Stortinget - Møte torsdag den 3. april 2014 kl. 10

Dato: 03.04.2014

Sak nr. 9 [19:31:48]

Interpellasjon fra representanten Jenny Klinge til justis- og beredskapsministeren:
«Politiet handsamar ofte straffesaker med gjerningspersonar som er utan fast bustad og samstundes er utanlandske statsborgarar. Dette gjer det vanskelegare for politiet å få forkynt dommane, få dei fullbyrda, slik at dei som ikkje har lovleg opphald her i landet, ikkje kan transporterast ut av riket raskt. Problemet er aukande, særleg i hovudstadsområdet. Personane utfører gjerne ikkje lovbrot som er alvorlege nok til at dei blir framstilte for varetektsfengsling, fordi det då vil vere fare for oversoning innan dom ligg føre. Mange av desse straffesakene er oppklåra på gjerningsstaden. Ei ordning som vil løyse problemet, er om ein ved enkelte domstolar får på plass hurtigdomstolar for enklare saker, som kan pådømme saka før fristane gjeve i straffeprosessloven § 183 første ledd går ut. Altså saker som fell utanfor straffeprosessloven § 248.
Vil statsråden ta initiativ til at ei slik ordning blir etablert?»

Talere

Jenny Klinge (Sp) [19:33:20]: Eg håpar at vi med denne interpellasjonsdebatten kan løfte fram ei problemstilling som er svært aktuell for politiet i dag, særleg i dei større byane. Ein høyrer stadig gjennom media at kriminelle som blir slopne ut av arresten, forsvinn, og at personar som ikkje har nokon fast opphaldsstad, beveger seg fritt rundt i samfunnet utan at myndigheitene har kontroll på dei.

Spørsmålet er korleis vi kan ha ei mest mogleg effektiv strafferettspleie med utgangspunkt i dagens lovverk. Korleis kan dagens situasjon seie noko om korleis saker bør handterast, i motsetning til korleis situasjonen var for ti år sidan? Og kva for nye grep bør vi og kan vi ta?

Grunnleggjande rettssikkerheit er eit prinsipp som er godt forankra i Noreg. Artikkel 7 i Den europeiske menneskerettskonvensjonen set rammene for korleis saker skal behandlast i strafferettspleia. Dette er grunnleggjande verdiar som vi aldri skal fråvike, og det er heller ikkje intensjonen min med innspelet mitt i dag.

Målet er å få gjort mest mogleg mens ein person sit pågripen, i medhald av straffeprosesslova § 183. Dette er både i samfunnets interesse og i den pågripne sine interesser.

Ein del personar utan fast bustad eller anna tilknyting til riket gjer straffbare handlingar mens dei oppheld seg i landet. Når politiet avdekkjer kriminalitet som blir gjord av desse gruppene, er det viktig at ein blir gjeven verktøy for raskt å kunne få avgjort straffesakene. Desse straffbare handlingane er ofte ikkje alvorlege nok til at påtalemyndigheita vel å krevje gjerningspersonane varetektsfengsla fram til hovudforhandling, på grunn av låg pårekneleg straff.

Når dei sikta vel å ikkje erkjenne forholda, er straffeprosesslova § 248 ikkje aktuell å nytte. Då er hovudforhandling einaste moglegheit, der rett må setjast, med både fagdommar og lekdommarar. I dag opererer ein med fristar for gjennomføring av hovudforhandling på maksimalt seks veker dersom personen sit varetektsfengsla, eller saka er å rekne som fristsak, og tre månader i andre tilfelle. I praksis har dette den konsekvensen at den gruppa lovbrytarar vi talar om no, blir sleppte ut på gata etter å ha vore pågripne. Når politiet skal gjennomføre hovudforhandlingar i tingretten, må dei stemne tiltalte, men då får ein ikkje lenger tak i dei. Dei blir etterlyste, men ein greier ikkje å spore dei opp, og sakene deira blir liggjande i skuffene hos politiet. Politiet, domstolane og andre bruker deretter uforholdsmessig mykje tid og ressursar på å prøve å finne desse personane for å kunne få rettssakene gjennomførde. Forholda det dreier seg om, er ofte ferdig etterforska på plassen, bevissituasjonen er klar, og det er berre iretteføring som manglar for at domstolane skal ta stilling til skyld- og straffespørsmålet.

