Stortinget - Møte tirsdag den 4. mai 1999 kl. 10

Dato: 04.05.1999

Sak nr.11

Kirke-, utdannings- og forskningsministerens redegjørelse om utdanningspolitikk

Talere

Statsråd Jon Lilletun: Eg startar den siste utdanningspolitiske utgreiinga til Stortinget i dette tusenåret positivt og optimistisk: Vi har mykje å vere glade for i norsk utdanning!

Alle born og unge, same kva bakgrunn dei har, har lik rett til tilpassa opplæring gjennom 13 år i grunnskule og vidaregåande opplæring. Vi har eit desentralisert nettverk av grunnskular, vidaregåande skular, læreverksemder, høgskular, universitet, folkehøgskular, studieforbund, fjernundervisnings- og forskingsinstitusjonar osv. med solid kompetanse. Det generelle utdanningsnivået plasserer Noreg i fremste linje internasjonalt. Vi er i ferd med å få på plass ein solid grunnmur for eit skikkeleg kompetanselyft for vaksne.

Det er brei politisk semje om at Noreg skal ha ambisjonar om ein plass i den internasjonale elitedivisjonen når det gjeld kunnskap og kompetanse. Utdanningspolitikken kan derfor ikkje vere statisk, men må pregast av dynamisk utvikling.

I talen sin til Stortinget 11. februar i år lyfta statsministeren fram tre overordna kvalitetskrav til framtidssamfunnet: eit nyskapande, eit solidarisk og eit tryggare Noreg. Regjeringa vil arbeide for å medverke til at det norske samfunnet i eit nytt årtusen skal utvikle seg i ei slik lei.

Utdanningspolitikken er sentral for å sikre kompetansen hos arbeidstakarane og skaffe arbeid til alle. Kvaliteten på opplæringa i skule og arbeidsliv betyr mykje for kva slags kvalitetar vi utviklar i samfunnet. I arbeidet for eit nyskapande, solidarisk og tryggare Noreg legg Regjeringa derfor stor vekt på kunnskaps- og kompetanseutvikling i eit livslangt læringsløp.

Tilstandsrapportane frå utdanningsdirektørane for 1998, som vert lagde fram i dag, viser at vi framleis har utfordringar i utdanningspolitikken både på lokalt og nasjonalt nivå. Eg kommenterer nokre hovudpunkt i rapportane i denne utgreiinga, men gjev ikkje ei utfyllande vurdering av tilstanden frå vegg til vegg. Eg nemner òg at eg i vår legg fram fem stortingsmeldingar som femner over heile utdanningsområdet frå grunnskule til forsking. Her tek Regjeringa opp og vurderer ei rekkje viktige spørsmål og inviterer Stortinget til å drøfte og ta stilling til konkrete forslag og stake ut kursen vidare på relativt brei front.

På denne bakgrunnen vil eg bruke mesteparten av den tilmålte tida mi i dag til å utdjupe nærmare fylgjande overordna utdanningspolitiske prioriteringar frå Regjeringa si side:

  • å styrkje kvaliteten i og mellom alle ledd i utdanningssystemet

  • å fremje nyskapings- og utviklingsarbeid, mangfald og fleksibilitet

  • å flytte meir av fokus frå sentrale styringsnivå til lokale handlingsrom

  • å styrkje og konkretisere verdiperspektivet i opplæringa

Vi er i ferd med å avslutte eit tiår som har reformert norsk utdanningssystem frå kjellar til loft: grunnskulereforma, Reform 94, høgskulereforma – og no står vi framfor kompetansereforma. Vi møter eit nytt årtusen med eit modernisert utdanningspolitisk struktur- og rammeverk.

Endringar i samfunnet krev utdanningspolitiske reformer. Men sentralstyrt modernisering av strukturar og rammeverk fører ikkje automatisk til fornying av praksis. Hovudutfordringa no er å fylle det nye reformrammeverket med innhald og arbeidsformer som er tilpassa behova i eit samfunn i rask endring, og som kan gje svar på viktige spørsmål frå born, ungdom og vaksne som skal orientere seg i framtidslandskapet.

Eit samfunn i endring krev evne til nytenking og omstilling. Eit fleirtal av arbeidsplassane i framtida finst truleg ikkje i dag. Dei må skapast. Dette krev eit utdanningssystem som legg vekt på nyskaping og forskingsaktivitet på internasjonalt høgt nivå.

