Stortinget - Møte mandag den 4. april 2005 kl. 12

Dato: 04.04.2005

Dokumenter: (Innst. S. nr. 150 (2004-2005), jf. Dokument nr. 8:32 (2004-2005))

Sak nr. 6

Innstilling frå samferdselskomiteen om forslag fra stortingsrepresentantene Kenneth Svendsen, Øyvind Vaksdal, Arne Sortevik, Lodve Solholm, Sigvald Oppebøen Hansen, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Magnhild Meltveit Kleppa om straks å innføre avbøtende tiltak for at vogntog med høyde over 4 m kan passere Haukelitunnelene

Talere

Votering i sak nr. 6

Presidenten: Etter ønske fra samferdselskomiteen vil presidenten foreslå at taletiden blir begrenset til 5 minutter til hver partigruppe.

Videre vil presidenten foreslå at det ikke blir gitt anledning til replikker etter de enkelte innlegg, og at de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får en taletid på inntil 3 minutter.

– Dette anses vedtatt.

Jorunn Ringstad (Sp) [13:26:08]:(ordførar for saka): Mange har gitt uttrykk for at Dokument nr. 8:32, som er bakgrunnen for denne debatten, ikkje burde vore ei sak i Stortinget. Eg er langt på veg samd i det. Bakgrunnen for heile saka, høgda på tunnelane på E134 på Haukeli, burde Statens vegvesen funne ei minneleg løysing for utan at ho vart sett på spissen på ein slik måte at stortingsrepresentantar fann det nødvendig å leggje fram eit Dokument nr. 8-forslag.

E134 over Haukeli er det viktigaste hovudvegsambandet frå Austlandet til store delar av Rogaland og Hordaland. For næringslivet i området som soknar til denne vegen, er det avgjerande at dei framleis skal kunne bruke vegen til næringstransport. Lange omkøyringsvegar vil påføre eit konkurranseutsett næringsliv ekstra kostnader. Dette er bakgrunnen for at kommunar, fylkeskommunar, næringsliv og enkeltpersonar i området har engasjert seg sterkt. Omfanget og styrken i engasjementet har vore stort.

Dette er ei sak der ulike interesser må varetakast. I tillegg til regionale interesser og næringslivsinteresser er trafikktryggleik og respekt for trafikkreglar viktige element i saka. Miljøaspektet må heller ikkje gløymast når tungtransporten blir tilrådd å køyre lange omkøyringsvegar.

Komiteen har sendt fleire spørsmål til departementet, hatt opne høyringar og brukt lang tid på saka for at vi skulle vere sikre på at vi har fått fram ulike sider og nødvendige fakta. Samtidig har det vore viktig at det har vore tid og rom for dialog mellom ulike interessegrupper, i håp om at dei skulle kunne finne ei akseptabel løysing.

Det eg elles saknar i denne saka, der trafikktryggleik har vore peika på som eit vesentleg element, er grundigare vurderingar frå Statens vegvesen si side av trafikktryggleiken på dei omkøyringsvegane som Statens vegvesen og departementet tilrår. Nokre av omkøyringsvegane er så absolutt ikkje bygde for auka trafikk av tunge køyretøy. Nokre omkøyringsvegar går også gjennom tettstader, som t.d. Odda, der gjennomkøyringstrafikken må krysse mellom 10 og 20 fotgjengarfelt. Kva med trafikktryggleiken der? Det seier Statens vegvesen ingen ting om.

I arbeidet mitt med denne saka har eg mange gonger undra meg over korleis ei sak som i utgangspunktet burde vore løyst med smidigskap og dialog mellom involverte interessegrupper, kan bli ei konfliktsak med eit omfang som saka ikkje fortener. Det er heldigvis ikkje vanleg i høyringar som komiteen held, at det kjem fram så direkte kritikk som i denne saka av Statens vegvesen, og spesielt Region Vest, for måten dei har takla utfordringane på.