Som eit illustrerande eksempel på denne typen kriminalitet kan det nemnast at når det gjeld første gongs forsøk på sal av mindre mengder narkotika, har Høgsterett i Norsk Retstidende 2010, side 449, slått fast at straffa skal vere betinga fengsel i 18 dagar. Pårekneleg straff tilseier derfor at ein ikkje kan varetektsfengsle dei.

For Oslo politidistrikt har dette vore eit stort problem dei siste åra. Det har i lengre tid vore retta betydeleg merksemd mot å bekjempe openlys narkotikaomsetjing i sentrum. For å få bukt med dette problemet er det å få bort seljarane og gjengangarane heilt sentralt. I dette ligg det at straffesakene må avgjerast raskt. No er ikkje dei tilfella der folk blir pågripne med narkotika på seg, eller der dei blir observerte ved kjøp og sal av narkotika, dei lovbrota som er mest krevjande å iretteføre reint bevismessig, men med det straffenivået vi har for enkelte typar kriminalitet, er det viktig at sakene blir avgjorde raskt.

Politiet har lenge ivra for å få på plass ei ordning der ein raskt kan få ekspedert dei enklare straffesakene. I medhald av straffeprosesslova § 183 er politiet gjeve heimel til å halde personar pågripne i eit visst tidsrom om vilkåra for det er til stades. Viss vi kunne ha etablert ordningar i domstolane der det var mogleg å gjennomføre hovudforhandling innanfor fristen på 72 timar, ville det ha vore svært effektivt. Dei sakene som i dag ligg i skuffene på politihusa, kunne i staden ha vore raskt avgjorde. Så kan ein stille seg spørsmålet om dette ville ha gått ut over rettstryggleiken. Det er ikkje dei vanskelege og kompliserte sakene det her er tale om. Det dreier seg om saker som er oppklara på staden, og som bevismessig er heilt opplagde, typisk vinningssaker, mindre narkotikalovbrot og liknande. Vi talar ikkje om valdssaker, valdtekts- og drapssaker.

Sjølvsagt reiser dette spørsmål om ressursar. Domstolane må ha ledig kapasitet for raskt å kunne ta imot slike hurtigsaker, og påtalemyndigheitene må kunne stille med aktor. Men dette er mogleg å løyse, og alle ønskjer å ekspedere saker raskt.

Det er viktig at vi tek inn over oss den nye tida vi lever i. Kriminalitetsbildet endrar seg, og då kan det vere fornuftig å tenkje nytt. Effektiv straffesaksbehandling er viktig både for den som er sikta og tiltalt, og for eventuelle fornærma partar. Straffesaker som ein ikkje får avgjort fordi ein ikkje får tak i gjerningspersonen, er berre proppar i systemet.

Eit anna stort praktisk problem er dei tilfella der ein får stemna personar til ei framtidig hovudforhandling mens dei sit i politiarresten, og så får ein ikkje forkynt dommen for dei i ettertid fordi dei ikkje møter til hovudforhandling i tingretten. Dermed blir ikkje dommen forkynt, og dei må etterlysast for forkynning av dom. Også dette er ressurskrevjande og lite hensiktsmessig bruk av tid. Kriminalomsorga som skal fullbyrde dommen, får då heller ikkje gjort det dei skal. Ei ordning der ein kunne fått pådømt forholdet innanfor dei 72 timane ein kan sitje i arresten, ville ha løyst også dette problemet for dei tilfella der det ikkje vil bli definert som uforholdsmessig å sitje pågripen, jf. straffeprosesslova § 170a.

