Stortinget - Møte onsdag den 1. april 1998

Dato: 01.04.1998

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 33

Rita Tveiten (A):

Sivilombodsmannen har i brev 12. mars 1998 gjeve Noregs Mållag medhald i ei klagesak som gjeld tolkinga av om ei rekkje læremiddel som berre ligg føre på bokmål, kjem inn under jamstellingsreglane i lov om vidaregåande opplæring. Ombodsmannen ber vidare departementet vurdera retningslinene for praktisering av krav om språkleg parallellitet på nytt.

Kva initiativ vil statsråden ta i denne saka?

Statsråd Jon Lilletun: Fyrst vil eg seie litt om bakgrunnen for fråsegna frå Sivilombodsmannen. Lov om vidaregåande opplæring § 38 andre leddet lyder slik:

Lærebøker og andre læremidler i andre fag enn norsk må foreligge til samme tid og samme pris på bokmål og nynorsk. Departementet kan gjøre unntak fra denne regelen.

Kravet til språklege parallellutgåver av lærebøker er greitt å praktisere. Lærebøker skal godkjennast av Nasjonalt læremiddelsenter, og ingen lærebøker blir godkjende dersom dei ikkje ligg føre i begge målformer.

Når det gjeld « andre læremidler », er alle einige om at ikkje alt som blir nytta i undervisninga, er å rekne som læremiddel. Mellom anna med bakgrunn i sak reist av Noregs Mållag for Nedenes namsrett hausten 1994 om læremiddel og nynorskutgåver, og i Mållagets « svartelistingar » av læremiddel, tok departementet eit initiativ til utarbeiding av nærare retningsliner for kva for læremiddel som ligg innafor kravet til språklege parallellutgåver.

Ei gruppe under Nasjonalt læremiddelsenter utarbeidde eit forslag. I gruppa var m.a Norsk Språkråd representert. Med grunnlag i forslag frå gruppa fastsette departementet retningsliner våren 1995. Dei gjekk ut på at dersom eit læremiddel dekkjer mål og hovudmoment i læreplanen for faget, fell det innafor kravet til språkleg parallellutgåve.

Noregs Mållag var ikkje einig i desse retningslinene. Mållaget klaga to fylkeskommunar inn for Sivilombodsmannen for bruk av fem læremiddel som etter retningslinene ikkje fall inn under kravet til parallellutgåver, og derfor ikkje låg føre i nynorskutgåver.

I brev av 12. mars i år seier Sivilombodsmannen at desse fem læremidla må reknast som læremiddel etter lov om vidaregåande opplæring. Ombodsmannen viser til at elevane blir oppmoda til å kjøpe desse læremidla og at læremidla er skrivne for skulen.

Fråsegna fra Sivilombodsmannen inneber at fleire typar hjelpelitteratur vil kome inn under kravet til språklege parallellutgåver.

Departementet vil no fylgje opp Sivilombodsmannens fråsegn. Retningslinene vil bli omarbeidde i samsvar med fråsegna til Sivilombodsmannen. Saka vil bli fylgd opp i høve til fylkeskommunane som skuleeigarar og i høve til skulebokforlaga. Det vil bli orientert om at fylkeskommunane må leggje Sivilombodsmannens fråsegn til grunn. Særleg må fylkeskommunane vere merksame på at det på boklistene til skulane berre må førast opp læremiddel som ligg føre på begge målformer.

Rita Tveiten (A): Eg takkar statsråden for svaret. Eg er svært glad for at departementet no fylgjer opp fråsegna frå Sivilombodsmannen og utarbeider nye retningsliner i tråd med den lovtolkinga som ombodsmannen har gjort.

Som statsråden peika på, får fråsegna verknad for mange andre læremiddel som i dag berre ligg føre på bokmål. Det er derfor viktig at forlaga raskt får melding om det nye regelverket, slik at dei bøkene og læremidla dei framleis ynskjer å framby på skulebokmarknaden, no også kjem i nynorskutgåve. Det må vera eit mål at dette er ordna til skulestarten i haust.

Ein siste ting vil eg gjerne kommentere. Fylkeskommunane eig dei vidaregåande skulane. Det er derfor sjølvsagt rett at dei vert orienterte om fråsegna og dei nye retningslinene. Eg ber likevel statsråden vurdera å senda eit rundskriv direkte til dei vidaregåande skulane. Det er den einskilde skulen som vel lærebøker og set opp boklister. Val av lærebøker for skuleåret 1998-99 går føre seg i desse dagane. Derfor er det viktig at skulane får dei nye retningslinene så snart som praktisk mogleg.

Statsråd Jon Lilletun: Eg er einig med representanten Tveiten i at ein raskt bør gje informasjon. Det skal bli gjort. Vi skal òg vurdere om det skal gå eit brev direkte til dei vidaregåande skulane for at dei raskast mogleg skal bli orienterte. Elles har eg tillit til at administrasjonane i dei einskilde fylkeskommunane fylgjer opp den informasjonen som går ut frå departementet, men eg skal likevel vurdere oppmodinga frå representanten Tveiten.