År 2001 den 29. mai holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt
§ 1 Formål
Formålet med denne lova er å leggje til
rette for ei kommune- og fylkesinndeling som innafor ramma av det
nasjonale fellesskap kan sikre eit funksjonsdyktig lokalt folkestyre
og ei effektiv lokalforvaltning. Endringar i kommune- eller fylkesinndelinga
bør medverke til å skape formålstenlege
einingar som kan gi innbyggjarane og næringslivet tilfredsstillande
tenester og forvaltning. Verksemda etter denne lova skal byggje
på prinsippet om lokal medverknad og initiativrett til
grenseendringar.
§ 2 Virkeområde
Denne lova gjeld for kommunar og fylke. Lova omfattar både
endring av grenser og fastsetjing av grenser.
§ 3 Definisjonar
Samanslåing inneber at to eller fleire kommunar eller
fylke blir slutta saman til éi ny eining.
Deling inneber at éin kommune eller eitt fylke
blir delt i to eller fleire nye einingar.
Grensejustering inneber at eit område blir flytta over
frå ein kommune til ein annan, eller frå eit fylke til
eit anna. På same måten blir det rekna når
ein heil kommune blir flytta over til eit anna fylke.
Omgrepet grenseendring i denne lova er ei fellesnemning
på samanslåing, deling og grensejustering.
Grensefastsetjing inneber at det blir gjort vedtak om å fastsetje
uklare, omstridde eller tidlegare ikkje fastsette grenser mellom
kommunar eller fylke.
§ 4 Vedtak om samanslåing
Stortinget gjer vedtak om samanslåing av fylke. Kongen
gjer vedtak om samanslåing av kommunar når dei
kommunane saka gjeld har slutta seg til forslaget om samanslåing.
Dersom nokon av kommunane har uttalt seg mot samanslåing,
skal saka leggjast fram for Stortinget til avgjerd.
§ 5 Vedtak om deling
Stortinget gjer vedtak om deling av eit fylke i to eller
fleire nye einingar. Kongen gjer vedtak om deling av ein kommune
når kommunen saka gjeld har slutta seg til forslaget. Dersom
kommunen har uttalt seg mot deling, skal saka leggjast fram for
Stortinget til avgjerd.
§ 6 Vedtak om grensejustering
Kongen gjer vedtak om justering av grenser mellom kommunar
og mellom fylke. Dersom grensejustering mellom fylke får
verknad for fleire innbyggjarar enn det talet som står
bak kvart stortingsmandat i fylket, skal saka leggjast fram for
Stortinget til avgjerd.
§ 7 Vedtak om grensefastsetjing
Kongen gjer vedtak om fastsetjing av uklare, omstridde
eller tidlegare ikkje fastsette grenser mellom kommunar eller fylke.
§ 8 Initiativrett
Søknad om at det skal setjast i gang utgreiing
om grensejustering eller grensefastsetjing kan fremjast av innbyggjarar
og grunneigarar i dei kommunane søknaden gjeld, av næringsdrivande
som har sin registrerte forretningsstad der og av kommunestyret
eller fylkestinget i dei kommunane eller fylkeskommunane søknaden
gjeld.
Søknad om at det skal setjast i gang utgreiing
om samanslåing eller deling kan berre fremjast av kommunestyret
eller fylkestinget sjølv i dei kommunane eller fylkeskommunane
endringsforslaget gjeld.
Departementet kan på eige initiativ utgreie spørsmål
om grenseendring eller grensefastsetjing.
Søknad om at det skal setjast i gang utgreiing
om grenseendring eller grensefastsetjing skal vere skriftleg og
grunngitt, og må innehalde forslag til nye grenser. Søknaden
skal sendast Fylkesmannen i det området saka gjeld. Fylkesmannen
skal så snart som råd orientere kommunane eller
fylkeskommunane om søknaden.
§ 9 Saksutgreiing
Departementet avgjer om det skal setjast i gang utgreiing
på grunnlag av initiativ etter § 8 og tar i tilfelle
stilling til kva som er nødvendig omfang av denne. Avgjerd
etter første punktum er ikkje enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2
første ledd bokstav b. Avgjerd om ikkje å setje
i gang utgreiing bør likevel bli grunngitt i samsvar med
reglane i forvaltningslova § 25 og kan påklagast
i samsvar med reglane i forvaltningslova kapittel VI.
Departementet kan avvise søknad frå søkjarar som
ikkje har initiativrett. Avvisinga skal vere skriftleg og grunngitt.
