Innstilling fra familie- og kulturkomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 92/2006 av 7. juli 2006 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EF) nr. 2006/2004 av 27. oktober 2004 om samarbeid mellom nasjonale styresmakter med ansvar for handheving av forbrukarvernlovgjeving

Til Stortinget

Sammendrag

EØS-komiteen vedtok 7. juli 2006 å endre vedlegg XIX til EØS-avtala (forbrukarvern) til å omfatte forordning (EF) nr. 2006/2004 av 27. oktober 2004 om samarbeid mellom nasjonale styresmakter med ansvar for handheving av forbrukarvernlovgjeving (forordninga om forbrukarvernsamarbeid). Ettersom gjennomføringa i norsk rett krev lovendringar, er det naudsynt med samtykke frå Stortinget til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen i medhald av § 26 andre leddet i Grunnlova.

Forordninga inneheld nye materielle reglar om handheving av forbrukarvernlovgjeving som er basert på fellesskapsregelverket.

Hovudinnhaldet i forordninga er:

  • – Plikt til å etablere offentlege handhevingsstyresmakter ("rette styresmakter").

  • – Plikt til å utstyre desse med bestemte handhevingsverkemiddel, m.a. rett til å hente inn opplysningar som er naudsynte, utføre kontrollar på staden, leggje ned forbod mot lovstridige handlingar og fastsetje økonomiske sanksjonar ved brot på reglane, ev. ved brot på forbodsvedtak.

  • – At handhevingsstyresmaktene skal utveksle relevant informasjon om lovstridige handlingar, både på eige initiativ og på førespurnad frå styresmaktene i andre statar.

  • – At styresmaktene skal hjelpe kvarandre ved undersøkingar med sikte på å setje i verk tiltak og gjere forbodsvedtak.

  • – Etablering av eit sentralt kontaktorgan i kvar stat. Samarbeidet mellom styresmaktene skal samordnast og kommuniserast gjennom desse kontaktpunkta.

  • – Informasjon om samarbeidet skal leggjast inn i ein database som er tilgjengeleg berre for handhevingsstyresmaktene, og som skal administrerast av Europakommisjonen.

  • – Etablering av ein komité m.a. for handsaming av spørsmål som oppstår i samband med bruken av forordninga. Komiteen vart skipa i starten av 2006 og omfattar representantar frå Europakommisjonen og styresmaktene i medlemsstatane. EØS-EFTA-statane er òg inviterte til møte, men har ikkje stemmerett. Komiteen fungerer som eit forum for analyse, tilsyn, problemløysing og ikkje-lovgjevingsmessige tiltak.

Forordninga gjeld berre for grenseoverskridande saker.

Gjennomføringa av forordninga i norsk rett krev lovendringar. Barne- og likestillingsdepartementet har 22. september 2006 fremja Ot.prp. nr. 102 (2005-2006) om lov om endringar i lov av 16. juni 1972 nr. 47 om kontroll med marknadsføring og avtalevilkår (mark­nadsføringslova) og einskilde andre lover (kringkastingslova, lækjemiddellova, alkohollova og tobakksskadelova). Her vert det gjort framlegg om at forordninga vert innlemma i marknadsføringslova slik ho er. For å stette minstekrava i forordninga med omsyn til handhevingstiltak som skal kunne setjast i verk av dei rette styresmaktene, vert det òg gjort framlegg om einskilde endringar i sektorlovgjevinga som rører ved desse, dvs. marknadsføringslova, kringkastingslova, lækjemiddellova, alkohollova og tobaksskadelova.

Forordninga fører med seg ei plikt for Noreg til å syte for handsaming av saker etter oppmoding frå handhevingsstyresmaktene i andre EØS-statar der norske næringsdrivande gjer lovbrot som rammar utanlandske forbrukarar. Tilsvarande vil handhevingsstyresmakter i andre EØS-statar ha plikt til å hjelpe norske styresmakter med å stoppe lovbrot frå utlandet som rammar norske forbrukarar.

Det vert gjort framlegg om at Barne- og likestillingsdepartementet får makt til å oppnemne dei styresmaktsorgana som skal delta i samarbeidet etter forordninga. Det vert rekna som føremålstenleg at dei styresmaktsorgana som i dag handhevar det einskilde regelverket som vert omfatta av samarbeidet etter forordninga, vert oppnemnde som styresmakter under forordninga. Desse er:

  • – Forbrukarombodet

  • – Medietilsynet

  • – Statens lækjemiddelverk

  • – Sosial- og helsedirektoratet

Forordninga krev òg at det skal peikast ut eit sentralt kontaktorgan som skal vere ansvarleg for samordning av saker etter forordninga på nasjonalt plan. Det vert rekna som mest føremålstenleg at Forbrukarombodet får denne funksjonen.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Knut Gravråk, Britt Hildeng, Espen Johnsen og Tove Karoline Knutsen, fra Fremskrittspartiet, Ulf Erik Knudsen og Karin S. Woldseth, fra Høyre, Olemic Thommessen, fra Sosialistisk Venstreparti, May Hansen, fra Kristelig Folkeparti, lederen May-Helen Molvær Grimstad, fra Senterpartiet, Erling Sande, og fra Venstre, Trine Skei Grande, viser til at EØS-komiteen den 7. juli 2006 vedtok å endre vedlegg XIX til EØS-avtalen (forbrukervern) til å omfatte forordning (EF) nr. 2006/2007 av 27. oktober 2004 om samarbeid mellom nasjonale styresmakter med ansvar for håndheving av forbrukervernlovgivning.

Komiteen viser videre til at gjennomføring i norsk rett krever lovendringer og at det er nødvendig med samtykke fra Stortinget til godkjenning av avgjørelsen i EØS-komiteen i medhold av § 26 andre leddet i Grunnloven.

Komiteen mener forordningen vil gjøre det lettere å stoppe lovbrudd fra utenlandske næringsdrivende som rammer norske forbrukere, og at det er i samsvar med norske interesser at Norge tar del i det europeiske nettverket av håndhevingsmyndigheter som skal håndheve forbrukerregelverk på tvers av landegrensene.

Komiteen er enig i departementets vurderinger og støtter det fremlagte lovforslaget, jf. Ot.prp. nr. 102 (2005-2006) og Innst. O. nr. 39 (2006-2007).

Merknader fra utenrikskomiteen

Utkast til innstilling har blitt forelagt utenrikskomiteen som ikke har merknader til innstillingen.

Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Stortinget gjev samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 92/2006 av 7. juli 2006 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EF) nr. 2006/2004 av 27. oktober 2004 om samarbeid mellom nasjonale styresmakter med ansvar for handheving av forbrukarvernlovgjeving.

Oslo, i familie- og kulturkomiteen, den 11. januar 2007

May-Helen Molvær Grimstad

leder

Knut Gravråk

ordfører