Stortinget - Møte onsdag den 23. februar 2000 kl. 10

Dato: 23.02.2000

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 30

Presidenten: Dette spørsmålet, fra representanten Steinar Bastesen til helseministeren, vil bli besvart av sosialministeren som rette vedkommende.

Steinar Bastesen (TF): Jeg har følgende spørsmål til sosialministeren:

«I mange kommuner er det nødvendig at lege bruker drosje ved hjemmebesøk. Fram til 31. desember 1999 var praksis at de lokale drosjene sendte regning direkte til trygdekontoret. Det er nå endret til at den enkelte lege gjør opp direkte for hver tur med sjåfør og får så beløpet refundert fra trygdekontoret. I enkelte kommuner utgjør dette en utgift på oppimot 30 000 kroner i måneden. Dette utgjør store summer for den enkelte lege.

Ser statsråden dette som et problem, og hva vil statsråden gjøre for å endre praksis?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Skyss av helsepersonell høyrer inn under mitt ansvarsområde. Difor vil eg svara på spørsmålet frå representanten Bastesen.

Folketrygda gjev stønad til dekning av utgifter til reise for undersøking eller behandling. Dersom pasienten på grunn av sin helsetilstand ikkje kan møta fram på sjukehuset eller legekontoret, har legen som reiser for å gje undersøking eller behandling heime hjå pasienten, rett til godtgjersle frå folketrygda. Godtgjersla blir rekna ut etter regulativ for reiser innanlands for staten si rekning.

Etter gjeldande reglar dekkjer folketrygda berre godtgjersle til reise for billegaste reisemåte. Dersom legen har hatt større nødvendige skyssutgifter, har han eller ho rett til å få utgiftene dekt etter rekning.

Det er ikkje rett, slik representanten Bastesen seier, at trygdeetaten sin praksis fram til i år har vore at drosjeeigarane har sendt rekning for skyss av legar direkte til det lokale trygdekontoret. Sidan 1994 har retningslinene vore slik at oppgjer for drosjeutgifter skal skje mellom den enkelte lege og trygdekontor. Unntak er gjort for legar som før 1994 hadde ordningar med direkte oppgjer mellom trygdekontoret og drosjeeigar. Etter 1994 er det ikkje lenger mogleg å inngå slike avtalar om direkte oppgjer. Det var elles mest vanleg også før 1994 at utgifter til drosje ved heimebesøk vart gjort opp direkte mellom legen og trygdekontoret.

Bakgrunnen for denne praksisen er at trygdekontoret skal kunna sjå samla både rekninga for bruk av drosje samt legen sitt krav om refusjon for sjukebesøket. Kontrollarbeidet vil bli vanskeleg dersom rekninga for utgifter til drosje ikkje blir levert saman med andre oppgjer frå legen.

Det er eit mål å avgrensa legar sin bruk av drosje der bruken er unødvendig. Drosje er eit kostbart transportmiddel i forhold til bruk av eigen bil.

I enkelte saker kan legen ha store utgifter til drosje. Ei løysing på dette problemet kan vera at lege og drosjeeigar gjer ein avtale om betaling når legen får oppgjer frå trygda. Eg vil elles understreka at tenesta med legevakt er eit kommunalt ansvar, og at kommunen difor må syta for gjennomføring av denne tenesta. Det vil seia at kommunen også må vera med på å medverka til å løysa problem som legane måtte ha med legevakt, også problem som gjeld likviditeten på grunn av transporten.

Steinar Bastesen (TF): Jeg takker statsråden for svaret.

Jeg registerer at den ordning det refereres til, har eksistert siden 1994. Den henvendelsen jeg har fått, er fra 31. desember 1999, så det må eventuelt være en lokal ordning de har hatt i den kommunen, for dette gjelder kommunene ute i distriktene. Statsråden peker på at skyss av leger skal skje på billigste måte. Enkelte leger har imidlertid begynt å bruke privatbil på legevakt. Det har forekommet tilfeller der leger har avgått ved døden når de har brukt sin privatbil for å spare penger på bruk av drosje. Er det en ønsket utvikling at legene skal bruke sin privatbil mens de er på vakt? De kan da eventuelt miste livet fordi de er for trette.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Det er eit ynske at folketrygda sine utgifter òg til reisegodtgjersle blir dekte etter visse reglar. Det har med stadig aukande utgifter innanfor folketrygda sitt budsjett å gjera. Men geografien og transporttilhøva i dette landet er så forskjellige at her er det nettopp opning for at den som har større nødvendige skyssutgifter, har rett til å få dekt dei utgiftene etter rekning.

Når det gjeld det likviditetsproblemet som Bastesen her peikar på, og som han òg sjølv seier er ei lokal sak, er mi tilråding at det blir teke opp med den kommunen dette gjeld.