Stortinget - Møte onsdag den 27. april 2016 kl. 10

Dato: 27.04.2016

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 23

Geir Pollestad (Sp) [13:40:26]: «Økte målpriser har vært en sentral del av de to siste jordbruksoppgjør.

Hvordan vil resultatet av forhandlinger om internasjonale avtaler kunne påvirke muligheten til å øke målprisene i kommende jordbruksoppgjør?»

Statsråd Jon Georg Dale [13:40:44]: Det norske jordbruket er på mange måtar i konkurranse med omverda. Importen av landbruksvarer har auka. Slik har det vore i mange år. Prisskilnaden på råvarer i jordbruket mellom Noreg og omverda har også auka dei siste åra, t.d. på meierivarer der prisane i EU no er på eit lågt nivå. Det er naudsynt at prisendringane på jordbruksvarer ikkje utviklar seg på ein måte som svekkjer konkurransekrafta til norsk jordbruk og matindustri. Då vil vi tape marknadsdelar. Grunnlaget for eit omfattande norsk jordbruk og bruk av areal over heile landet vil reduserast om dette skjer. Det gjeld både varer vi har målprisar på, og andre varer, som no utgjer om lag 40 pst. av marknadsinntektene i jordbruket.

Eg vil peike på, som også representanten Pollestad beskriver, at auka målprisar var ein heilt sentral del av ramma i dei to siste jordbruksoppgjera, men likevel var auken i realverdi under halvparten av gjennomsnittet under førre regjering. Det er fordi denne regjeringa tek prisutfordringa på alvor.

Noreg sine WTO-forpliktingar inneber at vi ikkje kan ha meir enn vel 11,4 mrd. kr i handelsvridande stønad, såkalla gul boks. For Noreg utgjer målprisane ein stor del av denne stønaden. For 2014 har Noreg rapportert støtte frå gul boks på 9,8 mrd. kr til WTO, det vil seie at handlingsrommet oppover er om lag 1,7 mrd. kr under bindinga om ein ikkje skal overskride denne føringa. Vi har anslått at gul stønad vil auke monaleg i 2015, bl.a. på grunn av stor kornproduksjon. Det ligg ikkje an til at bindinga vil verte endra dei næraste åra.

Noreg tek del i fleire forhandlingar som har auka handel som mål. Det gjeld m.a. frihandelsavtalar med fleire land og artikkel l9-forhandlingar om auka handel med landbruksvarer med EU. Gjennom EØS-avtalen er Noreg forplikta til kvart anna år å gjennomgå handelen med landbruksvarer med tanke på ei gradvis liberalisering. Regjeringa har likevel som mål å vareta norske interesser best mogeleg. Difor er det ein sentral del av regjeringas landbrukspolitikk å utvikle næringa slik at ho toler auka konkurranse over tid. Det vil gje grunnlaget for at vi framleis kan ha ein stor norsk matproduksjon og bruke jordbruksareal over heile landet. Eg trur på å styre utviklinga, framfor å verte styrt av ho. Difor har denne regjeringa prioritert auka konkurransekraft i landbruket. Det er det viktigaste bidraget vi kan gje i den verda vi lever i.

Geir Pollestad (Sp) [13:43:26]: I de to årene der Høyre, Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti og Venstre har stått bak landbrukspolitikken, har det vært en veldig liten økning i budsjettmidlene til norsk matproduksjon, 45 mill. kr, men en har brukt bortimot 800 mill. kr i økte målpriser. Så er det jo slik at ting henger sammen i ulike varianter, og det handlingsrommet som man her har brukt, er delvis et handlingsrom som er skapt av det såkalte ostetollvedtaket, som Fremskrittspartiet var imot, men som en nå baserer politikken sin på. Så mitt spørsmål er: Hvordan vurderer en det som nå skjer med artikkel 19? Er det slik at regjeringen i framtidige oppgjør i større grad vil vektlegge å bruke budsjettmidler for å øke norsk matproduksjon og for å nå de målene som Stortinget har satt for norsk matproduksjon?

Statsråd Jon Georg Dale [13:44:29]: Det er heilt rett at denne regjeringa har prøvd å bidra til å få auka konkurransekrafta i jordbruket framfor budsjettstøtte over statsbudsjettet, og det gjev ei meir marknadsretta næring. Det er eg tilhengjar av. Samtidig er det slik at jordbruket no har fremja eit krav for 2017. Dei forhandlingane skal staten inn i, staten skal gje sitt tilbod 4. mai. Eg vil vente med omsyn til vidare posisjonar til vi faktisk sit i forhandlingsrommet når det gjeld desse spørsmåla.

Geir Pollestad (Sp) [13:45:07]: Jeg hadde kanskje ikke de store forventningene om å få en utgreiing om statens tilbud. Jeg minner om de klare forventningene som Stortinget har til norsk matproduksjon.

Så er det sånn at landbrukspolitikken og norsk matproduksjon er avhengig av andre vilkår som ikke ligger direkte under landbruksministerens konstitusjonelle ansvarsområde. Et eksempel er rovdyrpolitikken, der vi har fått en ulvemelding der landbruksinteressene er fraværende. Min frykt er at landbruksministerens fotavtrykk heller ikke er til stede i den prosessen som pågår rundt artikkel 19-forhandlingene.

Vil statsråden være på ballen for å sørge for at en får artikkel 19-forhandlinger som ender med at regjeringen i framtida også kan bruke sitt viktigste grep, nemlig målprisen?

Statsråd Jon Georg Dale [13:46:10]: Regjeringa vil vareta Noregs interesser, og eg er ein del av den regjeringa som gjer det. Dei forhandlingane pågår, og resultatet vil verte førelagt Stortinget dersom vi oppnår eit nytt forhandlingsresultat.

Eg er veldig glad for at representanten understrekar kor viktig jordbrukspolitikken har vore for Stortinget. Difor kan vi også bruke litt tid på å glede oss over at inntektsveksten dei to siste åra har vore 15 pst. i jordbrukssektoren, noko som er betydeleg meir enn i alle andre sektorar, og at sjølvforsyningsgraden går opp under denne regjeringa. Så politikken fungerer anten Senterpartiet likar det eller ei.

Presidenten: Da er sak nr. 2 ferdigbehandlet.