Regjeringa har gjennom oppretting av Mjøs-utvalet teke initiativ til ein generalgjennomgang av universitets- og høgskulesektoren – i lys av samfunnsutviklinga nasjonalt og internasjonalt. Internasjonalt ser ein konturane av ein kompetansemarknad der grensene mellom land vert mindre viktige. Ein ser òg tendensar til sterkare fokusering på standardisering av utdanningsløp og kvalitet. Eg forskotterer ikkje konkrete konklusjonar mens utvalet arbeider og prosessane er i gang, men varslar likevel endringar når det gjeld t.d. gradssystem, utdanningslengd, kvalitetsutvikling osv.

Ved inngangen til dette hundreåret kom den svenske psykologen Ellen Key i boka «Barnets århundrade» med særs krasse åtak på det ho kalla «själamorden i skolorna».

Praksis i skulen har endra seg sidan Ellen Keys bannbulle. Hundre år etter utfordrar eg likevel til fornying av læringsmetodar og organisering av opplæringa på alle nivå i utdanningssystemet. Vi treng meir «learning by doing», erfaringslæring som aktiviserer elevar og studentar meir direkte i læringsprosessane. Elevane etterlyste dette på ungdomsskulehøyringa til Barneombodet sist torsdag. Ein OECD-rapport frå 1997 konkluderte m.a. med at universitet og høgskular i Noreg er prega av tradisjonell undervisning og eksamensførebuing og legg for lite vekt på problembasert læring og andre arbeidsformer som har dokumentert stort læringsutbyte.

Gjennom «Entreprenørskap på timeplanen» satsar no fleire skular på meir nyskapande læringsmetodar. Sentrale mål er å gje dei unge tru på eigne krefter og evner til å ta i bruk lokale ressursar for å skape arbeidsplassar, m.a. gjennom prosjektarbeid eller etablering av elevverksemd. Entreprenørskap gjev positive regionalpolitiske og næringspolitiske gevinstar, fremjar ressursforståing og gjev rom for jenter i leiarrolla. Det handlar like mykje om ein tenkjemåte som eit tiltak eller ein metode, om å flytte tyngdepunktet

  • frå lydnad til sjølvstende

  • frå passivitet til aktivitet

  • frå ein faginndelt skulekvardag til heilskap

  • frå reproduksjon til nyskaping

  • frå innlæring av einskildfakta til forståing for samanheng og problemløysing

  • frå «å verte ferdig utdanna» til å ha endringsvilje og motivasjon for livslang læring

Regjeringa vil styrkje samvirket mellom utdanningssystem, arbeidsliv og samfunnet elles, som ledd i innsatsen for å skape livskraftige lokalsamfunn som tilpassar seg framtidige krav til arbeidsplassar og verdiskaping. Eg ser det m.a. som viktig å

  • vidareutvikle dei vidaregåande skulane som lokale ressurssenter

  • oppmuntre til samarbeidsavtalar mellom næringsliv og utdanning på ulike nivå

  • gje tilbod om arbeidslivskunnskap ved høgskulane, utforma i samarbeid med nærmiljø og næringsliv.

Eg vil her gje ros med omsyn til det arbeidet som vert gjort i fylkeskommunane for å skaffe fram lærlingplassar.

Tøff prioritering i kommunebudsjetta trugar ofte skulestrukturen. Gjennom prosjektet Nyskapande skular, der informasjons- og kommunikasjonsteknologi spelar ei viktig rolle, satsar Regjeringa på å motverke nedlegging av grunnskular i distrikta.

I budsjettvedtaket for 1999 vart det øyremerkte tilskotet til skulefritidsordninga redusert. Førebelse rapportar over talet på born i SFO våren 1999 frå 14 fylke inkludert Oslo, viser ein nedgang på 6,3 pst., men det er store forskjellar mellom fylka. Frå hausten 1997 til våren 1998 var nedgangen for dei same 14 fylka 4,9 pst. Nedgangen denne våren er ikkje dramatisk, og det kan vere fleire grunnar til nedgangen. Eg vil fylgje denne utviklinga vidare.

Større forskjellar i elev- og studentgrunnlaget er ei aukande utfordring på alle nivå i utdanningssystemet. Likeverdig opplæring inneber individuell tilpassing og mangfald, ikkje lik opplæring. Hausten 1999 går startskotet for det planlagde treårige kompetanseutviklingsprogrammet for å oppkvalifisere skuleleiarar og tilsette i PP-tenesta for stadig meir krevjande differensieringsoppgåver. Individuell tilpassing og yrkesretting av opplæringa er hovudtema i eit breitt forsøks- og utviklingsprogram innanfor vidaregåande opplæring. Regjeringa satsar på ei betre tilrettelegging av studiesituasjonen for funksjonshemma studentar og gjev m.a. økonomisk støtte til eit pilotprosjekt på dette området ved NTNU i Trondheim.

