Stortinget - Møte torsdag den 3. april 2008 kl. 10

Dato: 03.04.2008

Dokumenter: (Innst. S. nr. 157 (2007-2008), jf. Dokument nr. 8:18 (2007-2008))

Sak nr. 7

Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om representantforslag fra stortingsrepresentantene Jan Tore Sanner, Bent Høie, Elisabeth Aspaker og Ine Marie Eriksen Søreide om modernisering av statens bygge- og eiendomsvirksomhet

Talere

Votering i sak nr. 7

Presidenten: Etter ønske frå kommunal- og forvaltningskomiteen vil presidenten foreslå at taletida blir avgrensa til 40 minutt og fordelt med inntil 5 minutt til kvart parti og 5 minutt til statsråden.

Vidare vil presidenten foreslå at det blir gitt anledning til replikkordskifte på inntil tre replikkar med svar etter innlegg frå statsråden innanfor den fordelte taletida.

Vidare blir det foreslått at dei som måtte teikne seg på talarlista utover den fordelte taletida, får ei taletid på inntil 3 minutt.

- Det blir sett på som vedteke.

Inger Løite (A) [18:01:44]: (ordfører for saken): Stortinget skal nå behandle forslag fra flere Høyre-representanter om modernisering av statens bygge- og eiendomsvirksomhet. Dette er et forslag som tar opp igjen tidligere forslag fra Bondevik II-regjeringen.

Høyre og Fremskrittspartiet forsøker å skape et bilde av at nåværende regjering mangler politisk vilje til omstilling og effektivisering av offentlig sektor, og at nødvendige oppgaver blir forsømt. Dette er selvfølgelig ikke riktig.

I likhet med forslagsstillerne er nåværende regjering opptatt av å forvalte statens eiendommer på en god og forsvarlig måte, samtidig som vi ser at det er mye å ta igjen på det store etterslepet i vedlikehold. Men det er vel også betimelig å nevne at dette store etterslepet ikke bare har kommet de to, tre siste årene, men også i de årene Høyre satt i regjering. Vår regjering viser vilje til å rette opp dette, og har varslet at den vil vurdere eventuelle endringer av statens bygge- og eiendomsvirksomhet nærmere, og at den vil komme tilbake til dette på et senere tidspunkt. Regjeringen har også sagt at den har til vurdering flere av de nevnte forhold representantene tar opp i sitt forslag. Dette vil sikkert statsråden orientere mer om.

Flertallet i komiteen viser derfor til Regjeringens fornyingstiltak innenfor nevnte område på selvstendig grunnlag, og vi er trygge på at den vil komme tilbake til Stortinget på en egnet måte når det gjelder eventuelle endringer innenfor statens bygge- og eiendomsvirksomhet.

Åge Starheim (FrP) [18:03:54]: I eit av dei første innlegga eg hadde i denne perioden, viste eg til at Framstegspartiet registrerte at det i det framforhandla dokumentet på Soria Moria var det mange formuleringar som tydde på at det ikkje ville vere Framstegspartiet sine politiske synspunkt som ville liggje til grunn for det politiske styringssystemet i tida framover.

Då eg las dette dokumentet om fornying og utvikling av offentleg sektor, må eg innrømme eg fann at det var lite i tråd med Framstegspartiet sine ønske og mål - tvert imot. Så vi hadde stor spenning til kva som ville kome frå den nye statsråden då vi starta på denne perioden. Frå vår ståstad må vi vel berre slå fast at våre vurderingar sett frå Framstegspartiet si side var rette. Eg vil også seie at så er tilfellet når det gjeld byggje- og eigedomsverksemd.

Det vert vist til at det har vore eit stort etterslep i lang tid, så representanten Inger Løite har rett i at det også skriv seg frå tidlegare tider, det er ikkje berre no dette har oppstått. Men det vart sagt frå statsråden og andre si side då vi starta på denne perioden, at vi skulle få ei oppfølging og ei forsering av arbeidet med fornying av offentleg sektor. Eg vil påstå at så ikkje er tilfellet. Eg trur at folk ser kva som skjer med det som det vert peika på frå Framstegspartiet og Høgre si side når det gjeld denne saka. Folk sjølve klarar å oppdage kva som skjer med dei oppgåvene og dei byggjeprosjekta som vert utsette, og som det vert store overskridingar på. Eg trur at her lyt ein no gjere noko drastisk dersom ein skal kome à jour med det som er, og var, målet til denne regjeringa.

