar, basistilskot og driftstilskot. Det er sett av reservar til dekking av meirutgiftene ved oppgjeret under kap. 2309 Tilfeldige utgifter (Ymseposten). Denne løyvinga vil det seinare bli gjort framlegg om å setje ned.

Eigendelane blir ikkje endra ved dette oppgjeret. Auken i honorartakstane som følgje av dei nye avtalane får difor full verknad i refusjonsutgiftene.

Avtale om basistilskot, driftstilskot og takstar for legar

I forhandlingsmøte 24. mai 2006 blei Den norske lægeforening, staten, KS og dei regionale helseføretaka samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om basistilskot for fastlegar, driftstilskot for legespesialistar og takstar for tidsrommet 1. juli 2006-30. juni 2007. Det tilrådde framlegget inneber at gjeldande basistilskot, driftstilskot, takstar og fondsavsetningar samla blir auka med 4,6 prosent frå 1. juli 2006. Innanfor denne ramma er det avtala at driftstilskota blir auka med 10,9 prosent.

For legespesialistane er det avtala ei ny omfordeling frå takstar til driftstilskot ved dette oppgjeret. Som følgje av dette blir det gjort framlegg om å auke overføringane til dei regionale helseføretaka med 18 mill. kroner (kap. 732 postane 71-75) mot tilsvarande reduksjon i refusjonsløyvingane.

Meirutgiftene for folketrygda til refusjonar og fondsavsetningar i 2006 er rekna til 120 mill. kroner, delt med 18 mill. kroner på kap. 2711 post 70 Refusjon spesialisthjelp og 102 mill. kroner på kap. 2755 post 70 Refusjon allmennlegehjelp.

Avtale om driftstilskot og takstar for fysioterapeutar

I forhandlingsmøte 29. mai 2006 blei Norsk Fysioterapeutforbund, KS og staten samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for fysioterapeutar. Avtalen skal gjelde for tidsrommet 1. juli 2006-30. juni 2007. Avtalen føreset ei regulering av takstar, driftstilskot og avsetning til fond for etter- og vidareutdanning med 4,9 prosent per 1. juli 2006. Takstar og driftstilskot aukar med same prosentsats.

Departementet tilrår at løyvinga for 2006 under kap. 2755 post 71 Refusjon fysioterapi blir auka med 41 mill. kroner.

Fastlønnstilskotet til kommunar med fysioterapeutstillingar var 134 300 kroner i 2005. Departementet tilrår at fastlønnstilskotet blir regulert til 139 600 kroner for 2006, og at kap. 2755 post 62 Tilskot til fastlønnsordning fysioterapeutar blir auka med 4 mill. kroner.

Avtale om driftstilskot og takstar for psykologar

I forhandlingsmøte 22. mai 2006 blei Norsk Psykologforening, staten og dei regionale helseføretaka samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for spesialistar i klinisk psykologi. Avtalen skal gjelde for tidsrommet 1. juli 2006-30. juni 2007. Avtalen føreset ei samla regulering av takstar, driftstilskot og avsetning til fondet for vidare- og etterutdanning med 4 prosent per 1. juli 2006. Takstar og driftstilskot aukar med same prosentsats. Departementet tilrår at kap. 2711 post 71 Refusjon psykologhjelp blir auka med 6 mill. kroner.

Merknad frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Jorodd Asphjell, Jan Bøhler, Sonja Mandt-Bartholsen, Gunn Olsen og Dag Ole Teigen, frå Framstegspartiet, Jan-Henrik Fredriksen, Vigdis Giltun og leiaren Harald T. Nesvik, frå Høgre, Inge Lønning og Sonja Irene Sjøli, frå Sosialistisk Venstreparti, Lars Egeland, frå Kristeleg Folkeparti, Laila Dåvøy, frå Senterpartiet, Rune J. Skjælaaen, og frå Venstre, Gunvald Ludvigsen, støttar Regjeringa sine forslag til endringar i statsbudsjettet for 2006 som følgje av takstoppgjera for legar, psykologar og fysioterapeutar.

Tilråding frå komiteen

Komiteen viser til proposisjonen og merknaden og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I statsbudsjettet for 2006 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter:

732

Regionale helseføretak

71

Tilskot til Helse Øst RHF, kan overførast, blir auka med

8 800 000

frå kr 17 373 301 000 til kr 17 382 101 000

72

Tilskot til Helse Sør RHF, kan overførast, blir auka med

3 300 000

frå kr 9 765 579 000 til kr 9 768 879 000

73

Tilskot til Helse Vest RHF, kan overførast, blir auka med

3 400 000

frå kr 8 915 009 000 til kr 8 918 409 000

74

Tilskot til Helse Midt-Norge RHF, kan overførast, blir auka med

1 500 000

frå kr 6 474 483 000 til kr 6 475 983 000

75

Tilskot til Helse Nord RHF, kan overførast, blir auka med

1 000 000

frå kr 5 741 090 000 til kr 5 742 090 000

2711

Diverse tiltak i spesialisthelsetenesta

70

Refusjon spesialisthjelp blir auka med

18 000 000

frå kr 1 070 000 000 til kr 1 088 000 000

71

Refusjon psykologhjelp blir auka med

6 000 000

frå kr 168 000 000 til kr 174 000 000

2755

Helseteneste i kommunane:

62

Tilskot til fastlønnsordning fysioterapeutar, kan nyttast under post 71, blir auka med

4 000 000

frå kr 185 000 000 til kr 189 000 000

70

Refusjon allmennlegehjelp blir auka med

102 000 000

frå kr 2 381 500 000 til kr 2 483 500 000

71

Refusjon fysioterapi, kan nyttast under post 62, blir auka med

41 000 000

frå kr 1 095 000 000 til kr 1 136 000 000

Oslo, i helse- og omsorgskomiteen, den 8. juni 2006

Harald T. Nesvik

leiar

Rune J. Skjælaaen

ordførar