Vedtak til lov om tillegg til lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane

År 2008 den 2. desember holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt

vedtak til lov om tillegg til lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane

I

For skatteåret 2009 skal eigedomsskatten på anlegg som nemnd i skatteloven § 18-5 første leden reknast ut etter verdet (taksten) som vert sett ved likninga året før skatteåret, med følgjande korrigering:

Ved utskrivinga skal verdet endrast såleis at rentesatsen etter skatteloven § 18-5 niande leden andre punktum skal vere gjennomsnittet av renta på statskassevekslar med 12 månaders gjenståande løpetid, rekna på grunnlag av inntektsåret og dei to førre inntektsåra pluss 3 prosentpoeng, korrigert for gjennomsnittet av årleg inflasjon for dei same tre inntektsåra, målt etter endringa i den gjennomsnittlege konsumprisindeksen frå året før.

Renta etter den føregåande leden skal avrundast til næraste tidels prosentpoeng. Gjennomsnittet av renta over tre år på statskassevekslar med 12 månaders gjenståande løpetid og gjennomsnittet over tre år av årleg inflasjon skal avrundast til næraste hundredels prosentpoeng.

II

Reglane under I tek til å gjelde straks, og får verknad for skatteåret 2009. Lova fell bort 1. januar 2010 med verknad frå og med skatteåret 2010.

Berit Brørby Asmund Kristoffersen
president sekretær