Eg trur ikkje eg skal seie så mykje anna enn at eg vil ta opp dei framlegga som Framstegspartiet er med på i denne saka.

Presidenten: Representanten Åge Starheim har teke opp dei forslaga han refererte til.

Bent Høie (H) [18:07:20]: Bakgrunnen for dette forslaget er at i juni 2004 nedsatte regjeringen Bondevik II et interdepartementalt utredningsutvalg for å se på hele statens bygg- og eiendomsvirksomhet i militær og sivil sektor, ut fra at det i dag er ganske svake incentiver til å leie eller bygge rimelig, til å sikre godt vedlikehold og til en effektiv arealutnyttelse i statlig sektor.

Staten er vel den desidert største eiendomsforvalteren i Norge. Måten den bruker eiendommer, forvalter eiendommer, organiserer eiendomsdriften, både eksisterende og ny, på, har enorme økonomiske konsekvenser for det offentlige Norge.

Dette arbeidet resulterte i at en kom med en rekke anbefalinger om tiltak som med utgangspunkt i eksterne konsulenters beregninger kunne gi årlige innsparinger i størrelsesordenen 1-2 milliarder kr. Det er et betydelig beløp, og det kunne ha vært brukt til både nybygg, vedlikehold og oppgraderinger, som er strengt nødvendig i offentlig sektor.

De forslagene som er fremmet i dokumentet, ble fremmet i forslag til statsbudsjett for 2006. Etter valget i 2005 ble det jo en ny regjering, og den nye regjeringen avlyste alle disse forslagene med følgende enkle setning i sitt tilleggsforslag til statsbudsjett for 2006:

«Regjeringen vil vurdere eventuelle endringer av statens bygge- og eiendomsvirksomhet nærmere, og vil komme tilbake til dette på et senere tidspunkt.»

I forbindelse med statsbudsjettet for 2008, altså rett før jul i fjor, stilte Høyres stortingsgruppe spørsmål til finansministeren om noen av disse tiltakene var igangsatt i løpet av de to år som da var gått. Svaret på det var: ingen. Svaret som komiteen har fått i forbindelse med dette dokumentet, er at Regjeringen fortsatt vurderer dette.

Da lurer jeg på: Hva er årsaken til at vi har en regjering som har konkrete forslag som kan gi innsparinger på 1-2 milliarder kr i året, uten at det går ut over enkeltmennesker, tjenestetilbud, noe som helst - tvert imot, det er både miljøvennlig, energivennlig og, ikke minst, økonomisk besparende å gjennomføre disse tiltakene - samtidig som det går to år og Regjeringen gjør ingenting?

Det kan jo godt være at Regjeringen har ideologiske motforestillinger til noen av disse punktene, men at alle forslagene skulle være slik at en ikke kan gjennomføre dem, er ganske oppsiktsvekkende. En kunne jo tro at årsaken var at Fornyings- og administrasjonsdepartementet og fornyings- og administrasjonsministeren var så fryktelig opptatt med andre saker at en rett og slett ikke hadde kapasitet til å ta denne oppgaven alvorlig.

Vel, jeg tror alle som har fulgt med på hvilke saker som er kommet fra Fornyings- og administrasjonsdepartementet de siste to årene, forstår at den forklaringen holder i hvert fall ikke. Komiteen har ikke fått én eneste enkeltsak fra denne regjeringen som dreier seg om modernisering/fornyelse av offentlig sektor - ikke én sak. Så det kan i hvert fall ikke være arbeidskapasiteten i departementet som er årsaken til at en ikke har tatt fatt i disse punktene. Unnskyld, det er gjort ett grep for fornying av offentlig sektor - men det var ikke en egen sak, det kom i statsbudsjettet - nemlig at Statskonsult ble omdannet til en offentlig etat, og ledelsen ble flyttet til statsrådens hjemfylke.

