Representantforslag frå stortingsrepresentantane Fredric Holen Bjørdal, Dag Terje Andersen, Anette Trettebergstuen og Lise Christoffersen om strategi for betre arbeidsmoglegheiter for menneske med nedsett arbeidsevne

Til Stortinget

Bakgrunn

For forslagsstillarane er det ein hovudprioritet å setje i verk reformer og tiltak for å støtte opp om arbeidslina og målet om arbeid for alle. Dømer på dette er pensjonsreforma og den nye uførereforma, som skal gjere det lettare å kombinere uføretrygd med ordinært arbeid. Eit anna døme er «Jobbstrategien for personer med nedsatt funksjonsevne» som vart sett i gang i 2012.

Som samfunn er vi diverre ikkje i mål med å inkludere alle i arbeidslivet, og behovet er framleis til stades for å fornye og vidareutvikle arbeids- og velferdspolitikken slik at fleire får moglegheita til å ta del i arbeidslivet. Ved utgangen av mars 2014 var 206 400 personar med nedsett arbeidsevne registrert hos Nav.

Det er eit mål for forslagsstillarane at personar med nedsett arbeidsevne i større grad enn i dag skal kunne kome i arbeid, eventuelt kombinert med ei gradert uføreyting. Ei stor utfordring er at mange personar i yrkesaktiv alder er utanfor arbeidslivet og mottek helserelaterte ytingar.

Behov for ein aktiv strategi

Det er difor, etter forslagsstillarane sitt syn, naudsynt med ein strategi for betre arbeidsmoglegheiter for personar med nedsett arbeidsevne, og meir bruk av gradering i dei helserelaterte ytingane.

Sentralt i ein slik strategi må vere å setje kritisk søkelys på korleis arbeidslivet er innretta i dag, kva slags moglegheiter det gir, og korleis offentlege inntektssikringsordningar, tiltak og tenester underbyggjer arbeidsdeltaking. Målet for forslagsstillarane er at strategien skal føre til at flest mogleg skal kunne ta del i og oppretthalde tilknytinga til det ordinære arbeidslivet. Lukkast ein med dette, vil ein slik strategi også vere eit viktig verkemiddel mot fattigdom.

To delstrategiar

Ein slik strategi må vere basert på to delstrategiar. For det første må han omfatte ein tilknytingsstrategi som inneheld tiltak som sikrar tilknytinga til arbeidslivet. Særlig viktig er dette for menneske som har nedsett arbeidsevne grunna helseproblem, og som dermed står i fare for å falle ut av arbeidslivet. Desse må få bli verande i ei stilling på redusert tid, og med arbeidsoppgåver dei kan meistre.

Tilknytingsstrategien må supplerast med tiltak for å inkludere fleire av dei med nedsett arbeidsevne som står utanfor arbeidslivet i dag, og som ønskjer eit arbeid å gå til. Ein slik inkluderingsstrategi må leggje til rette for deltaking i arbeidslivet for ei samansett gruppe av personar med ulik nærleik til arbeidsmarknaden.

Desse to delstrategiane heng nøye saman. Om ein lukkast med å sikre tilknytinga til dei som står i fare for å falle ut av arbeidslivet, vil færre isolert sett ha trong for bistand for å få arbeid. Tiltak retta mot etterspurnadssida i arbeidsmarknaden vil kunne gje nytt arbeid og inkludere fleire av dei som elles ville ha enda opp med full uføretrygd. Ved å tilby personar med nedsett arbeidsevne eit arbeid dei kan meistre, kan ein også oppnå ei styrking av det samla arbeidstilbodet.

Med ein slik strategi meiner forslagsstillarane at ein legg grunnlag for å inkludere fleire av dei som i dag står utanfor arbeidslivet inn i inntektsgjevande arbeid. Tiltaka er retta mot at fleire menneske i utkanten av arbeidsmarknaden skal kome i arbeid eller få eit breiare og meir varig fotfeste i arbeidslivet. Gevinsten for den einskilde og for samfunnet vil vere avhengig av kor mange fleire som kjem i arbeid, kor mykje dei vil arbeide, og kor mange fleire år dei blir verande i arbeid. Sjølv moderate endringar kan gje store gevinstar, difor vil ein slik strategi potensielt kunne både gje gode samfunnsøkonomiske resultat, og ha mykje å seie for det einskilde mennesket.

Forslag

På bakgrunn av dette blir det fremja følgjande

forslag:

Stortinget ber regjeringa utarbeide og på eigna måte leggje fram for Stortinget ein strategi for å sikre betre arbeidsmoglegheiter for menneske med nedsett arbeidsevne, og i den samanheng vurdere følgjande:

  • Følgje opp og vidareutvikle ungdomsgarantiane for dei under 30 år.

  • Vidareutvikle «Jobbstrategien for personer med nedsatt funksjonsevne».

  • Sikre fleire tilpassa arbeid i offentleg sektor for menneske med nedsett arbeidsevne.

  • Utvikle fleire traineeprogram, nye utprøvingsjobbar og opplæringsstillingar, med vekt på grupper som i dag står utanfor arbeidslivet, særleg personar med psykiske lidingar og personar med nedsett funksjonsevne.

  • Tiltak for å auke delen graderte sjukmeldingar.

  • Utvikle fleire verkemiddel som kan understøtte framleis arbeidstilknyting i sjukepengeperioden og ei meir aktiv og understøttande rolle for arbeids- og velferdsetaten ved sjukefråver.

  • Tiltak for å styrkje arbeidsgjevar sine insentiv til framleis tilknyting etter avslutta sjukepengeperiode.

  • Sikre sjukmelde utan arbeidsgjevar ei god oppfølging frå Nav.

  • Lågare inngangskrav i arbeidsavklaringspengeordninga (AAP) enn dagens krav om 50 prosent nedsett arbeidsevne for personar som har overgang frå sjukepengar.

  • Gradering i AAP-ordninga til erstatning for dagens avkortingsreglar.

  • Tiltak for raskare avklaring av personar på AAP, og vurdere om maksimal stønadsperiode på fire år er høveleg.

  • Eit meir aktivt oppfølgingsopplegg for mottakarar av AAP.

  • Arbeidsretta hjelp til personar med gradert uførepensjon.

  • Vidareutvikle både tidsubestemt lønstilskot og tidsavgrensa lønstilskot.

  • Sikre personar på attføring god og individuell oppfølging og attføringsbedriftene føreseielege rammevilkår.

21. mai 2014