Stortinget - Møte torsdag den 2. juni 2022

Dato: 02.06.2022
President: Masud Gharahkhani
Dokumenter: (Innst. 380 L (2021–2022), jf. Prop. 102 LS (2021–2022))

Søk

Innhold

Sak nr. 8 [11:33:45]

Innstilling frå helse- og omsorgskomiteen om Endringer i legemiddelloven (legemidler til dyr) (Innst. 380 L (2021–2022), jf. Prop. 102 LS (2021–2022))

Talere

Hans Inge Myrvold (Sp) [] (ordførar for sakene): Som det kjem fram av sakene og komitéinnstillinga, er komiteen veldig samla i synet når det gjeld både innlemminga av forordninga og også dei aktuelle lovendringane som er føreslått i den samanhengen. Me kjenner til at føremålet med forordninga, som erstattar eit tidlegare direktiv, nærmare bestemt 2001/82/EF, er å auka tilgjengelegheita av legemiddel til dyr, effektivisera godkjenningsordningane, stimulera til meir konkurranseevne og innovasjon og ikkje minst bidra til ein effektiv indre marknad – og då styrkja EU sin kamp og arbeid med å kjempa mot antimikrobiell resistens, AMR. Komiteen sluttar seg til lovendringane og godtek EØS-komiteen si tilråding om å innlemma denne som ein del av EØS-avtalen.

Samtidig er det viktig å seia at det har kome ein del reaksjonar, særleg reaksjonar frå nære naboland i Norden og andre EU/EØS-land knytte til situasjonsbeskrivingane rundt denne forordninga. Særleg har ein sett sterke reaksjonar knytte til innføring og innlemming av desse reglane i Danmark. Desse reaksjonane har i stor grad kome i etterkant av komiteen si reelle behandling her på Stortinget. Difor er det viktig for meg som saksordførar å gjera greie for komiteen sitt syn på dette, og eg vil berre presisera at komiteen i behandlinga har følgt dei tilrådingane som har kome frå alle matdepartementa i så måte, både Helse- og omsorgsdepartementet, Næringsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Alle har vore tydelege i si tilråding til Stortinget.

Etter å ha både lese og sett korleis bl.a. Danmark har vurdert denne forordninga, har eg vorte kjend med Mattilsynet sine faglege vurderingar. Forordninga inneheld bl.a. reglar om dyrehelsepersonell sin bruk av legemiddel, og det har vore ein diskusjon om forståinga av fleire av føresegnene i forordninga. Det er kjent. Fleire av landa opplever at føresegnene vert oppfatta som ei innskrenking av dyrehelsepersonell sin forskrivingsrett ved at ein tilsynelatande krev at dyrehelsepersonellet må retta seg strengt etter dei vilkåra som går fram av preparatomtalen av legemiddelet, og ikkje kan tilpassa behandlinga i ein konkret behandlingssituasjon. Det er denne bokstavtru tilnærminga til saka som Danmark har hatt, men som ikkje vert delt av norske myndigheiter. Det finst unntak i artikkel 106 og i artiklane 113 og 114 i forordninga, som gjer at når dyrehelsepersonell ut frå ei forsvarleg fagleg vurdering meiner at den godkjende doseringa etter eit behandlingsregime elles ikkje vil gje den ønskte behandlingseffekten, kan ein nytta denne kaskaden, og førstevalet skal då vera å gjera nødvendige tilpassingar av nettopp dosering eller behandlingstid.

Det er eit sprik i forståinga av forordninga, der ein eigentleg kan setja Danmark og vårt andre naboland Sverige i kvar sin posisjon på ytterkanten. Det er viktig for meg som saksordførar å leggja til grunn at norske myndigheiter har lagt til grunn ei tolking av dei nye føresegnene som inneber at antibiotika framleis kan nyttast etter norsk restriktiv praksis. Det er veldig viktig for meg å formidla herifrå i dag. Dette er ei sak som komiteen i veldig stor grad er oppteken av. Antibiotikabruk og AMR har vore diskutert gjennom interpellasjonar til Stortinget, og det har vore eit særleg fokus frå komiteen på dette. Det at ein legg til grunn at den restriktive bruken held fram, slik som ein kjenner det frå norske myndigheiter si side i dag, er utruleg viktig for oss å leggja vekt på frå Stortinget.

Med det tilrår eg innstillinga som ein samla komité står bak.

Olaug Vervik Bollestad (KrF) []: Jeg takker saksordføreren for jobben han har gjort når de ulike problemstillingene har dukket opp, ikke minst når det gjelder multiresistente bakterier både innenfor dyrehelse – noe som får en konsekvens – og innenfor helse for folk. Vi vet at denne salen har vært opptatt av å bruke minst mulig antibiotika i norsk helsevesen og innenfor norsk dyrehelse. Derfor er det utrolig viktig for oss å vite at vi fortsatt kan det når vi blir innlemmet i dette arbeidet. Derfor var det viktig for Kristelig Folkeparti at dette ble både protokollert og sagt fra denne talerstolen.

Hvis statsråden nå kan si med sikkerhet at vi skal få lov til å ha den strenge holdningen som vi har hatt til den bruken, og at vår tolkning gjelder, kan Kristelig Folkeparti gå inn og stemme for dette.

Irene Ojala (PF) []: Takk til saksordføreren for orienteringen. Vedtaket i EØS-komiteen om å innlemme denne forordningen i EØS-avtalen er gjort med forbehold om Stortingets samtykke fordi dette har lov- og budsjettmessige konsekvenser. Det er en viktig forutsetning, som saksordføreren har gjort rede for i dag. Stortingets flertall vil i dag samtykke og vedta lovendringer under forutsetning av at norsk restriktiv antibiotikapraksis kan fortsette som i dag.

Likevel er det sånn at vi i Pasientfokus ikke kommer til å stemme for forslaget til vedtak i Innst. 381 S for 2021–2022, sak nr. 7, og heller ikke for innstillingen til vedtak i Innst. 380 L for 2021–2022, sak nr. 8, om endringer i legemiddelloven. Pasientfokus mener Norge ikke bør innlemme en forordning som muligens kan øke norsk antibiotikabruk, slik vi har forstått at det også er bekymringer for i Sverige, Finland og Danmark. Vi stemmer derfor ikke for.

Statsråd Ingvild Kjerkol []: Jeg ble oppfordret av representanten Olaug Vervik Bollestad til å bekrefte saksordførerens utledning om hvordan vi ser på dette ut fra norske interesser. Det er Helse- og omsorgsdepartementets vurdering og også Landbruks- og matdepartementets vurdering – som har et delt ansvar også for dyrehelse sammen med Helse- og omsorgsdepartementet – at denne forordningen på ingen måte vil svekke vår gode tradisjon og praksis med lav medisinbruk i norsk dyrehushold og den kompetansen som norske veterinærer utøver når de behandler både husdyr og andre dyr i Norge.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sakene nr. 7 og 8.

Votering, se voteringskapittel