Eg trur mange med meg har sett på, og ser på, Statens vegvesen som ein viktig serviceetat, eit viktig serviceorgan. Mykje tyder på at Statens vegvesen ikkje har klart å opptre som venta i denne saka. Mange som har teke kontakt med meg, har gitt uttrykk for, som dei seier, at det har vore ein vanskeleg dialog, som har gått på tilliten laus. Det er tydeleg at Statens vegvesen her har eit stort forbetringspotensial.

Det er ein samla komite som i merknadene gir uttrykk for at det er positivt at det no er dialog mellom interessegruppene i saka, og at det skal setjast i verk planlegging og gjennomføring av utbetring/utviding av tunnelane på Haukeli. Vidare er komiteen oppteken av at dei utbetringane som blir sette i verk, så langt råd er, varetek næringslivet sine interesser.

Denne saka har, som tidlegare nemnt, fått stor merksemd, og mange har hatt meiningar om forslag til løysing som Statens vegvesen så langt har snakka om. Frå anleggsbransjen blir det hevda at dei optimale løysingane ikkje nødvendigvis blir dei dyraste. Difor meiner komiteen at det er viktig at ulike løysingar blir vurderte i samband med anbodsinnhentinga. Dette er komiteen sitt klare råd til Statens vegvesen, men no er det Statens vegvesen som må gjere jobben med å finne dei gode løysingane. Komiteen på si side vel å leggje Dokument nr. 8:32 ved protokollen, men komiteen ber samtidig om å bli orientert om saka på eigna måte i vårsesjonen.

Sigvald Oppebøen Hansen (A) [13:30:52]: Eg er einig med saksordføraren og andre i at det burde ha vore unødvendig at denne saka blir teken opp i Stortinget. Stortinget skal nemleg ikkje drive saksbehandling. Og det kunne ha blitt ei betre løysing på det mellom departementet, Vegvesenet og Lastebileierforbundet som interessentaktørar dersom det hadde vore ein betre dialog i starten, ikkje minst om ein hadde blitt einig om faktagrunnlaget. Det ville ha skapt mindre støy og mindre oppstyr.

I mediedebatten er det kasta fram mange påstandar og mistenkeleggjeringar som kan verke både uverdige og usaklege, som at statsråden feilinformerer, Vegvesenet trenerer, ein er ueinig om høgdemålingane, og det er full forvirring om kven som skal bestemme høgdemålingar, osv. Dette kunne som sagt ha vore unngått dersom statsråden hadde vist litt større vilje og vore litt meir fleksibel på eit tidlegare tidspunkt.

Eg skal ikkje ta stilling til desse påstandane no, men berre gje uttrykk for glede over at det ser ut til at Stortinget blir samrøystes i denne saka. Det inneber at me kan få til ei god løysing for alle partar i denne saka, og Vegvesenet kan igjen få ei moglegheit til å opparbeide større tillit.

Merknadene i innstillinga er så klare og eintydige at no bør departementet og vegetaten løyse utfordringane knytte til tunnelane på ein rask og god måte. Og det er ingen tvil om at E134 er det viktigaste hovudsambandet mellom Austlandet og delar av Rogaland og Hordaland. Det viser òg det store engasjementet i denne saka.

Dagens innstilling er motteken med jubel og begeistring av fleire aktørar som arbeider for ei betre ferdselsåre over Haukeli. Det er ikkje tvil om at både samfunnet og næringslivet treng ein standard på denne stamvegen som tilfredsstiller dagens krav til transport. Derfor kunne det vore freistande allereie no å krevje at arbeidet med å utbetre tunnelane til 4,2 m skulle ha gått ut i første anbodsrunde. Det er heller ikkje tvil om at det er det som ligg som den langsiktige intensjonen i tilrådinga til vedtaket. Av respekt for at Stortinget ikkje skal drive saksbehandling, er eg tilfreds med at saka no står som ho står, men eg vil understreke at Stortinget ikkje vil finne seg i ei treig framdrift i denne saka. Her krev me handling, me krev rask handling, elles vil Stortinget sannsynlegvis ta nye initiativ dersom ein ikkje er fornøgd med den orienteringa som ein ber om, og som vil bli gjeven i løpet av vårsesjonen.

