Til Stortinget
Dette forslaget har til føremål å sikre at utlendingar som søkjer
om norsk statsborgarskap får høve til å oppretthalde sitt opphavlege
statsborgarskap, samt at norske statsborgarar som søkjer statsborgarskap
i eit anna land ikkje er tvungne til å gje frå seg sitt norske statsborgarskap.
Eit moderne demokrati bør ikkje tvinge frie menneske til å seie
frå seg eit statsborgarskap dei har fått og ønskjer å halde på.
Noreg har dei siste åra opplevd større og større påverknad frå
globalisering, og jamnt aukande innvandring til landet. I dag er
det nær 670 000 innvandrarar i Noreg, som no har eit samla folketal
på 5 109 056. Aukande migrasjon gjer at mange i dag kjenner seg
knytte til fleire land. Dette skjer som følgje av studiar, arbeid
og giftarmål på tvers av landegrensene. For mange med sterk tilknyting
til fleire land er det tungvint og vanskeleg å skulle seie frå seg statsborgarskap,
og forslagsstillarane er av den klare meining at høvet til å ha
to statsborgarskap vil gjere livet enklare, integreringa betre og
rettferds- og inkluderingskjensla sterkare for mange borgarar.
Om lag halvparten av landa i verda tillet dobbelt statsborgarskap.
Til dømes er dette lovleg i samanliknbare land som USA, Canada (1977),
Sverige (2001), Island og Finland (2003), Belgia og Tyskland (2007),
Australia (2002), Storbritannia (1948), Danmark (2015) og New Zealand.
Dette er alle land som mottek mange norske innvandrarar. Noreg er
eit av svært få land der ein mistar statsborgarskapet ved søknad
om framandt statsborgarskap, utan høve til unnatak. Hellas, Spania,
Litauen, Liechtenstein, Polen og Slovenia har avgrensingar på statsborgarskap for
utlendingar i landet, men ikkje for staten sine eigne innbyggjarar
i utlandet. Kun 6 av Europas 46 statar tillet ikkje dobbelt statsborgarskap,
noko som inneber at over 90 prosent av europeiske borgarar har rett
til dobbelt statsborgarskap. Forslagsstillarane finn det også verdt
å nemne at i land som Danmark, Sverige, Tyskland og Finland har
reglar om dobbelt statsborgarskap vorte innført med breie og blokkoverskridande
fleirtal.
Utviklinga internasjonalt har medført at prinsippet om eitt statsborgarskap
i stor grad er forlete. Opning for dobbelt statsborgarskap er no
den normale rettstilstanden både i Europa og i Norden. Forslagsstillarane
meiner at også Noreg treng å modernisere statsborgarlova si. Ei
slik modernisering bør ha som siktemål å sikre sterakre tilknyting
til landet, samt like moglegheiter og demokratiske rettar for innvandrarar
til Noreg så vel som utvandrarar frå Noreg.
Siste gongen Stortinget tok stilling til spørsmålet om dobbelt
statsborgarskap var i innstillinga om lov om norsk statsborgerskap
(statsborgerskapsloven)https://www.stortinget.no/globalassets/pdf/innstillinger/odelstinget/2004-2005/inno-200405-086.pdf , Innst.
O. nr. 86 (2004–2005), jf. Ot.prp. nr. 41 (2004–2005). Til grunn
for stortingshandsaminga låg innstillinga frå statsborgarskapslovutvalet
(NOU 2000:32), der fleirtalet gjekk inn for at det skulle vere mogleg
med dobbelt statsborgarskap. Dei konkluderte med at spørsmål knytt
til stemmerett og valbarheit, verneplikt, høve til å yte vern og
bistand i utlandet og tryggingsomsyn ikkje talar mot at folk skal
kunne ha dobbelt statsborgarskap. Tvert imot talar fleire av de samme
forholda nettopp for å tillate det. I tillegg kjem høvet til å representere
Noreg i idrett, søkje støtte frå Statens lånekasse, retten til norsk
pass og moglegheit til å ta enkelte stillingar i offentleg sektor. Argumentet
om dobbelt verneplikt som argument mot dobbelt statsborgarskap er
heller ikkje særleg relevant, sidan Noreg har gjort ei rekkje avtalar
med andre land om avtening av verneplikt, grunna i omsynet til dei
borgarane som av ulike årsaker har dobbelt statsborgarskap i dag.
