Stortinget - Møte onsdag den 19. februar 1997

Dato: 19.02.1997

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 5

Inga Kvalbukt (Sp): Jeg har følgende spørsmål til kommunal- og arbeidsministeren:

En arbeidssøker som ble forhindret fra å møte til et informasjonsmøte ved arbeidskontoret på grunn av vanskelige vær- og føreforhold, ble fratatt dagpenger for 8 uker.

Hva mener kommunal- og arbeidsministeren om en slik stivbeint praktisering av regelverket?

Statsråd Kjell Opseth: Eg kjenner ikkje den konkrete saka representanten Kvalbukt tek opp, og vil difor gjere greie for regelverket på generelt grunnlag. Eit av vilkåra for retten til dagpengar ved arbeidsløyse er å vere reell arbeidssøkjar. For å bli rekna som reell arbeidssøkjar må stønadsmottakar m.a. ordne seg slik at arbeidskontoret kan nå han eller henne på kort varsel. Søkjaren må vere budd på å møte raskt fram i fall det t.d. kjem tilbod om arbeid. Retten til dagpengar fell mellombels bort dersom stønadsmottakar utan rimeleg grunn nektar eller lèt vere å møte på arbeidskontoret etter innkalling. Arbeidssøkjar vert opplyst om konsekvensane av å la vere å møte utan rimeleg grunn, både i innkallingsbrevet og i brosjyren om dagpengar som søkjaren mottek og har plikt til å kjenne innhaldet av.

Kva som er rimeleg grunn for å ikkje møte til konferanse med arbeidskontoret, skal ein avgjere etter ei skjønsmessig vurdering i kvart enkelt høve. Etter gjeldande praksis kan t.d. ver- og føreforhold som gjer framkomst til arbeidskontoret vanskeleg, bli godteke som rimeleg grunn til å ikkje møte til konferanse med arbeidskontoret.

Inga Kvalbukt (Sp): Jeg takker statsråden for svaret. Nå sa han i sitt svar at arbeidskontoret har mulighet til å gi en skjønnsmessig vurdering av den enkeltes situasjon. Jeg føler vel at det er akkurat på dette punktet håndteringen ute blir for dårlig. Det har vi fått mange meldinger om, og jeg har lyst til å spørre om statsråden har en konkret plan for å bedre den menneskelige holdningen litt på arbeidskontorene.

Statsråd Kjell Opseth: I enkelte spørsmål er ein nøydd til å ha reglar som byggjer på skjøn, og eg trur at vi på dette området har ein slik situasjon. Det ville vere nesten utenkjeleg å lage forskrifter som fortel korleis dette skal gjerast i kvart enkelt høve, og difor har eg ingen planar om å leggje til rette for forskrifter på dette området. Spørsmålet er korleis skjønet blir utøvt rundt om i landet, og det går jo sjølvsagt an å få brakt på det reine om det er store ulikskapar i skjøn på dette spesielle området. Men at det må vere ei skjønsmessig avgjerd, er eg ikkje noko særleg i tvil om.

Inga Kvalbukt (Sp): Jeg vil fastslå at jeg er helt enig med kommunalministeren i at vi er nødt til å ha en skjønnsmessig vurdering på dette området, men det er den jeg føler fungerer for dårlig. Jeg har lyst til å spørre: Kanskje har vi for dårlig opplæring av folk på disse kontorene når det gjelder behandling av mennesker?

Jeg syns det er alvorlig når jeg får beskjed om at folk går ut av arbeidsledighetskøen fordi de føler seg trakassert på arbeidskontoret, og de sier: Det er så nedverdigende - jeg tror ikke jeg orker å være arbeidssøker! En slik håndtering av arbeidssøkerne og deres sak fører også til at vi ikke får fram de reelle ledighetstall. Jeg syns dette er veldig alvorlig, og jeg har derfor lyst til å oppfordre kommunalministeren til å gjøre noe med det.

Statsråd Kjell Opseth: Eg meiner vi må ta innover oss at arbeidskontora i utgangspunktet er ein serviceinstitusjon for dei arbeidslause, og dermed skal dei ikkje trakassere nokon. Det er ein nokså alvorleg påstand frå representanten Kvalbukt at så skjer. Det er i alle fall noko som eg for min del tek svært alvorleg. Eg vil følgje det opp, men berre seie at ein kjem alltid i ein situasjon der det er motstridande interesser mellom arbeidskontoret og det regelverket dei skal forfekte, og det dei enkelte arbeidslause måtte meine. Det er alltid to partar, og det å ta stilling til den eine partens utsegn - og så sterkt som å kalle det trakassering - synest eg er alvorleg.