Det er viktig å fjerne flaskehalsar på vegnettet, slik at ein får ein effektiv logistikk og påliteleg framkommelegheit. Eg er kjend med at det finst mange tunnelar i landet som har lågare høgd enn høgda på dei bilane transportnæringa køyrer med. E134 over Haukeli er såleis berre ein del av problemet. Men det blir frå næringa si side hevda at tunnelane er feil skilta, og at det er behov for kontrollmålingar. Her oppfordrar eg statsråden og Vegvesenet til å foreta disposisjonar baserte på eit korrekt faktagrunnlag. Det vil tene alle partar at det er einigheit om faktagrunnlaget.

Når det gjeld E134 mellom Austlandet og Vestlandet, har eg vore inne på kor viktig denne transportkorridoren er for befolkninga og næringslivet i dei berørte fylka. Det kan òg hevdast at tunnelane med ei relativt lita utbetring kan bli brukte av bilar opp til 4,2 m.

Eg er oppteken av at transport skjer på ein trygg og lovleg måte over heile landet. Når vogntog blir stoppa på Haukeli, blir dei omdirigerte til andre vegar som verken er bygde for desse vogntoga eller for denne trafikken. Det fører også med seg farefull transport. Derfor er det så viktig at tiltak blir sette i verk snarast, slik at bilar med høgd inntil 4,2 m lovleg kan trafikkere E134 over Haukeli. Eg appellerer til statsråden om at ho bidreg til at dette blir gjort.

Anne Berit Andersen (H) [13:36:10]: Dette Dokument nr. 8-forslaget gjelder straks å innføre avbøtende tiltak for at vogntog med høyde over 4 meter kan passere Haukelitunnelene. At forslaget i dag blir vedlagt protokollen, betyr ikke at det ikke vil skje noe i denne saken, for denne veistrekningen, E134, er en viktig forbindelse mellom Østlandet og deler av Hordaland og Rogaland.

I Norge har vi ingen generell høydebegrensning for kjøretøy, men alle tunneler, underganger og andre hindringer der tillatt høyde er under 4,5 m, skal skiltes med største tillatte høyde. En slik fastsettelse av tillatt høyde gjøres både av hensyn til sikkerheten og for å unngå skade på byggverk og utstyr som er montert i tilknytning til veien. Og det er viktig at trafikantene overholder disse bestemmelsene – for egen og andres sikkerhet.

Når det gjelder denne saken, er det nå kontakt mellom bl.a. Statens vegvesen, representanter fra næringslivet, Norges Lastebileier-Forbund og Haukeliveien AS, der planlegging av utbedringer og utvidelser av tunnelene er tema. Her vil ulike måter å komme til fornuftige løsninger på bli tatt opp. Høyre registrerer også at lokale og regionale interesser og næringslivet mener at E134 snarest må tilrettelegges for biler opp til 4,2 m.

Denne problemstillingen gjelder ikke bare her i Norge, men det initiativ Statens vegvesen nå har tatt ved å kartlegge samtlige tunneler på under 4,2 m på viktige veistrekninger i landet, er viktig.

Til slutt: Jeg er glad for den dialog som Statens vegvesen har med næringslivet, og komiteen vil få en orientering om saken på egnet måte i løpet av vårsesjonen.

Arne Sortevik (FrP) [13:38:14]: På vegne av Fremskrittspartiet vil jeg si at vi slutter oss til det aller meste av det saksordføreren gjorde rede for, men med to reservasjoner. For det første er dette faktisk et eksempel på at det er godt å ha en ordning med Dokument nr. 8-forslag, også i saker som dette, som gjør det mulig å rydde opp i forhold til en utrolig byråkratisk holdning. For det andre ønsker vi at denne opprydningen skal gå helt frem, slik at Stortinget faktisk gir veimyndighetene en klar instruks om hva man ønsker seg som sluttløsning. Jeg forstår at komiteen har det samme ønske. Vi sier det direkte, og jeg tar derfor opp Fremskrittspartiets forslag fra innstillingen.