Det å få på plass ein dom er sentralt. Ein rettskraftig dom kan brukast som grunn for tvangsutsending og utvising. Det er viktig at Noreg har eit effektivt system når det gjeld dette, innanfor rammene av våre internasjonale forpliktingar.

Når eg tek til orde for hurtigdomstolar, meiner eg ikkje at det skal opprettast nye organ. Eg meiner at vi skal gje eit klart signal om at dagens lovverk skal nyttast, då det gjev moglegheit for effektiv straffesaksbehandling. Det er likevel viktig at retten til fritt val av forsvarar ikkje blir svekt, men at ein finn gode og hensiktsmessige løysingar.

Eg håpar såleis at justisministeren er einig i denne tilnærminga, og at han vil ta det opp i eigna forum, medrekna Riksadvokaten og Politidirektoratet, for ei bevisstgjering av desse problemstillingane.

Kenneth Svendsen hadde her overtatt presidentplassen.

Statsråd Anders Anundsen [19:40:34]: Jeg vil starte med å takke interpellanten for anledning til å diskutere en mer effektiv straffesakskjede. Det er et veldig viktig tema som jeg er veldig opptatt av.

I interpellasjonen tas det til orde for en hurtigdomstol for enklere straffesaker, hvor gjerningspersonen er utenlandsk statsborger og uten fast bopel i Norge. Ut fra sammenhengen av det representanten nå sa i sitt innlegg, oppfatter jeg at hun ikke foreslår å opprette nye domstoler, men organisering av et hurtigspor innenfor det eksisterende domstolssystemet for disse sakene.

Før jeg kommenterer det helt konkret, har jeg behov for å si litt om utviklingen i kriminalitetsbildet når det gjelder gruppen kriminelle utlendinger, og gi et kort innblikk i hvilke strategier og mål regjeringen har for å effektivisere straffesakskjeden for utlendinger som begår kriminalitet i Norge. Antallet utenlandske statsborgere som begår kriminelle handlinger, har de senere årene vært økende. Det er grunn til å anta at denne utviklingen vil fortsette, bl.a. som følge av økt globalisering og mobilitet. Spesielt vil Norge som et rikt land med høy levestandard, fremstå som attraktivt for kriminelle utlendinger som tar opphold av kortere eller lengre varighet.

For å få en effektiv kriminalitetsbekjempelse er det viktig at norske myndigheter sender et klart signal om at utenlandske statsborgere som begår kriminalitet som kvalifiserer for utvisning, omgående får vedtak om utvisning og raskt sendes ut av Norge. For å få dette til må det være god flyt i den delen av kjeden som berører politi og domstol, nemlig pågripelse, etterforskning og prosessen knyttet til berammelse og avvikling av sak for domstolene.

Jeg nevner også at jeg er opptatt av de neste leddene i kjeden, som består av rettskraftig dom, ledsaget av utvisningsvedtak og rask retur. Her er det en helhetlig sammenheng som vi ikke må tape av syne.

Utgangspunktet for god saksflyt i kjeden avhenger av hvor gode rutiner politiet har for å gjennomføre rask etterforskning, eller en straksetterforskning i enklere saker, og hvor effektive ordninger vi har for å få saken raskt avviklet i domstolen.

I tillegg vet vi at en stor utfordring i disse sakene er at kriminelle utledninger ofte forsøker å unndra seg iretteføring av straffesaken. Tilsvarende gjelder også for de neste leddene i kjeden. Her ser vi at forsøk på å gjøre seg utilgjengelig for å hindre forkynning av et ventet vedtak på utvisning og en senere effektuering av selve uttransporten, ikke er uvanlig.

En slags foreløpig oppsummering blir at effektiv straffesaksbehandling i denne sammenheng munner ut i en målsetting om å få etablert ordninger som både sikrer rask pådømmelse og hindrer unndragelse. Med dette som utgangspunkt går jeg i fortsettelsen gjennom mulighetene og begrensningene i gjeldende regelverk for å oppnå en effektiv straffesaksbehandling av disse sakene.

