Stortinget - Møte tirsdag den 6. mars 2018

Dato: 06.03.2018
President: Eva Kristin Hansen
Dokumenter: (Innst. 134 S (2017–2018))

Søk

Innhold

Sak nr. 2 [11:35:54]

Innstilling fra Stortingets presidentskap om endring i Stortingets forretningsorden (Innst. 134 S (2017–2018))

Talere

Tredje visepresident Magne Rommetveit []: Eit innlegg sånn i forbifarten: Presidentskapet legg med dette fram forslag om endring i Stortingets forretningsorden § 27 om komitéhøyringar. Etter forslag frå reglementskomiteen vedtok Stortinget i juni 2017 å ta inn ein regel i § 27 om at ein helst bør halda høyringar når det ikkje er møte i plenum. Det vart dessutan fastsett at unntak frå dette krev samtykke frå presidentskapet.

På bakgrunn av dei erfaringane som ein har gjort sidan starten av sesjonen, foreslo fleirtalet i presidentskapet at kravet om slikt samtykke skulle verta teke ut av forretningsordenen. Eit mindretal, representanten Abid Q. Raja, ønskjer å vidareføra samtykkekravet. Eg går ut frå at han sjølv vil gjera greie for sitt standpunkt.

Eg skal bare kort kommentera forslaget frå fleirtalet og bakgrunnen for det. Alle er samde om at det er ein fordel om komitéhøyringar vert lagde utanom møtetidspunkta i plenum. Forretningsordenen har nokre særreglar om dette. Høyringar kan ikkje haldast når grunnlovsforslag vert handsama, og kontrollhøyringar kan ikkje haldast samtidig med plenumsmøte, med unntak av spørjetimen. Desse reglane set absolutte grenser for når høyringar kan haldast, og unntak krev vedtak i Stortinget.

Regelen om at høyringar elles helst bør haldast på andre tidspunkt enn når det er plenumsmøte, er formulert som ei retningslinje som skal liggja til grunn for planlegginga i komiteane, ikkje som eit absolutt påbod. Bakgrunnen for regelen er først og fremst at representantane skal kunna delta i både høyringar og plenumsdebattar. Særleg i mindre grupper risikerer ein å måtta velja bort debattar eller høyringar dersom desse vert haldne samtidig.

Det er difor ei god retningslinje for komiteane å freista å unngå slike samanfall. Spørsmålet er så korleis ein oppnår den målsettinga regelen gjev uttrykk for. Fleirtalet i presidentskapet meiner komiteane sjølve bør ta ansvar for å følgja opp målsettinga, og at det har vist seg ikkje å vera ei god løysing at presidentskapet skal overprøva dei vurderingane komiteane gjer på dette punktet.

Det er mange omsyn å ta når ein fastset tidspunkt for høyringar i komiteane. Komiteane er etter mitt syn sjølve nærast det å vega desse omsyna mot kvarandre når dei fastset framdriftsplanar og samordnar høyringar med andre aktivitetar som medlemane i komiteen skal delta på. Søknadsordninga har etter mitt syn dels hatt den effekten at komiteane i større grad kan overlata ansvar for å følgja opp regelen i § 27 til presidentskapet, dels har ho ført til auka byråkrati når komiteane skal gjera greie for kvifor eit fastsett høyringstidspunkt er ønskeleg.

Presidentskapet er av gode grunnar atterhaldne med å overprøva arbeidsplanane til komiteane. Eg meiner samtykkeordninga allereie nå har vist seg å vera lite tenleg. Fleirtalet legg til grunn at komiteane søkjer å ivareta målsettinga så langt det let seg gjera, også utan ei særleg samtykkeordning, og føreslår å leggja ei tydelegare føring på dette i § 27. Eg viser elles til merknadane i innstillinga og tilrådinga frå fleirtalet.

Presidenten: Fleire har ikkje bedt om ordet til sak nr. 2.