Inga Kvalbukt (Sp): Jeg har følgende spørsmål
til barne- og familieministeren:
«Krisesentrene gjør en stor
innsats når det gjelder å motarbeide vold i samfunnet
og i arbeidet for å bøte på den skade
og den angst vold skaper. Mange av krisesentrene arbeider under
svært vanskelige vilkår.
Vil statsråden ta initiativ for å bedre
krisesentrenes forhold?»
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Både menn og kvinner, born og unge
er offer for vald. Menn blir oftast utsette for vald på offentleg
stad, slik som gater, restauranter og parkar, medan kvinner og born
i større grad blir ramma av vald i heimane.
Vald i heimen kjem på mange måtar
i ei særstilling. Tal frå politiet syner at vald
mot kvinner som oftast blir utført av noverande eller tidlegare
ektemenn eller sambuarar. Vi veit òg at slik vald gjerne
varar ved. Borna er ofte vitne til vald mellom foreldra, og nokre
born blir òg sjølve slått. Vald i heimane
rammar både kvinner og born.
For å betra innsatsen for kvinner
utsette for vald i heimen, har Regjeringa utarbeidd ein eigen handlingsplan. Justisdepartementet
har det koordinerande ansvaret for planen. Det skal etablerast ei
samordningsgruppe med representantar frå dei ulike departementa.
Det skal òg opprettast ei særskild stilling i
Justisdepartementet med ansvar for koordineringa av staten si satsing
mot vald mot kvinner. Sjølv om vi alt har mykje kunnskap
om vald mot kvinner, og denne kunnskapen vil bli samordna betre,
er det framleis behov for meir og betre kunnskap.
Fleire tiltak i handlingsplanen søkjer å betra
på tilhøva rundt krisesentra, slik representanten
Kvalbukt etterlyser.
Krisetiltaka er avhengige av ein økonomisk
situasjon som er stabil, for å kunna gjera eit godt arbeid.
Slik det er no, dekker staten halvparten av dei budsjetterte utgiftene til
krisesentra, medan kommunane og andre dekker den andre halvdelen.
I fjor var staten sin del om lag 53 mill. kr.
Dagens tilskotsordning er verken tilfredsstillande
for staten eller for krisesentra. Det er i St. prp. nr. 1 for 1999-2000
varsla at departementet tar sikte på å presentera
nye retningslinjer for tilskotsordninga for å sikra eit
stabilt grunnlag for drifta, og for å sikra styring av
dei statlege utgiftene. I omlegginga av tilskotet til krisesentra
vil det vera eit hovudmål å gi brukarane eit godt
tilbod.
Handlingsplanen inneheld òg tiltak
for å auka kompetansen til dei som arbeider på krisesentra,
for dei har ein strevsam jobb. Ein av grunnane er at det er eit
dårleg utvikla profesjonelt tilbod rundt krisesentra. Derfor
skal det arbeidast ut tilbod om rettleiing og kurs for dei som arbeider
på sentra. Det skal òg settast i gang forsøk
for å utvikla nye modellar for å betra samarbeidet
mellom ulike delar av hjelpeapparatet. Kommunane sitt arbeid står her
sentralt.
Innsats for å hjelpa offer for vald
krev innsats på brei front, på tvers av sektor
og fag. Undersøkingar konkluderer med at krisesentra og
det ordinære hjelpeapparatet i liten grad møter
dei psykososiale problema som følgjer med mishandling,
anten det gjeld kvinnene eller borna. Av den grunn har Barne- og
familiedepartementet sett i verk ei undersøking, ved NIBR,
som ser på kvinnene sine røynsler med krisesentra,
men òg når det gjeld korleis hjelpeapparatet fungerer
for deira behov. Offentlege styresmakter har òg eit stort
ansvar for å følgja opp kontakt frå krisesentra
slik at borna får den hjelpa dei har rett på.
Vald mot kvinner kan ikkje løysast
med enkle grep og er ikkje berre eit spørsmål
om krisesentra sine vilkår. Vi må arbeida på mange
frontar samstundes. Å kunna leva utan vald er ein menneskerett for
kvinner og menn, born og vaksne. Denne retten må vi arbeida
for at alle skal få innfridd. Det er ein tung og langsiktig,
men ein veldig viktig jobb.
Lodve Solholm hadde
her teke over presidentplassen.
Inga Kvalbukt (Sp): Jeg takker statsråden for et godt,
spennende og innholdsrikt svar.
Hvordan framtidssamfunnet blir, avhenger av
hvordan vi i dag greier å ta oss av først og fremst
barna. Krisesentrene er en førstehjelp for mange
kvinner og barn som er i en veldig vanskelig situasjon, og er utsatt
for vold, slik som statsråden også viste til.
Derfor er det viktig at disse får trygget sine arbeidsvilkår.
Vi vet at mange krisesentre, sånn som den økonomiske
situasjonen er i dag, er nødt til å stenge i ferier.
Men vold, vet vi, tar ikke ferie. Derfor er jeg også veldig
glad for de signalene statsråden gav, om den forskingen
og den kunnskapsinnhentingen de nå arbeider med, som kanskje
på litt lengre sikt kan senke voldsnivået i samfunnet.
Jeg takker igjen for svaret.
Presidenten: Spørsmål 4 vil
bli svara på seinare.