Stortinget - Møte onsdag den 4. februar 2004 kl. 10

Dato: 04.02.2004

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 2

Torstein Rudihagen (A): Eg tillèt meg å stille følgjande spørsmål til kultur- og kyrkjeministeren:

«I flere tilfeller øker Opplysningsvesenets fond festeavgiftene dramatisk. For et areal til en idrettsplass i Lom kommune øker avgiften fra 300 kr pr. år til 55 000 kr. I Nord-Fron kommune har OVF jordleieavtaler med jordbrukere. Jordbrukerne har investert store summer i opparbeiding av jordarealene og stått for verdiøkningen. Nå får de tilbud om kun 5-årige avtaler og avgiftsøkning på flere hundre prosent av OVF.

Mener statsråden dette er akseptabelt, eller bør OVF ta andre hensyn enn markedsverdi?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Frå Opplysningsvesenets fond har eg innhenta bakgrunnsinformasjon om dei sakene som representanten viser til. Eg kan såleis opplysa at idrettsplassen i Lom og arealet her har vore leigd ut sidan 1949. Leigeprisen var då 100 kr for 25 dekar. Leigeprisen har vore endra to gonger i løpet av desse åra, og har vore 300 kr sidan 1978. Leigearealet har elles i løpet av desse åra blitt utvida til 46 dekar.

Leigeavtalen gjekk ut i 1999. Spørsmålet no er vilkår for ny leigeavtale eller kjøp. Eg er kjend med at det for tida går føre seg forhandlingar om kjøp av arealet. Fondet har i samband med dette ikkje sett fram noko absolutt krav om kjøpesum. Fordi det handlar om kjøp, har fondet heller ikkje sett fram eit konkret leigekrav slik representanten viser til.

I Nord-Fron er det åtte gardbrukarar i Veikledalen som har hatt 20-årige jordleigeavtaler med fondet. Vilkåra for desse leigeavtalene følgjer av leigekontraktane. Leigekontraktane vart inngåtte i 1981–1982, og fondet har no gitt tilbod om nye kontraktar, med svarfrist 10. februar i år.

Som det går fram, er det kontraktsforhandlingar i gang både i Lom og i Nord-Fron. Under slike forhandlingar vil det naturleg vera ulike synspunkt hos partane om pris og vilkår. Ut frå dei opplysningane eg har fått frå fondet om desse sakene, kan eg ikkje sjå at det er grunnlag for meg til å instruera fondet om bestemde løysingar. Eg går ut frå at fondet handsamar desse kontraktsforhandlingane i tråd med dei retningslinjene som gjeld for forvaltninga av fondet.

Med bakgrunn i det spørsmålet representanten har stilt, vil eg elles minna om at det er brei politisk semje om retningslinjene for forvaltninga av fondet. Desse vart sist lagde fram for Stortinget av Stoltenberg-regjeringa våren 2001 i samband med stortingsmeldinga om økonomien i Kyrkja. Forvaltninga av fondet vart drøfta i denne meldinga. Etter dette er det eit grunnleggjande prinsipp at fondet skal forvaltast på ein forretningsmessig forsvarleg måte. Det vart òg understreka i meldinga at marknadspris og vanlege marknadsvilkår skal gjelda ved sal og utleige.

Torstein Rudihagen (A): Dei opplysningane eg refererer til i spørsmålet mitt, kjem frå formannskapsmedlemmer i Lom kommune og frå Bonde- og Småbrukarlaget i Nord-Fron. Eg har derfor grunn til å tru at dei er riktige.

Eg skal for all del ikkje bruke denne talarstolen til å drive saksbehandling eller opptre som ein advokat korkje for idrettslaget i Lom eller for jordbrukarane i Nord-Fron. Men eg bruker eksempla som ein illustrasjon på ein forretningskultur – ja eg vil seie nesten på grensa til ein grådigheitskultur – som har utvikla seg dramatisk i det siste. For jordbrukarane får altså krav om ein auke frå 30 kr pr. dekar til 150 kr pr. dekar og tilbod om berre femårige avtaleperiodar. Så seint som i 1999 slo Statskog fast på vegner av Opplysningsvesenets fond at det berre var tap av skogproduksjon som skulle leggjast til grunn for leigeprisen.

Eg er veldig klar over at Opplysningsvesenets fond er eit sjølvstendig rettssubjekt, og klar over fondets føremål og rolle. Men Regjeringa har eit forvaltningsansvar for fondet og gir fondet retningslinjene for arbeidet. Meiner Regjeringa at denne forretningskulturen i forhold til jordleigarar, festarar som Lom idrettslag, er i tråd med korleis ein ønskjer at fondet skal opptre?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Det som det er naturleg for meg å visa til i svaret på spørsmålet frå representanten, er at fondet har lagt fram eit tilbod om ein kjøpesum i Lom og om leigetid og leigesum i Veikledalen. Det er ikkje endeleg avgjort, men ein er i forhandlingar. Og for meg å gripa inn i forhandlingane trur eg ikkje er særleg klokt.

Når det gjeld dei retningslinjene som fondet arbeider etter, er det Stoltenberg-regjeringa som har lagt dei fram for Stortinget, og Stortinget har vedteke desse retningslinjene. Då meiner eg at vi skal vera forsiktige med å overstyra den politiske semja som det faktisk var i Stortinget då dette vart handsama. Så kan ein alltid trekkja fram enkeltsaker. Men eg er overtydd om at fondet forvaltar dei ressursane dei har, til beste for fellesskapen, for samfunnet, at dette er eit tilbod som er lagt fram for forhandlingar, og at partane kjem fram til semje til slutt.

Torstein Rudihagen (A): Som eg sa, vil eg ikkje drive saksbehandling her. Ein kan jo diskutere om dette er eit utgangstilbod eller eit krav. Ein opplever det iallfall som at Opplysningsvesenets fond her står for ein forretningskultur som er lite i samsvar med det samfunnsansvaret som alle veit at Opplysningsvesenets fond har. For om ein går inn på nettsidene til Opplysningsvesenets fond, står det faktisk:

«Opplysningsvesenets fond har et mål om samfunnsbevisste investeringer basert på almene og Den norske kirkes etiske grunnholdninger.»

På nettet finn vi faktisk òg at ikkje minst Kristeleg Folkeparti har vore veldig oppteke av dette bl.a. ved Elsa Skarbøvik frå Stortingets talarstol i si tid. Og når ein er så oppteken av at investeringane skal vere samfunnsbevisste og baserte på etiske grunnhaldningar, harmonerer det dårleg med den forretningskulturen som blir vist når det gjeld idrettslag og jordbrukarar i Nord-Fron.

Eg har ei kjensle av at vi kanskje driv litt samanblanding av katedral og børs der børsen vinn. Synest ikkje statsråden det er behov for ein ny gjennomgang av retningslinjene?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg ser ikkje noko akutt behov for ein gjennomgang av retningslinjene.

Eg vil òg stilla spørsmålet om kva som er samfunnsetisk når det gjeld forvaltning av samfunnets ressursar: gi enkeltpersonar særfordelar i forhold til andre, eller ikkje. Eg trur fondet prøver å forvalta desse ressursane som fellesskapen er eigar av, på best mogleg måte for fellesskapen, og at ein òg tek omsyn til dei implikasjonane som ligg i dei ulike sakene. Det er no forhandlingar om dette, og eg synest ikkje vi skal trekkja nokon konklusjon før vi ser kva resultatet av desse forhandlingane blir.