Stortinget - Møte onsdag den 16. februar 2005 kl. 10

Dato: 16.02.2005

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 22

Jørund Leknes (SV) [13:13:50]: Jeg vil tillate meg å stille miljøvernministeren et spørsmål:

«De menneskeskapte klimaendringene er mer synlige enn noensinne. I Bergen settes nedbørsrekorder, og Nord-Afrika rammes av snøbyger. Kyotoprotokollen er et første skritt på veien for å redusere utslippene av klimagasser, og følgelig redusere de farlige klimaendringene. Likevel ser vi at USA og Australia ignorerer klimatrusselen og nekter å ratifisere protokollen.

Vil Regjeringa ta initiativ til straffetiltak mot land som nekter å ratifisere Kyotoprotokollen?»

Statsråd Knut Arild Hareide [13:14:37]: På klimakonferansen i Buenos Aires i desember gjorde eg det heilt klart frå talarstolen at me no treng politisk handling. Klimaendringane er alarmerande, noko m.a. rapporten Arctic Climate Impact Assessment, som nyleg blei lagd fram for Arktisk Råd, tydeleg viser. Det går fram av rapporten at me allereie ser store klimaendringar i vår del av verda.

Me må vere førebudde på at det som no skjer i Arktis, er eit varsel om globale endringar. Dette forsterkar behovet for politisk handling.

I Buenos Aires peikte eg òg på at me må få med alle landa på ein forpliktande avtale etter 2012. USA, som aleine står for ein firedel av dei globale klimagassutsleppa, er ikkje eingong innstilt på å drøfta dette. Både i Buenos Aires, i debattar i etterkant og i avisinnlegg, har eg ikkje lagt skjul på at eg ikkje er samd i USA sin politikk på dette området. Eg føler meg heilt trygg på at bodskapen min er særs godt forstått på amerikansk side.

Eg trur ikkje at diskusjonar om straffetiltak mot land som ikkje ratifiserer Kyotoprotokollen, er særleg konstruktivt på det noverande tidspunkt. USA har tydeleg signalisert at dei ikkje ønskjer å ratifisera Kyotoprotokollen, noko me like tydeleg har sagt oss misnøgde med frå norsk side. No er det likevel viktig å sjå framover. Kyotoprotokollen er berre eit første steg på vegen mot ei løysing på klimaproblemet. Me ønskjer eit meir ambisiøst og globalt klimaregime etter 2012. Straffetiltak mellom statar er ikkje vegen å gå om målet er langsiktig og forpliktande globalt samarbeid på klimaområdet.

Det er viktig å vera tydeleg på kva me meiner at andre statar bør binda seg til i internasjonale avtalar, på same måten som andre vil ha meiningar om Noreg sine internasjonale forpliktingar. Men dette må gjerast på ein måte som også fører til konstruktiv dialog om løysingar på klimaproblemet. Det er berre gjennom forpliktande samarbeid me kan komma nokre skritt vidare i den vanskelige og viktige klimapolitikken – også i forhold til dei landa som no vel ikkje å ratifisera Kyotoprotokollen.

Jørund Leknes (SV) [13:16:45]: Jeg takker for svaret. Det har vært delte meninger om hvor offensiv miljøvernministeren har vært overfor USA. Natur og Ungdom rapporterte bl.a. fra Buenos Aires:

«Etter å ha holdt to innlegg i plenum har Hareide ikke engang nevnt at det er noen land som lager større problemer enn andre. Slik dulling med verdens klimaverstinger har vi ikke tid til.»

I Buenos Aires gjorde også USA det veldig klart at de ikke kommer til å slutte seg til Kyoto-avtalen.

Med Irak-krigen friskt i minne vet vi godt at diplomatisk press ikke er nok til å få USA til å endre politikk. Derimot har vi andre pressmidler og andre tiltak som vi kan benytte oss av. Et eksempel på et slikt tiltak er å true med å begynne å handle olje i euro.

Vil Regjeringen ta initiativ til å utrede tiltak for å påføre USA økonomiske tap hvis de fortsatt nekter å ratifisere Kyotoprotokollen?

Statsråd Knut Arild Hareide [13:17:45]: Eg deler representanten Jørund Leknes sitt syn på at dette problemet er veldig viktig, og at me må prioritera det. Eg deler derimot ikkje representanten sitt syn på at eg var uklar i Buenos Aires. Eg var veldig tydeleg på at me ønskjer ein meir forpliktande avtale etter Kyoto-perioden, noko USA gjekk imot.

Det eg derimot valde i Buenos Aires, var å vera tydeleg på den politiske bodskapen, der me var rakt ueinige med USA, utan at me gjekk til ein diplomatisk ordkrig. Eg ønskjer å føra ein konstruktiv dialog, og eg meiner at eg har meir enn gode nok politiske argument til å føra den diskusjonen, i staden for konkret å kritisera land på ein udiplomatisk måte. Eg meiner eg har så gode argument at eg ikkje treng å bruka denne typen verkemiddel i diskusjonen med USA. Eg har argumenta med meg, USA har argumenta mot seg.

Jørund Leknes (SV) [13:18:44]: Jeg takker for svaret.

Apartheidregimet i Sør-Afrika har blitt kalt en forbrytelse mot menneskeheten. Regimet ble kastet bl.a. fordi man internasjonalt boikottet det. USAs klimapolitikk er også en forbrytelse mot menneskeheten. Behovet for reduksjoner i CO2-utslippene er så store at vi ikke kan godta USAs alenegang i denne saken. Jeg oppfatter statsrådens svar som om han har gitt opp å presse USA til å gå med på Kyoto-avtalen, samtidig som USA sier at årsaken til at de ikke vil ratifisere protokollen, er at det vil straffe seg økonomisk.

Spørsmålet mitt til statsråden blir derfor: Er det ikke slik at når et land sier at det vil straffe seg økonomisk å gå inn på en avtale, så bør man finne virkemidler som gjør det økonomisk lønnsomt for det landet å gå inn på den avtalen?

Statsråd Knut Arild Hareide [13:19:37]: Det er ikkje tvil om at det ligg ei økonomisk vurdering bak USA sin posisjon. Eg har derimot tru på bl.a. det kvotesystemet som EU legg opp til, og som dei vil samarbeida med Noreg om. Dei òg ser føre seg eit samarbeid med både Canada og New Zealand, og vil utvikla det vidare. Det kan òg i framtida vera attraktivt for USA å binda seg opp til dette.

Ein skal vera klar over at det er positive signal frå USA si side. Me veit at senatorane John McKane og Joseph Lieberman òg har fremma forslag i Senatet. Dei fall rett nok, men dei fekk støtte av 43 av 100 representantar. Det var kanskje meir enn det dei positive hadde forventa før forslaga kom opp til avstemming. Det er ein debatt òg i USA.

Eg trur me på det noverande tidspunktet skal vera konstruktive for å få USA med. USA har dei største utsleppa av CO2 i dag. Eg ønskjer å opptre konstruktivt for å få USA med på meir forpliktande avtalar – det er viktig. Den linja vil eg fortsetja med.

Presidenten: Vi går tilbake til spørsmål 3.