Innledning

I tråd med gjeldande styringsopplegg legg Samferdselsdepartementet fram ei stortingsmelding om verksemda til Posten Norge AS (Posten). Planen for Postens verksemd i perioden 2006-2008 (§ 10-plan) dannar grunnlaget for departementet si stortingsmelding om verksemda til Posten.

Førre stortingsmelding om verksemda til Posten blei lagt fram for Stortinget den 14. november 2003, jf. St.meld. nr. 11 (2003-2004) og Innst. S. nr. 124 (2003-2004).

Formålet med stortingsmeldingane om verksemda til Posten er å gje Stortinget ei orientering om utviklinga i konsernet og Postens planar for verksemda dei næraste åra og departementet si vurdering av desse. Vidare vil Samferdselsdepartementet orientere om forhold departementet føreset at selskapsleiinga vektlegg i styringa av verksemda.

Meldinga vil i all hovudsak ikkje innehalde drøftingar av regulatoriske forhold knytt til postverksemda, med unntak av Postens lovpålagte plikt om å tilby grunnleggjande banktenester i ekspedisjonsnettet.

Det overordna målet på postområdet er å sikre eit landsdekkjande tilbod om formidling av leveringspliktige posttenester til rimeleg pris og med god kvalitet. Departementet gir i meldinga ei vurdering av behovet for tilby banktenester, og korleis Postens ulønsemd knytt til denne verksemda eventuelt skal finansierast.

Posten Norge AS er organisert som eit aksjeselskap fullt ut eigd av staten. Selskapsforma byggjer på ei klar rollefordeling mellom staten som eigar og selskapsleiinga. Det er Regjeringas politikk at Posten Norge AS skal vere 100 pst. eigd av staten.

Staten si eigarstyring av selskapet er blant anna knytt til fastsetjing av avkastningskrav og utbytepolitikk. Det er òg staten si oppgåve å vurdere eigenkapitalen i selskapet.

Regjeringa meiner at eineretten til Posten framleis er grunnleggjande viktig for å sikre rimelege og gode posttenester i heile landet.

Dei nye forslaga som blir omtalte i meldinga

  • Omlegging av postkontorstrukturen; inntil 124 noverande postkontor blir omgjort til nye Post i Butikk

  • Alle noverande Post i Butikk skal oppgraderast

  • Alle nye Post i Butikk (PiB) skal tilby kulturbillettar, og målet er at tilbod av kulturbillettar òg skal innførast ved dei eksisterande PiB’ane ved oppgradering av desse

  • Postens lovpålagde plikt til å formidle banktenester i sitt ekspedisjonsnett blir oppretthalde

  • Ordninga med statleg kjøp av ulønsame post- og banktenester blir vidareført

  • Avkastningskravet til Posten skal setjast ned frå 10,8 pst. for morselskapet til 10 pst. på konsernnivå

Viktige utfordringer for Postens virksomhet

Posten er ei av dei største bedriftene i landet. Posten omsette i 2006 for 23 668 mill. kroner og hadde ei bemanning på 22 272 årsverk.

Postmarknaden er inne i ein kraftig endringsprosess. Utviklinga er prega av generell nedgang i etterspørselen etter dei tradisjonelle tenestene og store omstillingar i leverandørmarknaden. Dei store kundane ønskjer samla kommunikasjons- og logistikkløysingar som dekkjer heile Norden. Utviklinga krev leverandørar med grenseoverskridande distribusjonsnett og eit breitt tenestespekter. Parallelt med denne utviklinga har styresmaktene i nokre europeiske land vedteke å (del)privatisere dei tidlegare statlege postselskapa og/eller avvikle eineretten i brevmarknaden. I post- og logistikkbransjen styrkar dei store aktørane sin posisjon, blant anna gjennom oppkjøp og samanslåingar. Dei store postselskapa er aktive pådrivarar i denne prosessen. Utviklinga gjer seg òg gjeldande i Noreg og i dei andre nordiske landa.

