Anneliese Dørum (A): Jeg vil få stille følgende spørsmål
til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
«Prestene i Bjørgvin bispedømme
blir oppfordret til å skrive under på et opprop
mot biskop Rosemarie Köhn. Det er 11 av de 12 prostene
i Bjørgvin som står bak henvendelsen til prestene.
Etter planen skal oppropet og underskriftene offentliggjøres.
Hvordan ser statsråden på en
slik fremgangsmåte, og mener han det er i tråd
med god personbehandling at overordnede på denne måten
presser ansatte på et lavere nivå til å innta
et bestemt standpunkt?»
Statsråd Jon Lilletun: Eg har, som representanten Dørum,
merka meg at 11 prostar i Bjørgvin bispedøme har
teke initiativ til eit opprop der det vert retta kritikk mot Köhn,
og der biskopane vert bedne om å rydde opp i den situasjonen
som har oppstått i Kyrkja etter Köhn si avgjerd
om å la Sunde gå tilbake til stillinga som kapellan.
Eg forstår at mange prestar og lekfolk
no opplever tilhøva i Kyrkja som vanskelege. Eg har òg
merka meg at det har vore fleire opprop i samband med denne saka som
gjev uttrykk for ulike syn. Dette er ikkje ein uvanleg måte å ytre
seg på i eit demokrati.
Ytringsfridomen er både ein sentral
menneskerett og ein grunnleggjande føresetnad for demokratiet.
Det ville vere lite klokt av statsråden å refse
prostar i Bjørgvin, like lite som i Hamar, for å bruke
den fridomen dei har etter § 100 i Grunnlova til å ytre
sine eigne meiningar og til å råde andre til å ytre
seg.
Anneliese Dørum (A): Jeg takker for svaret. Jeg er ikke overrasket
over svaret, men jeg må si at jeg er skuffet, fordi jeg
ser på statsråden som ansvarlig for arbeidsforholdene
i Kirken. I denne saken er det klart at overordnede presser folk
på et lavere nivå til å ta standpunkt
i et kontroversielt spørsmål. Jeg har merket meg
at mange av prestene selv reagerer svært negativt på dette,
de føler seg presset til å måtte ta stilling
i denne saken, og de føler det som om man nå skal
kartlegge presteskapets teologiske meninger om homofilispørsmålet.
Det burde ansatte være spart for. Jeg tror ikke dette er
en god måte å behandle sine ansatte på.
Jeg vil spørre statsråden om han, som ansvarlig
for arbeidsforholdene i Kirken, vil ta affære i denne saken.
Statsråd Jon Lilletun: Det går sikkert an å argumentere
for klokskapen i underskriftsaksjonar i forskjellige høve,
og det kan sikkert òg diskuterast på kva måte
ein slik aksjon best vert organisert. Men eg vil likevel halde fast
på svaret mitt, fordi nestkommanderande i Hamar bispedøme,
domprosten, tok initiativ til eit opprop som støtta ei
bestemt løysing av denne stridssaka i Hamar.
Det var ei støtte til den løysinga
som òg vart vald til slutt. Eg ytra ikkje kritikk mot at
det skjedde, og eg fekk heller ikkje spørsmål
i spørjetimen frå representanten Dørum
om korfor eg ikkje kritiserte det. No er det nokon som meiner det
motsette, som har laga ein underskriftsaksjon, og då ville
det vere merkeleg om eg no skulle gripe inn og refse. Eg står
derfor fast på mitt fyrste svar.
Presidenten: Spørsmål 20 er
allerede behandlet.