En gjennomgang av effektiviteten i dagens regelverk bør foretas ut fra den straffen som skal utmåles. Her vil det grovt sett være tre hovedgrupper. Den ene vil være saker hvor reaksjonen er bot, den andre saker hvor reaksjonen er betinget fengsel, eller korte, ubetingede dommer, og den tredje saker som kvalifiserer for lengre, ubetinget fengselsstraff, anslagsvis fra 45 dager og oppover.

For botgruppen vil sakene kunne avgjøres med et forelegg utstedt av politiet. Videre flyt i kjeden avhenger da av gode samarbeidsrutiner mellom politiet og UDI, slik at vedtak om utvisning kan skje omgående.

Jeg nevner at man i fjor, omtrent rundt sommertiden, utvidet adgangen til utvisning for forhold som avgjøres med bøter, herunder naskeri. Antallet i denne gruppen har derfor økt noe, og effektivitetskravet blir derfor enda viktigere enn tidligere.

I den andre enden av skalaen har vi sakene som kvalifiserer til ubetinget fengsel over 45 dager. I disse sakene vil det ofte foreligge unndragelsesfare som gir adgang til varetektsfengsling. Det følger av straffeprosessloven § 275 at hovedforhandling i saker med varetekt skal være påbegynt innen seks uker etter at saken kom inn til tingretten. Bestemmelsen har ikke noen egen kortere frist for utenlandske statsborgere. Dersom siktede tilstår før første fengslingsmøte, har jeg fått opplyst at flere tingretter, i forståelse med påtalemyndigheten, praktiserer pådømmelse av tilståelsessaken i fengslingsmøtet. Denne praksisen har mye for seg og viser mulighetene til effektivisering innenfor gjeldende rammer.

I mellomgruppen finner vi saker med korte, ubetingede straffer under 45 dager, saker som ender med betinget fengsel, og foreleggsaker med bot som bringes inn for retten, fordi siktede ikke vedtar. Mange av disse sakene har ofte et bevisbilde som er enkelt og oversiktlig.

For de korte ubetingede straffene vil en ved tilståelse kunne få pådømmelse i fengslingsmøter, slik jeg allerede har pekt på. Men dersom saken krever hovedforhandling, eller forventet straff er bot eller betinget fengsel, vil faren for oversoning normalt hindre varetektsfengsling, fordi berammelse ikke skjer rakt nok. Det er denne gruppen kriminelle utlendinger vi her står igjen med i mellomgruppen, som egentlig er bakgrunnen for denne interpellasjonen – slik jeg oppfatter det. Jeg vil tilføye: Det er denne gruppen som er særlig utfordrende for effektiviteten i straffesakskjeden.

Jeg er svært opptatt av denne problemstillingen, og jeg har derfor bedt Politidirektoratet om å innhente informasjon for å tallfeste gruppen og det mulige omfanget av kriminelle handlinger gruppen begår. Innhentingen av informasjon er foreløpig begrenset til distriktene Oslo, Asker, Bærum og Romerike.

Jeg har også bedt om at man allerede nå setter i gang arbeidet med å se på hvilke lovendringer som skal til for å følge opp det interessante innspillet fra sorenskriveren i Oslo tingrett i Aftenposten i går, hvor han tar til orde for et hurtigspor for utenlandske kriminelle. Jeg deler hans vurderinger om at dagens system skaper unødvendig ressursbruk. Sorenskriverens vilje til å tenke nytt lover godt for det videre arbeidet med denne saken.

Hva slags konkrete lovendringer det kan bli tale om, skal vi komme nærmere tilbake til.

Kravet til raskhet og effektivitet vil avgjøre hva slags lovendringer det er på tale med, og hvor store endringer som må gjøres i den enkelte bestemmelse. Dette kan nærmere illustreres ved det konkrete forslaget fra interpellanten.

