Presidenten: Etter
ønske fra energi- og miljøkomiteen vil presidenten ordne debatten
slik: 3 minutter til hver partigruppe og 3 minutter til medlemmer
av regjeringen.
Videre vil det
– innenfor den fordelte taletid – bli gitt anledning til inntil
sju replikker med svar etter innlegg fra medlemmer av regjeringen,
og de som måtte ønske å tegne seg på talerlisten utover den fordelte
taletid, får også en taletid på inntil 3 minutter.
Runar Sjåstad (A) [15:07:49 ] : Jeg ble bedt om å ha et innlegg
i stedet for sakens ordfører, Else-May Norderhus.
Svalbard er et
stort sammenhengende villmarksområde. De urørte naturområdene har
stor egenverdi og det er viktig for bevaring av det sårbare biologiske mangfoldet
som finnes der. Bevaring av den særegne villmarksnaturen er et av
hovedmålene for norsk svalbardpolitikk, og i den sammenheng er det
alltid miljøhensynene som skal veie tyngst.
Svalbardmiljøloven
og annet miljøregelverk er de viktigste virkemidlene for å sikre
at aktivitet i området skjer på en måte som ivaretar naturens særegenhet.
Denne saken gjelder
to endringer i lov om miljøvern på Svalbard. Svalbardmiljøloven
regulerer områdevern, naturinngrep og ferdsel, vern av kulturminne,
arealplanlegging i bosettinger, lokal forurensning og avfall samt
jakt og fiske på Svalbard. Det som nå foreslås av endringer i § 82 a,
omhandler et generelt forbud mot bruk av tungolje i hele territorialfarvannet
på Svalbard. Denne lovendringen er formet som et forbud mot å bruke
eller ha om bord petroleumsbaserte drivstoff med høyere tetthet,
viskositet eller stivnepunkt enn det som er tillatt for marin gassolje.
Dette vil nå bli gjeldende over hele Svalbard. Forslaget innebærer
også at mer miljøvennlige typer drivstoff nå vil bli tillatt.
Den andre endringen
er endringen i § 51 andre ledd for å gi forskrift om gebyr for behandling
av private planforslag, slik det i dag gjøres på land.
Begge forslagene
får bred støtte i departementets høringer. Jeg viser til at det
er en samlet komité som står bak denne tilrådningen.
Liv Kari Eskeland (H) [15:10:06 ] : I dag har eg lyst til å
ta fram det litt uparlamentariske ordet «hurra». Mitt hurra er i
første rekkje mynta på tungoljeforbodet som no vert innført i heile
territorialfarvatnet rundt Svalbard. Eg kunne lett ha avslutta mitt
innlegg med dette, for eit slikt hurra bør vera sjølvforklarande,
men eg utdjupar gjerne litt.
Farvatna rundt
Svalbard og polarsirkelen er ekstra sårbare, og føre-var-prinsippet
må leggjast til grunn i slike område. Me har no kome så langt i
vår kunnskap og ikkje minst teknologiutvikling at alt ligg til rette
for at eit slikt forbod vert innført.
Dei store naturområda
på og rundt Svalbard har stor verdi, og ei ulykke med tungolje kunne
ha fått katastrofale utfall og påverka naturen i mange generasjonar framover.
Utslepp av olje frå skip er ein av dei største truslane mot økosystema
i Arktis. Og sjølv om det er innført eit forbod mot bruk av tungolje
i verneområda på Svalbard, er ikkje dette godt nok, all den tid
eit oljesøl utanfor verneområda diverre vil påverka verneområda også.
Det er svært
gledeleg å sjå at det har vore god støtte til forbodet gjennom høyringsinnspela
som har kome. Me merkar oss likevel at Rederiforbundet ytrar ein
viss skepsis og ønskjer at eit slikt forbod skal setjast i verk gjennom
IMO. Samstundes vil eit slikt forbod opna dører for nye drivstoffalternativ,
noko som me oppfattar at også Rederiforbundet er pådrivar for å
finna gode innretningar til.