Postens kjerneverksemd er post-, logistikk og IKT-tenester og anna verksemd som står i direkte samanheng med dette. Fallande etterspørsel etter dei tradisjonelle tenestene (brevpost og grunnleggjande banktenester), auka kundekrav og konsolideringstrenden i bransjen, gjer at Posten ser det som nødvendig å halde fram å vekse innanfor dei andre segmenta og etablere ein konkurransedyktig posisjon på nordisk nivå. Ein slik nordisk posisjon vil underbyggje lønsemda i Posten på lengre sikt.

Samferdselsdepartementet føreset at Posten løyser dei samfunnspålagte krava på ein god og effektiv måte. Departementet legg til grunn at Posten driv lønsamt, kontinuerleg søkjer effektive løysingar både på inntekts- og kostnadssida, og sikrar ei god løn­semds­utvikling i kjerneverksemda. Departementet legg til grunn at omstillingane i Posten ikkje går utover kvaliteten på dei samfunnspålagte tenestene i nokon del av landet.

Dersom det skulle bli endring av reservasjonsprinsippet for reklame, ser departementet at dette kan innebere store utfordringar for Posten.

EU-kommisjonen la den 18. oktober 2006 fram forslag til eit nytt postdirektiv der det blir foreslått full liberalisering av postmarknaden frå 1. januar 2009. Regjeringa støtta ikkje forslaget og arbeidde aktivt overfor EU for å behalde eineretten/utsetje liberaliseringa. Medlemmene i EU sitt rådsmøte tilrådde i oktober 2007 å behalde eineretten lenger, og å opne den europeiske postmarknaden først frå 2011 - to år seinare enn planlagt, og med moglegheit for ei ytterlegare utsetjing på to år for 11 namngitte medlemsland. Regjeringa vil vurdere korleis norsk postpolitikk skal utformast framover, mellom anna i lys av EUs framtidige vedtak. Endeleg vedtak i EU er venta våren 2008.

Posten som viktig samfunnsaktør

Posten legg stor vekt på å ta samfunnsansvar, og ser ikkje nokon motsetnad mellom å utvikle Posten til eit nordisk kommunikasjons- og logistikkselskap, og samtidig sikre dei samfunnspålagte oppgåvene. Posten meiner tvert imot at eit lønsamt, slagkraftig og offensivt Posten på nordisk nivå er den beste garanti for framleis høg kvalitet på den landsdekkjande servicen i Noreg, òg innanfor tradisjonelle tenester. Norsk næringsliv, både i distrikta og i sentrale strøk, vil vere tent med eit konkurransedyktig Posten på nordisk nivå.

Ny konsesjon for Posten blei vedteken i desember i 2006 for perioden 1. januar 2007 til 31. desember 2010. Den nye konsesjonen er i stor grad ei vidareføring av tidlegare konsesjon, men inneheld somme nye føresegner om blant anna universell utforming av Postens tenestetilbod og målbruk.

Målsettingane på postområdet blir i dag i all hovudsak sikra gjennom sektorspesifikk regulering ved at det i konsesjonen til Posten er stilt krav til dei leveringspliktige tenestene. I dei årlege rapportane frå Post- og teletilsynet, som fører tilsyn med at Posten etterlever krava i konsesjonen, blir det konkludert med at utviklinga i servicenivået i hovudsak er positiv og at konsesjonsvilkåra er oppfylte.

Departementet stiller strenge krav til at vi har eit velfungerande statleg postselskap med fokus på at privatkundar og næringsliv i heile landet blir tilbydd gode, likeverdige og rimelege posttenester. Departementet understrekar at ei sterk stilling i heimemarknaden er avgjerande òg for at Posten skal lukkast med den nordiske satsinga.

Departementet føreset at Posten viser samfunnsansvar utover det som følgjer av lover og reguleringar, og står fram som eit godt eksempel for andre aktørar i saker der det er viktige samfunnsinteresser som bør bli varetekne.

