Fiskeri- og kystdepartementet foreslår endra løyving
under kap. 1020 og å gjere mindre forbruk for oppdragsnemnd overførbar
under kap. 1021 Drift av forskingsverktøy og kap. 1022 Nifes.
Forskingsfartøyet «G.O.Sars» måtte takast ut
av drift ein periode hausten 2011 på grunn av motorproblem. Det
har ikkje vore mogleg å omdisponere dei andre forskingsfartøya for
å dekkje planlagte tokt med «G.O.Sars» i den perioden fartøyet var
ute av drift. Havforskingsinstituttet måtte derfor leige inn eit
erstatningsfartøy for å kunne gjennomføre økosystemtokt i Barentshavet.
Dette toktet er heilt naudsynt for å oppfylle dei forskings- og
overvakingsoppgåvene instituttet har. Departementet foreslår derfor
å auke kap. 1020 post 1 med 5,1 mill. kroner.
Havforskingsinstituttet hadde både i 2009 og 2010
eit større kontant uheimla meirforbruk ved årsslutt sjølv om det
var tilstrekkelege kontraktfesta oppdragsinntekter til å dekkje
meirforbruket. Avviket skuldast at ein del av dei kontraktfesta
prosjektinntektene blir innbetalte etterskotsvis, slik at nokre
av inntektene knytte til prosjektutgifter i budsjettåret kjem inn
året etter.
Havforskingsinstituttet arbeider for at det
kontante periodiseringsavviket blir så lite som mogleg. Instituttet
bereknar likevel at løyvinga på post 21 vil vere 15 mill. kroner
for låg til å dekkje utgifter som er komen til i 2011.
Departementet foreslår derfor å auke løyvinga under
post 21 Spesielle driftsutgifter med 15 mill. kroner i 2011. Departementet
vil foreslå ein tilsvarande auke av inntektsløyvinga på kap. 4020
post 3 i samleproposisjonen som blir lagd fram i samband med revidert
nasjonalbudsjett 2012.
For å sikre at eventuelle større kontante samla mindreforbruk
for oppdragsverksemda ut over 5 pst. av løyvinga på posten kan overførast, foreslår
departementet at stikkordet «kan overførast» blir tilføya posten,
jf. forslag til romartalsvedtak.
For å sikre at eventuelle større kontante mindreforbruk
for oppdragsverksemda ut over 5 pst. av løyvinga på posten kan overførast,
foreslår departementet at stikkordet «kan overførast» blir tilføya
posten, jf. forslag til romartalsvedtak.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Tor Bremer, Svein Gjelseth, Stine Renate Håheim, Hadia Tajik, Truls Wickholm
og leiaren Marianne Aasen, frå Framstegspartiet, Mette Hanekamhaug,
Tord Lien og Bente Thorsen, frå Høgre, Elisabeth Aspaker, Svein
Harberg og Henning Warloe, frå Sosialistisk Venstreparti, Aksel
Hagen, frå Senterpartiet, Anne Tingelstad Wøien, frå Kristeleg Folkeparti,
Dagrun Eriksen, og frå Venstre, Trine Skei Grande, viser
til proposisjonen.
Komiteen mener det
er av avgjørende betydning at Havforskningsinstituttet blir gitt
anledning til å leie inn nødvendig maritim kapasitet når egne fartøy
ikke er tilgjengelig til å utføre nødvendige forsk-nings- og overvåkningsoppgaver instituttet
har. Komiteen slutter seg derfor til økningen på
kap. 1020 post 1.
Komiteen har merket seg at avviket
skyldes at en del av de kontraktfestede prosjektinntektene blir
innbetalt etterskuddsvis, slik at noen av inntektene knyttet til
prosjektutgifter i budsjettåret blir innbetalt året etter. Komiteen slutter
seg til økningen på kap. 1020 post 21.
Komiteen legger til grunn at
formålet med å legge til «kan overføres» på postene er å gi Havforsk-ningsinstituttet
og NIFES større handlefrihet, og slutter seg til forslagene.
Komiteen syner til
proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slike
vedtak:
I
I statsbudsjettet for 2011 blir det gjort følgjande endringar:
Kap | Post | Formål | Kroner |
Utgifter |
1020 | | Havforskingsinstituttet | |
| 1 | Driftsutgifter, blir auka med
| 5 100 000 |
| | frå 342 073 000 til 347 173 000 | |
| 21 | Spesielle driftsutgifter, blir auka med
| 15 000 000 |
| | frå 289 400 000 til 304 400 000 | |
II
Tilføying av stikkord
Stortinget samtykkjer i at stikkordet «kan overførast»
blir tilføya kap. 1021 Drift av forskingsfartøy, post 21 Spesielle
driftsutgifter og kap. 1022 Nasjonalt institutt for ernærings- og
sjømatforsking, post 21 Spesielle driftsutgifter, i statsbudsjettet
for 2011.
Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 1. desember 2011
Marianne Aasen |
Tord Lien |
leiar |
ordførar |