Odelstinget - Møte torsdag den 14. desember 2000 kl. 18

Dato: 14.12.2000

Dokumenter: (Innst. O. nr. 35 (2000-2001), jf. Ot.prp. nr. 19 (2000-2001))

Sak nr. 5

Innstilling fra kommunalkomiteen om lov om endringer i utlendingsloven

Talere

Votering i sak nr. 5

Presidenten: Etter ønske fra kommunalkomiteen vil presidenten foreslå at debatten blir begrenset til 45 minutter, og at taletiden blir fordelt på gruppene på følgende måte:

Arbeiderpartiet 10 minutter og de øvrige gruppene 5 minutter hver.

Presidenten vil videre foreslå at det ikke blir gitt anledning til replikker etter de enkelte innlegg, og at de som tegner seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får en taletid på inntil 3 minutter.

– Det anses vedtatt.

Anita Apelthun Sæle (KrF) (ordførar for saka): Det er fleire år sidan Stortingets justiskomite la grunnlag for den saka som er til debatt i dag. Med fleire flyktningar og asylsøkjarar til Europa, også til Noreg, var det behov for ei alternativ klageordning. Ikkje berre drukna gjeldande minister i enkeltsaker, det var også lang avstand frå klagaren til departementet. Eg trur vegen for den som meiner seg feilbehandla, er kortare til den nye utlendingsnemnda enn den er til departementet. Det er på grunn av to forhold:

For det fyrste har humanitære organisasjonar medlemer i denne nemnda. Desse organisasjonane er nettopp opptekne av rasisme, antisemittisme, forfølging og brot på menneskerettar elles over heile jorda. Og desse organisasjonane har den beste kunnskapen – kanskje den beste kunnskapen som finst i Noreg, iallfall svært god kunnskap – om land og om forholda i det landet som klagaren kjem frå. Individuelle, lokale, eller kanskje spesielle forhold som gjer at nettopp vedkommande klagar meiner seg forfølgd, kan verifiserast, eller kanskje falsifiserast, betre, trur eg, enn det som til no har vore tilfellet. Eg trur at flyktningnemnda, eller Utlendingsnemnda, som ho jo skal heita, vil ha mindre tendens til sjablongbehandling – sjølvsagt er det ikkje det som er politikken, men det vil lett vera slik – og iallfall større moglegheit til å sjå det einskilde individet enn det andre offentlege instansar har. Eg synest det er tillitvekkjande – og det er ein av grunnane til at ein samla komite står bak det som no skal vedtakast.

Det er gjort nokre endringar i samansetjinga av nemnda, men fleirtalet i komiteen meiner at rettstryggleiken er vareteken, sjølv om nemnda sine medlemer er reduserte frå fem til tre. Føresetnaden for at det er akseptabelt, er at dei humanitære organisasjonane alltid skal vera representert.

Den andre føresetnaden for at Utlendingsnemnda skal kunna vera ei styrking av asylsøkjarane og flyktningane sine rettar, er at personleg frammøte er hovudregelen i asylsaker. Vi trur at der avslag er gitt og klage innsendt, er det nødvendig at asylanten får møta og leggja fram sin versjon. Det vil ein no få, med det opplegget som er valt.

Utlendingsnemnda si verksemd skal evaluerast. Med nye ordningar kan tilpassingar og vurderingar ut frå empiri vera heldig. Sjølv om eg – og for så vidt komiteen – trur at Utlendingsnemnda er ei nyvinning for asylantar og flyktningar og til beste for menneskerettane, kjennest det trygt at den skal evaluerast.

Eg vil til slutt gratulera ministeren med Utlendingsnemnda, som kanskje vil redusera presset på ministeren noko. Men iallfall min og Kristeleg Folkeparti sin grunn til å vera positive til nemnda var likevel asylsøkjaren si velferd, og ikkje ministeren si.

Komiteinnstillinga er samrøystes, sjølv om nokre parti i merknads form viser til at dei har vore og er usamde i prinsippa for den nye nemnda.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 5.

(Votering, se side 251)

Votering i sak nr. 5

Komiteen hadde innstillet til Odelstinget å gjøre slikt vedtak til

lov

om endringer i lov 24. juni 1988 nr. 64 om utlendingers adgang til riket og deres opphold her (utlendingsloven)

I

I lov 24. juni 1988 nr. 64 om utlendingers adgang til riket og deres opphold her (utlendingsloven) gjøres følgende endringer:

§ 38 a tredje ledd første punktum skal lyde:

Nemnda skal ha nemndmedlemmer oppnevnt av Kongen i statsråd etter forslag fra Kommunal- og regionaldepartementet, Utenriksdepartementet, Norges Juristforbund og humanitære organisasjoner.

§ 38 a sjette ledd skal lyde:

Ved søksmål mot staten om lovmessigheten av Utlendingsnemndas vedtak etter loven her eller om erstatning som følge av slike vedtak, opptrer staten ved Utlendingsnemnda. Ved søksmål mot staten om lovmessigheten av Justisdepartementets vedtak truffet etter loven her før 1. januar 2001, opptrer staten ved Utlendingsnemnda. Ved søksmål mot staten om lovmessigheten av Utlendingsdirektoratets vedtak truffet etter loven her etter 1. januar 2001 eller om erstatning som følge av slike vedtak, opptrer staten ved Utlendingsdirektoratet.

§ 38 b første ledd skal lyde:

I den enkelte sak deltar en nemndleder og to medlemmer, jfr. likevel annet ledd. Det ene medlemmet trekkes ut blant dem som er oppnevnt etter forslag fra Kommunal- og regionaldepartementet, Utenriksdepartementet og Norges Juristforbund. Det andre medlemmet trekkes ut blant dem som er oppnevnt etter forslag fra humanitære organisasjoner. Den enkelte nemnd kan behandle flere saker.

§ 38 b tredje ledd andre punktum skal lyde:

Saker som behandles etter første ledd, avgjøres ved flertallsvedtak.

§ 38 b fjerde ledd skal lyde:

Klager kan gis adgang til å møte personlig og uttale seg i sak som behandles etter første ledd. I asylsaker skal slik adgang som hovedregel gis. Klagerens advokat eller en annen representant for klageren kan møte sammen med klageren. Også andre kan gis adgang til å møte og avgi uttalelse.

II

Loven trer i kraft 1. januar 2001.

Votering:Komiteens innstilling bifaltes enstemmig.

Presidenten: Det voteres over lovens overskrift og loven i sin helhet.

Votering:Lovens overskrift og loven i sin helhet bifaltes enstemmig.

Presidenten: Lovvedtaket vil bli sendt Lagtinget.