Forslagets ambisjon er at pådømmelse skal skje innen fristen gitt i straffeprosessloven § 183, det vil si helst dagen etter pågripelse eller senest den tredje dagen etter pågripelse. Tidsrammen gjør forslaget vanskelig å forene med enkelte sentrale bestemmelser i prosesslovgivningen når det gjelder den praktiske gjennomføringen. Et eksempel er siktedes krav på tre dagers varsel før hovedforhandling, som interpellanten selv var inne på: retten til det rette forsvarervalget, forsvarers krav på å ha tid til forberede saken og drøfte den med siktede, siktedes krav på tolk, trekking av meddommere til hovedforhandling og reglene om ankefrister og ankebehandling.

Ved endringer i gjeldende regelverk vil man naturligvis måtte se på hvordan de aktuelle domstolene må organisere seg, og hvilke nye rutiner som må utarbeides mellom politi, domstol og forsvarer. Erfaringene fra Oslo tingrett knyttet til den såkalte 518-modellen viser at aktørene medvirker til god effektivisering når ordninger er tilrettelagt for det. Kort fortalt er rettssal 518 i Oslo tingrett øremerket til enklere straffesaker av en halv dags varighet. Tingretten har også en avtale med Oslo politidistrikt som innebærer at poltiet selv berammer hovedforhandlingen i denne sal. Når f.eks. den pågripne er uten bopel, vil politiet ved pågripelse lovlig kunne stevne vedkommende til hovedforhandling og få pådømt det straffbare forholdet. Oslo tingrett pådømte 192 sånne saker i 2012 og 159 saker i 2013, noe som viser hvor store effektiviseringsgevinster slike ordninger kan utløse. Regjeringserklæringen sier også at vi skal utrede hurtigdomstol i en større sammenheng, og at det skal utredes grundig. Det vil vi selvfølgelig komme tilbake til.

Kort oppsummert deler regjeringen interpellantens ønske om at man skal få en mer effektiv behandling av disse sakene, og vi vil komme tilbake til hvilke relevante endringer i regelverket som må til for å få det gjennomført.

Jenny Klinge (Sp) [19:48:50]: Effektiv straffesaksbehandling må vere eit mål for alle i denne salen, sjølv om det ikkje er så altfor mange av oss akkurat no.

Vi har dei siste åra sett at ein har effektuert utsending av svært mange utanlandske statsborgarar som ikkje har grunnlag for å vere her i landet. Papirlause personar som openbert livnærer seg ved kriminell verksemd, er det viktig å få ut av landet snarast råd. I Oslo høyrer vi stadig om at enkelte grupper har sine område der dei bl.a. omset narkotika. Når politiet får tak i personar som har gjort seg skuldige i ei straffbar handling, er det best at desse kan bli dømde for forholdet. Vi må slik hindre at dei ikkje berre vender tilbake til det same miljøet og gjer seg skuldige i ny kriminalitet.

Vi kan ha noko å lære av land med samanliknbare rettssystem. Det gjeld å hente impulsar utanfrå. Det ville vore interessant å vite kor mange straffesaker som har vorte lagde til sides i Politi-Noreg som følgje av at ein ikkje får tak i personar som har vorte lauslatne etter å ha vore pågripne. Det kan synast som det har vore ein kraftig auke dei siste åra.

Eg ventar ikkje at statsråden kan kome med tala no, men eg la merke til at han nemnde at det skulle innhentast statistikk knytt til denne problematikken. Det er bra.

Rettssikkerheit skal liggje til grunn for alle ordningar som vi innfører. Målet må vere å kombinere rettssikkerheit med effektive ordningar som sikrar eit trygt samfunn med mindre kriminalitet, og eg takkar statsråden for ei særs positiv haldning til interpellasjonen. Eg trur dette er eit av dei måla som bør vere tverrpolitisk, og som vi kan samarbeide om.

