Stortinget - Møte onsdag den 9. februar 2000 kl. 10

Dato: 09.02.2000

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 17

Anneliese Dørum (A): Jeg vil få stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

«Staten tapte avskjedssaken mot sokneprestene Olav Berg Lyngmo og Arne Thorsen i Alta herredsrett.

Hvorfor mener statsråden det er nødvendig med en ny høringsrunde til bispemøtet og Kirkerådet, når de tidligere har uttalt seg i samme sak, og betyr dette at statsråden mener Kirken kan slå seg til ro med forståelsen av tilsynet slik det kommer til uttrykk i dommen?»

Statsråd Jon Lilletun: Som representanten Dørum viser til, vann staten ikkje fram i avskjedssaka mot sokneprestane Olav Berg Lyngmo og Arne Thorsen i Alta heradsrett. Fleirtalet, dei to lekdommarane, har gjeve sokneprestane medhald i at det ikkje er grunnlag for å gje dei avskjed frå embeta. Fagdommaren har dissentert og i domspremissane gjort greie for sitt standpunkt, som er at vilkåra for avskjed er til stades.

Eg har no innhenta regjeringsadvokatens rettslege vurdering av dommen, og sendt den over til biskopane og Kyrkjerådet og bede om utsegn frå dei. Frist for å anke saka til lagmannsretten er 21. mars.

Som eg har uttalt i media, er eg overraska over dommen, men eg har ikkje funne at grunnlaget for å avgjere om dommen skal ankast, er godt nok, før eg òg har høyrt kva dei kyrkjelege organa meiner. Det er i samsvar med ei forvaltning innanfor kyrkjesaker eg ynskjer å ha, at eg i alle viktige prinsipielle saker vil høyre Kyrkja si meining før eg tek dei nødvendige avgjerdene.

Anneliese Dørum (A): Jeg takker for svaret. Det er uforståelig for meg at statsråden mener at det er nødvendig å høre både Kirkerådet og biskopene på nytt.

Staten gikk til sak mot de to prestene etter klare anbefalinger fra Kirkerådet og ti av landets elleve biskoper etter at de to prestene frasa seg tilsyn fra biskop Ola Steinholt og «vigslet» Børre Knudsen til sin biskop. Det ville jo være ganske oppsiktsvekkende hvis en dom fattet med to mot én stemme i landets laveste rettsinstans i en så viktig sak, blir rettskraftig.

Det foreligger også en betenkning om dommen fra regjeringsadvokaten, som anbefaler at saken må ankes. Så jeg kan altså ikke se en eneste grunn til at statsråden trenger å innhente nye råd i denne saken. Hvorfor gjør han egentlig det?

Statsråd Jon Lilletun: Det er vel i og for seg ikkje så overraskande at representanten Dørum og statsråden har eit noko ulikt syn på i kor stor grad Kyrkja skal takast med på råd i avgjerder som gjeld Kyrkja, òg i prinsipielle spørsmål. Det er heilt rett det som representanten Dørum seier, at det framfor førre runde kom eit råd frå Kyrkja sine organ, dvs. frå Kyrkjerådet og frå biskopane enkeltvis.

No har det seg altså slik at det ligg føre ein dom. Eg synest det er viktig å få vurdert premissane og dei konsekvensane det vil ha i forhold til tilsyn, og eg synest det er viktig å få gjort det i den situasjonen som er no, to – faktisk nesten tre – år etter førre runde. Difor finn eg det tryggjast at Kyrkja vert teken med på råd.

Anneliese Dørum (A): Saken er imidlertid den at Kirken allerede er tatt med på råd og har gitt sitt klare råd – bortsett fra én biskop som var imot.

Men har statsråden tenkt på de følgene dette vil få for kirke- og menighetsliv i Kautokeino? Prost Per Oskar Kjølaas i Indre Finnmark prosti beskriver Kautokeino menighet som en slagmark. Prosten uttaler i Aftenposten:

«At saksbehandlingen drar ut, betyr at Kautokeino fortsetter å være en slagmark med de smerter og splittelser det medfører.»

Har statsråden vurdert hvilke konsekvenser dette vil få for kirke- og menighetsliv i Kautokeino når han nå utsetter avgjørelsen i saken og det kan ta lang tid?

Statsråd Jon Lilletun: For det fyrste: Det tek ikkje i nemneverdig grad lengre tid enn det likevel ville ha gjort, for eg har sett på kva saksbehandlingstid ein plar ha når det gjeld ankar. Her har ein to månader å gå på, og det vanlege er faktisk at ein brukar dei to månadene. Skilnaden er at anten saksbehandlar ein åleine i departementet, eller ein trekkjer inn Kyrkja.

Så til spørsmålet om statsråden har tenkt igjennom konsekvensane. Ja, det skal eg love presidenten og spørjaren at eg har, og her er det ikkje nokon enkle svar. For det er heilt rett at prosten har sagt ein ting, og for nokre dagar sidan fekk eg eit veldig sterkt brev frå soknerådet i Kautokeino, som seier det like sterkt den andre vegen.

Eg må sjå heilskapen, og eg må òg sjå på dei konsekvensane som det vil få for Kyrkja på sikt. Til det vil eg gjerne få den vurderinga òg frå Kyrkja sjølv, og det vil som sagt ikkje forseinke saka i nemneverdig grad. Så skal eg ta dei nødvendige avgjerder før fristen er ute.