Representantforslag om ein ny skogpolitikk

Dette dokument

  • Representantforslag 40 S (2022–2023)
  • Fra: Birgit Oline Kjerstad og Hilde Marie Gaebpie Danielsen
  • Sidetall: 2

Innhold

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Noreg har slutta seg til FNs konvensjon om biologisk mangfald (CBD). Konvensjonen vart gjeldande frå 1993 og skal sikre det biologiske mangfaldet og sørge for berekraftig bruk av biologiske ressursar. I 2010 vedtok partsmøtet for konvensjonen Aichi-måla og denne visjonen:

«I 2050 er det biologiske mangfoldet verdisatt, bevart, restaurert og bærekraftig brukt på en måte som vedlikeholder økosystemtjenester, opprettholder en sunn planet, og gir livsviktige goder til alle menneske.»

Delmål 11 for å oppnå dette var at minst 17 prosent av land og areal med ferskvatn skulle vere verna med eit representativt utval og samanhengande økosystem innan 2020. Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfold, vart lagd fram og vedteken som ein strategi for å oppnå Aichi-måla. Som ein del av dette vedtok Stortinget at 10 prosent av norsk skog skulle vernast. Dette prosentmålet var utleitt av skogvernevalueringsrapporten i 2002. I utgreiingsprosessen påpeika Miljødirektoratet at det er naudsynt med meir systematisk informasjonsinnhenting, planlegging og meir stabile økonomiske rammer for å gjennomføre skogvernmålet. Det vart ikkje sett nokon dato for når skogvernet skulle vere gjennomført, eller vedteke nokon konkret plan eller strategi for å nå målet. Naturtapet i verda er stadig betre dokumentert gjennom Det internasjonale naturpanelet (IPBES) og fleire miljøorganisasjonar sitt arbeid. Mykje av det biologiske mangfaldet finst i gamal naturskog, og det hastar med å få lagt ein strategi for å få gjennomført målet.

Det har vore stor oppslutnad om det friviljuge skogvernet, og Miljødirektoratet er med og vurderer og prioriterer dei innmelde områda for vern og sorterer dei i A-, B- og C-lokalitetar alt etter kva verneverdiar som er i områda som er melde inn som aktuelle for vern. Det tek 3–4 år før eit område er ferdig klassifisert og avtale er signert med skogeigar, men på grunn av underfinansiering av ordninga vil det ta mange tiår før målet om 10 prosent vern av skog i Noreg er nådd.

Halvparten av dei raudlista artane i Noreg har sin levestad i skog, og ifølgje Naturindeks har norske skogøkosystem ein økologisk tilstand betydeleg under ønskt nivå. Med tanke på biologisk mangfald er det derfor også viktig korleis dei 90 prosentane av skogareala som ikkje blir verna, blir forvalta framover. Mange skogeigarar ynskjer også å drive betre og meir berekraftig skogdrift, med meir bruk av lukka hogst og meir forsiktig stell av skogen.

Skogbruket si MiS-registrering skal sikre at skog som er aktuell for hogst, skal miljøregistrerast, men det syner seg ofte at desse registreringane ikkje held god nok kvalitet. Sidan skog som ikkje er registrert i MiS, i stor grad kan hoggast utan restriksjonar, og tømmeret kan leverast som miljøsertifisert tømmer, kan det på grunn av denne underregistreringa vere så mykje som ein firedel av «verneverdig skog» som er frigitt for hogst, som ikkje burde vere det. Dette er område som etter registreringsmetodikken har eit stort potensial for raudlista artar. Fagbiologiske registreringar i område som også er registrerte av skognæringa, viser at MiS-registreringa som næringa gjennomfører, ofte har fanga opp berre ein liten del av dei biologisk mest verdfulle områda, jamfør Biofokus–rapport 2019-11 om sviktande kunnskapsgrunnlag i skog.