Statsråd Anders Anundsen [19:50:33]: Jeg er også veldig glad for at vi finner tverrpolitisk enighet om viktigheten av at kriminelle utlendinger ikke skal gå fri og fortsette sin kriminelle løpebane. Det er dessverre i for stor grad sånn i dag at kriminelle utlendinger som i utgangspunktet ikke har lovlig opphold, for raskt kommer tilbake i gatebildet. Det er gjort en del arbeid med det særlig i Oslo politidistrikt, som er det politidistriktet som har desidert flest av den typen saker.

Jeg synes det er veldig bra – og kreativt, egentlig – at flere nå tenker grundig gjennom hvordan vi kan løse dette på en mer effektiv måte enn vi klarer å gjøre i dag. Det er riktig som representanten Klinge sier: Vi henter nå inn informasjon for å se hva slags saksomfang vi faktisk snakker om, samtidig som vi jobber med en mulighet for å se både på enkle lovendringer, som kan bidra til å rette opp i dette, og på om vi kan finne løsninger som kanskje krever en mer omfattende gjennomgang av lovverket.

Det vil vi selvfølgelig komme tilbake til denne salen med forslag om, og jeg ser frem til den konstruktivitet og den diskusjon som det vil medføre.

Lene Vågslid (A) [19:51:55]: Eg vil òg starte med å takke interpellanten for å bringe eit viktig tema opp til diskusjon. Eg har òg lyst til å starte med det innlegget som stod i Aftenposten i går, frå Lund og Engebretsen frå Oslo tingrett, for dei peikar, som justisministeren seier, på eit «hurtigspor» for utanlandske kriminelle og fleire utfordringar me står overfor.

Me veit at det er eit stort problem at utanlandske statsborgarar som er tiltalte for kriminelle handlingar, bl.a. forsvinn før rettssaken, og fleire peikar òg på at dette sjølvsagt svekkjer rettssystemet. Eg merkar meg at Oslo tingrett – eller Lund og Engebretsen – tek til orde for dette hurtigsporet for personar utan tilknyting til Noreg, slik at ein kan få sagt dom i saka i første rettsmøte, seinast tre dagar etter pågriping.

Eg er òg glad for at Klinge presiserer at ho heller ikkje meiner at det skal byggjast opp eit eige domstolsorgan, for det å byggje opp eigne domstolsorgan med tanke på å gjere noko med prosessfart eller type sak, har eg lita tru på. Men eit hurtigspor har eg større tru på.

Samtidig vil eg prøve å problematisere det litt, for det kan tenkjast at ein ved eit hurtigløp vil få vedtak tidlegare og oftare, fordi vedkommande vil bli ferdig med saka og unngå varetekt. Men føresetnaden for denne behandlingsmåten og at det skal gå raskt, er at den sikta tilstår og samtykkjer i domsseiing ved tilståingsdom. Det kan tenkjast at han eller ho gjer det dersom vedkommande blir teken på fersk gjerning, eller at ein får utsikt til strafferabatt. Men det er berre viss den sikta og påtalemyndigheitene vedtek dommen, at han blir rettskraftig og kan fullbyrdast straks. Elles blir han rettskraftig når ankefristen på to veker går ut, og om dommen blir anka, vil det gå atskilleg med tid uansett om saka blir behandla så raskt som råd.

Eg meiner det kan vere interessant å sjå vidare på korleis ein i større grad kan få til eit hurtigare spor. Samtidig er det viktig å ha med seg, som òg Lund og Engebretsen peika på i Aftenposten i går, at det er krav til forsvarleg og tilstrekkeleg rettssikker prosess for alle i Noreg. Som dei skriv:

«Vi forutsetter selvsagt at den europeiske Menneskerettskonvensjonens artikkel 6 om forsvarlig rettergang og hensynet til det frie forsvarervalget blir ivaretatt.»

Eg er glad for at både Klinge og justisministeren nemner det – og eg er på ingen måte overraska over det, men eg synest det er veldig viktig å understreke det. Dette er ein rettssikkerheitsgaranti som skal gjelde alle som er til stades på norsk jord, uansett om ein har lovleg opphald eller ikkje. Eg meiner det vil vere problematisk å lage særreglar som svekkjer rettssikkerheita for denne gruppa. Så omsynet til artikkel 6 i EMK og eit eventuelt slikt hurtigspor må foreinast.

