Presidenten [15:40:11 ]: Etter ønske
fra familie- og kulturkomiteen vil presidenten ordne debatten slik:
3 minutter til hver partigruppe og 3 minutter til medlemmer av regjeringa.
Videre vil det – innenfor den fordelte taletid
– bli gitt anledning til inntil syv replikker med svar etter innlegg
fra medlemmer av regjeringa, og de som måtte tegne seg på talerlista utover
den fordelte taletid, får også en taletid på inntil 3 minutter.
Åse Kristin Ask Bakke (A) [15:40:45 ] : På vegner av saksordføraren
vil eg starte med å seie takk til komiteen for samarbeidet og for
noko ein gjer litt sjeldan no til dags: å gjere lovendringar her
i Stortinget i ei sak som har vore viktig for komiteen å løfte.
Så vil eg gå over til Arbeidarpartiets tankar
om lovforslaget vi behandlar i dag. Språk er meir enn berre grammatikk
og rettskriving. Det handlar om identitet, det handlar om rettferd, og
det handlar om språkleg likeverd. Som stolt nynorskbrukar er det
«fole kjekt» å sjå i dag at Stortinget behandlar ei lov for å styrkje
nynorsken si stilling i språklova.
Då Stortinget behandla språklova sist, fremja
vi forslag som diverre blei nedstemte, forslag som hadde villa styrkt stillinga
til nynorsken. Åra går, og fleirtal endrar seg. Difor vil eg òg
gje stor takk til SV, som har fremja forslaget, slik at me saman
med SV, Senterpartiet og Venstre endeleg får vedteke desse styrkingane
og får eit språkleg likeverd.
Fleirtalet i komiteen støttar dei viktige endringane
i språklova, som no går framover for å løfte nynorsken. Det inneber
ikkje ei personleg forplikting for kvar enkelt tilsett om å skrive
både nynorsk og bokmål, som enkelte kan hevde, men det handlar om
å gje leiinga ansvar for at begge målformene blir brukte, og at
tilsette skal få god opplæring og støtte. Det handlar om at ein
skal få dokumenta på nynorsk når eit regionalt statsorgan held til
i ein nynorskkommune. Det er respekt, det er demokratisk, og eg
meiner det er heilt rett.
Ved å ta desse grepa seier vi tydeleg at nynorsk
ikkje er eit sidemål, det er ei likestilt målform. Vi som samfunn
har eit ansvar for å halde det levande. Språk døyr ikkje fordi dei
ikkje blir brukte av folk flest, dei døyr fordi samfunnet vender
ryggen til.
Historia viser kven som aktivt har løfta nynorsken.
Det gjer vi òg i dag. Eg synest det er synd at det i 2025 framleis
er parti i Stortinget – på høgresida – som stemmer imot å styrkje nynorsken.
Vi får til å styrkje nynorsken med det fleirtalet
som er i Stortinget i dag. Det gjer meg stolt. Det gjer vi ikkje
minst for mangfaldet si skuld, vi gjer det for framtida si skuld,
og vi gjer det for at vi skal få fleire stolte nynorskbrukarar som
meg sjølv i framtida.
Tage Pettersen (H) [15:43:53 ] : En av de store og langvarige
konfliktlinjene i norsk politikk i forrige århundre var nettopp
språkstriden. Den gang som nå hadde vi to likestilte målformer,
men staten ønsket å presse fram et felles skriftspråk, såkalt samnorsk.
At dette skapte sterke reaksjoner, er forståelig, for språket vårt
er selve bærebjelken i norsk kultur, identitet og ikke minst i vår
demokratiske infrastruktur. På starten av 1900-tallet handlet språkpolitikken
om nasjonalitet og nasjonen Norge. Vi skulle rett og slett definere
oss selv som et folk. Etter mitt syn gjelder det samme i dag.
Det bringer meg til sakens kjerne: at staten
har en legitim og viktig rolle i språkpolitikken. Hvorfor det? Jo,
det er fordi språket vårt er avgjørende for at demokratiet skal
fungere. God språkpolitikk handler ikke bare om grammatikk og rettskriving,
som det ble sagt av min forgjenger, det handler om muligheten til
å delta i samfunnet, forstå og bli forstått.
For Høyre er det avgjørende å sikre en sunn
og bærekraftig utvikling for norsk språk. God språkforståelse er
en forutsetning for samfunnsforståelse, og språket vårt er den viktigste
kulturelle fellesnevneren vi har. Jeg vil også understreke betydningen
av norsk språk som nøkkelen til å forstå våre skandinaviske nabospråk.
Den skandinaviske språkforståelsen er et kulturelt fellesskap vi
også ønsker å bevare og styrke.