Regjeringa er òg oppteken av dei utfordringane som fylgjer av forskjellar i kultur, religion og etnisk bakgrunn. Skulen skal utvikle fellesskapskjensle på tvers av aukande fleirkulturelt mangfald, men skal samstundes gje alle elevar hjelp til å byggje opp personleg identitet og utvikle positiv tilknyting til eigen kultur. Eg viser til den framlagde morsmålsmeldinga som Stortinget alt har handsama. Ei eiga arbeidsgruppe er i ferd med å planleggje overføring av oppgåver som Samisk utdanningsråd utfører i dag, til Sametinget frå neste år.

IKT representerer ei enorm pedagogisk utfordring når det gjeld innhald, organisering og læringsmåtar. Internasjonale røynsler viser at målretta bruk av IKT som arbeids- og læringsreiskap aukar motivasjon for og konsentrasjon om læringa og betrar skuleprestasjonane for mange elevar. Her er lærarane sin kompetanse avgjerande. IKT i opplæringa er ei viktig utviklingsoppgåve på alle nivå i utdanningssystemet, og Regjeringa vil seinare i år leggje fram ein revidert handlingsplan på dette området.

«Det hjelper korkje timeplanar elder instruksar elder nokon ting; det som gjer skulen til det han er, det er læraren», skreiv Arne Garborg i «Tankar og utsyn» i 1878. Lasse Trædal gjev i ein kronikk i Aftenposten 7. april i år eit interessant innspel frå norsk skule, der han er tilbake som lærar etter ti år i anna verksemd. Endringar i språk, terminologi og praksis dei siste åra «verkar framandgjerande på dei fleste av oss», seier han, og skriv at lærarane i aukande grad ser på seg sjølve som «styringsteknokratar» eller «produksjonsfaktorar i den store bedrifta AS Norsk Skole». Trædals «sjukdomsdiagnose» kan samanfattast i fylgjande sitat frå kronikken:

«Vi gløymer – eller vågar ikkje tru på – våre eigne erfaringar. …All tale om eigne erfaringar og daningsprosjekt kan lett verke puslete i denne samanhengen.»

Tru om vi ikkje har undervurdert dialogen med kvardagslæraren i reformiveren tidlegare på 1990-talet? Vi treng òg i eit nytt tusenår lærarane som myndige og kyndige kunnskapsformidlarar og kulturberarar. Regjeringa legg med det aller fyrste fram ei stortingsmelding med ei relativt brei drøfting av spørsmål som gjeld rekruttering til læraryrket, kompetansesituasjonen, arbeidsvilkår og status for lærarar og skuleleiarar. Eg vil m.a. sjå nærare på forholdet mellom sentralt avtaleverk og det lokale handlingsrommet. Eg helsar velkommen spennande initiativ til å prøve ut nye måtar å organisere og drive skule på. Lokalt nyskapingsarbeid må ikkje bremsast av avtalar og reglar som ikkje er tilpassa ein ny situasjon. Den nye opplæringslova vil frå 1. august i år gje skuleeigar større fridom til å definere innhald i funksjonar og stillingar i skuleverket. Regjeringa vil i god tid før hovudtariffoppgjeret neste vår vurdere om ansvaret for forhandlingar om lønn for lærarane bør flyttast frå staten til kommunesektoren.

God læringskvalitet krev engasjement, motivasjon og konstruktiv samhandling mellom mange aktørar, lokalt og sentralt. Sosiologen Andy Hargreaves understrekar i ei bok i 1996 om lærararbeid og skulekultur kor viktig det er «å støtte og myndiggjøre skolekulturene og deltakerne der, slik at de selv kan drive fram endringer i en kontinuerlig utvikling».

I tråd med dette vil Regjeringa i arbeidet med å fornye og kvalitetsutvikle utdanninga samspele tettare med lokale aktørar og stimulere til nyskaping og utviklingsarbeid på skulenivå, i kommunar og fylkeskommunar og i høgre utdanningsinstitusjonar. Eg har på denne bakgrunnen m.a. teke initiativ til forpliktande samarbeid med Kommunenes Sentralforbund, lærar-, foreldre- og elevorganisasjonar og partane i arbeidslivet om forsøks- og utviklingsprosjekt i grunnskule og vidaregåande opplæring. Eg trur røynsler frå lokale forsøk i større grad bør brukast som grunnlag for å vurdere nye nasjonale initiativ og tiltak i åra frametter.