Kommunale, fylkeskommunale og statlege forvaltningsorgan
skal gi nødvendige opplysningar og i rimeleg utstrekning
medverke ved saksførebuinga, etter oppmoding frå den
som gjer utgreiinga.
Før det blir gjort vedtak om grenseendring eller grensefastsetjing,
skal dei kommunane eller fylkeskommunane saka gjeld, få uttale
seg. I saker om samanslåing eller deling må kommunestyret
eller fylkestinget sjølv uttale seg.
§ 10 Innbyggjarhøyring
Kommunestyret bør innhente innbyggjarane sine synspunkt
på forslag til grenseendring. Høyringa kan skje
ved folkerøysting, opinionsundersøking, spørjeundersøking,
møte eller på annan måte.
§ 11 Utgifter
Departementet avgjer om utgiftene ved utgreiinga skal berast
av ein eller fleire av dei interesserte kommunane eller fylkeskommunane,
eller heilt eller delvis av staten. Kommunane eller fylkeskommunane skal
få høve til å uttale seg før
departementet tek endeleg avgjerd om kostnadsdeling.
§ 12 Skatteplikt o.a.
Når det med verknad frå byrjinga av eit
kalenderår er gjennomført samanslåing
av to eller fleire kommunar, blir alle skattepliktige i eit distrikt
som tidlegare har danna ein sjølvstendig kommune, ved den
første likninga etter samanslåinga å ilikne
kommuneskatt etter dei skattesatsane som i dette distriktet blei
lagt til grunn ved fastsetjinga av forskot på skatt for
vedkomande inntektsår. Dette gjeld likevel ikkje
dersom kommunestyret i vedkomande distrikt før samanslåinga
har gjort vedtak om at det ved likninga skal nyttast andre skattesatsar,
og slikt vedtak er godkjent av Fylkesmannen.
Før samanslåing som nemnt i første
ledd blir sett i verk, skal kommunestyret i den nye kommunen gjere vedtak
om kva skattesatsar som skal nyttast ved berekning av forskot på skatt
for det komande inntektsåret for alle forskotspliktige
skatteytarar i den nye kommunen. Vedtaket må gjerast innan
den fristen som er fastsett av Fylkesmannen. Dersom fristen ikkje blir
halden, skal Fylkesmannen avgjere kva for satsar som skal brukast.
Når eit område blir overført
frå ein kommune til ein annan med verknad frå byrjinga
av eit kalenderår, blir alle skattepliktige i dette området å ilikne
kommuneskatt til den kommunen som avstår området,
ved likning som gjeld inntektsåret før overføringa.
Person som 1. november er busett i eit område som
frå 1. januar i det etterfølgjande året
på grunn av grenseendring kjem inn i ein annan kommune,
blir rekna som busett i denne kommunen når det
gjeld skatteplikta for det inntektsåret som byrjar den
nemnte 1. januar, jf. skattelova § 3-1 andre ledd.
§ 13 Lokale forskrifter, vedtekter og planvedtak
Ved samanslåing og deling av kommunar eller fylke
gjeld lokale forskrifter og vedtekter framleis for vedkomande område
inntil dei blir endra. Departementet fastset ein nærmare
frist for når det lokale regelverket må vere vurdert
med sikte på nødvendig endring.
Ved grensejustering skal forskrifter og vedtekter i den
utvida kommunen straks gjelde for det overførte området.
Ei grenseendring har ikkje verknad for kommunale og fylkeskommunale
arealplanar som er utarbeidde etter reglane i plan- og bygningslova.
For andre planvedtak kan departementet gi nærmare reglar
om verknad av grenseendringa, mellom anna fristar for revisjon av
planvedtaka.
§ 14 Statlege avgiftskrav
I samband med disposisjon som er ei direkte følgje
av grenseendring etter lova her skal det ikkje betalast dokumentavgift
etter § 6 i lov 12. desember 1975 nr. 59 om dokumentavgift,
tinglysingsgebyr etter § 21 i lov 17. desember 1982 nr.
86 om rettsgebyr eller omregistreringsavgift etter § 1
i lov 19. juni 1959 nr. 2 om avgifter vedrørende motorkjøretøyer
og båter.
§ 15 Økonomisk kompensasjon ved
samanslåing
Ved samanslåing av kommunar eller fylke gir staten
delvis kompensasjon for eingongskostnader som er direkte knytte
til samanslåingsprosessen. I ein overgangsperiode gir staten
også kompensasjon for bortfall av rammetilskot.
