Stortinget - Møte onsdag den 18. november 1998 kl. 10

Dato: 18.11.1998

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 3

Jon Olav Alstad (A): Jeg vil gjerne få stille følgende spørsmål til barne- og familieministeren:

«Statsministeren uttalte i Nationen 4. november 1998 at det kan være aktuelt å vurdere om menn bør ta ut en del av kontantstøtten. Denne ordningen vil som kjent bidra til å undergrave rettigheter som fedrene har fått de siste årene, presse dem bort fra omsorgsrollen og tilbake til forsørgerrollen.

Vil statsråden bidra til at statsministeren får en oversikt over utviklingen slik at det kan innføres en «fedrekvote» også i kontantstøtten?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Det er kome mange positive tilbakemeldingar etter mannsrollekonferansen «Nye tider – nye menn?», som statsministeren og eg arrangerte. Konferansen understreka behovet for nytt søkjelys på fleire sider av mannsrolla. Utsegna frå statsministeren som Alstad trakk fram, vart gitt i etterkant av denne konferansen, og eg har lyst til å gjengi svaret statsministeren gav i Nationen den 4. november, for å gi eit meir dekkande bilete:

«Det blir vanskelig å knytte betingelser til kontantstøtte, men vi vil evaluere kontantstøtten. Hvis evalueringen viser at den brukes av kvinner, kan det være aktuelt å vurdere om menn bør ta ut en del av tida.»

Kontantstøtta er ikkje ei permisjonsordning. Kontantstøtte er ei kontantoverføring til familiar som ikkje – eller berre delvis – nyttar barnehage til borna sine. Det er ikkje krav om at ein av foreldra er heime. Slik ordninga er utforma, er det derfor ikkje aktuelt med ein fedrekvote i kontantstøtta etter modell av fedrekvota i fødselspermisjonen.

Sjølv om det ikkje er eit vilkår for kontantstøtte at ein av foreldra er heime, er det eit mål med ordninga at den skal bidra til at småbarnsforeldre brukar meir tid på omsorg. Regjeringa ynskjer og håpar at både kvinner og menn vil nytta det høvet som kontantstøtta gir til å redusera arbeidstida eller vera heime på heiltid ein periode for å ta seg av borna sine.

Representanten Alstad påstår at kontantstøtta vil pressa fedrane bort frå omsorgsrolla. Eg stiller meg undrande til korleis Alstad kan trekka slike bastante konklusjonar. Kontantstøtta inneber ein ny valfridom for småbarnsfamiliane, og vi veit førebels lite om verknaden av ordninga med omsyn til korleis familiane faktisk organiserer barneomsorga. Eg reknar med at det i utgangspunktet vil vera fleire kvinner enn menn som vel å arbeida mindre ute på grunn av kontantstøtta. Alle ordningar som gjer det mogleg å bruka meir tid saman med borna, er hittil mest nytta av kvinner. Berre 12,7 pst. – i 1997 – av mennene tar ut større del av fødselspermisjonen enn fedrekvota. Ei undersøking som Statistisk sentralbyrå har gjennomført, viser at berre 7,5 pst. av dei spurde seier at far vil arbeida mindre enn no eller vera heime på heiltid når familien får kontantstøtte. Undersøkinga vart gjennomført på eit tidspunkt då kontantstøtteordninga enno ikkje var vedtatt av Stortinget. Talet seier derfor ikkje så mykje om korleis familiane vil innretta seg når det kjem til stykket. Erfaringane med fødselspermisjonen viser at fedrane tar meir og meir del i omsorga i barnets fyrste leveår. Auken har kome gradvis over tid, og eg trur vi etter kvart vil sjå at fleire fedrar vel å arbeida mindre ute også mens borna er mellom eit og to år gamle.

Vi vil fylgja utviklinga nøye i form av statistikk, forsking og evaluering. Mellom anna vil vi legga vekt på å få fram kva for verknader kontantstøtta har på yrkesdeltakinga for mødre og fedre og på delinga av oppgåvene i heimen.

Dersom evalueringa skulle visa at småbarnsforeldre ikkje brukar meir tid på omsorg for eigne born som fylgje av kontantstøtta, eller at ordninga forsterkar skilnadene mellom mødrer og fedrar når det gjeld omsorg og yrkesdeltaking, må vi ta dette opp til vurdering. Det er for tidleg å spekulera i kva som i så fall kan gjerast. Når forskingsresultata og oversikten over utviklinga kjem til meg, vil eg sjølvsagt sørgja for at statsministeren får den same kunnskapen.