Bakgrunnen er, som flere andre har pekt på, at E134 er det viktigste hovedsambandet mellom Østlandet og Hordaland og Rogaland – to fylker vest i Norge. Bakgrunnen for dette Dokument nr. 8-forslaget er at det kom en såkalt innskjerpet regelpraktisering nærmest over natten, uten varsel, som skapte forståelige og sterke reaksjoner fra et næringsliv som er ganske avhengig av å få sine varer transportert til og fra på hjul over Haukeli.

Det vi fra Fremskrittspartiets side er fornøyd med, når vi har vært med på å bringe denne saken til Stortinget, er at det her er en samlet komite, at man i alle fall både i kommentarer og i tydelig fremvist intensjon er samlet. Vi er også fornøyd med at komiteen ikke slipper saken, men ber om å bli orientert på egnet måte.

Når det gjelder veimyndighetene, er det mindre å glede seg over. Like fullt registrerer vi at det har skjedd en gradvis oppmykning av standpunktene både hos fagmyndighet og på politisk nivå i løpet av komiteens behandling av saken. Det er tydelig. Det er også gledelig at det har vært en grundig behandling i komiteen, og det er gledelig at de som har stått frem med forståelige og sterke reaksjoner, har fått anledning til gjennom høring å bringe frem sitt syn for komiteen på en klargjørende og god måte. Det har nok hjulpet med til et godt resultat. Dette dreier seg bl.a. om å fremvise smidighet, slik at transporten kan gå.

Jeg har også gledet meg over en bevegelse hos statsråden og en klargjøring knyttet til en parallell sak i en spørretime her i Stortinget 9. februar 2005. Det gjaldt riktignok en annen tunnel, men problemstillingen var akkurat den samme. Da sa statsråden:

«I Norge har vi valgt ikke å sette en slik grense» – altså 4 m. – «Det har jo i den senere tid vist seg at det kan være krevende å ikke ha en generell høydebegrensing på biler. Men vi ønsker litt mer fleksible løsninger. Vi er et land som tidvis trenger litt mer fleksible løsninger, og derfor kommer jeg til å arbeide for at vi forhåpentligvis skal kunne unngå å måtte ha den type begrensning på tillatt høyde på biler.»

Det er løfterikt, og jeg håper også det blir brukt til å sørge for at vi nå ganske fort og greit beveger oss mot fri kjøring, ikke sentrert kjøring og ikke ulovlig kjøring på Haukeli, men med tillatt høyde på 4, 2 m.

I den samme spørretimen sa statsråden på oppfølgingsspørsmål:

«Når man her skal ha en sikkerhetsmargin å gå på, er nok filosofien at man da må runde av nedover og ikke oppover.»

Det har vært en del synspunkt på hvordan man har regnet høyden på Haukeli, og man har regnet ganske ulikt og fått ganske ulike resultater.

Jeg håper den bevegelsen vi har sett hos veimyndighetene og hos politisk myndighet, fortsetter, og at vi hurtig kan få på plass en grei løsning. Jeg håper det, men i dag har jeg blitt en smule urolig. Jeg har fått et brev datert den 30. mars 2005 fra Norges Lastebileier-Forbund til Vegdirektoratet, hvor man gir uttrykk for at man er svært urolig for dispensasjonspraksis når det gjelder spesialtransport på E134 over Haukeli. Det er altså en annen sak, men det er samme hovedveiforbindelse, og man er urolig over signaler fra Vegdirektoratet om at man nå vil begynne å stramme inn. Det ironiske er at det bl.a. vil gå ut over transport av anleggsutstyr for bl.a. å utbedre både Haukeli og tilstøtende veiforbindelser. Jeg håper det kommer en avklaring fra statsråden om at det ikke er grunn til engstelse på det området heller.

Presidenten: Representanten Arne Sortevik har tatt opp det forslaget han refererte til.

