Skriftlige spørsmål og svar

Liste over skriftlige besvarelser. Skriftlige spørsmål er en kort spørsmålsform, og er ikke gjenstand for debatt i Stortinget.

Avgrens utvalget

Finn spørsmål til skriftlig besvarelse etter

Berg, Hallgrim (1 - 4 av 4)
  • Skriftlig spørsmål fra Hallgrim Berg (H) til miljøvernministeren

    Dokument nr. 15:54 (1996-97)

    Innlevert: 09.12.1996

    Sendt: 09.12.1996

    Besvart: 16.12.1996 av miljøvernminister Thorbjørn Berntsen

    Friviljuge hjelpemannskap som Geilo Røde Kors møter seig byråkratisk motstand når dei vil halde redningsøvingar på Hardangervidda to gonger i året, noko som er naudsynt for å gjera seg kjende med lokale tilhøve, snø- og isforhold, osv. Ser departementet Raudekrossen som ein samarbeidspartnar, og vil departementet tolke Lov om motorferdsel i utmark og instruere underliggjande organ slik at hjelpekorpsa landet rundt kan setjast i stand til å utføre oppgåvene sine fullgodt?" Grunngjeving: Dei friviljuge hjelpekorpsa spelar ei viktig rolle for menneskeleg tryggleik. Det er ikkje få menneskeliv som er berga gjennom åra. Mannskapa brukar fritid og kompetanse til hjelp og tenester som kjem samfunnet til gode. Det er sjølvsagt at hjelpekorpsa treng opplæring, nyrekruttering, øving i alt slags terreng og i skiftande ver- og føreforhold. Då verkar det meiningslaust at dei må slite med byråkratisk motstand, omstendelege søknader i kvart enkelt tilfelle og bli truga av politimelding når dei vil til fjells for å gjera seg kjende med terreng, snø- og isforhold, osv. i framkant av t.d. vinter- og påskesesongen. Hardangervidda Nasjonalpark er eit viktig verneområde. Ingen hjelpekorps køyrer snøscooter i utrengsmål. Men det er viktig at dei friviljuge mannskapa blir sette i stand til å kunne gjera jobben sin. Naturvern og menneskevern bør kunne gå hand i hand. Dersom styresmaktene legg kjeppar i vegen for hjelpekorpsa som vil trimme sin eigen effektivitet, kan resultatet fort blir ei dårlegare fjellsikring.
  • Skriftlig spørsmål fra Hallgrim Berg (H) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:43 (1996-97)

    Innlevert: 28.11.1996

    Sendt: 28.11.1996

    Besvart: 05.12.1996 av samferdselsminister Sissel Rønbeck

    "Takstane ved bomstasjonen i Lier har auka med 200 pst sidan den vart etablert. Departementet vil no auke satsane ved Kjellstadbommen med 50 pst - frå 10 til 15 kroner - for å forskottere prisstigninga fram til år 2001. Er ikkje slik langtidsforskottering i strid med føresetnadene frå Stortinget i St.prp. nr. 119 og Innst. S. nr. 293 ( 1987-88)?"
  • Skriftlig spørsmål fra Hallgrim Berg (H) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:36 (1996-97)

    Innlevert: 21.11.1996

    Sendt: 21.11.1996

    Besvart: 28.11.1996 av samferdselsminister Sissel Rønbeck

    "I seinare år er det registrert stor auke i bil- og trailertrafikken på Rv52 i og gjennom Hemsedal. Det er føresett at trafikken skal gå over Fillefjell når den vedtekne stamvegen aust-vest opnar med den nye tunnelen Aurland-Lærdal. Kva kan statsråden gjera med dei akutte trafikkproblema og tryggleiken langs Rv52, og kva vil departementet gjera for å skunde på omlegging av Riksvegen utanfor sentrum i tide til opninga av Lærdalstunnelen?"
  • Skriftlig spørsmål fra Hallgrim Berg (H) til kulturministeren

    Dokument nr. 15:3 (1996-97)

    Innlevert: 08.10.1996

    Sendt: 08.10.1996

    Besvart: 15.10.1996 av kulturminister Åse Kleveland

    "Riksteateret blir i Oslo. Den påfølgjande søknaden om eit Nasjonalt Kulturverksted i Drammen er ikkje eingong omtalt i statsbudsjettet for 1997, trass i positive utsegner frå departementet og nært samarbeid mellom byen, fylket og departementet i utviklinga av prosjektsøknaden. Korleis skal dette tolkast, og kva framdriftstempo kan ein rekne med i denne saka?"