Jon Olav Alstad (A): Det er visse ting i dette samfunnet vi ikke trenger å forske på og undersøke for å kunne si hvordan utviklingen blir. En av årsakene her er resultatene av opplegget for kontantstøtten når det gjelder fedres deltakelse. Den ene måneden som i dag er avsatt, og som brukes av nærmere 80 pst. av fedrene, vil bli satt under press når kontantstøtten blir valgt. Og den blir ikke valgt av fedrene, det tror jeg vi kan slå fast allerede nå.

Det tok tre år fra vi startet endringene av et ganske inngrodd familiemønster, til vi klarte å få det igjennom. Det gikk veldig fort, men det var fordi fedrene ønsket å ta et større ansvar i hjemmet. Den politikken det legges opp til nå når kontantstøtten ikke engang vil bli prioritert fedrene, vil nettopp innebære at en stopper endringene i familiemønsteret og presser fedrene tilbake til forsørgerrollen og overtidsbruken som småbarnsfedre i dag har.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Noko av det som undrar meg i den debatten som vi no har ført over lengre tid om kontantstøtta, er korleis dei som er motstandarar av kontantstøtta, så tydeleg veit – og påstår – at kvinner blir pressa hit og dit og menn blir pressa hit og dit. Har ikkje menn og kvinner vilje sjølve?

Som representanten Alstad sa i sitt tilleggsspørsmål til meg – eller kanskje meir «tilleggspåstand» – var det ei endring i fedrane sin oppførsel fordi dei sjølve ynskjer å vera meir heime og ta større del av oppgåva, samtidig som dei fekk sin eigen fedrekvote. Eg trur faktisk at fedre ynskjer å bruka meir tid på borna sine. No legg vi altså til rette for større valfridom, og det er sjølvsagt då opp til foreldra å velja kven som skal ta ut den tida.

Så er det sjølvsagt mykje anna som er med og påverkar vala som foreldra tar. Det går på permisjonsrettar, det går på skilnader i lønn og mykje anna. Dette er forhold som vi òg sjølvsagt vil fylgja nøye, for slike ting trur eg faktisk vil ha større påverknad ved å gi større valfridom til foreldra.

Jon Olav Alstad (A): Den som har fulgt likestillingsutviklingen fra begynnelsen av 1970-tallet og de endringene den har ført med seg når det gjelder familien, vil se en del mønstre, bl.a. at dersom vi som er fedre skal ha muligheten til å komme inn og få en større del av ansvaret, må det legges bedre til rette for det. For valgfriheten er ikke der i dag. Det var den ikke for jentene på begynnelsen av 1970-tallet da de ville inn på mannfolkenes områder, det er den ikke for karene i dag når de vil inn på kvinnfolkenes områder.

Det var én ting jeg merket meg i statsrådens svar som var positivt, og det var at hun ønsket å følge utviklingen nøye i form av forskning. Og var det noe denne mannskonferansen avdekket, var det at på det området er vi for dårlige. Vi vet ikke hva mannfolk tenker, vi vet ikke hva mannfolk gjør, og vi vet ikke hva det er som virker inn på utviklingen av verken mannsrollen eller fedrerollen. Og da regner jeg med som en oppfølging av dette at statsråden vil ta initiativ til at vi får vite mer.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Med all respekt for spørsmålsstillaren trur eg faktisk eg har fylgt likestillingsdebatten og utviklinga frå 1970-talet og framover vel så nøye som spørjaren. Berre på grunn av alderen og på grunn av det engasjementet eg har hatt i politikken i alle desse åra, har eg hatt betre høve til å fylgja den ganske nøye.

Analysen som representanten hadde, er ganske riktig. Det må bli lagt meir til rette for at òg fedrane skal ta ut rettane sine. Når det gjeld mannsforsking, ynskjer vi òg å prioritera dette. Derfor er eg iallfall glad for at vi, førebels på nordisk nivå, har avsett ei forskarstilling som skal koordinera all mannsforskinga i Norden, og så får vi koma tilbake til korleis vi skal finansiera meir direkte mannsforsking på norsk nivå, noko som eg absolutt ynskjer at vi skal prioritera.