I proposisjonen legg Barne-, likestillings-
og inkluderingsdepartementet fram endringsforslag på statsbudsjettet
for 2011.
Vedteke budsjett er basert på at 7 000 personar utløyser
førsteårs integreringstilskot i 2011. Talet er no venta å bli 7 406
personar. Dette er hovudårsaka til ein auke i utbetaling av integreringstilskot
på om lag 9 mill. kroner.
Medrekna overført løyving frå 2010 vil behovet likevel
vere lågare samanlikna med vedteke budsjett.
BLD føreslår å redusere løyvinga med 16,17 mill.
kroner.
Kommunar som busett einslege, mindreårige asylsøkjarar,
flyktningar og/eller einslige mindreårige personar med opphald på
humanitært grunnlag, mottek tilskot som i 2011 er på 123 144 kroner
per person per år. Tilskotet kjem i tillegg til det ordinære integreringstilskotet.
Det er venta ein auke i utbetalingar for 2011 grunna
ein auke i busetjing av einslege, mindreårige overføringsflyktningar
og ein høgare del som utløyser tilskot i busetjingsåret.
BLD føreslår å auke løyvinga med 4,9 mill. kroner.
Løyvinga skal dekkje utgifter til gjennomføring av
norskprøver for vaksne innvandrarar, og behovet er no venta å bli
lågare enn føresett i 2011.
BLD føreslår å redusere løyvinga med 2,9 mill. kroner.
Vedteke budsjett er basert på at 9 827 personar er
i målgruppa for opplæring i norsk og samfunnskunnskap og vil utløyse
førsteårs tilskot i 2011. Talet på personar i målgruppa som vil
utløyse førsteårs tilskot er no venta å bli 10 419 personar. Dette
er hovudårsaka til at utgiftene er venta å auke i 2011.
BLD føreslår å auke løyvinga med 8,58 mill. kroner.
Integreringstilskotet har ulik sats for det
første året for barn og vaksne. Samansetjinga av barn og vaksne
verkar dermed inn på storleiken av ODA-godkjende utgifter. Endring
i samansetjinga av barn og vaksne er årsaka til at godkjende utgifter
er venta å bli redusert.
BLD føreslår å redusere løyvinga med 14 mill. kroner.
Nye tal syner at dei som blir busette frå mottak
i gjennomsnitt har vore i Noreg i om lag 8,5 månader på busetjingstidspunktet.
Sidan det berre kan rapporterast ODA-godkjende utgifter for det
første året dei er i Noreg, kan ein på denne posten derfor berre
rapportere for dei første 3,5 månadane etter busetjing. Denne føresetnaden var
ikkje lagt til grunn for vedteke budsjett, og godkjende utgifter
er derfor venta å bli lågare enn føresett i vedteke budsjett for
2011.
BLD føreslår å redusere løyvinga med 18,58 mill.
kroner.
Ein reduksjon i talet på asylsøkjarar som kjem inn
under ordninga for opplæring i norsk i mottak fører til ein reduksjon
i ODA-godkjende utgifter.
BLD føreslår å redusere løyvinga med 12,94 mill.
kroner.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Lise Christoffersen, Roald Aga Haug, Håkon Haugli, Ingalill Olsen
og Eirik Sivertsen, fra Fremskrittspartiet, Gjermund Hagesæter,
Morten Ørsal Johansen og Åge Starheim, fra Høyre, Trond Helleland
og Michael Tetzschner, fra Sosialistisk Venstreparti, lederen Heikki
Holmås, fra Senterpartiet, Heidi Greni, og fra Kristelig Folkeparti,
Geir Jørgen Bekkevold, behandler i innstillingen de budsjettkapitlene
som hører inn under rammeområde 6 Innvandring, regional utvikling
og bolig.
Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å
gjøre følgende
vedtak:
I statsbudsjettet for 2011 blir det gjort
følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Utgifter |
821 | | Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar | |
| 60 | Integreringstilskot, kan overførast, blir
redusert med | 16 171 000 |
| | frå kr 4 248 347 000 til kr 4 232 176 000 | |
| 61 | Særskild tilskot ved busetjing av einslege mindreårige
flyktningar,
overslagsløyving, blir auka med | 4 901 000 |
| | frå kr 298 344 000 til kr 303 245 000 | |
822 | | Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar | |
| 22 | Norskprøver for vaksne innvandrarar, blir
redusert med | 2 903 000 |
| | frå kr 14 898 000 til kr 11 995 000 | |
| 60 | Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for
vaksne innvandrarar, blir auka med | 8 579 000 |
| | frå kr 1 577 421 000 til kr 1 586 000 000 | |
| | | |
Inntekter |
3821 | | Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar | |
| 1 | Integreringstilskot for overføringsflyktningar, ODA-godkjende
utgifter,
blir redusert med | 13 976 000 |
| | frå kr 99 986 000 til kr 86 010 000 | |
| 2 | Særskild tilskot ved busetjing av einslege mindreårige
flyktningar,
ODA-godkjende utgifter, blir redusert med
| 18 580 000 |
| | frå kr 25 659 000 til kr 7 079 000 | |
3822 | | Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar | |
| 1 | Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgifter, blir redusert med | 12 941 000 |
| | frå kr 113 595 000 til kr 100 654 000 | |
Oslo, i kommunal- og forvaltningskomiteen, den 8. desember 2011
Heikki Holmås |
leder og ordfører |