Stortinget - Møte torsdag den 21. januar 2021 *

Dato: 21.01.2021
President: Tone Wilhelmsen Trøen

Innhold

*) Referatet er foreløpig, ikke korrekturlest.

Voteringer

Votering

Etter at det var ringt til votering, uttalte

presidenten: Stortinget går fyrst til votering over dei resterande sakene på dagsorden nr. 41 frå tysdag den 19. januar, som er sakene nr. 4–7.

Sak nr. 4 var spørsmål til Stortingets presidentskap, og det ligg difor ikkje føre noko voteringstema.

Votering i sak nr. 5, debattert 19. januar 2021

Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonens rapport om den årlige revisjon og kontroll for budsjettåret 2019 (Innst. 176 S (2020–2021), jf. Dokument 1 (2020–2021))

Debatt i sak nr. 5, tirsdag 19. januar

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 1 (2020–2021) – Riksrevisjonens rapport om den årlige revisjon og kontroll for budsjettåret 2019 – vedlegges protokollen.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart samrøystes vedteken.

Votering i sak nr. 6, debattert 19. januar 2021

Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonens undersøking av om statlege barnevernsmyndigheiter sikrar det beste for barn i barnevernsinstitusjonar (Innst. 177 S (2020–2021), jf. Dokument 3:7 (2019–2020))

Debatt i sak nr. 6, tirsdag 19. januar

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 3:7 (2019–2020) – Riksrevisjonens undersøking av om statlege barnevernsmyndigheiter sikrar det beste for barn i barnevernsinstitusjonar – vedlegges protokollen.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart samrøystes vedteken.

Votering i sak nr. 7, debattert 19. januar 2021

Innstilling fra familie- og kulturkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentant Bjørnar Moxnes om barnevern for barnas beste, ikke privat profitt (Innst. 179 S (2020–2021), jf. Dokument 8:18 S (2020–2021))

Debatt i sak nr. 7, tirsdag 19. januar

Presidenten: Under debatten er det sett fram to forslag. Det er

  • forslag nr. 1, frå Åslaug Sem-Jacobsen på vegner av Senterpartiet

  • forslag nr. 2, frå Bjørnar Moxnes på vegner av Raudt

Det vert votert over forslag nr. 2, frå Raudt. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen legge frem en forpliktende opptrappingsplan for avvikling av anbudssystemet i barnevernet, som sikrer at når dagens kontrakter med kommersielle selskap går ut, skal de ikke fornyes, og enkeltkjøp skal avsluttes. Opptrappingsplanen skal sikre at eierskap og drift i barnevernet er offentlig og i langsiktige samarbeid med ideelle aktører.»

Sosialistisk Venstreparti har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Raudt vart med 81 mot 6 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 14.22.18)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 1, frå Senterpartiet. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen:

  • 1. legge frem en forpliktende opptrappingsplan for avvikling av dagens anbudssystem i barnevernet, da barn ikke skal på anbud.

  • 2. unngå konsolidering og for store markedsandeler til store kommersielle leverandører ved utløp av kontrakter med private selskap, og øke andelen ideelle og små, enkeltstående tjenesteytere ved inngåelse av nye kontrakter.

  • 3. legge fram en opptrappingsplan som sikrer at eierskap og drift i barnevernet er offentlig eller i langsiktige samarbeid med ideelle aktører.»

Votering:

Forslaget frå Senterpartiet vart med 78 mot 9 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 14.22.37)

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 8:18 S (2020–2021) – Representantforslag fra stortingsrepresentant Bjørnar Moxnes om barnevern for barnas beste, ikke privat profitt – vedtas ikke.

Presidenten: Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla at dei vil røysta imot.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart vedteken med 45 mot 42 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 14.23.13)

Presidenten: Stortinget går så til votering over sakene på dagens kart.

Votering i sak nr. 1, debattert 21. januar 2021

Presidenten: Sak nr. 1 er andre gongs behandling av lovsak og gjeld lovvedtak 63.

