Stortinget - Møte onsdag den 21. oktober 1998 kl. 10

Dato: 21.10.1998

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 2

Karita Bekkemellem Orheim (A): «Kontantstøtteforeldre» kan velge en fleksibel oppholdstid i barnehagen for sine barn. Dette ut fra den firedelte statsstøtteordningen som ligger til grunn for utbetaling av kontantstøtte. Hva vil statsråden gjøre for at foreldrene til de 305   120 barn her i landet mellom 2 og 6 år skal få den samme mulighet til å velge en fleksibel oppholdstid for sine barn, eksempelvis 75 pst. oppholdstid i barnehage?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland

: Gjennom dei velferdsordningane vi har med fødselspermisjon, tidskonto, barnehagar og no sist kontantstøtte, føler eg at småbarnsforeldre har gode sjansar til å velja når det gjeld omsorgstilbod. Nettopp høvet til valfridom har jo som kjent vore heilt sentralt i arbeidet med å utforma ordninga med kontantstøtte. Fridomen til å kunna velja føreset likevel eit barnehagetilbod av eit slikt omfang og ei slik utforming at det dekkjer barnefamiliane sine ulike behov. Statens viktigaste verkemiddel for å få til ei slik utvikling av barnehagetilbodet har vore, og er framleis, statstilskotet til drifta av barnehagane. For neste år har vi difor foreslått endringar i kriteria for tildeling av driftstilskot. Endringane inneber ei meir finmaska inndeling av opphaldstidene og ein markert auke av statstilskotet for korte opphaldstider i barnehagane. På denne måten får barnehageeigarane betre høve økonomisk sett til å møta dei ulike behova til barnefamiliane.

Som representanten Bekkemellom Orheim peikar på, er det eit klart ynske om at fleksibel opphaldstid i barnehagen ikkje berre er knytt til dei yngste borna. Dette er like viktig for born over kontantstøttealder. Nettopp difor går vi i vårt budsjettframlegg inn for at ei meir finmaska inndeling av driftstilskotet til barnehagar skal gjelda for alle alderstrinn, og ikkje berre for årskulla som har rett til kontantstøtte.

I kva grad dei foreslåtte endringane fører til at den einskilde familien får eit tilbod i tråd med sine individuelle behov, vil likevel vera avhengig av kva barnehageeigarane vel å tilby. Det er sjølvsagt ingen garanti for at barnehagane tilbyr t.d. 50 pst. opphaldstid i barnehagen, sjølv om statstilskotet for slik opphaldstid blir auka. For å få dette til oppmodar eg difor alle barnehagane om å planlegga slik at barnehagetilboda lar seg kombinera med kontantstøtte og andre ordningar for permisjon og ulike arbeidstider som foreldre ynskjer å gjera seg nytte av. Til slik planlegging er det viktig at barnehageeigarane har eit godt grunnlag å bestemma ut frå. Departementet har utvikla ei rettleiing for gjennomføring av behovs- og brukarundersøkingar som eg vonar vil vera til hjelp. Dette går det ut informasjon om i desse dagar, og det vil vera eit godt verktøy som er tilgjengeleg for alle barnehageeigarar og kommunar.

Eg og departementet mitt har retta fleire oppmodingar til kommunane og private barnehageeigarar til å organisera barnehagetilbodet fleksibelt med omsyn til opnings- og opphaldstider. Vi har hatt eit utviklingsprogram over tre år, der eitt av hovudmåla var akkurat dette. Eg veit at mange barnahagar i dag kjem foreldra sine ynske i møte på dette punktet, og eg aktar å halda fram med å minna barnehagane om kor viktig det er å tilby fleksible opphaldstider.

Karita Bekkemellem Orheim (A): Det er positivt at barne- og familieministeren slår fast at friheten til å velge forutsetter at barnehagetilbudet er av et slikt omfang og utformet slik at det dekker barnefamilienes ulike behov.