Bjørg Tørresdal (KrF) [13:43:39]: La meg aller først uttrykke glede over at komiteen har avgitt en samlet innstilling til forslaget – og dette på tross av en bred enighet om at dette er en sak som ikke hører hjemme i Stortinget.

Haukeliveien er en av de viktigste veiforbindelsene mellom Øst-Norge og Vest-Norge. Veien danner ryggraden for et nettverk som tjener nasjonale, regionale og lokale behov. Det er i alles interesse at E134 er åpen og fungerer godt, samt at trafikksikkerheten ivaretas på alle områder. Spesielt for næringslivet har god framkommelighet på Haukeliveien stor betydning. For eksempel for Fatland Slakteri i Ølen er Haukeliveien helt avgjørende. 70 pst. av alle varene, både ferskt og frosset kjøtt, går den veien. Hvis veien ikke er åpen for denne transporten, vil det bli langt større kostnader for bedriften. Videre vil tidsrommet fra butikken bestiller ferskvarer og til de kan leveres bli lengre. Dette er en viktig faktor. Rask levering er avgjørende for levering av ferskt kjøtt fra Haugalandet til Østlandet, og derfor er dette også en viktig sak for landbruket i Nord-Rogaland.

I tillegg til betydningen som transportkorridor spiller E134 òg en viktig rolle for befolkningen og næringslivet i de fylkene og kommunene som veien går gjennom. Utviklingen av lokalmiljøene, ikke minst i Telemark, men òg i en rekke andre fylker som Rogaland, Buskerud og Hordaland, er helt avhengig av at E134 fortsatt kan fylle en viktig rolle som sikker og pålitelig transportåre.

Veien over Haukelifjell må altså være åpen og fungere godt, men vi kan ikke gå på akkord med sikkerheten. Kristelig Folkeparti vil aldri sette hensynet til sikkerhet på annenplass. Vi må alltid være tydelige på at trafikksikkerheten har høyeste prioritet.

Så vil Kristelig Folkeparti understreke at vi ikke ønsker å spesialbehandle Haukeli, verken på den ene eller den andre måten. Ellers i landet finnes en rekke tunneler i liknende uavklarte situasjoner. Kristelig Folkeparti er derfor tilfreds med at Statens vegvesen er i ferd med å vurdere samtlige tunneler med tillatt høyde under 4,2 m på alle de viktigste veiene i landet. Det er positivt at Statens vegvesen har gått i dialog med næringslivet i denne saken.

Avslutningsvis vil jeg gjerne nevne transportnæringens ansvar når det gjelder trafikksikkerheten. Transportnæringen har spilt en aktiv rolle og er en viktig part i denne saken. Vi vil understreke at næringen, i likhet med alle trafikanter for øvrig, har plikt til å følge de til enhver tid gjeldende bestemmelser, òg når det gjelder materiellanskaffelser.

Helt til slutt vil jeg igjen gratulere samferdselskomiteen med en samlet innstilling og understreke Haukeliveiens betydning. I Kristelig Folkeparti vil vi følge nøye med på utviklingen videre.

Heidi Sørensen (SV) [13:47:01]: Jeg er i all hovedsak enig i de anmerkningene som saksordføreren har lagt fram i denne saken.

La meg bare få presisere to ting: Jeg er veldig glad for at komiteen er så bredt samlet som den er, og for at man har lagt seg i selen for å sørge for at man med denne behandlingen kan ha en god prosess framover. La meg så si at for at vi skal få til det, må alle aktører – de som oppfatter seg som berørte parter og andre – virkelig legge seg i selen, slik at vi for framtiden slipper å gå inn i enkeltsaker. Denne saken burde egentlig ikke ha vært her. Den burde vært løst før den kom til Stortinget.

Statsråd Torild Skogsholm [13:48:06]: Gjennom deler av media som har fulgt denne saken, har det blitt framsatt til dels svært unyanserte påstander og beskyldninger mot Statens vegvesen for den måten de har opptrådt på. Ifølge oppslag i pressen er det bl.a. sagt at Vegvesenet har tatt seg til rette, og at etaten har drevet politikk. Denne kritikken vil jeg tilbakevise. Jeg vil påstå at det er deler av lastebilnæringen som har tatt seg til rette, og som derfor må tåle kritikk. Dersom Vegvesenet skal kritiseres, må det være for at de ikke har reagert mot den ulovlige kjøringen tidligere.