(Høg musikk utanfrå)

Presidenten: Statsråd Heidi Grande Røys - no også med følgjemusikk.

Statsråd Heidi Grande Røys [18:12:33]: Det rockar kanskje like mykje på innsida som på utsida for ei tid - vi får sjå.

Staten har ei omfattande byggje- og eigedomsverksemd, som krev store ressursar. Regjeringa er oppteken av at verksemda skal drivast effektivt, slik at staten har funksjonelle lokale til ein fornuftig kostnad over tid. Men Regjeringas forslag er ikkje utskiljing og fristilling av statlege verksemder. Det har vore og det er høgresidas svar, det er ikkje den raud-grønne regjeringas svar. Den som har lese både Soria Moria-plattforma, fornyingsplattforma og alt anna vi har levert, har sett at det står éin ting: Denne regjeringa fornyar offentleg sektor og omstiller offentleg sektor som offentleg sektor, ikkje ved utskiljing, ikkje ved fristilling. At det framleis, etter to og eit halvt år, overraskar Høgre og Framstegspartiet, ja, det høyrer eg, men det er ikkje råd å forstå. Det er krystallklårt formulert i partias partiprogram, i Soria Moria-plattforma og i det meste vi har levert herfrå. Så berre for å ha sagt det: Det er eigentleg det eine svaret på dette spørsmålet.

Regjeringa er oppteken av å utvide den statlege husleigeordninga som har fungert godt sidan ho vart etablert i 1993. Husleigeordninga, med Statsbygg som eigedomsforvaltar, er seinare utvida fleire gonger ved innlemminga av nye eigedomsporteføljar. Det er no sett i gang eit arbeid med sikte på å innlemme fengselseigedomane. Målet er sjølvsagt betre forvaltning av desse eigedomane og å arbeide systematisk for å ta igjen det etterslepet som finst i vedlikehaldet av desse eigedomane.

Så ber representantane frå Høgre om at eigedomar i universitets- og høgskulesektoren som i dag er forvalta av Statsbygg, vert overførde til ei ny forvaltningsbedrift under Kunnskapsdepartementet. Som ein er kjend med, er det òg eit vedlikehaldsetterslep på desse eigedomane, og det er viktig å finne løysingar som kan sikre eit betre vedlikehald. Vi meiner altså ikkje at svaret på det er endå ei ny forvaltningsbedrift i på ein måte statleg sivil sektor, som då skal ha sine organisasjonar i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø, slik tilfellet er dersom ein skal tru forslagsstillarane. Det vert ikkje betre vedlikehald av fleire forvaltningsorgan.

Regjeringa tek sikte på å fastsetje klåre retningslinjer for behandling av statlege byggeprosjekt og leigesaker. Ved trong for lokale skal verksemdene vurdere anten eit nytt statleg byggjeprosjekt, leige i eksisterande statlege bygg eller leige i den private marknaden. Ved leige i den private marknaden er det i dag ikkje sett spesielle krav til kva som skal vurderast eller takast omsyn til dersom leigeutgiftene vert dekte innanfor ei uendra budsjettramme. Det gjeld sjølv om ein bind seg for fleire tiår. Det er klårt at her treng vi betre styring, og det jobbar departementet og Regjeringa med.

Det prinsipielle utgangspunktet vil likevel framleis vere at staten skal eige såkalla formålsbygg. Såkalla konkurransebygg kan fritt leigast i marknaden på kortvarige kontraktar på frå fem til ti år, og retningslinjene vil m.a. ta opp aktuelle omsyn som skal vurderast i samband med leigeavtalane, bl.a. strengare krav til analyse, dokumentasjon og vurdering av alternativ. Og det skal vere ein politisk kontroll med leigeavtalar når det økonomiske omfanget overstig visse verdiar.

Så tek representantane frå Høgre opp forslaget om å opprette eit eige statleg rådgivingsorgan for å skilje rådgivar- og leverandørrolla, som i dag er samla i Statsbygg og Forsvarsbygg. Når vi utformar dei nye retningslinjene, er det eit forslag som vi kjem til å vurdere, men eg har ikkje svaret på det pr. i dag.

