Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kjell-Idar Juvik, Ingvild Kjerkol, Eigil Knutsen, Sverre Myrli og Eirin Sund, frå Høgre, Torill Eidsheim, leiaren Linda C. Hofstad Helleland, Nils Aage Jegstad og Helge Orten, frå Framstegspartiet, Ingebjørg Amanda Godskesen, Åse Michaelsen og Roy Steffensen, frå Kristeleg Folkeparti, Hans Fredrik Grøvan, frå Senterpartiet, Janne Sjelmo Nordås, og frå Venstre, Abid Q. Raja, ser svært positivt på ei realisering av prosjektet E39 Svegatjørn–Rådal i Hordaland. Prosjektet har vore etterlengta og er høgst påkrevd. Det vil vere ei utbetring som sikrar tryggare, meir miljøvenleg og effektiv transport, der trafikken i dag har ført til mange ulykker og store miljøulemper. Med nær 18 kilometer ny firefelts veg blir ein no kvitt ein flaskehals på E39-strekninga. Utbygginga er viktig for næringsutviklinga i aksen Os–Bergen i tillegg til at den vil styrkje sambandet mellom vekstområde langs E39 på heile strekninga mellom Stavanger og Bergen.

Komiteen registrerer at prosjektet er rekna å koste i alt 6,5 mrd. 2014-kroner, og at det i tråd med lokale vedtak og Nasjonal transportplan skal finansierast ved ein kombinasjon av statlege løyvingar og bompengar. I forslaget frå regjeringa er det lagt opp til ei fordeling mellom stat og bompengar på 60/40, som utgjer 3,9 mrd. kroner i statlege midlar, medan 2,6 mrd. kroner skal finansierast gjennom bompengar.

Komiteen har merka seg at bompengeinnkrevjinga skal starte opp først når vegen står ferdig. Dette er i tråd med lokalt initiativ og vedtak. Planlagd bompengeperiode for eit enkeltprosjekt har i hovudregelen vore 15 år. Men med bakgrunn i dei lokalpolitiske vedtaka har Samferdselsdepartementet lagt til grunn ein innkrevjingsperiode på 18 år for dette prosjektet.

Komiteen er oppteken av at bompengeinnkrevjinga skal vere effektiv, og at kostnadene knytt til innkrevjing og finansiering er så låge som mogleg. Låge kostnader vil kunne komme bilistane til gode gjennom lågare bomtakstar eller kortare innkrevjingsperiode.

Det er allereie etablert bompengeselskap for dette prosjektet, og det er naturleg at bompengeavtalen blir inngått med eksisterande selskap. Komiteen vil vise til regjeringa sin varsla prosess for samanslåing til færre bompengeselskap, og at det då er naturleg at prosjektet Svegatjørn–Rådal blir vurdert å inngå i eit av dei framtidige bompengeselskapa når dei er etablerte.

Komiteen sluttar seg til forslaget om delvis bompengefinansiering av prosjektet E39 Svegatjørn–Rådal i Hordaland.

Komiteen ser at det ligg lokale vedtak knytt til ønske om fritak for innbyggjarar som synest å kunne få ei urettmessig høg belastning ved dei planlagde bomplasseringane. Komiteenviser til at nytteprinsippet skal liggje til grunn for innkreving av bompengar, og at det berre unntaksvis skal setjast opp bom på sidevegnettet. Komiteenviser til at det i denne saka for nokre lokalmiljø må sikrast løysingar som gjer at det er samanheng mellom betaling og nytte for vegen. Komiteenmeiner at det bør arbeidast vidare med å finne ei løysing på problemstillinga i denne saka fram til bompengeinnkrevjinga skal ta til. Det vil også vere naturleg å sjå dette i samanheng med den varsla omorganiseringa av bompengestrukturen. Komiteenvil vidare understreke betydninga av at ein vel løysingar for bompengeinnkrevjing som i størst mogleg grad bidrar til å halde på ordninga si legitimitet.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet viser også til spørsmål til Samferdselsdepartementet, og svaret frå statsråden datert 4. november 2014 med ei vurdering av kvifor ein må krevje inn bompengar på sidevegnettet i dette vegprosjektet. Brevet frå Samferdselsdepartementet v/statsråden er vedlagt innstillinga.