Stortinget - Møte onsdag den 16. april 1997

Dato: 16.04.1997

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 18

Arne Haukvik (Uavh): Eg tillet meg å stille følgjande spørsmål til statsråd Sandal:

Halvparten av rektorane ved høgskulane i landet forlèt posten sin. Fire av sju avdelingsleiarar ved Høgskolen i Oslo vil ikkje ta attval.

Ser statsråden dette som eit problem, og kva har han tenkt å gjera med det?

Statsråd Reidar Sandal: Rektorane ved universitet og høgskular blir valde for tre år om gongen, og dei kan berre veljast for to periodar. Når det i spørsmålet heiter at rektorar forlèt posten sin, reknar eg med at det vil seie at dei ikkje stiller til val ved utløpet av valperioden, slik ein del har valt å gjere.

Eg veit at mange av rektorane har opplevd rektorvervet som krevjande, og at dei har gjort ein heilhjarta innsats for å realisere høgskulereforma. Nokre av dei har òg hatt den same posisjonen før ved ein av dei tidlegare høgskulane. Som alle i ansvarsfulle verv må dei ta avgjerder som kan vere tunge, og arbeidet gjer det vanskeleg å halde seg informert innanfor fagfeltet sitt. Fleire ønskjer å gå tilbake til fagleg arbeid. Like fullt er det mange som har stilt til val på ny, og som går på ein ny rektorperiode.

Valsystemet har skifte som prinsipp. Det gir dei som vel, høve til å avgjere kven som skal få verv, og det gir kandidatar høve til å stille opp eller å la vere. Eg kan ikkje som statsråd seie at det er eit problem kva veljarar og enkeltpersonar ønskjer. Det er mi erfaring at vala skaffar fram nye og eigna kandidatar til rektorvervet og andre valde verv ved universitet og høgskular. Eg er ikkje kjend med at det ikkje har lykkastå fylle verva.

Dersom alle rektorane hadde gått på ein ny periode, ville vi fått skifte ved alle høgskulane neste gong. Då ville det ikkje vore nokon kontinuitet blant rektorane i Det norske høgskulerådet. Det kunne vore til ulempe for arbeidet der og i den uformelle samrådinga som skjer høgskulane imellom.

Som representanten forstår, korkje kan eller vil eg gjere noko for å styre valprosessen ved høgskulane.

Dette tyder likevel ikkje at vi skal sjå bort frå at rektorrolla kan vere vanskeleg. Vi må skaffe oss kunnskap om korleis den blir opplevd, og korleis arbeidsdelinga mellom vald og tilsett leiing verkar. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har som kjent sett i verk ei evaluering av høgskulereforma. Her har vi bedt om at styring og leiing skal vere eit viktig tema. Eg vil sjølvsagt studere materialet når evalueringa er ferdig.

Arne Haukvik (Uavh): Eg takkar for svaret, som for så vidt var greit nok. Eg er heilt samd med statsråden i at han sjølvsagt ikkje skal styre demokratiske val, men han kjenner òg til at det i mange tilfelle har vore lite spennande å vere rektor. Lønsmessig er det vel ikkje så mykje å trakte etter, og arbeidsmessig er det veldig krevjande.

Men eg forstår at statsråden no ventar på ei nærmare orientering, og at han vil skaffe seg meir kunnskap for å sjå på kva han kan gjere med dette. Han ser det ikkje som noko problem. Eg er ikkje ekspert, så eg veit heller ikkje om det er noko problem, men eg kom over eit intervju med rektor Steinar Stjernø her om dagen som eg tolka som at han såg det som eit problem at det var for få som var villige til å ta attval til viktige postar. Men det er klart at ei fornying må me alltid ha og derfor stadig nye folk, så ei utskifting er jo naturleg.