§ 16 Interkommunalt samarbeid
Kommunar og fylkeskommunar som er med i interkommunalt
samarbeid etter kommunelova § 27, lov om interkommunale
selskap eller kommunal særlovgiving, kan innan eitt år
frå iverksetjing av ei grenseendring seie opp deltakarforholdet
sitt med ein frist på seks månader. Innan den
same fristen kan også kvar av partane krevje at vedtektene
for samarbeidet eller selskapsavtalen blir vurderte på nytt.
Reglane i kommunelova § 27 om å gå ut
av interkommunalt samarbeid og reglane i lov om interkommunale selskap § 30 om å gå ut
av interkommunale selskap, gjeld elles tilsvarande i slike tilfelle.
§ 17 Fullmakter for Kongen til å gi
nærmare reglar for å setje i verk vedtak og til å gjere
unntak frå gjeldande lover og forskrifter
Kongen kan gi nærmare reglar for å sikre
gjennomføring av vedtak om grenseendring etter denne lova.
Når det blir rekna som nødvendig for å gjennomføre
vedtak om grenseendring, kan Kongen dessutan gjere unntak frå gjeldande
reglar i lov eller forskrift. Unntak frå lov må knyttast
til følgjande forhold:
a) reglar om lovpålagte organ i stat,
fylkeskommune eller kommune
b) reglar om lovfesta fristar, saksbehandlingsreglar o.a.
c) reglar om forhold og vilkår for arbeidstakarar
i stat, fylkeskommune eller kommune
d) reglar om fristar og vilkår for å krevje
inn eigedomsskatt.
§ 18 Avtale om økonomisk oppgjer
Ved grensejustering og deling av kommunar og fylke skal
det gjennomførast økonomisk oppgjer mellom kommunane
og fylkeskommunane, dersom dei ikkje finn det unødvendig.
Kommunane kan be Fylkesmannen om hjelp til å forhandle
fram ein avtale om det økonomiske oppgjeret.
Dersom partane ikkje blir samde om det økonomiske
oppgjeret, skal det gjennomførast ved skjønn. Ved
skjønnet skal reglane i §§ 19-22 leggjast
til grunn.
§ 19 Grensejusteringar
Blir eit område skilt ut frå ein kommune
eller eit fylke og lagt til ein annan kommune eller eit anna fylke,
skal den retten som den første kommunen eller fylkeskommunen
har til vegar, gater, bruer, offentlege plassar og annan forvaltningseigedom
som fullt ut eller i svært stor grad tener vedkomande område,
overførast til den andre kommunen eller fylkeskommunen.
Annan eigedom kan fordelast mellom kommunane eller fylkeskommunane,
eller påbydast nytta i fellesskap, dersom dette er rimeleg
og formålstenleg ut frå kommunale eller fylkeskommunale
omsyn. Skjønnsnemnda, jf. § 23, avgjer i kva forhold
delinga eller samarbeidet skal gå føre seg, og
kan fastsetje nærmare vilkår.
Skjønnsnemnda kan avgjere at gjeld som ein kommune
eller fylkeskommune har stifta i samband med kjøp av eller
påkostnad på eigedom som nemnt i første
og andre ledd, heilt eller delvis skal takast over av den kommunen
eller fylkeskommunen eigedommen blir overført til. Eventuelt
kan det fastsetjast at vedkomande kommune eller fylkeskommune skal
betale vederlag for eigedommen i pengar.
Dersom det ikkje blir teke særskilt avgjerd, skal rettar
og plikter som ikkje er fordelte etter første til tredje
ledd i denne paragrafen, bli att hos den opphavlege kommunen eller
fylkeskommunen.
§ 20 Delingar
Blir ein kommune eller eit fylke delt i to eller fleire
kommunar eller fylke, eller blir ein kommune eller eit fylke delt
og dei enkelte delane lagt til andre kommunar eller fylke, skal § 19
første ledd tilsvarande gjelde forvaltningseigedom som
fullt ut eller i svært stor grad tener eitt bestemt område.
Annan eigedom og andre plikter blir å fordele mellom
dei kommunar eller fylkeskommunar områda blir lagt til.
Fordelinga blir gjort på grunnlag av eit forholdstal som
blir rekna ut etter skatteinntektene i dei siste fem åra
i kvart av områda, med mindre skjønnsnemnda av
særlege grunnar fastset noko anna. Så framt det
er mogleg, skal oppgjeret gjennomførast slik:
1. Fast eigedom blir lagt til den kommunen eller
fylkeskommunen som må reknast som mest rettkomen til den
ut frå folketalet og innbyggjarane sine behov og plasseringa
av eigedommen - også i høve til andre anlegg.
2. Gjeld blir fordelt i forhold til dei omsetjelege verdiane
som blir overtekne.