Manglande registreringar har fylgjande konsekvensar:

  • Skogeigarane, som betaler for registreringane, får ikkje det dei har betalt for, og difor er dei heller ikkje i stand til å oppfylle kunnskapskravet i § 4 i skogbrukslova:

«Skogeigaren skal ha oversikt over miljøverdiane i eigen skog, og ta omsyn til dei ved gjennomføring av alle tiltak i skogen.»

  • Utan kunnskap om naturverdiane er det ikkje mogleg for skogeigaren å tilby og få godkjent verdfull skog i friviljug vern-ordninga.

  • Utan skikkeleg kunnskap om miljøverdiane er det sviktande grunnlag for miljøsertifisering av tømmer og tømmerprodukt.

  • Forbrukarane blir feilinformerte og kan ikkje ta berekraftige val, fordi kunnskap om naturverdiane er ein føresetnad for berekraftig skogbruk.

  • For dårlege registreringar undergrev tilliten til systemet og sett skogindustrien i fare, fordi god naturregistrering er ein føresetnad for sertifisering og eksport.

  • Manglande eller dårleg registrering fører til at verneverdig gamal naturskog kan snauhoggast utan at samfunnet er merksame på det.

  • Svært mange uerstattelege naturskogar med stort biologisk mangfald har vorte hogde dei siste 20 åra som fylgje av underregistreringa.

Det trengst ein grundig gjennomgang av skogforvaltninga og praksisen. Denne må omfatte:

  • Næringsuavhengige, fagbiologiske registreringar av all skog eldre enn 100 år, som med stort sannsyn har naturskogkvalitetar.

  • Moratorium for flatehogst i dei attverande naturskogane og skog som aldri før har vore flatehogd, inntil vedteken skogvernprosess er avslutta.

  • Innføring av søknadsplikt for flatehogst, slik at hogsten kan vurderast etter naturmangfaldlova kapittel II, og slik at plan- og bygningslova sine krav til konsekvensanalysar for omfattande inngrep kan bli oppfylte.

  • Ei grundig utgreiing av skognæringa sin påverknad på klimagassutslepp og naturmangfald, og mogelege alternative driftsformer.

Fleire forskingsmiljø er urolege for konsekvensane av dagens skogforvaltningspraksis. Det er difor sett i gang eit større forskingsarbeid, ECOREAL, for å finne ut av problemet med tap av biologisk mangfald i skog, og kva som må gjerast. Dette prosjektet involverer både Norsk institutt for naturforsking (NINA), Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) og Fridtjof Nansens institutt. Desse er i ferd med å undersøke dei samfunnsmessige barrierane som gjer det vanskeleg å forvalte skogen i Noreg ut frå heilskaplege økologiske prinsipp. Men med grunnlag i den kunnskapen ein allereie har, er det viktig å kome i gang med ei meir berekraftig skogforvaltning så snart som råd.

Forslag

På denne bakgrunnen blir det fremma følgjande:

forslag:
  1. Stortinget ber regjeringa gjennomføre tiltak som sikrar næringsuavhengige, fagbiologiske registreringar av all naturskog og skog i Noreg som er eldre enn 100 år.

  2. Stortinget ber regjeringa innføre hogstmoratorium for flatehogst i dei attverande naturskogane og i skog som aldri før har vore flatehogd, inntil skogvernmålet er nådd.

  3. Stortinget ber regjeringa fremme forslag om nødvendige lovendringar og endre forskrifter for å innføre søknadsplikt for all flatehogst, slik at denne kan vurderast etter naturmangfaldlova kapittel II om biologiske verneverdiar.

  4. Stortinget ber regjeringa snarast ta initiativ til ei større offentleg utgreiing med mål om å meisle ut ei ny, berekraftig skogforvaltning bygd på ny kunnskap om klimagassutslepp, biologisk mangfald og alternative avverkingsmetodar.

16. november 2022

Birgit Oline Kjerstad

Hilde Marie Gaebpie Danielsen