Kriminaliteten kjenner ikkje lenger nokon landegrenser, og f.eks. mobil vinningskriminalitet, spesielt frå Aust-Europa, er eit stort samfunnsproblem. Me veit at det finn stad hallikverksemd og menneskehandel både i og til Noreg. Det utfordrar tryggleiken vår, og me som politikarar må leggje til rette for at politi og domstolar blir sette i stand til å løyse dei oppgåvene me forventar av dei. I tillegg til dette er det viktig at regjeringa fortset det arbeidet som den raud-grøne regjeringa gjorde når det gjeld soningsavtalar og soningsoverføringar med andre land. Her er EU-samarbeidet veldig sentralt. Då Arbeidarpartiet sat i regjering, fekk vi aksept for at Noreg blei part i det arbeidet.

Internasjonalt justissamarbeid er avgjerande for å bekjempe det internasjonale kriminalitetsbildet me er ein del av. Talet på pågripne og fengsla personar med utanlandsk statsborgarskap aukar. Derfor er det veldig viktig at ein held fram med eit grenseoverskridande arbeid gjennom eit nært samarbeid med politi og påtalemyndigheiter i andre land.

Når det gjeld det Klinge tek opp: Det verka òg slik ut frå det som justisministeren sa, at me ikkje snakkar om eit eige domstolsorgan. Det kan vel tenkjast at ein gjennom å gjere grep – som òg blei skissert av justisministeren – kan løyse utfordringane i domstolane slik det er i dag.

Eg trur òg det er viktig, som det òg er blitt sagt av tidlegare justisministrar her, å fokusere på det praktiske samarbeidet mellom aktørane og sjå på dei organisatoriske løysningane. Eg ser uansett fram til vidare diskusjonar om dette temaet. Det er veldig viktig. Eg synest òg det foreløpig har vore ein veldig konstruktiv debatt mellom partia, og det er veldig positivt.

Peter Christian Frølich (H) [19:56:38]: Høyre er positiv til at det utredes ulike former for hurtigdomstoler. Dette er også nedfelt i regjeringens politiske plattform. Det er ett av flere tiltak som kan føre til lavere gjennomsnittlig behandlingstid i domstolene.

Jeg har lyst til å heve blikket lite grann og ikke bare snakke om hurtigdomstoler isolert sett, men først og fremst se på fordelene ved en rask saksbehandling av straffesaker. Sammenhengen er egentlig ganske enkel: Rettsstaten er avhengig av tillit i folket. Tillit oppnås når folk ser at det reageres mot normbrytere. Jo lengre tid det tar før det reageres, desto større er faren for at tilliten til vårt rettsapparat synker. Derfor er det veldig ønskelig å vurdere en rekke tiltak for å få ned gjennomsnittlig behandlingstid i rettsapparatet. Hurtigdomstoler kan være en slik løsning, men det kan også gjøres ved å øke antallet årsverk i eksisterende domstoler. Man kan fjerne utdaterte lovforbud, man kan gi politiet kompetanse til å avgjøre flere saker, f.eks. med forenklet forelegg, eller man kan forenkle saksbehandlingsreglene vi har i dag, f.eks. enklere regler for stevning.

Hva som blir fasiten, kan vi komme tilbake til i en senere debatt. Det gjenstår å se. Men så lenge de grunnleggende rettssikkerhetsprinsippene er ivaretatt – kontradiksjonsprinsippet, uskyldspresumpsjonen, det frie forsvarervalg og ankemuligheter – kan hurtigdomstoler, eller et hurtigspor, være en veldig riktig vei å gå.

Jenny Følling (Sp) [19:58:44]: Eg vil takke interpellanten for å ta opp ei viktig problemstilling, og eg vil takke justisministeren for veldig positive tilbakemeldingar.

