Stortinget - Møte fredag den 6. juni 2025 *

Dato: 06.06.2025
President: Masud Gharahkhani
Dokumenter: (Innst. 435 L (2024–2025), jf. Dokument 8:259 L (2024–2025))

Søk

Innhold

*) Referatet er ennå ikke korrekturlest​.

Sak nr. 36 [15:39:52]

Innstilling frå familie- og kulturkomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Kathy Lie, Ingrid Fiskaa og Marian Hussein om styrking av språklova (Innst. 435 L (2024–2025), jf. Dokument 8:259 L (2024–2025))

Talere

Presidenten []: Etter ønske fra familie- og kulturkomiteen vil presidenten ordne debatten sånn: 3 minutter til hver partigruppe og 3 minutter til medlemmer av regjeringa.

Videre vil det – innenfor den fordelte taletid – bli gitt anledning til inntil syv replikker med svar etter innlegg fra medlemmer av regjeringa, og de som måtte tegne seg på talerlista utover den fordelte taletid, får også en taletid på inntil 3 minutter.

Åse Kristin Ask Bakke (A) []: På vegner av saksordføraren vil eg starte med å seie takk til komiteen for samarbeidet og for noko ein gjer litt sjeldan no til dags: å gjere lovendringar her i Stortinget i ei sak som har vore viktig for komiteen å løfte.

Så vil eg gå over til Arbeidarpartiet sine tankar om lovforslaget vi behandlar i dag. Språk er meir enn berre grammatikk og rettskriving. Det handlar om identitet, det handlar om rettferd, og det handlar om språkleg likeverd. Som stolt nynorskbrukar er det «fole kjekt» å sjå i dag at Stortinget behandlar ei lov for å styrkje nynorsken si stilling i språklova.

Då Stortinget behandla språklova sist, fremja vi forslag som diverre blei nedstemte, forslag som hadde villa styrkt stillinga til nynorsken. Åra går, og fleirtal endrar seg. Difor vil eg òg gje stor takk til SV, som har fremja forslaget, slik at me saman med SV, Senterpartiet og Venstre endeleg får vedteke desse styrkingane og får eit språkleg likeverd.

Fleirtalet i komiteen støttar dei viktige endringane i språklova, som no går framover for å løfte nynorsken. Det inneber ikkje ei personleg forplikting for at kvar enkelt tilsett skal skrive både nynorsk og bokmål, som enkelte kan hevde, men det handlar om å gje leiinga ansvar for at begge målformene blir brukte, og at tilsette skal få god opplæring og støtte. Det handlar om at ein skal få dokumenta på nynorsk når eit regionalt statsorgan held til i ein nynorskkommune. Det er respekt, det er demokratisk, og eg meiner det er heilt rett.

Ved å ta desse grepa seier vi tydeleg at nynorsk ikkje er eit sidemål, det er ei likestilt målform. Vi som samfunn har eit ansvar for å halde det levande. Språk døyr ikkje fordi dei ikkje blir brukte av folk flest, dei døyr fordi samfunnet vender ryggen til.

Historia viser kven som aktivt har løfta nynorsken. Det gjer vi òg i dag. Eg synest det er synd at det i 2025 framleis er parti i Stortinget – på høgresida – som stemmer imot å styrkje nynorsken.

Vi får til å styrkje nynorsken med det fleirtalet som ligg i Stortinget i dag. Det gjer meg stolt. Det gjer vi ikkje minst for mangfaldet si skuld, vi gjer det for framtida si skuld, og vi gjer det for at vi skal få fleire stolte nynorskbrukarar som meg sjølv i framtida.

Tage Pettersen (H) []: En av de store og langvarige konfliktlinjene i norsk politikk i forrige århundre var nettopp språkstriden. Den gang som nå hadde vi to likestilte målformer, men staten ønsket å presse fram et felles skriftspråk, såkalt samnorsk. At dette skapte sterke reaksjoner er forståelig, for språket vårt er selve bærebjelken i norsk kultur, identitet og ikke minst i vår demokratiske infrastruktur. På starten av 1900-tallet handlet språkpolitikken om nasjonalitet og nasjonen Norge. Vi skulle rett og slett definere oss selv som et folk. Etter mitt syn gjelder det samme i dag.

Det bringer meg til sakens kjerne: at staten har en legitim og viktig rolle i språkpolitikken. Hvorfor det? Jo, fordi språket vårt er avgjørende for at demokratiet skal fungere. God språkpolitikk handler ikke bare om grammatikk og rettskriving, som det ble sagt av min forgjenger, det handler om muligheten til å delta i samfunnet, forstå og bli forstått.