At Noreg har slike avtalar om avtening av verneplikt kjem nettopp
av at det allereie i dag er opning for at nordmenn kan ha doble
statsborgarskap. Dette gjeld til dømes for dei som ved fødselen
får to statsborgarskap grunna foreldra sin herkomst, eller for dei som
av ulike årsaker ikkje kan lausrive seg frå opphavleg statsborgarskap.
Prinsippet om at dobbelt statsborgarskap er mogleg er altså på plass,
noko som gjer at Noreg allereie har avtalar og ordningar som gjeld
dei komplikasjonane doble statsborgarskap kan medføre. Etter forslagsstillarane
sitt syn er det vanskeleg å sjå kva som prinsipielt eller praktisk
skal stå i vegen for at ein kan erverve dobbelt statsborgarskap,
når det allereie er fullt mogleg å bli født til det same.
Moglegheit for dobbelt statsborgarskap vil ha stor praktisk nytte
for norske statsborgarar som bur og arbeider i andre land. Mange
nordmenn bur i utlandet i kortare eller lengre periodar, og mange
har etablert familie. For mange av desse vil det vere ein stor fordel
og svært ønskjeleg å oppnå statsborgarskap i landet dei er busett
i. Samstundes vegrar mange seg for å gje opp det norske statsborgarskapet
sitt, slik norske styresmakter krev av dei, sidan dei gjerne er
både familiært og emosjonelt knytt til Noreg, og ikkje vil ende
i praktiske vanskar dersom dei ein dag vil returnere. Dobbelt statsborgarskap
vil gjere det mogleg for denne gruppa å oppretthalde tilknyting
og identitet i to land, og sikre at det er praktisk enkelt å flytte tilbake.
Til dømes bur det i dag 13 000 norske statsborgarar i Danmark, og
ca. 35 000 i Sverige. Begge desse landa har opna for dobbelt statsborgarskap.Kilde:
Danmarks Statistik: http://www.statistikbanken.dk/10021 Kilde:
Sveriges Statistiske centralbyrån:
http://www.statistikdatabasen.scb.se/pxweb/sv/ssd/START__BE__BE0101__BE0101F/UtlmedbR/?rxid=0a3fa03d-7005-4311-b92e-6cf9df818820
Praksisen i dag skapar også store problem for mange born med
éin norsk og éin utanlandsk forelder. Reglane om i kva grad ein
får, og eventuelt kan halde på, to statsborgarskap, varierer ut
frå kor ein er født, noko som fører til store praktiske problem
for mange familiar. Ein ser mellom anna døme på søsken som blir
forskjellsbehandla fordi dei er fødde i ulike land.
Per 1. januar 2015 var det nær 670 000 innvandrarar i Noreg ifølgje
Statistisk sentralbyrå (SSB). I underkant av 49 prosent kom frå
vestlege land – definert som EU28/EØS, USA, Canada, Australia og New
Zealand. 51 prosent kom frå Asia, Afrika, Latin-Amerika, resten
av Europa og resten av Oseania. Ifølgje Utlendingsdirektoratet (UDI)
fekk om lag 15 200 innvandrarar norsk statsborgarskap i 2014. Det
tilsvarar 88 prosent av dei om lag 17 250 som søkte om dette. I
overkant av 10 prosent av dei som fekk statsborgarskap i 2014 kom
frå vestlege land. SSB skildrar utviklinga slik:
«Selv om antallet overganger til norsk statsborgarskap har
økt i perioden 1977-2013, er det en stadig lavere andel blant dem
som kan skifte statstilhørighet, som faktisk gjør det. Arbeidsinnvandrerne
som har kommet til Norge etter EU-utvidelsen i 2004, bytter ikke
i like stor grad statsborgarskap som flyktninger.»Kilde:
https://www.ssb.no/befolkning/artikler-og-publikasjoner/stadig-lavere-andel-som-tar-norsk-statsborgarskap
Den årlege utviklinga i talet på overgangar til norske statsborgarskap
følgjer naturleg nok i stor grad utviklinga for innvandring sju
til ti år tidlegare. Når ein ser på den faktiske naturaliseringsraten,
som seier noko om andelen av dei som i eit gitt år kan ta norsk statsborgarskap
og faktisk gjer det, viser like fullt SSB-rapporten «Overgang til
norsk statsborgerskap 1977–2011» at «tilbøyeligheten til å ta norsk
statsborgarskap (naturalisering) ikke er like stor de senere årene
som man kan få inntrykk av ved å se på antallet overganger alene».