Utdanningspolitikken skal framleis ha felles rammer og mål, med regjering og storting som nasjonalt ansvarlege for kvalitet og likeverd i opplæringa. Men Regjeringa ynskjer vide rammer, enkle sentrale reglar, meir fleksibilitet og utvida handlingsrom for lokalt mangfald. Som ein del av arbeidet med å utvikle «eit enklare Noreg» vurderer eit eige statssekretærutval gjeldande regel- og forskriftsverk på utdanningsområdet. Eg ynskjer dialog med skuleeigarar og tilsette om spørsmål om sentral regulering kontra lokal styringsrett. Det lokale handlingsrommet kan truleg utnyttast meir enn i dag, men eg er likevel open for å mjuke opp det nasjonale regelverket der det er gode grunnar for å gjere det.

Dei ferske tilstandsrapportane frå utdanningsdirektørane viser at reformprosessane i grunnskulen er komne lengst på dei lågaste klassestega, der læring gjennom leik har fått ein meir sentral plass. Eg vil no ta initiativ til ein grundig gjennomgang av praksis på ungdomssteget for å vurdere kva som bør gjerast, og kor mykje som bør endrast. Eg tek sikte på å kome tilbake til Stortinget med ei sak om dette neste år, truleg i den utdanningspolitiske utviklingsmeldinga som eg foreslår i St. meld. nr. 28 for 1998-99. Eg utfordrar alt no til intensivert utviklingsarbeid, utvida forsøk med grunnlag i ny forsøksheimel og særskild satsing på etterutdanning retta mot ungdomssteget. Eg ynskjer ikkje minst prosjekt med større vekt på praktiske arbeidsmåtar og meir elevmedverknad. Det er nemleg all grunn til å ta på alvor forsking som viser at større elevmedverknad gjev auka trivsel og motivasjon. Eg viser òg til at Regjeringa har foreslått avgrensa lokale forsøk med alternative og meir fleksible modellar for tildeling av ressursar på ungdomssteget.

Innanfor høgre utdanning har eg sett i verk konkrete prosessar for å styrkje handlefridomen på institusjonsnivå, m.a. når det gjeld etablering av fagtilbod. Eg vil òg invitere til ein gjennomgang av bruken av nasjonale rammeplanar, fyrst og fremst i lærarutdanninga og i helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar. Institusjonane treng fleksibilitet og handlingsrom for å drive omstillings- og nyskapingsarbeid. Detaljerte, forpliktande rammeplanar kan hemme lokal kreativitet og fagutvikling. Samstundes har vi behov for samordning, samarbeid og kvalitetssikring ut frå nasjonale mål og krav til kvalitet på dei nemnde yrkesretta studieområda. Det kan vere ein farbar veg å erstatte noko av rammeplanstyringa med skjerpa kvalitetssikring.

Regjeringa vil i revidert nasjonalbudsjett for 1999 foreslå ei prøveordning med nettobudsjettering ved universiteta for å styrkje den interne økonomiske handlefridommen og m.a. opne for å sjå drifts- og investeringsmidlar og eksterne ressursar meir i samanheng.

I utgreiinga mi i 1998 varsla eg ei viss oppmjuking i arbeidsdelinga mellom universitet og høgskular. Siste året har høgskular fått rett til å tildele universitetsgrad for hovudfag, i kvalitet likeverdige med tilsvarande universitetsfag. Nokre statlege høgskular har frå komande haust fått høve til å drive forsøk med mastergradsstudium. Departementet vil om kort tid, på grunnlag av tilråding frå nedsette fagkomitear, ta stilling til om tre statlege høgskular skal få rett til sjølvstendig tildeling av doktorgrad.

Dei ferske sluttrapportane frå evalueringa av høgskulereforma gjev tankevekkjande innspel til diskusjonen om høgre utdanning. Evalueringsrapportane vil vere ein del av grunnlagsmaterialet for Mjøs-utvalet, og Stortinget vil få høve til å drøfte funna i samband med meldinga som vil kome på grunnlag av innstillinga frå utvalet. Eg vil likevel vurdere å omtale enkelte sider ved evalueringa i budsjettproposisjonen til hausten.

Universiteta og høgskulane har etter kvart utvikla mykje eksternt finansiert forsking, undervisning eller anna utviklings- og utgreiingsarbeid. Mjøs-utvalet har nett levert ei eiga delutgreiing om organisering av slik oppdragsverksemd. Utvalet tilrår organisering som aksjeselskap eller statsforetak. Eg trur eksternt oppdragssamarbeid gjev grunnlag for positive utviklingsimpulsar til sektoren, og eg vil fylgje opp saka etter ein rask høyringsrunde.