For Høyre er det avgjørende å sikre en sunn og bærekraftig utvikling for norsk språk. God språkforståelse er en forutsetning for samfunnsforståelse, og språket vårt er den viktigste kulturelle fellesnevneren vi har. Jeg vil også understreke betydningen av norsk språk som nøkkelen til å forstå våre skandinaviske nabospråk. Den skandinaviske språkforståelsen er et kulturelt fellesskap vi også ønsker å bevare og styrke.

Språkpolitikken er og bør være en av de viktige oppgavene denne komiteen forvalter, men denne saken vi behandler i dag, handler først og fremst om en omkamp. Det er også lov. Akkurat som de rød-grønne partiene i dag gjentar sine forslag fra forrige runde, velger Høyre å stå for det samme vi mente da vi vedtok loven i 2021, og stemmer derfor mot komiteens tilråding.

Åslaug Sem-Jacobsen (Sp) []: Min aller første tale fra en talerstol holdt jeg som tiåring hjemme på Rygi barneskole i Heddal. Det var mitt første politiske innlegg. Jeg hadde skrevet det på nynorsk, for nynorsk, for Notodden kommune ville at skolen min skulle gå over til bokmål som hovedmål. Siden jeg hadde fått med meg undersøkelser som sa at de som hadde nynorsk som hovedmål, gjorde det bedre i norsk senere i skoleløpet, og siden jeg kom fra en familie hvor jeg allerede på den tiden hadde fått oppleve hvor vakkert nynorsk er, og hvor viktig det er at vi har det som et offisielt skriftspråk, var jeg klar for å kjempe for nynorsken allerede da.

Vi vant den gangen, men tapte den samme kampen senere, dessverre. Kjærligheten til og kamplysten for nynorsken har bare blitt forsterket siden. Vi har lært at nynorsken må kjempes for. Derfor er jeg selvfølgelig veldig glad for at jeg og Senterpartiet i dag er med på å styrke nynorsken i språkloven. Dette er, som saksordfører nevnte, en endring i lovteksten, som vi sammen med Arbeiderpartiet og SV fremmet allerede da språkloven ble behandlet i 2021. Den gangen ble vi nedstemt. I dag vinner vi. Det betyr at vi fra nå av tydeliggjør i språkloven at statsorgan skal kreve at ansatte skriver både bokmål og nynorsk. Vi styrker også retten til å klage når feil skriftspråk er brukt, og vi slår fast at sentrale statsorganer skal bruke det språket som flertallet bruker i den regionen de kommuniserer med. Dette er viktige skritt for å sikre at språkloven faktisk får virkning i praksis, og for å utjevne de skjevhetene som fortsatt finnes mellom bokmål og nynorsk i det offentlige.

Vi i Senterpartiet mener det fortsatt gjenstår arbeid. Derfor har vi fremmet et eget forslag der vi ber regjeringen utrede hvilke økonomiske og administrative konsekvenser det vil ha dersom Språkrådet også får tilsynsansvar for fylkeskommunene. I dag gjelder tilsynet bare statsorgan, men fylkeskommunene har også forpliktelser etter språkloven, f.eks. til å bruke korrekt språkform, følge klarspråkreglene og respektere innbyggernes språkvalg. Da må vi vite hva som skal til for å sikre oppfølging og etterlevelse også der. Det forslaget får vi dessverre ikke flertall for, men kanskje vinner vi kampen for dette ved neste korsvei.

Jeg tar med glede opp Senterpartiets forslag.

Presidenten []: Da har representanten Åslaug Sem-Jacobsen tatt opp det forslaget hun refererte til, til og med med glede. Det er fint.

Birgit Oline Kjerstad (SV) []: Det er ei ære for meg som nynorskbrukar å få stille i familie- og kulturkomiteen sin debatt om språklova for SV. Eg er svært glad for at vi no får styrkt nynorsk i språklova. Det er SV som fremja forslaget, og med Senterpartiet, Arbeidarpartiet og Venstre på laget fekk vi gjennomslag. Det er viktig for oss å gjere det vi kan frå sentralt hald for å bidra til at nynorsk blir styrkt i offentleg forvaltning.

Saksordførar og tidlegare talar gjorde grundig greie for innhaldet i dette lovforslaget, og eg vil berre seie litt meir om SV sitt syn. SV meiner det er viktig å sikre at nynorsk får ein meir aktiv og forpliktande plass i offentleg sektor. Vi meiner også at fylkeskommunane er viktige aktørar med eit sjølvstendig språkpolitisk ansvar, og at Språkrådet difor bør føre tilsyn med dei, på lik linje med andre statsorgan. Regjeringa støttar oss ikkje i dette, antakeleg mest fordi det medfører uføresette utgifter og administrasjon. Difor er SV med på mindretalsforslaget, der vi ber regjeringa greie ut kva økonomiske og administrative konsekvensar det vil ha for Språkrådet å føre tilsyn med korleis fylkeskommunane etterlever reglane i språklova.