3. Andre tilgodehavande og plikter blir overtekne av den
kommunen eller fylkeskommunen som etter forholda blir rekna som
nærmast til å overta dei.
4. Anlegg med rettar og plikter som det etter delinga ikkje
er rimeleg at nokon enkelt kommune eller fylkeskommune tek over,
kan påbydast nytta i fellesskap av to eller fleire av kommunane
eller fylkeskommunane.
Har nokon kommune eller fylkeskommune ved fordelinga av
rettar og plikter teke over meir eller mindre enn det som følgjer
av forholdstalet, skal det jamnast ut i pengar.
§ 21 Erstatning
Dersom ein kommune eller fylkeskommune etter det oppgjeret
som blir gjennomført i samsvar med §§ 19
eller 20, blir vesentleg svekt økonomisk, kan ein annan
av kommunane eller fylkeskommunane, der det blir rekna som rimeleg,
påleggjast å betale erstatning, som blir betalt
med ein eingongssum eller i årlege ratar i ein viss overgangsperiode.
§ 22 Garantiar
Kommunal eller fylkeskommunal garanti for gjeld eller plikter
som er knytte til fast eigedom eller bedrift, skal ved grensejustering
og deling takast over av den kommunen eller fylkeskommunen der eigedommen
eller bedrifta ligg etter grenseendringa.
Ved deling av kommunar eller fylkeskommunar skal garantiar
for gjeld eller plikter som ikkje er knytte til fast eigedom eller
bedrift, fordelast mellom dei nye kommunane eller fylkeskommunane
etter forholdstalet for det økonomiske oppgjeret i det
heile.
§ 23 Skjønnsnemnd og overskjønnsnemnd
Kommune eller fylkeskommune som er omfatta av grenseendring
etter denne lova, kan innan eitt år etter at vedtaket er
sett i verk, krevje at det økonomiske oppgjeret - eller
delar av det - skal fastsetjast ved skjønn, såframt
partane først har prøvd å kome til semje
om eit økonomisk oppgjer.
Til å fastsetje slikt skjønn nemner departementet opp
ei skjønnsnemnd på tre medlemmer med varamedlemmer.
Nemnda skal ha ein funksjonsperiode på fire år.
Kvar av partane kan innan to månader etter at
dei har teke i mot avgjerda til skjønnsnemnda, reise saka for
ei overskjønnsnemnd til endeleg avgjerd. Departementet
nemner opp overskjønnsnemnda, som skal ha tre medlemmer
med varamedlemmer. Nemnda skal ha ein funksjonsperiode på fire år.
Leiarane i nemndene og deira varamedlemmer skal ha dei
eigenskapane som er føreskrivne for dommarar, jf. domstolslova §§ 53
og 54 andre ledd. Reglane i domstolslova kapittel 6 om ugildskap
gjeld tilsvarande for medlemmene av skjønnsnemnda og overskjønnsnemnda.
Departementet avgjer spørsmål om ugildskap for
leiarane i nemndene og deira varamedlemmer. Elles blir slike spørsmål
avgjort av vedkomande nemndleiar.
§ 24 Saksbehandling og dekning av kostnader
ved skjønn
Den av partane som reiser ei sak for skjønnsnemnda
til avgjerd, skal gi ei utgreiing om kravet sitt og dei faktiske
forholda som kravet byggjer på. Nemnda skal innhente synspunkt
frå motparten og kan elles påleggje kvar av partane å kome
med ytterlegare opplysningar. Skjønnsnemnda bør
så tidleg som mogleg kalle inn partane til ein konferanse
der saka blir gjennomgått i hovudtrekk og det elles blir
teke nødvendige avgjerder om behandlinga av saka.
Skjønnsnemnda og overskjønnsnemnda fastset spørsmålet
om dekning av kostnader, mellom anna om fordeling av utgiftene mellom
partane når dette synest rimeleg. Departementet svarer
for godtgjersle og andre utgifter til medlemmene i nemndene. Departementet
gir nærmare reglar om godtgjersle og utgiftsdekning.
§ 25 Felles kommunestyre-
eller fylkestingsmøte
Når det er gjort vedtak om samanslåing
av to eller fleire kommunar, skal Fylkesmannen snarast mogleg kalle
saman til eit felles møte med dei aktuelle kommunestyra.
Ved samanslåing av fylke eller kommunar som ligg i ulike
fylke, kallar departementet saman fylkestinga eller kommunestyra.