Jeg vil understreke at det er trafikantenes klare ansvar å følge trafikkreglene, og jeg forutsetter at komiteen er enig med meg i at dette også gjelder skilting som angir maksimal tillatt høyde. På E134 over Haukeli har denne skiltingen angitt 4,0 m i mange år.

Statens vegvesen er blitt oppmerksom på at det foregår ulovlig kjøring med kjøretøyer som er for høye. Dette er blitt oppdaget ved skader på utstyr i tunnelene, ved observasjoner av vogntog som kjører i eller nær midten av kjørebanen, og ved at publikum har rapportert om farlige situasjoner.

Jeg ser meget alvorlig på at det blir kjørt med kjøretøyer som er høyere enn det som er tillatt. Når deler av lastebilnæringen har investert i kjøretøy som er for høye for de vegstrekningene hvor kjøretøyene skal brukes, kan det tolkes slik at bruddet på bestemmelsene er bevisst. Det er uheldig for trafikksikkerheten. I tillegg fører det til konkurransevridning overfor de seriøse transportørene som forholder seg til regelverket.

Deler av lastebilnæringen har på denne måten satt både seg selv og myndighetene i en vanskelig situasjon. Av hensyn til trafikksikkerheten er ulovlig kjøring uakseptabelt. Av hensyn til næringslivet ser jeg også behovet for å finne en løsning på dette problemet.

Regionvegsjefene i Statens vegvesen region sør og vest foretok i 2004 en del kontrollmålinger av kjøretøy som trafikkerer E134 Haukelivegen. Det ble konstatert mye ulovlig kjøring. For å gi en bedre mulighet for omkjøring ble Tyssedalstunnelen på rv.13 utvidet til tillatt kjøretøyhøyde på 4,2 m. Det ble så kunngjort at det ville bli reagert mot ulovlig kjøring. Det ble foretatt en døgnkontroll 1.–2. desember 2004. Etter en romslig vurdering av måleresultatene ble ti vogntogførere anmeldt til politiet, som nå har gitt hver av disse et forelegg på 4 000 kr.

Når maksimal tillatt kjøretøyhøyde på 4,0 m er et problem på E134 over Haukeli, må man regne med at det også er et problem på andre viktige stamvegruter. Statens vegvesen er i samarbeid med Norges Lastebileier-Forbund i ferd med å kartlegge problemet og skaffe en oversikt over hva som skal til for å få en tillatt høyde på 4,2 m på landsbasis, slik Lastebileierforbundet ønsker. Dette arbeidet vil bli tilpasset slik at Stortinget kan få en orientering i vårsesjonen, slik komiteen har bedt om.

Statens vegvesen har allerede funnet en løsning hvor en tillater en kjøretøyhøyde på 4,1 m om nettene. Vegvesenet er også i ferd med å lage planer og anbudsgrunnlag for å utvide tunnelene slik at en kan tillate 4,1 m hele døgnet. Anbudsgrunnlaget er planlagt ferdig i midten av april måned, og tunnelarbeidet er forutsatt ferdig i god tid før jul.

Presidenten: De talere som heretter får ordet, har en taletid på inntil 3 minutter.

Arne Sortevik (FrP) [13:52:40]: Det er litt skuffende at angrep er det beste forsvar. Jeg må si at jeg hadde håpet på et mer løsningsorientert innlegg – ikke et forsvar – fra statsråden, med vekt på å få ting til i klar og god løsningsorientert dialog med de berørte parter, også i tråd med det statsråden selv svarte i spørretimen den 9. februar. Jeg håper fortsatt på at det vil bli den faktiske situasjonen.