Departementet
legg opp til gode overgangsordningar som gjer at næringstransport
får tid til å omstilla seg, men det er likevel ingen tvil om kva
som er retninga, og målet står fast.
Så vil eg ha
eit litt meir moderat hurra til den andre delen av forskriftsendringa,
som går på å opna for å kunna gje gebyr for private planframlegg
med heimel i plan- og bygningslova. Men all den tid lokalstyret
sterkt ønskjer å ha høve til å kunna gje slike gebyr, og sidan me
er opptekne av sjølvråderett, tillèt eg meg difor å nikka anerkjennande
til at det vert lagt til rette for å kunne gjera dette.
Statsråd Sveinung Rotevatn [15:12:41 ] : Stortinget har til
behandling to forslag om endringar i svalbardmiljølova. Det første
er eit forslag om å lovfeste eit generelt forbod mot å bruke og
ha om bord tungolje i heile territorialfarvatnet på Svalbard. Vi
har alt eit slikt forbod i dei store verneområda der. Forslaget
no er viktig for å styrkje vernet av det sårbare miljøet på Svalbard mot
skade frå oljesøl, og eg er glad for at eit fleirtal i komiteen
støttar forslaget.
Svalbard er i
hovudsak eit stort, samanhengande villmarksområde. Bevaring av Svalbards
særeigne villmarksnatur er eitt av hovudmåla for norsk svalbardpolitikk,
og politikken legg til grunn at miljøomsyn skal vege tyngst ved
konflikt mot andre interesser. Utslepp av olje frå skip vert rekna
som ein av dei største truslane mot økosystema i Arktis for lokal
aktivitet, og skipsfarten rundt Svalbard har auka raskt i omfang.
Svalbard er stort, og ei opprydding vil vere vanskeleg, om i det
heile mogleg. Faren for skade på miljøet om det skulle skje eit større
oljesøl, er så stor at det er nødvendig med eit regelverk som hindrar
bruk av dei mest miljøskadelege drivstofftypane.
Dei hørte instansane
var i sak positive til forslaget om tungoljeforbod. Nokon meinte
òg at reglane burde ha vore strengare enn foreslått. Eit innspel
om lengre overgangsordningar er tekne omsyn til. Innspel om å følgje
FNs sjøfartsorganisjon IMOs forslag om endringar i MARPOL-konvensjonen
er ikkje aktuelt, då det vil gje eit dårlegare vern enn det som
er i verneområdet i dag.
Vi foreslår eit
tungoljeforbod som opnar for bruk av meir miljøvenleg drivstoff
i verneområda, som f.eks. LNG eller hydrogen. Samtidig vil vi ikkje
tillate bruk av hybridolje, som er godkjend i IMO, og som mindretalet i
komiteen tek til orde for. Hybridolje kan vere vel så farleg for
miljøet som tungolje ved utslepp i kaldt vatn. Reglane i MARPOL-konvensjonen
set minimumskrav og er ikkje til hinder for eit strengare drivstoffkrav
på Svalbard.
Vi meiner difor
at lovforslaget gjev ei god avveging med omsyn til kva som må til
for å beskytte miljøet mot skadelege utslepp, samtidig som andre
omsyn vert varetekne. Vi foreslår ei overgangsordning for fartøy
som går med kol eller stykkgods til eller frå Longyearbyen og Barentsburg,
fram til 2024, for å gje desse samfunna litt betre tid til å tilpasse
seg. Av omsyn til det sårbare naturmiljøet på Svalbard må overgangsordninga
ikkje vere for lang.
Det var det første
forslaget. Veldig kort om det andre: Det handlar om å gje ein heimel
i svalbardmiljølova til å gje forskrift om gebyr for behandling
av private planforslag, for å dekkje lokalstyret i Longyearbyens
behov for reglar tilsvarande det kommunar har på fastlandet, då
omfanget av slike saker aukar. Vi er glad for støtte frå komiteen,
og forhåpentlegvis frå Stortinget, også til den endringa.
Presidenten: Flere
har ikke bedt om ordet til sak nr. 13.
Votering, se tirsdag 25. mai