På slike fellesmøte skal følgjande saker
drøftast:
a) forslag til namn på den nye kommunen
eller det nye fylket
b) talet på medlemmer i det nye kommunestyret eller fylkestinget
c) kriterium for samansetjing av og funksjonar til fellesnemnd
etter § 26 i denne lova
d) val av revisjonseining for verksemda i fellesnemnda
e) oppretting av eventuelle andre fellesorgan for å sikre
gjennomføringa av samanslåinga.
§ 26 Fellesnemnd
Ved samanslåing av kommunar eller fylkeskommunar
skal det opprettast ei fellesnemnd til å samordne og ta
seg av førebuinga av samanslåinga. Nemnda skal
setjast saman slik at ho speglar av innbyggjartalet i dei enkelte
kommunane eller fylkeskommunane. Det skal likevel vere minimum fem
medlemmer i nemnda frå kvar kommune eller fylkeskommune.
Fellesnemnda blir valt av og blant medlemmene i kommunestyret eller
fylkestinget. Nemnda vel sjølv leiaren og nestleiaren i
nemnda. Reglane i kommunelova om val og saksbehandling i folkevalde
organ gjeld elles tilsvarande.
Kommunane eller fylkeskommunane kan også opprette
eit felles partssamansett utval etter kommunelova § 25
for behandling av saker som gjeld forholdet mellom den nye eininga
som arbeidsgivar og dei tilsette.
Fellesnemnda skal ta hand om det førebuande arbeidet
med budsjettet for det første driftsåret etter
at samanslåinga er sett i verk. Nemnda skal i sin virkeperiode
gi fråsegn til departementet om årsbudsjetta for
dei kommunane eller fylkeskommunane saka gjeld.
Andre arbeidsoppgåver og fullmakter for nemnda blir
fastsette i reglement som må vedtakast i alle kommunestyra
eller fylkestinga. Kvar av kommunane eller fylkeskommunane kan be
departementet om å ta avgjerd i slike spørsmål
dersom det ikkje er mogleg å kome til semje.
Nemnda kan få fullmakt til å tilsetje
personale i den nye eininga. Dette gjeld også kommunestyret/fylkestinget
si fullmakt til å tilsetje administrasjonssjef og revisor.
Fellesnemnda kan gi eit arbeidsutval myndigheit til å gjere
vedtak i enkeltsaker eller i saker som ikkje er av prinsipiell art.
Reglane i kommunelova om møte- og talerett for ordførar,
leiar av kommuneråd eller fylkesråd, administrasjonssjef
og tilsette gjeld tilsvarande for nemnda. Reglane i § 59
om lovlegkontroll gjeld tilsvarande for avgjerder fellesnemnda tek.
Funksjonsperioden for fellesnemnda går ut når
det nye kommunestyret eller fylkestinget er konstituert etter reglane
i § 27.
§ 27 Konstituering
av nytt kommunestyre eller
fylkesting
Når det er gjennomført val til kommunestyre
eller fylkesting i løpet av september månad året
før ei samanslåing blir sett i verk, skal det
nyvalte kommunestyret eller fylkestinget kallast saman til konstituerande
møte innan utgangen av oktober månad. Leiaren
av fellesnemnda kallar saman og leier møtet inntil ny ordførar
er valt. Elles gjeld reglane i kommunelova § 17 nr. 1-3
om konstituerande møte mv. i kommunestyre og fylkesting.
Funksjonsperioden for kommunestyra og fylkestinga i dei
kommunane og fylkeskommunane som skal slåast saman, varer
inntil tidspunktet for iverksetjing av samanslåinga. Deira
ansvar og fullmakter er likevel avgrensa til det som er nødvendig
for å avslutte verksemda i dei eksisterande einingane.
§ 28 Lovlegkontroll
Departementet fører kontroll med lovlegheita av budsjettvedtaka
i kommunar og fylkeskommunar når utgreiing om samanslåing
er sett i gang.
§ 29 Iverksetjing o.a.
Lova tek til å gjelde frå det tidspunktet
Kongen fastset.
Frå same tid blir lov om endring i kommunal inndeling
21. desember 1956 nr. 3 oppheva.
§ 30 Overgangsreglar
Når det er sett i gang økonomisk oppgjer
mellom kommunar etter reglane i lov 21. desember 1956 nr. 3, skal
oppgjeret avsluttast etter nemnte lov kapittel II om ikkje partane
blir samde om å leggje reglane i denne lova til grunn.
Saker som er under behandling i skjønnsnemnda eller overskjønnsnemnda,
blir avslutta i samsvar med reglane i den nemnte lova.
Jorunn Ringstad |
Olav Gunnar Ballo |
president |
sekretær |