Det ligg ikkje føre noko forslag til merknad. Stortingets lovvedtak er dermed godteke ved andre gongs behandling og vert å senda Kongen i samsvar med Grunnlova.

Votering i sak nr. 2, debattert 21. januar 2021

Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Langskip - fangst og lagring av CO2 (Innst. 143 S (2020–2021), jf. Meld. St. 33 (2019–2020))

Debatt i sak nr. 2

Presidenten: Under debatten er det sett fram to forslag. Det er

  • forslag nr. 1 og 2, frå Lars Haltbrekken på vegner av Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne.

Forslag nr. 1 lyder:

«Stortinget ber regjeringen utrede ulike måter å få sikret resterende finansiering av Fortum Oslo Varmes karbonfangst på, gjennom bruk av innovative finansieringsmekanismer, offentlig innkjøpspolitikk eller pålegg om bruk av avfallshåndtering med energigjenvinning med karbonfangst, og fremme forslag om slik finansiering i forslag til revidert nasjonalbudsjett for 2021.»

Forslag nr. 2 lyder:

«Stortinget ber regjeringen sette mål om utprøving av CO2-fangst fra luften i Norge og sikre finansiering av slike testanlegg.»

Raudt har varsla støtte til forslaga.

Votering:

Forslaga frå Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne vart med 80 mot 7 røyster ikkje vedtekne.

(Voteringsutskrift kl. 14.24.16)

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:
I

Stortinget ber regjeringen avklare videre regime for støtte til norske bedrifter som ønsker å ta i bruk karbonfangst, og fremme forslag om dette i forslag til revidert nasjonalbudsjett for 2021.

II

Stortinget ber regjeringen utrede ulike måter å sikre sterke nok incentiver til å ta i bruk CCS i energigjenvinning av avfall på, med mål om at all energigjenvinning av avfall skjer med karbonfangst.

III

Stortinget ber regjeringen utrede hvilke næringer som har prosessutslipp som er vanskelig å erstatte, og foreslå virkemidler som er sterke nok til å ta i bruk karbonfangst i disse næringene, og komme tilbake med forslag om dette i forslag til statsbudsjett for 2022.

Presidenten: Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti har varsla at dei vil røysta imot.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart med 45 mot 42 røyster ikkje vedteken.

(Voteringsutskrift kl. 14.24.42)

Vidare var tilrådd:

IV

Meld. St. 33 (2019–2020) – Langskip – fangst og lagring av CO2 – vedlegges protokollen.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart samrøystes vedteken.

Votering i sak nr. 3, debattert 21. januar 2021

Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Helge André Njåstad, Jon Georg Dale og Terje Halleland om gjennomgang av planene for vernede vassdrag med mål om å legge til rette for økt verdiskaping gjennom utbygging av vannkraft (Innst. 69 S (2020–2021), jf. Dokument 8:124 S (2019–2020))

Debatt i sak nr. 3

Presidenten: Under debatten har Terje Halleland sett fram eit forslag på vegner av Framstegspartiet. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen åpne for at kraftselskapene kan søke om kraftutbygging også i vernede vassdrag der natur- og miljøinngrepene er begrenset og samtidig gir gevinst i form av økt kraftproduksjon og lønnsomhet.»

Det vert votert alternativt mellom dette forslaget og tilrådinga frå komiteen.

Senterpartiet har varsla støtte til forslaget.

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 8:124 S (2019–2020) – Representantforslag fra stortingsrepresentantene Helge André Njåstad, Jon Georg Dale og Terje Halleland om gjennomgang av planene for vernede vassdrag med mål om å legge til rette for økt verdiskaping gjennom utbygging av vannkraft – vedtas ikke.

Votering:

Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaget frå Framstegspartiet vart tilrådinga vedteken med 63 mot 24 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 14.26.08)

Presidenten: Sakene nr. 4–6 er interpellasjonar, og det ligg difor ikkje føre noko voteringstema.