Innstilling frå helse- og omsorgskomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2008 som følgje av takstoppgjera for legar, psykologar og fysioterapeutar

Dette dokument

Til Stortinget

1. Samandrag

1.1 Innleiing

Helse- og omsorgsdepartementet gjer i proposisjonen framlegg om endring av løyvingane for 2008 under kap. 2711 post 70 Refusjon spesialisthjelp og post 71 Refusjon psykologhjelp og under kap. 2755 post 62 Tilskot til fastlønnsordning fysioterapeutar, post 70 Refusjon allmennlegehjelp og post 71 Refusjon fysioterapi. Auken på i alt 345 mill. kroner har samanheng med reviderte avtalar med Den norske legeforening, Norsk Fysioterapeutforbund og Norsk Psykologforening om takstar, basistilskot og driftstilskot. Det er sett av reservar til dekking av meirutgiftene ved oppgjeret under kap. 2309 Tilfeldige utgifter (Ymseposten). Denne løyvinga vil det seinare bli gjort framlegg om å setje ned.

1.2 Avtale om basistilskot, driftstilskot og takstar for legar

I forhandlingsmøte 30. mai 2008 blei Den norske legeforening, staten, KS og dei regionale helseføretaka samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om basistilskot for fastlegar, driftstilskot for legespesialistar og takstar for tidsrommet 1. juli 2008–30. juni 2009. Det tilrådde framlegget inneber at gjeldande basistilskot, driftstilskot, takstar og fondsavsetningar samla blir auka med 7,6 prosent per 1. juli 2008.

Meirutgiftene for folketrygda til refusjonar og fondsavsetningar i 2008 er rekna til 250 mill. kroner, delt med 60 mill. kroner på kap. 2711, post 70 Refusjon spesialisthjelp og 190 mill. kroner på kap. 2755, post 70 Refusjon allmennlegehjelp.

1.3 Avtale om driftstilskot og takstar for fysioterapeutar

I forhandlingsmøte 27. mai 2008 blei Norsk Fysioterapeutforbund, KS og staten samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for fysioterapeutar. Avtalen skal gjelde for tidsrommet 1. juli 2008–30. juni 2009 og føreset ei samla regulering av takstar, driftstilskot og avsetning til fondet for etter- og vidareutdanning med 8,1 prosent per 1. juli 2008.

Departementet tilrår at kap. 2755, post 71 Refusjon fysioterapi blir auka med 80 mill. kroner.

Fastlønnstilskotet til kommunar med fysioterapeutstillingar var 144 200 kroner i 2007. Departementet tilrår at fastlønnstilskotet blir regulert til 151 500 kroner for 2008, og at kap. 2755, post 62 Tilskot til fastlønnsordning fysioterapeutar blir auka med 5 mill. kroner.

1.4 Avtale om driftstilskot og takstar for psykologar

I forhandlingsmøte 30. mai 2008 blei Norsk Psykologforening, staten og dei regionale helseføretaka samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for spesialistar i klinisk psykologi. Avtalen skal gjelde for tidsrommet 1. juli 2008–30. juni 2009 og føreset ei samla regulering av takstar, driftstilskot og avsetning til fondet for vidare- og etterutdanning med 6,8 prosent per 1. juli 2008.

Departementet tilrår at kap. 2711, post 71 Refusjon psykologhjelp blir auka med 10 mill. kroner.

2. Merknader frå komiteen

Komiteen har ingen merknader til det framlagte forslaget.

3. Tilråding frå komiteen

Komiteen viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

I statsbudsjettet for 2008 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

2711

Diverse tiltak i spesialisthelsetenesta

70

Refusjon spesialisthjelp blir auka med

60 000 000

frå kr 1 065 000 000 til kr 1 125 000 000

71

Refusjon psykologhjelp blir auka med

10 000 000

frå kr 167 000 000 til kr 177 000 000

2755

Helseteneste i kommunane

62

Tilskot til fastlønnsordning fysioterapeutar, kan nyttast under post 71, blir auka med

5 000 000

frå kr 210 000 000 til kr 215 000 000

70

Refusjon allmennlegehjelp blir auka med

190 000 000

frå kr 2 551 000 000 til kr 2 741 000 000

71

Refusjon fysioterapi, kan nyttast under post 62, blir auka med

80 000 000

frå kr 1 493 000 000 til kr 1 573 000 000

Oslo, i helse- og omsorgskomiteen, den 12. juni 2008

Harald T. Nesvik

Rune J. Skjælaaen

leiar

ordførar