Jeg vil på vegne av Fremskrittspartiet understreke at vi ønsker oss høyder over 4 m for samtlige tunneler. Vi ønsker også en trygg og lovlig transport, men vi ønsker det på alle veier, også der man må bruke andre tunneler. Noe av det som vakte undring da denne forsterkede regeltolkningen kom, var at man veldig hurtig og overraskende ble henvist til andre veistrekninger hvor det ikke var synderlig bedre muligheter til å passere med kjøretøy med høyde over 4 m, og hvor trafikkforholdene ellers ikke var særlig anbefalelsesverdige – omkjøringsveien tatt i betraktning og det at man dermed belaster veinettet med langt flere kjørte kilometer.

Vi ønsker oss en trygg og lovlig transport, og vi ønsker at næringslivet skal komme frem, også med tungt utstyr. Og da er jeg tilbake til det varslet vi har fått nå, og jeg vil gjenta oppfordringen og anmodningen til statsråden – siden det ikke ble berørt i innlegget – om at vi ikke må få en ny sak på Haukeli, men at man fremviser den smidigheten man har fremvist før, når det gjelder å få anleggsmateriell frem på Haukeliveien.

Og så til slutt: Noe annet som har vakt litt undring i forbindelse med denne plutselige og overraskende regelpraktiseringen, er jo at man begynte på 4 m, og så gikk det ikke lang tid før man hadde tatt reaksjonene inn over seg og hevet listen til 4,1 m. Videre er det slik at man har hatt ganske mange ulike målinger og fått ganske ulike resultater i forbindelse med målinger. Det er slik, har jeg fått med meg, at de som har kjørt vogntog og har blitt stoppet og kontrollmålt av Vegvesenet flere ganger, har opplevd å bli målt til tre ulike høyder. Her er det et forbedringspotensial også for veimyndighetene når det gjelder troverdighet.

Jorunn Ringstad (Sp) [13:55:40]: Eg hadde ikkje tenkt å forlengje debatten ved å ta ordet fleire gonger, men slik debatten har utvikla seg, finn eg det rett å komme med nokre kommentarar.

Fyrst til representanten Arne Sortevik, som gav uttrykk for at vi var ueinige når det gjaldt Dokument nr. 8-forslaget. Eg er veldig glad for at vi har den moglegheita å kunne bruke Dokument nr. 8-forslag når slike situasjonar oppstår, men poenget mitt var at Statens vegvesen burde ha opptrett på ein slik måte at det i denne saka hadde vore unødvendig for representantar å setje fram eit Dokument nr. 8-forslag.

Det var i grunnen statsråden som fekk meg til å ta ordet, for det undrar meg at statsråden i innlegget sitt legg opp til å fortsetje den konfliktlinja som komiteen i innstillinga si har prøvd å få bort. Komiteen har heile tida arbeidd for at vi skulle finne fram til minnelege løysingar og finne måtar der interessepartane kunne komme fram til fornuftige og akseptable løysingar. Difor undrar det meg veldig at statsråden starta innlegget sitt med på ein måte å rippe opp i alt det som har stått i media.

Som saksordførar har eg prøvd å sjå på det som er fakta, og det er klart at om ein skulle ha teke med alt det som har kome av påstandar, kunne vi ha brukt veldig mange sider i innstillinga i ei slik sak. Vi har jobba hardt i komiteen, og eg vil gi ros til komiteen, som har vore einig om at vi skal samle oss om nokre formuleringar som gir tydelege signal til Statens vegvesen om kva vi ynskjer framover. Men vi har òg lagt vekt på at vi ikkje skal vere saksbehandlarar for Statens vegvesen, og det meiner eg at komiteen har klart. Vi har ikkje vore saksbehandlarar, men vi har gitt signal til Statens vegvesen om kva vi meiner er fornuftig. Og så har vi sparka ballen over til Statens vegvesen og sagt at her er våre signal, no får de oppgåva med å gjere jobben.

Eg håper at statsråden vil vere med og syte for at vi no får denne saka ut av verda, og at vi får ei løysing som alle partar kan vere tente med, sjølv om det måtte bli ei litt langsiktig løysing. Denne saka er ikkje tent med at vi fortset ei konfliktlinje, og saka er ikkje tent med at det tek for lang tid før vi kan sjå at ei løysing nærmar seg.