Gjennomføring de siste årene og planer de kommende årene

Etterspørselen etter tradisjonell brevpost har halde fram med å falle. Postens totale brevvolum har likevel vakse som følgje av auka distribusjon av uadressert reklame. Det er likevel lågare fortenestemarginar knytt til desse tenestene. Innanfor pakkeverksemda har Posten hatt ei positiv volumutvikling, og særleg det internasjonale pakkevolumet gjennom dotterselskapet PNL har utvikla seg positivt. For pakkepost er såleis innteninga totalt sett god. For å betre framsendingskvaliteten og styrkje lønsemda i morselskapet, har Posten i føregåande planperiode samordna brev- og pakkeproduksjon på færre og større sorteringsterminalar og implementert ny teknologi for å auke automatiseringa i produksjonen. Posten har vidare konsentrert verksemda om kjerneaktiviteten ved sal av dotterselskap samt ved å ha styrkt mark­nadsposisjonen til konsernet i logistikk- og ekspressmarknaden. Strategien til konsernet har vore å vekse i definerte nisjemarknader i Norden, med basis i kjerneverksemda i Noreg.

Effektane av Postens vedtekne tiltak er ikkje vurdert som tilstrekkelege for å hindre ei svekking i lønsemda framover. For å unngå ei fallande lønsemdsutvikling, ønskjer Posten difor å styrkje sine marknadsposisjonar gjennom oppkjøp og auka nærvær i den nordiske marknaden. Posten ser det òg som viktig å inngå i internasjonale alliansar for å sikre seg innvolum for vidaredistribusjon i Noreg.

Samferdselsdepartementet legg til grunn at Posten held fram med å utvikle verksemda som eit moderne og effektivt selskap som tek samfunnsansvar, og at leiinga i Posten har eit langsiktig fokus på kjerneverksemda.

Postkontornettet

Posten har dei siste sju åra gjennomført ei omfattande omlegging av verksemda. Tiltaka har resultert i betre lønsemd og auka kvalitet på tenestene. Målingar som Posten har fått gjennomført, viser at kundane er godt nøgde med tilbodet på postkontora og i Post i Butikk.

Dei eigendrivne postkontora har likevel eit underliggjande lønsemdsproblem på grunn av kraftig nedgang i etterspørsel etter bank- og betalingstenester over skranke. På bakgrunn av dei marknadsmessige endringane i etterspørselen etter tenester ved ekspedisjonsstadene, ser ikkje Posten lenger banktenester som ein del av kjerneverksemda. For å tilpasse verksemda til dei marknadsmessige endringane ønskjer Posten ytterlegare å leggje om eigendrivne postkontor til Post i Butikk. Det blir lagt opp til at inntil 124 kontor skal leggjast om til Post i Butikk innan utgangen av 2010.

Omlegginga vil føre til nedbemanning ved dei gjeldande postkontora, med ein brutto reduksjon på om lag 450 årsverk (650 tilsette) i Posten.

Departementet legg til grunn at Posten kan leggje om inntil 124 postkontor til Post i Butikk innan utgangen 2010, under den føresetnad at Posten set i verk tilstrekkeleg med tiltak for å sikre privatkundar og småbedrifter i heile landet tenester med høg kvalitet og eit minst like godt tilbod av dei samfunnspålagte tenestene i ny struktur. Det er òg viktig med god dialog overfor lokale styresmakter før og under gjennomføring av strukturendringa. Posten har òg revidert måten å gjennomføra omstillingar på, i samarbeid med arbeidstakarorganisasjonane, for å vareta interessene til tilsette som blir omfatta av omlegginga.

