Til Stortinget
Mottak av flyktningar og asylsøkjarar er ei nasjonal
oppgåve. Det krevst ekstra innsats, engasjement og fleksibilitet
på mange område. Forslagsstillarane er kjende
med at ei rekkje kommunar har opplevd noko vanskelege prosessar
i forhold til Utlendingsdirektoratet (UDI). Det krevst i dag inga
godkjenning frå kommunen ved oppretting av eit privat mottak. Det
inneber at ein kommune utan å vere førebudd kan oppleva
utfordringar som t.d. klassedeling i grunnskulen midt i eit skuleår,
større behov for helsetenester, barneverntiltak, tolketenester
og eventuell norskundervisning for vaksne i eit nyoppretta mottak. Kommunane
har plikt til å stille med tenester for bebuarar i asylmottak.
UDI gav t.d. Sokndal kommune 21. januar 2002 melding
om etablering av eit flyktningmottak i kommunen frå 1. februar.
Dette vart gjort sjølv om UDI var kjend med at eit samrøystes
formannskap hadde vedteke at kommunen ikkje for tida såg
seg i stand til å tilretteleggja for mottak. Det er ingen
tvil om at UDI har ekstra utfordringar i ei tid med stor tilstrøyming
av asylsøkjarar. Utfordringane vert ikkje mindre dersom
det ikkje vert lagt opp til optimal informasjon og dialog undervegs.
Etter Kommunenes Sentralforbund (KS) si meining har fleire kommunar hatt
same oppleving som Sokndal. Dette er ein praksis som i mange tilfelle
ikkje nødvendigvis er eit godt utgangspunkt for den dialogen
som bør etablerast mellom lokalsamfunn og mottak.
Ei viktig side i forhold til kommunane sine oppgåver
og som medfører at fleire kommunar ikkje ser seg høve
til positive vedtak, er praktiske og økonomiske løysingar
på ei rekkje område. Det kan t.d. vere underkapasitet
innanfor barneverntenester, manglande bemanningsmessig og bygningsmessig kapasitet
i skule og barnehage eller vanskar med å rekruttere aktuelt
fagpersonell. Det høyrer også med at ein frå før
stram kommuneøkonomi tel i ei slik vurdering.
Ei anna side er erfaringar kommunar med nedlagde mottak har gjort
seg. Suldal er eitt av fleire døme på ein tilrettelagt
kapasitet på fleire område som plutseleg ikkje
lenger vert kompensert fordi eit mottak på kort varsel
vert stengt.
På denne bakgrunnen vert det fremja følgjande
forslag:
1. Stortinget ber Regjeringa gjennomgå etablert praksis
for etablering av flyktningmottak med sikte på betre førebuande
prosessar mellom Utlendingsdirektoratet (UDI) og aktuelle kommunar.
2. Stortinget ber Regjeringa leggje fram forslag som sikrar
kommunane full økonomisk kompensasjon for meirkostnader
ved slik etablering, her medrekna også overgangsordningar
som sikrar kompensasjon den første tida etter ei eventuell nedlegging.
28. februar 2002