Svært mange som har høve til å søkje norsk statsborgarskap gjer
det altså ikkje. I den nemnde SSB-rapporten vert det vist til at
fleire enn halvparten av dei som let vere å søkje statsborgarskap,
ville gjort det dersom dei var trygge på å ikkje miste sitt gamle. Dette
er ein trend som nyare forsking stadfestar på tvers av land. Migration
Policy Group (MPG) påpeiker:
«Forskning viser at kravet om å frasi seg det opprinnelige
statsborgarskapet er den viktigste grunnen til at folk ikke vil
søke om nytt statsborgarskap. I Danmark gikk andelen som søkte kraftig
opp etter at reglene ble endret.»Kilde: http://www.utrop.no/Nyheter/28990
For forslagsstillarane står det etter dette klart at regelverket
som tvinger søkjarar til å seie frå seg sitt gamle statsborgarskap
er ein hovudgrunn til at mange let vere å søkje, trass i at dei
fyller kriteriane. Dette er uheldig for integreringa, og hindrar
tusenvis av menneske frå full og ikkje minst demokratisk deltaking
i det norske samfunnet.
Forslagsstillarane meiner at Noreg bør vere eit samfunn som inkluderer
og ønskjer velkomen bufaste innvandrarar som medborgarar og statsborgarar,
så lenge dei respekterer og overheld dei demokratiske verdiane og
lovene i landet. At dei nye medborgarane samstundes har tilknyting
til eit anna land og ein annan kultur, bør ikkje vere til hinder
for full integrering i Noreg.
Berre norske statsborgarar har høve til å delta i stortingsval.
At titusenvis av bufaste innvandrarar, som mellom anna har høve
til å delta i lokalval, ikkje deltek i den viktigaste demokratiske
øvinga, må reknast som eit betydeleg demokratisk underskot i Noreg.
I 2004 uttala Europarådet sin likestillingskomité at dobbelt statsborgarskap
er ei styrke for integreringa, mellom anna grunngjeve i moglegheita
for demokratisk deltaking.
Forslagsstillarane viser til at det er lang tradisjon for at
det vert gjort enklare å få norsk statsborgarskap for søkjarar frå
andre nordiske land. Dette er grunngjeve i fellesnordisk kultur
og språkleg nærleik. Forslagsstillarane viser også til Innst. O.
nr. 86 (2004–2005), der ein samla komité støtta statsborgarskapslovutvalet
sitt framlegg om at kravet om butid for nordiske borgarar vart lempa
til to år. Det bør etter forslagsstillarane sitt syn også bli lempa
på språkkravet til borgarar frå Danmark og Sverige, som etter søknad
ber om dobbelt statsborgarskap. Per januar 2015 var det 19 973 og
36 887 i Noreg frå høvevis Danmark og SverigeSSB: https://www.ssb.no/befolkning/statistikker/innvbef/aar/2015-034?fane=tabell&sort=nummer&tabell=219751.
Etter å ha opphalde seg i riket dei to siste åra (jf. statsborgerloven
§ 13), bør det leggjast til grunn at danskar og svenskar – med eit
morsmål som ligg svært nær norsk – ikkje treng å gjennomføre 300
timar med godkjend norskopplæring.
På denne bakgrunn legg forslagsstillarane fram følgjande
forslag:
1. Stortinget ber regjeringa seinast
hausten 2016 leggje fram forslag til endringar i lov om statsborgarskap
som opnar for dobbelt statsborgarskap. Reglane om tilbakekalling,
krav om løysing frå anna statsborgarskap og tap av statsborgarskap må
tilpassast dette nye prinsippet.
2. Stortinget ber regjeringa seinast hausten 2016 leggje
fram forslag til ei overgangsordning som sikrar at dei som har måtta
seie frå seg sitt norske statsborgarskap som følgje av erverv av
framandt statsborgarskap dei siste 5 åra, vert sikra høve til å
få tilbake sitt norske statsborgarskap ved søknad, uavhengig av
dei ordinære krava til opphaldstid i riket.
3. Stortinget ber regjeringa seinast hausten 2016 leggje
fram forslag om å lempe på språkkrava til danske og svenske statsborgarar
som søkjer norsk statsborgarskap.
14. oktober 2015