Høgre ynskjer seg òg større finansiell fleksibilitet i Statsbygg for at brukarane betre skal skaffast lokale når spørsmålet om husleigemiddelet er avklåra. Slik eg ser det, syter dagens kurantordning på ein god og fleksibel måte for at statlege leigetakarar får dei lokala dei treng, når dei kan dekkje husleiga innanfor sine eigne økonomiske rammer. Investeringar i nye byggjeprosjekt må elles vere ein del av den totale prioriteringa som denne regjeringa gjer, som det er for alle regjeringar.

Høgre meiner det bør arbeidast vidare med forslag om korleis ein i større grad kan konkurranseutsetje delar av verksemda i Statsbygg. Staten er ein stor innkjøpar og er ein aktør som utnyttar marknaden både når det gjeld bygging, og når det gjeld drift av eigedomane sine, for å oppnå lågast moglege kostnader ut frå dei kvalitetskrava som gjeld. Låge vedlikehaldskostnader er jo ikkje i seg sjølv eit mål. Vi har nok av eksempel på at det ikkje nødvendigvis har ført til at bygningane er godt vedlikehaldne, og at det då i ettertid er kostnadskrevjande.

Regjeringa meiner at ein kan oppnå kostnadseffektive løysingar utan å skilje ut eigne selskap for å drifte statlege eigedomar. For Statsbygg sin del er det slik at om lag 70 pst. av utgiftene er relaterte til tenester som Statsbygg kjøper i marknaden, og det meiner eg er ein god plass å liggje, og slik skal vi fortsetje å drifte våre bygningar.

Presidenten: Det blir replikkordskifte.

Bent Høie (H) [18:17:52]: Vi har nå fått en lang liste over forslag som statsråden ikke vil gjennomføre. Så har vi fått en liste over forslag som statsråden vil vurdere. Jeg vil gjerne få statsrådens liste over grep som hun har gjort, ting som er gjennomført i de snart to og et halvt årene som har gått da statsråden har hatt ansvaret for denne sektoren, og som har gitt billigere og bedre statlig forvaltning av bygge- og eiendomsvirksomheten.

Statsråd Heidi Grande Røys [18:18:36]: Førre regjering la på bordet forslag til ei reform, med utgangspunkt i at det var behov for å reformere statleg byggje- og eigedomsverksemd. Denne regjeringa har ikkje sagt at dei deler det synet, tvert imot. Statsbygg er ei godt driven statsforvaltningsbedrift, politisk styrt, dvs. at politikarane tek dei viktigaste beslutningane. Og slik skal det framleis vere.

Denne regjeringa har ikkje behov for verken å konkurranseutsetje eller å fristille noko av verksemda til Statsbygg noko meir. Vi har tvert imot tru på at den mest effektive og den økonomisk mest kostnadssvarande måten å drive Statsbygg på er å behalde Statsbygg som statsbedrift - ikkje å lage fleire forvaltningsnivå, som den førre regjeringa ville, men tvert imot la Statsbygg drive og forvalte desse eigedomane slik det er i dag, inkludert fengselseigedomane, som vi no er i ferd med å overta.

Når det gjeld driftspersonell, er det mest effektive for å sørgje for at dei utbetringane som skal skje, føregår økonomisk forsvarleg, å ha folk på bygga som kjenner bygga.

Åge Starheim (FrP) [18:19:57]: Eg registrerer at statsråden viste til at ho er godt fornøgd med korleis tingas tilstand er.

Mitt spørsmål til statsråden er: Viser ikkje dei faktiske forholda at såikkje er tilfellet - bryr ikkje statsråden seg om å ta omsyn til dei faktiske forholda som gjer at det ikkje går så godt som statsråden påpeikar? Og ser ikkje statsråden nødvendigheita av å måtte endre synet på korleis tingas tilstand er i dag?

Statsråd Heidi Grande Røys [18:20:37]: Dei vedlikehaldsetterslepa som vi har f.eks. på fengselseigedomar og på universitet og høgskular, kjem ikkje fyrst og fremst av organiseringa, men av ei manglande finansiering over mange år. Og lat meg minne om at vi dei siste åtte åra stort sett har hatt borgarlege utdanningsministrar - for å ta eitt eksempel.