Språkpolitikken er og bør være en av de viktige
oppgavene denne komiteen forvalter, men den saken vi behandler i
dag, handler først og fremst om en omkamp. Det er også lov. Akkurat
som de rød-grønne partiene i dag gjentar sine forslag fra forrige
runde, velger Høyre å stå for det samme vi mente da vi vedtok loven
i 2021, og stemmer derfor mot komiteens tilråding.
Åslaug Sem-Jacobsen (Sp) [15:45:53 ] : Min aller første tale
fra en talerstol holdt jeg som tiåring hjemme på Rygi barneskole
i Heddal. Det var mitt første politiske innlegg. Jeg hadde skrevet
det på nynorsk, for nynorsk, for Notodden kommune ville at skolen
min skulle gå over til bokmål som hovedmål. Siden jeg hadde fått
med meg undersøkelser som sa at de som hadde nynorsk som hovedmål,
gjorde det bedre i norsk senere i skoleløpet, og siden jeg kom fra
en familie hvor jeg allerede på den tiden hadde fått oppleve hvor
vakkert nynorsk er, og hvor viktig det er at vi har det som et offisielt
skriftspråk, var jeg klar for å kjempe for nynorsken allerede da.
Vi vant den gangen, men tapte den samme kampen
senere, dessverre. Kjærligheten til og kamplysten for nynorsken har
siden bare blitt forsterket. Vi har lært at nynorsken må kjempes
for. Derfor er jeg selvfølgelig veldig glad for at jeg og Senterpartiet
i dag er med på å styrke nynorsken i språkloven. Dette er, som første
taler nevnte, en endring i lovteksten, som vi sammen med Arbeiderpartiet
og SV fremmet allerede da språkloven ble behandlet i 2021. Den gangen
ble vi nedstemt. I dag vinner vi. Det betyr at vi fra nå av tydeliggjør
i språkloven at statsorganer skal kreve at ansatte skriver både bokmål
og nynorsk. Vi styrker også retten til å klage når feil skriftspråk
er brukt, og vi slår fast at sentrale statsorganer skal bruke det
språket som flertallet i den regionen de kommuniserer med, bruker.
Dette er viktige skritt for å sikre at språkloven faktisk får virkning
i praksis, og for å utjevne de skjevhetene som fortsatt finnes mellom
bokmål og nynorsk i det offentlige.
Vi i Senterpartiet mener det fortsatt gjenstår
arbeid. Derfor har vi fremmet et eget forslag der vi ber regjeringen
utrede hvilke økonomiske og administrative konsekvenser det vil
ha dersom Språkrådet også får tilsynsansvar for fylkeskommunene.
I dag gjelder tilsynet bare statsorganer, men fylkeskommunene har
også forpliktelser etter språkloven, f.eks. til å bruke korrekt
språkform, følge klarspråkreglene og respektere innbyggernes språkvalg.
Da må vi vite hva som skal til for å sikre oppfølging og etterlevelse
også der. Det forslaget får vi dessverre ikke flertall for, men
kanskje vinner vi kampen for dette ved neste korsvei.
Jeg tar med glede opp Senterpartiets forslag.
Presidenten [15:48:20 ]: Da har representanten
Åslaug Sem-Jacobsen tatt opp det forslaget hun refererte til, til
og med med glede. Det er fint.
Birgit Oline Kjerstad (SV) [15:48:36 ] : Det er ei ære for
meg som nynorskbrukar å få stille for SV i familie- og kulturkomiteen
sin debatt om språklova. Eg er svært glad for at vi no får styrkt
nynorsk i språklova. Det er SV som fremja forslaget, og med Senterpartiet,
Arbeidarpartiet og Venstre på laget fekk vi gjennomslag. Det er
viktig for oss å gjere det vi kan frå sentralt hald for å bidra
til at nynorsk blir styrkt i offentleg forvaltning.
Første talar og tidlegare talarar gjorde grundig
greie for innhaldet i dette lovforslaget, og eg vil berre seie litt
meir om SVs syn. SV meiner det er viktig å sikre at nynorsk får
ein meir aktiv og forpliktande plass i offentleg sektor. Vi meiner også
at fylkeskommunane er viktige aktørar med eit sjølvstendig språkpolitisk
ansvar, og at Språkrådet difor bør føre tilsyn med dei, på lik linje
med andre statsorgan. Regjeringa støttar oss ikkje i dette, antakeleg
mest fordi det medfører uføresette utgifter og administrasjon. Difor
er SV med på mindretalsforslaget, der vi ber regjeringa greie ut
kva økonomiske og administrative konsekvensar det vil ha for Språkrådet
å føre tilsyn med korleis fylkeskommunane etterlever reglane i språklova.
Noregs Mållag skriv i ein Facebook-post at
saka var levert frå komiteen, og at Høgre og Framstegspartiet meiner dette
er rein omkamp. Dei skriv vidare:
«Det har dei rett i, og vi vant omkampen.»
