Representantforslag om eit styrka lovverk for å sikra norsk eigarskap til skogen

Dette dokument

  • Representantforslag 15 S (2020–2021)
  • Fra: Geir Pollestad og Marit Arnstad
  • Sidetall: 1

Innhold

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Konsesjonslovane har i meir enn 100 år vore eit viktig verkemiddel for å sikra nasjonalt eigarskap til naturressursane. For ein ressurs som skogen har lovane også bidrege til å sikra lokalt og personleg eigarskap.

Då den fyrste konsesjonsloven vart innført i 1909, var årsaka at «trelastbaronar» og aksjeselskap hadde kjøpt opp mykje gardsskog i siste del av 1800-talet.

I Noreg er eigarskapet til skogen lagt på mange hender. Det bidreg til både spreitt og lokalt eigarskap. Norske skogar skal vera utgangspunktet for verdiskaping i ein norsk skogindustri. Norske skogar skal ikkje vera eit reiskap for spekulasjon og plassering av kapital for fond, aksjeselskap og kapitalsterke einskildpersonar.

Regjeringa Solberg har sidan 2013 hatt eit einsidig fokus på å riva ned konsesjonsloven. Då regjeringa vart sett inn, var målet i regjeringsplattforma å kvitta seg med heile systemet med konsesjon. Det har ikkje vore fleirtal for å fjerna konsesjonsloven, men regjeringa har liberalisert så mykje som det har vore mogleg å få fleirtal for.

Det kan verke som om målet har vore å fjerne mest mogleg av konsesjonsplikta, og ikkje å få eit regelverk som er konsistent og funksjonsdyktig. Mellom anna har ein oppheva priskontrollen og auka arealgrensene for konsesjon. I Høgre sitt programutkast for neste stortingsperiode legg ein også opp til ei kraftig liberalisering av konsesjonsregelverket, noko som vil opne døra fullstendig for utanlandsk eigarskap til dei norske skogressursane.

Det har no vorte kjent at ein forretningsmann har selt 600 000 dekar skog og utmark i Namdalen til eit tysk selskap. Fjerning av priskontrollen har gjort sal av slike eigedommar meir lukrativt enn tidlegare.

Det er eit paradoks at skogeigedommar som ligg til eit AS, kan seljast utan krav om konsesjon, når den same eigedommen ville kravd konsesjon om han var i personleg eige.

Skal ein nå målet om å sikre aktivt, privat, lokalt og nasjonalt eigarskap til skogressursane i Noreg, krevst det at ein strammar inn konsesjonsloven og andre lovar slik at regelverket er treffsikkert.

Forslag

På denne bakgrunnen vert det fremma følgjande

forslag:
  • 1. Stortinget ber regjeringa koma attende med forslag til innstrammingar i konsesjonsloven og anna lovverk med eit mål om å styrka det lokale norske eigarskapet til skog og grunn i Noreg.

  • 2. Stortinget ber regjeringa koma attende med forslag til, ei lovendring som inneber at også sal av aksjeselskap som eig konsesjonspliktig areal, krev konsesjon.

6. oktober 2020

Geir Pollestad

Marit Arnstad