Når vi no flyttar fengselseigedomane inn i husleigeordninga, vil det gå fram av budsjettet til hausten om det har økonomiske konsekvensar som fører til at ein får gjort noko med vedlikehaldssituasjonen. Det kan ikkje eg svare på i dag - eg har ikkje noko ynske om å svare på det i dag. Men det vert ikkje meir vedlikehald i seg sjølv av å skilje ut og lage endå fleire nye forvaltningsnivå. Det blir det større kostnader av, for det blir endå eit statleg forvaltningsnivå som så skal finansierast, og der det skal tilsetjast byråkratar - noko som eg ikkje kan skjøne at Framstegspartiet er for - kontra å samle alt i éin statleg byggje- og eigedomsansvarleg etat, slik som vi har det i Statsbygg, med lange tradisjonar for å drive effektivt og ha økonomisk forsvarleg drift.

Bent Høie (H) [18:21:49]: Jeg har stor respekt for at statsråden forsvarer at de ikke har gjennomført det som vår regjering foreslo, med at de er politisk uenig i det som vi foreslo, og at de dermed politisk har valgt å si nei til innsparinger på 1-2 milliarder kr fordi de er uenige i noen av de forslagene.

Jeg spurte hva de hadde gjort istedenfor, og fikk da til svar at det var ingenting. Men i statsrådens første innlegg gikk hun igjennom en del forslag som Regjeringen hadde til vurdering. Spørsmålet mitt er da: Hvorfor er ingen av de forslagene som statsråden nå sier at de har til vurdering, gjennomført i de to og et halvt årene som har gått siden forslagene ble lagt fram, allerede i statsbudsjettet for 2006?

Statsråd Heidi Grande Røys [18:22:48]: Når Høgre viser til innsparingspotensialet i sine forslag, er det all grunn til å setje spørsmålsteikn ved det. Førre regjering har altså drive staten til ei fragmentering, og - kva skal eg seie - det har vorte eit svært uklårt mønster i statleg forvaltning etter Bondevik-regjeringa si fragmentering og fristilling av statlege verksemder. Det er seinast av Stortinget bevist og etterspurt i innstillinga til St.meld. nr. 17 for 2006-2007, der m.a. Høgre og Framstegspartiet ber fornyingsministaren om å ta større samlande og koordinerande grep om t.d. IT-politikken, nettopp fordi ein har ei fragmentert og uoversiktleg statsforvaltning.

Å tru at svaret er meir fristilling av statlege verksemder, og i tillegg tru at det er meir økonomisk rekningssvarande, er eg direkte ueinig med Høgre i, og difor har vi ikkje gjennomført det, og vi kjem ikkje til å gjennomføre det. Det vert aldri ei raud-grøn regjering sin politikk, det er høgrepolitikk på sitt verste. Eg kan ikkje sjå nokon grunn til at vi skulle gjennomføre det.

Presidenten: Replikkordskiftet er omme.

Fleire har ikkje bedt om ordet til sak nr. 7.

(Votering, sjå side 2696)

Votering i sak nr. 7

Presidenten: Under debatten har Åge Starheim sett fram to forslag på vegner av Framstegspartiet og Høgre. Forslag nr. 1 lyder:

«Stortinget ber Regjeringen igangsette en omfattende modernisering av statens bygge- og eiendomsvirksomhet i samsvar med forslaget i Dokument nr. 8:18 (2007-2008).»

Forslag nr. 2 lyder:

«Stortinget ber Regjeringen, i forbindelse med Revidert nasjonalbudsjett for 2008, legge frem konkrete forslag til reformer i statens bygge- og eiendomsvirksomhet.»

Det vil bli votert alternativt mellom desse forslaga og tilrådinga frå komiteen.

Komiteen hadde tilrådd:

Dokument nr. 8:18 (2007-2008) - representantforslag fra stortingsrepresentantene Jan Tore Sanner, Bent Høie, Elisabeth Aspaker og Ine Marie Eriksen Søreide om modernisering av statens bygge- og eiendomsvirksomhet - vedlegges protokollen.

Votering:Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaga frå Framstegspartiet og Høgre blei tilrådinga vedteken med 64 mot 36 røyster.(Voteringsutskrift kl. 21.39.24)