Tidene forandrar seg, og det er viktig å sjå dei problema som faktisk er ute i samfunnet. Talet på personar som blir etterlyste, både nasjonalt og internasjonalt, har auka. Dette går hand i hand med auka saksmengd og restansesituasjonen i mange politidistrikt. Enten ein har norsk eller utanlandsk opphav, har ein krav på å bli skikkeleg behandla i rettssystemet. Ein skal føle at ein blir teken på alvor, og at rettstryggleiken blir ivareteken. Men det er ingen motsetnad mellom å bli behandla raskt og å ivareta grunnleggjande rettstryggleiksprinsipp. Difor er eg glad for at justisministeren vil sjå på korleis vi effektivt kan sluse desse gjennom eit straffesakssystem. Innspel er difor veldig viktig.

Problemet med etterlyste personar er størst i dei store byane, men omreisande kriminelle slår til også elles i landet, og difor er dette ei nasjonal problemstilling.

Alt dreier seg ikkje berre om auka løyvingar eller lovendringar, men ofte også om at vi ser på dei systema vi allereie har i dag og kva for moglegheiter desse gjev oss.

Politiet gjer kvar dag ein god og viktig jobb, og difor må vi sørgje for at dei har verkemiddel som gjer at dei kan sluse sakane effektivt gjennom.

Straffesakskjeda har mange ledd, og alle er avhengige av kvarandre. Politiet, domstolane, kriminalomsorga – alle er dei avhengige av kvarandre.

Lat oss tenkje nytt. Lat oss bruke moglegheitene lovverket gjev oss, for då er eg heilt sikker på at einingane gjennom dialog vil finne gode løysingar.

Jenny Klinge (Sp) [20:01:12]: Vi talar om hurtigdomstolar – eg skal prøve å vere ein hurtig politikar akkurat no.

Eg har lyst til berre å takke for debatten og takke for ei positiv innstilling frå justisministeren og dei andre. Eg er også glad for at alle saman slår fast at våre ideal om rettssikkerheit for alle ligg fast. Her er det snakk om at vi må sjå på moglegheitene også – ikkje berre avgrensingane i dette lovverket, og så får ein eventuelt gjere dei endringane som ein må gjere, men det er fullt mogleg også å sjå på dei romma som er allereie.

Takk for debatten.

Statsråd Anders Anundsen [20:01:57]: Jeg kan vel nesten si at denne interpellasjonen også gikk i en egen hurtigfil, men debatten har vært god, og innleggene har vært reflekterte og bra.

Jeg har bare helt til slutt lyst til å legge til et par perspektiver, for vi ser en endring i kriminalitetsbildet som bidrar til at vi også må tilpasse oss på en ny måte. I dag er omtrent halvparten av de som sitter i varetekt, utenlandske statsborgere. Omtrent 34 pst. av de ordinære soningsfangene er utenlandske statsborgere. Det er en dramatisk endring sammenliknet med den situasjonen vi så for bare noen få år siden.

Det bidrar også til å understreke viktigheten av at en ikke skal stimulere til at mennesker som er her og starter på en kriminell løpebane, skal få bli værende her og fortsette på den kriminelle løpebanen, for det vil sannsynligvis føre til at det også begås mer alvorlig kriminalitet etter hvert. Derfor er nok det å komme tidlig med innsats og tidlig sende kriminelle utlendinger ut av landet, veldig viktig.

Vi skal ikke på grunn av det tape av syne det perspektivet som Frølich var inne på, nemlig perspektivet på en effektiv straffesakskjede generelt. Det er helt avgjørende i utgangspunktet for alle områder, men vi må likevel tillate oss å tenke litt nye tanker om noen spesielle grupper, som skaper spesielle utfordringer.

Jeg synes egentlig at Følling oppsummerte det hele på en veldig god måte: En må sette politi og domstoler i stand til å gjøre jobben sin, og det er jo jobben vår, så da får vi gjøre den.

Presidenten: Debatten i sak nr. 9 er avsluttet.