Ulønsame bank- og posttenester

Samferdselsdepartementet har på bakgrunn av utviklinga i bruken av grunnleggjande banktenester i Postens nett, fått eit eksternt konsulentselskap til å utgreie framtidig behov for banktenester i Postens ekspedisjonsnett. Det er departementet si vurdering at konklusjonane i rapporten peikar i retning av at det ikkje er riktig å endre dagens plikt for Posten til å sikre eit grunnleggjande banktilbod i heile landet. Ei omlegging av postkontornettet vil føre til at kostnadene knytte til mellom anna formidling av grunnleggjande banktenester vil bli sterkt reduserte, men det vil likevel framleis vere ulønsamt for Posten å formidle desse tenestene. Så lenge Posten av samfunnsmessige omsyn difor er pålagt å drive ulønsame post- og banktenester, meiner departementet at ulønsame banktenester bør bli inkluderte i ordninga med statleg kjøp.

Ordninga med statleg kjøp er ikkje avvikla, og det blei i perioden 1993-2005 løyvd tilskot til kjøp av ulønsame posttenester. Dei siste par åra har einerett­overskotet stort sett dekt tapet Posten har hatt ved å formidle ulønsame post- og banktenester, og det har ikkje vore løyvd tilskot. Dei komande åra ser Posten at det i minkande grad vil vere tilfellet at einerettsoverskotet dekkjer meirkostnadene ved dei ulønsame post- og banktenestene. Av den grunn bør ordninga vidareførast, der ein òg inkluderer dei ulønsame banktenestene. Kostnadene og ulønsemda ved post- og banktenestene må vurderast samla, då Postens konkurranseevne er påverka av ulønsemda ved formidlinga av begge desse tenestekategoriane.

Forslag om løyvingar til Posten vil bli tatt opp i dei årlege statsbudsjettprosessane, og har mykje å seie for kva strategi verksemda legg for framtida. At banktenestene blir inkluderte i prinsippet, gjer at Posten får ein meir stabil planleggingshorisont, og kan halde fram å vere ei bedrift som kan vareta samfunnsoppgåvene på lang sikt.

Personalmessige forhold

Nødvendige omstillingar i Posten har ført til ei kraftig nedbemanning i morselskapet.

Omstillingane har medført at talet på tilsette er redusert med om lag 7 800 årsverk, eller nær 35 pst., i perioden 2000-2006. Bemanninga i Postens dotterselskap auka derimot med over 4 400 årsverk i perioden 2000-2006.

Det er forventa at nye kostnadseffektiviserande tiltak vil kunne medføre ei ytterlegare nedbemanning i morselskapet i dei komande åra. Elles i konsernet er det venta ein bemanningsauke på grunn av oppkjøp.

Samferdselsdepartementet føreset at Posten gjennomfører framtidige omstillingar i nært samarbeid med dei tilsette og deira organisasjonar, og at verksemda arbeider aktivt med å leggje til rette for at overtallige kan få anna arbeid i Posten. Posten har fullført prosessar med fagforeiningane om revidert verkemiddelavtale og prosessreglar for å handsama overtalige. Dei avtalte ordningane omfattar mellom anna omskuleringtiltak og samarbeid med NAV for å hindre fråfall frå arbeidslivet. Departementet legg vidare til grunn at Posten held fram å prioritere arbeidet med å få ned sjukefråværet og uføretrygdinga, og har fokus på gode arbeidsforhold for dei tilsette. Det er særs viktig at Postens personalpolitikk i omleggingsfasen frå postkontor til Post i Butikk inneheld tiltak som hindrar at dei som mistar jobben blir utstøytte frå arbeidslivet.

Økonomi

Posten har i løpet av perioden 2002-2006 auka omsetnaden med om lag 57 pst. Det er i hovudsak Postens ekspress- og logistikkverksemd som står for denne veksten.

Konsernet si inntektssamansetjing har endra seg dei siste åra. Postsegmentet sin del av omsetnaden gjekk ned frå 78 pst. på slutten av 1990-talet til 42 pst. i 2006.

