Representantforslag om å innføra nettpornofilter på offentlege og kommunalt eigde nettverk

Dette dokument

  • Representantforslag 111 S (2023–2024)
  • Fra: Hege Bae Nyholt, Kathy Lie og Olaug Vervik Bollestad
  • Sidetall: 2

Innhold

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Internett har revolusjonert måten ein kommuniserer, arbeider og underheld seg på. Teknologien har ført til store framsteg og endra kva som er mogleg. Men den har òg skapt nye utfordringar.

I Noreg har ein fri tilgang til alt som er på internett. Dette tyder at kven som helst kan søke opp kva som helst av innhald via smarttelefonar eller PC med tilgang til eit nettverk. Dette er ein fridom som må forvaltast klokt, men som legg eit stort press på enkeltindividet.

Pornografi har vore eit betent tema i diskusjonen om fridom på nett. Dette grunnar i at pornografi var kontroversielt lenge før internett blei allment tilgjengeleg.

Den norske kvinnerørsla på 1970- og 1980-talet engasjerte seg i kampen mot trykte pornografiske blad. Den norske feministiske rørsla samarbeidde på dette tidspunktet òg tett med kristne kvinner i kampen mot porno. Sjølv om resultatet av kampane ikkje var ein eintydig siger, endra dei måten samfunnet diskuterte porno på, og argumenta mot porno frå den tida er framleis relevante i dag. Forslagsstillarane ønsker å ta opp att arven etter denne kampen.

Forslagsstillarane er kritiske til konsekvensane som kan følgje av utbreidd og normalisert pornografibruk blant unge. Forskinga på pornografi er tydeleg på dei negative konsekvensane som følgjer med, særleg blant unge. Det er godt kjent at store delar av det pornografiske innhaldet på nettet syner grov og valdeleg sex. Når ungar ned i barneskulealderen blir møtt med dette, er det med på å danna haldningar og forventingar til kva sex skal vera. Forslagsstillarane er særleg uroa for korleis dette er med på å påverka unge gutar sitt syn på kvinner, og korleis det bidreg til seksualisert vald og seksuell trakassering.

NRK publiserte den 7. februar 2024 ei sak om at det blir rapportert om ein tydeleg auke i talet på valdtektssaker, spesielt i Oslo. Der har talet på offer som søker hjelp auka med 70 pst. på 10 år. Auken gjeld alle aldersgrupper, men er størst blant 14–19-åringar, der 95 pst. av ofra er jenter. I dei fleste tilfella er det jamaldrande som utfører valdtektene.

Helsepersonell ved overgrepsmottaket i Oslo meiner at den grenseoverskridande og valdelege pornoen unge ser på i dag, kan vera ein del av årsaka til auken. Element som kvelartak blir nemnt i denne samanhengen. Forslagsstillarane er uroa for at omfanget av valdeleg porno for unge kan gi eit forvrengt bilete av seksualitet.

8. mars 2024 hadde Klassekampen ei lengre sak om porno og seksuell vald. Der har dei mellom anna intervjua fleire fagpersonar som er uroa for utviklinga. Ei av desse er spesialsjukepleiar Camilla Ryther Johannessen, som trekk fram at den pornografien dagens unge møter er noko heilt anna enn tidlegare. Til Klassekampen seier ho:

«Filmene var blitt mye mer voldelige. Det var mye kveling og ‘deep throat’, oralsex der du ser at jenta brekker seg. Og så var det veldig mye incestuøst: ‘step mom’, ‘step sister’. Og mye rasisme. Mye av det som skjer med svarte og asiatiske kvinner, er spesielt grovt.»

I same Klassekampen-sak blir det også vist til to svenske forskingsprosjekt frå 2020 og 2021, der det blir etablert ein klår samanheng mellom pornobruk og utøving av seksuell vald. Ein av forskarane bak prosjektet frå 2021, Meghan Donevan, seier til avisa at unge fortel at porno har lært dei at vald er normalt, og at vald er norma i porno gjennom å visa til at kvinnene i filmane «skal reagere på volden enten med nytelse eller nøytralt».

Forslagsstillarane framheld at det som angår den private sfæren skal få vera der. Kva avgrensingar for pornografi som blir gjort på private nettverk må òg være opp til nettopp den einskilde. Derimot meiner forslagsstillarane at det som angår offentlege nettverk er det offentlege sitt ansvar. Forbod mot pornografiske nettsider på offentlege nettverk er eit naudsynt tiltak for å beskytte barn og unge, og for å fremja eit sunt samfunn. Forslaget vil bidra til å redusere dei negative effektane av pornografi og skape eit meir inkluderande og respektfullt miljø for alle. Å blokkere pornografiske nettsider på alle offentlege nettverk, som skular, bibliotek og andre offentlege rom, kan sende eit kraftfullt signal om at slikt innhald ikkje er noko ein ønsker seg i samfunnet.

Forslag

På denne bakgrunnen blir det fremja følgjande

forslag:
  • 1. Stortinget ber regjeringa fremja dei naudsynte instruksane til kommunane, som eigarar av offentlege/kommunale nettverk, slik at dei kan innføra filter som hindrar barn og unge i å få tilgang til pornografi så lenge dei er kopla til kommunalt internett.

  • 2. Stortinget ber regjeringa koma tilbake til Stortinget med dei naudsynte tiltaka som skal til for å innføra pornografifilter i alle landets kommunar, slik at barn og unge ikkje får tilgang til pornografisk innhald på kommunale nettverk.

15. mars 2024

Hege Bae Nyholt

Kathy Lie

Olaug Vervik Bollestad