Noregs Mållag skriv i ein Facebook-post at saka var levert frå komiteen, og at Høgre og Framstegspartiet meiner dette er rein omkamp. Dei skriv vidare: «Det har dei rett i, og vi vant omkampen.» Medlemene i Noregs mållag takkar vi også. De har vore vakne, og vi kan alle saman vere stolte og fornøgde, for no endrar vi lova i landet slik at nynorsken får betre kår.

Alfred Jens Bjørlo (V) []: Då språklova blei vedteken i 2021, var det eit historisk løft for norsk språkpolitikk. For første gong slo vi fast at språka våre treng vern, og at dei skal brukast i alle delar av samfunnet. Lova gav oss eit langt sterkare verktøy enn før til å sikre det.

Eg er stolt over at Venstre var med på å fremje den lova, og eg er stolt over at Venstre i dag er med på å styrkje ho ytterlegare. Språklova vernar norsk språk som eit grunnleggjande uttrykk for kultur, historie og identitet, og ho styrkjer òg stillinga til samiske språk, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk. Lova slår fast at staten er fleirspråkleg, og at staten har ansvar for fleire språk. Det er ein viktig verdi.

Det var heilt avgjerande for oss i Venstre at den nye lova skulle styrkje nynorsken, som er under særleg press. Difor inneheld språklova i dag verkemiddel som den gamle mållova aldri hadde. Ho slår fast at alle offentlege organ har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst brukte av dei to norske språka. Det gjer at vi i dag har eit verkemiddelapparat for språkpolitikk som faktisk fungerer. Når vi i Venstre no støttar dei nye paragrafane i språklova fullt og heilt, er det fordi dei forsterkar det vi allereie har fått til, og gjer det endå betre.

Samtidig ryddar vi opp i eit lite lovteknisk kaos. Då mållova blei oppheva og språklova tok over i 2022, heldt forskriftene frå mållova fram så langt dei ikkje strir mot ny lov. Det er ikkje ei ryddig ordning. No får vi på plass betre samanheng og klarare reglar. Det sikrar mellom anna at statlege organ må skrive til regionale statsorgan på fleirtalsspråket i tenestekrinsen. Eller for å seie det på ein måte som er mogleg å forstå: Det betyr at Politidirektoratet t.d. må skrive til politikontor i Vestland på nynorsk.

I dag tek vi eit nytt steg. Vi gjer nynorsken sin plass i offentleg sektor meir aktiv, meir forpliktande og meir konkret. Vi styrkjer kravet om skrivekompetanse i statlege organ. At tilsette i staten kan skrive både bokmål og nynorsk, er avgjerande for at det blir produsert tekst på begge språk, i tråd med lova, slik at folk får møte både bokmål og nynorsk frå det offentlege. Det er særleg viktige at vi får sjå meir nynorsk i bokmålsdominerte kvardagar.

Eg skal ikkje late som språklova no er perfekt. Det finst fleire steg å ta. Mellom anna bør vi sjå på om Språkrådet bør føre tilsyn med at også fylkeskommunane følgjer opp pliktene sine, slik som statlege organ. Det får bli neste kapittel. I dag feirar vi at nynorsken får sterkare rettar, at kommunar og fylke får større makt over eige språkmiljø, og at vi held fram med å byggje en språkpolitikk som speglar mangfaldet i landet.

Statsråd Lubna Boby Jaffery []: Stortinget vedtok i 2020 en historisk språklov som har som formål å styrke norsk som samfunnsbærende språk. Det viktigste Stortinget vedtok i 2020, var å fastsette norsk språks status som nasjonalt hovedspråk i lovens § 4. Både Sverige og Island hadde i 2020 hatt et lovfestet vern for nasjonalspråk i mange år, så dette var på høy tid.

Norsk språk er viktig fordi det er vår viktigste infrastruktur for demokrati og offentlig samtale. Språkloven krever at norsk skal være det fellesspråket alle må mestre for å delta i samfunnet. Norsk språk er samtidig vår fremste bærer av kultur. Nynorsk er den minst brukte av de to norske målformene. Nynorsk er derfor under et særskilt press, både som infrastruktur og som bærer av språkarv og identitet.

Jeg vil takke SV for et knippe gode forslag til endringer i språkloven. Jeg støtter nesten alle forslagene fordi de samlet gjør loven tydeligere og bygger opp under lovens formål om å fremme nynorsk som den minste brukte av de to norske målformene.

Forslaget jeg ikke støtter, er forslaget om å gi Språkrådet tilsynsansvar for fylkeskommunene. Jeg mener et slikt eventuelt ansvar trenger en bredere utredning og en offentlig høring for å kunne vedtas. Men med det unntaket mener jeg endringene som foreslås, er gode og er en forbedring av språkloven.

Presidenten []: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 36.

Votering, se voteringskapittel