Statsråd Torild Skogsholm [13:58:41]: Jeg tror vi er veldig enige om at vi ønsker en god løsning her, en løsning som næringslivet er tjent med, og som ikke minst alle som ferdes på denne vegen, er tjent med.

Når det gjelder dette at man fikk en innskjerpet regelpraktisering over natten, er det jo vi som trafikanter som forholder oss til regelverket. Når det blir sagt at Statens vegvesen burde opptrådt slik at dette hadde vært unødvendig, så er jeg delvis enig i det. Vegvesenet burde ha sjekket dette tidligere, slik at vi hadde visst at høyden på bilene var lovlig. Det burde ikke være slik at vi kommer opp i en situasjon hvor vi plutselig får en sak hvor vi ser at en stor del av kjøretøyene er for høye for denne vegstrekningen.

Jeg ønsker ikke å føre en politikk hvor vi nedprioriterer trafikksikkerheten. Jeg ønsker å føre en politikk hvor trafikksikkerheten står i høysetet. Det innebærer at vi alle som aktører må respektere de trafikkreglene og den skiltingen vi har. Jeg tror, slik som jeg tolker Stortinget, at vi alle er interessert i at vi skal følge de reglene og den skiltingen som er. Vi ønsker at flere lovlig skal kunne kjøre høyere biler enn det som er tilfellet i dag. Vi vet at det i andre land er satt en makshøyde på 4 m. Hadde vi hatt det i Norge, hadde vi sluppet denne saken. Jeg har ikke vært så ivrig på å ha en slik makshøyde på bilene, ut fra at vi trenger litt fleksible løsninger. I et land som Norge har vi behov for transport av mange typer gods. Det kan være behov for en god del dispensasjoner, og da har vi valgt å ha den profilen at vi er liberale på det området. Men det krever at aktørene som kjører på vegene, respekterer de reglene som er.

Det arbeides nå, som jeg sa i mitt innlegg, med å sette ut på anbud et arbeid for å få høyden opp, slik at man kan tillate 4,1 m høye biler. Det er gjort et anslag fra Statens vegvesen hvor det er antydet et beløp på 40–70 mill. kr for å utvide tunnelene på Haukeli til 4,2 m kjørehøyde, men det er også fare for at dette kan koste mer. Det forligger ikke nå planer som kan danne et anbudsgrunnlag for dette. Det vil være et omfattende arbeid, og det er vanskelig i dag å anslå tidsbehovet. Jeg ser det som sterkt ønskelig at vi får jobbet videre med og gjort ferdig arbeidet med 4,1 m, og at det jobbes videre med den utredningen som Lastebileierforbundet og Statens vegvesen i samarbeid gjør i forhold til analysene av 4,2 m, slik at både næringsliv og trafikanter kan reise sikkert på E134.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 6.

(Votering, se nedenfor)

Votering i sak nr. 6

Presidenten: Under debatten har Arne Sortevik satt fram et forslag på vegne av Fremskrittspartiet. Forslaget lyder:

«Statens vegvesen legger ut for anbud utbedring av Haukelitunnelene med høyde minimum 4,20 meter basert på de ulike løsninger som er presentert.»

Det vil bli votert alternativt mellom dette forslaget og innstillingen fra komiteen.

Komiteen hadde innstillet:

Dokument nr. 8:32 (2004-2005) – forslag fra stortingsrepresentantene Kenneth Svendsen, Øyvind Vaksdal, Arne Sortevik, Lodve Solholm, Sigvald Oppebøen Hansen, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Magnhild Meltveit Kleppa om straks å innføre avbøtende tiltak for at vogntog med høyde over 4 m kan passere Haukelitunnelene – blir å leggje ved protokollen.

Votering:Ved alternativ votering mellom komiteens innstilling og forslaget fra Fremskrittspartiet bifaltes innstillingen med 83 mot 18 stemmer.(Voteringsutskrift kl. 14.13.13)