I underkant av 90 pst. av Postens inntekter kom i 2006 frå konkurranseutsett verksemd. Driftsresultata til konsernet viste i løpet av desse åra ei vesentleg betring av lønsemda i underliggjande drift. Resultatforbetringane var særleg knytt til omstillingane og effektiviseringane i morselskapet. Posten hadde ved utgangen av 2006 ein eigenkapitaldel på 35,5 pst. Posten vurderer den finansielle situasjonen til konsernet som tilfredsstillande.

Postens kjøp av logistikkverksemd og IKT-selskap i 2005/2006 medførte ein auke i omsetninga til konsernet. Det er vidare venta at inntektene frå pakke- og ekspressverksemda vil auke framover, mens inntektene frå tradisjonell brevpost og grunnleggjande banktenester vil halde fram å falle. Effektane av vedtekne effektiviseringstiltak og forventa inntektsvekst i den gjeldande verksemda er ikkje vurderte som tilstrekkelege til å kompensere for effektane av inntektsnedgang knytt til dei tradisjonelle brev- og banktenestene og generell lønns- og kostnadsvekst. Posten vil difor mellom anna framleis styrkje konkurranseposisjonen sin i den nordiske marknaden gjennom oppkjøp.

Posten melde seg ut av Statens Pensjonskasse (SPK) med verknad frå 1. januar 2006 og inngjekk ei avtale om ny pensjonsordning med Vital Forsikring.

Samferdselsdepartementet får som eit ledd i eigar­oppfølginga av Posten jamleg utført eksterne verdivurderingar av selskapet. Danske Markets fastsette i februar 2006 verdien av konsernet sin eigenkapital til 12,5 mrd. kroner. Danske Markets framhevar at Posten er eit veldrive selskap, men at utviklinga innanfor den tradisjonelle verksemda vil føre til dårlegare resultat i morselskapet i åra som kjem. I 2007 fikk Posten sjølv eit firma, Handelsbanken Capital Markets, til å utføre ei verdivurdering. Her blei verdien av eigenkapitalen til Posten fastsett til 14,4 mrd. kroner.

Samferdselsdepartementet legg til grunn at Posten legg betydeleg vekt på å oppfylle alle dei samfunnspålagte krava på ein god og likeverdig måte i heile landet, driv verksemda effektivt og at Posten i det vesentlege held seg til Posten si kjerneverksemd.

Departementet vurderer eigenkapitalsituasjonen til Posten som god i høve til dei utfordringane som Posten er stilt overfor, og at fokuset no må vere på å betre dei leveringspliktige tenestene.

Avkastningskrav og utbyttepolitikk

Generelt reflekterer avkastningskravet den venta avkastninga som kunne vore oppnådd på tilsvarande risikable investeringar. Utbyte er den delen av avkastninga som blir teken ut av eigaren.

Av omsyn til ei effektiv forvaltning av staten sine verdiar meiner departementet at avkastningskravet for Posten bør bli utforma slik at det blir lagt vekt på dei same prinsipp som for private selskap. Avkastningsnivået må likevel heile tida vurderast opp mot Postens samfunnsansvar som formidlar av landsdekkjande posttenester, og skal ikkje bli prioritert til ulempe for kvaliteten på dei samfunnspålagte tenestene. Med tanke på dei utfordringane verksemda vil ha framover, med å få fram leveringspliktige posttenester av god kvalitet, foreslår departementet at avkastningskravet for Posten blir nedjustert frå 10,8 pst. for morselskapet til 10 pst. for konsernet dei neste åra. Avkastningskravet må vurderast på nytt dersom inntektsføresetnadene til Posten endrar seg.

I St.meld. nr. 11 (2003-2004) blei det fastsett at utbytet frå Posten frå og med rekneskapsåret 2006 skal bli rekna som innlånsrenta til staten multiplisert med eigenkapitalen til Posten, avgrensa oppover til 75 pst. av overskotet etter skatt.