Medlemene i Noregs Mållag takkar vi også, for
dei har vore vakne. Vi kan alle saman vere stolte og fornøgde, for
no endrar vi lova i landet slik at nynorsken får betre kår.
Alfred Jens Bjørlo (V) [15:50:59 ] : Då språklova blei vedteken
i 2021, var det eit historisk løft for norsk språkpolitikk. For
første gong slo vi fast at språka våre treng vern, og at dei skal
brukast i alle delar av samfunnet. Lova gav oss eit langt sterkare
verktøy enn før til å sikre det.
Eg er stolt over at Venstre var med på å fremje
den lova, og eg er stolt over at Venstre i dag er med på å styrkje
ho ytterlegare. Språklova vernar norsk språk som eit grunnleggjande
uttrykk for kultur, historie og identitet, og ho styrkjer òg stillinga
til samiske språk, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk.
Lova slår fast at staten er fleirspråkleg, og at staten har ansvar
for fleire språk. Det er ein viktig verdi.
Det var heilt avgjerande for oss i Venstre
at den nye lova skulle styrkje nynorsken, som er under særleg press.
Difor inneheld språklova i dag verkemiddel som den gamle mållova aldri
hadde. Ho slår fast at alle offentlege organ har eit særleg ansvar
for å fremje nynorsk, som er det minst brukte av dei to norske språka.
Det gjer at vi i dag har eit verkemiddelapparat for språkpolitikk
som faktisk fungerer. Når vi i Venstre no støttar dei nye paragrafane
i språklova fullt og heilt, er det fordi dei forsterkar det vi allereie
har fått til, og gjer det endå betre.
Samtidig ryddar vi opp i eit lite lovteknisk
kaos. Då mållova blei oppheva og språklova tok over i 2022, heldt
forskriftene frå mållova fram så langt dei ikkje strir mot ny lov.
Det er ikkje ei ryddig ordning. No får vi på plass ein betre samanheng
og klarare reglar. Det sikrar m.a. at statlege organ må skrive til
regionale statsorgan på fleirtalsspråket i tenestekrinsen. Eller
for å seie det på ein måte som er mogleg å forstå: Det betyr at
Politidirektoratet t.d. må skrive til politikontor i Vestland på
nynorsk.
I dag tek vi eit nytt steg. Vi gjer nynorsken
sin plass i offentleg sektor meir aktiv, meir forpliktande og meir
konkret. Vi styrkjer kravet om skrivekompetanse i statlege organ.
At tilsette i staten kan skrive både bokmål og nynorsk, er avgjerande
for at det blir produsert tekst på begge språk, i tråd med lova,
slik at folk får møte både bokmål og nynorsk frå det offentlege.
Det er særleg viktig at vi får sjå meir nynorsk i bokmålsdominerte
kvardagar.
Eg skal ikkje late som språklova no er perfekt.
Det finst fleire steg å ta. Mellom anna bør vi sjå på om Språkrådet
bør føre tilsyn med at også fylkeskommunane følgjer opp pliktene
sine, slik som statlege organ. Det får bli neste kapittel. I dag
feirar vi at nynorsken får sterkare rettar, at kommunar og fylke
får større makt over eige språkmiljø, og at vi held fram med å byggje
en språkpolitikk som speglar mangfaldet i landet.
Statsråd Lubna Boby Jaffery [15:54:08 ] : Stortinget vedtok
i 2020 en historisk språklov som har som formål å styrke norsk som
samfunnsbærende språk. Det viktigste Stortinget vedtok i 2020, var
å fastsette norsk språks status som nasjonalt hovedspråk i lovens
§ 4. Både Sverige og Island hadde i 2020 hatt et lovfestet vern
for nasjonalspråk i mange år, så dette var på høy tid.
Norsk språk er viktig fordi det er vår viktigste
infrastruktur for demokrati og offentlig samtale. Språkloven krever
at norsk skal være det fellesspråket alle må mestre for å delta
i samfunnet. Norsk språk er samtidig vår fremste bærer av kultur.
Nynorsk er den minst brukte av de to norske målformene. Nynorsk
er derfor under et særskilt press, både som infrastruktur og som
bærer av språkarv og identitet.
Jeg vil takke SV for et knippe gode forslag
til endringer i språkloven. Jeg støtter nesten alle forslagene fordi
de samlet gjør loven tydeligere og bygger opp under lovens formål
om å fremme nynorsk, som er den minst brukte av de to norske målformene.
Forslaget jeg ikke støtter, er forslaget om
å gi Språkrådet tilsynsansvar for fylkeskommunene. Jeg mener et
slikt eventuelt ansvar trenger en bredere utredning og en offentlig
høring for å kunne vedtas. Med det unntaket mener jeg endringene
som foreslås, er gode og er en forbedring av språkloven.
Presidenten [15:55:36 ]: Flere har ikke
bedt om ordet til sak nr. 36.
Det ringes til votering.
Votering, se voteringskapittel