Innføringen av kontantstøtte har imidlertid medført at driftsgrunnlaget for mange barnehager er blitt dårligere – det er svekket en del steder. I handlingsplanen for barnehager er målsettingen at virksomheten i barnehagene skal være mest mulig i samsvar med brukernes behov.

En landsomfattende undersøkelse fra SIFO viser f.eks. at nesten en av tre brukere har behov for en mer fleksibel bruk av barnehagen enn det det gis mulighet for i dag, og over 40 pst. sier at det passer dårlig å betale for en ordinær heldagsplass på fem dager i uken når behovet er fire. Flere har fått avslag på 75 pst. plass grunnet den enkelte barnehages økonomi. De betaler for en plass de ikke bruker. Jeg synes det er positivt at statsråden oppmoder kommunene, men dette er ikke nok, og jeg vil utfordre statsråden til å iverksette langt klarere tiltak overfor barnehagene på dette området.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg vil gjerne gjenta det som eg sa i svaret mitt, at det beste eg kan gjera for at kommunane og barnehagane skal bli så fleksible, er å sjå på dei statlege overføringane til barnehagedrifta. Og det er akkurat det vi har gjort, for vi har òg sett undersøkinga frå SIFO, som representanten Bekkemellem Orheim refererte til. Vi veit òg gjennom erfaringane i utviklingsprogrammet at det å vera brukartilpassa må bety større fleksibilitet. Om ikkje representanten kan sjå andre positive ting med kontantstøtta enn akkurat dette, har det iallfall tvinga fram denne fleksibiliteten i barnehagane. Det har vore viktig for meg at denne fleksibiliteten òg skal vidareførast til dei borna som er over tre år, slik at dei skal få det same tilbodet. Trengst det ein 70 pst. plass, skal ein få det – og betala for det.

Men så må ein i samarbeid med barnehageeigarane og dei som jobbar innanfor barnehagane, sjå litt på kor stor grad av fleksibilitet dei skal legga opp til, for her kan det vera kryssande interesser i forhold til å gi borna eit godt tilbod. Dette skal vi drøfta i stortingsmeldinga, og då kjem vi nærmare tilbake til den problemstillinga.

Karita Bekkemellem Orheim (A): Jeg oppfattet statsråden slik at ved innføring av kontantstøtten oppfordret hun også barnehagene sterkt til å tilpasse driften til den fleksibiliteten det nå legges opp til i kontantstøtteordningen. Men de samme sterke føringene kan jeg dessverre ikke se har kommet for de foreldrene som ikke omfattes av kontantstøtten. Den faktiske situasjon er at det er de vanlige foreldrene – for å kalle dem det – som må betale for at kontantstøtteforeldrene kan velge en stor fleksibilitet. Jeg forventer at når den fleksibiliteten i dag gjelder for kontantstøtteforeldrene, så må den fra dags dato også gjelde for alle de andre foreldrene her i landet.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg har lyst til å streka under det som eg prøvde å seia på slutten av førre svar, at fleksibiliteten må ein òg sjå på i samanheng med stabiliteten for borna og dei som jobbar i barnahagane. Eg inviterer til ein brei debatt med førskulelærarane og barnehageeigarane for å få til begge delar.

Det er noko eg har lyst til å minna representanten om. Eg er heilt sikker på at ho har lese budsjettframlegget som Regjeringa har lagt fram òg på dette punktet, og då har representanten sannsynlegvis fått med seg at frå 1. august har vi lagt opp til akkurat den same graden av fleksibilitet i overføringane for dei som er over tre år og dei som er under tre år, for å oppnå det som vi veit foreldra ynskjer. Det er faktisk ein etter måten dyr overføringspraksis vi har lagt opp til for å oppnå denne fleksibiliteten. Eg trur det er viktig for at vi skal oppnå det som representanten òg er opptatt av, at tilbodet skal vera foreldretilpassa, brukartilpassa. Det kostar pengar, og det har vi altså lagt inn i neste års budsjett. Eg vonar vi får støtte frå Arbeidarpartiet for det.