Ny opplæringslov gjev skuleeigar høve til å gjere forsøk som går ut over rammene i lov og forskrifter. Eg ynskjer meg ein aktiv forsøksheimel som stimulerer til lokale prosjektidear når det gjeld innhald, arbeidsformer, organisering og administrasjon. Eg er særleg interessert i forsøk med nye tilnærmingsmåtar og ny praksis for tilpassa opplæring.

Regjeringa kjem òg med framlegg om ein eigen forsøksparagraf i lov om universitet og høgskular for å stimulere til tidsavgrensa pedagogiske eller organisatoriske forsøk. Eg vonar at ein slik forsøksheimel kan tre i kraft alt frå komande haust. Eg forventar at dette skal føre til spennande forsøk som ledd i lokalt nyskapings- og kvalitetsutviklingsarbeid, t.d. i form av nye undervisnings- og evalueringsformer.

Vi er blitt meir medvitne om at dei ulike ledda i den livslange utdanningskjeda heng saman. Grunnskule, vidaregåande opplæring og dels høgre utdanning legg ein grunnmur for seinare læring livet gjennom, ikkje minst gjennom å utvikle evner til å bruke kunnskapen i nye situasjonar og til å lære å lære. Samstundes blir grensene mellom grunn-, etter- og vidareutdanning meir og meir flytande.

Eit regjeringsoppnemnt utval, Berg-utvalet, skal innan 1. mars år 2000 vurdere særskilde opplæringstilbod i grenselandet mellom vidaregåande nivå og høgre utdanning. Det gjeld m.a. teknisk fagskule, kunstutdanning, sekretærutdanning og bibelskular. Når ca. 98 pst. av kvart årskull fullfører vidaregåande opplæring, treng vi òg å avklare kva plass opplæring på «mellomnivået» skal ha i heilskapen, som meiningsfulle alternativ for unge som vil lære meir, men ikkje vil studere vidare i universitet eller høgskule.

Eg arbeider med full styrke for å fylgje opp kompetansereforma, i tråd med Stortinget si handsaming av St. meld. nr. 42 for 1997-98. For Regjeringa er eit breitt og sterkt engasjement frå arbeidsgjevar- og arbeidstakarsida avgjerande i denne saka, som over tid kan bety mykje for sysselsetting og verdiskaping, velferd og livskvalitet. Kompetansereforma er ikkje og skal ikkje vere ei skulsk utdanningsreform. Eg ser derfor fram til eit konstruktivt samarbeid med mange aktørar i Forum for kompetanseutvikling, som skal ha si fyrste samling om kort tid.

Etter- og vidareutdanning har stått sentralt i lønnsoppgjeret, gjennom arbeidet i Arntsen-utvalet og i forhandlingane. Statsministeren har i brev til partane i arbeidslivet 10. april i år konkretisert nærare korleis Regjeringa har tenkt å medverke til eit ynskjeleg kompetanselyft for vaksne. Eg vil her spesielt peike på samarbeidet mellom arbeidsliv og utdanningsinstitusjonar om eit breitt kompetanseutviklingsprogram med utviklingskontraktar og utvikling av nye opplæringstilbod. Regjeringa forpliktar seg til å delfinansiere eit slikt program med 400 mill. kr over ein to-treårsperiode, med den fyrste løyvinga i statsbudsjettet for år 2000. Eg trur at eit slikt samarbeid vil fremme utviklinga av fleksible og brukartilpassa opplæringstilbod. Ved bruk av IKT og multimedia vil store delar av opplæringa kunne gjennomførast i tilknyting til arbeidsplassen.

Ny teknologi opnar kompetansedører som har vore stengde for mange. Dette gjev nye og lovnadsrike perspektiv, ikkje minst sett frå ein distriktspolitisk ståstad. IKT-basert opplæring vert stadig viktigare for kompetanseutviklinga over heile landet, og behov for skreddarsydde tilbod til næringslivet aukar. Eg vil stimulere utdanningsinstitusjonar til å gje desentraliserte tilbod via fjernundervisning. Universitet og høgskular fortener honnør for å ha møtt dei nye utfordringane offensivt, m.a. gjennom utvikling av samarbeidsnettverk på tvers av institusjonar, alliansar med internasjonale fagmiljø, prosjektsamarbeid med arbeidslivet og nye nettbaserte studietilbod.

Mykje interesse er knytt til spørsmålet om å gje vaksne høve til å dokumentere kva dei kan, og å få denne realkompetansen verdsett. Dette er viktig for den einskilde vaksne, for fleksibiliteten på arbeidsplassane og for arbeidet med å utvikle brukartilpassa vidareutdanning. Innanfor vidaregåande opplæring samarbeider no utdanningssystem og partane i arbeidslivet konkret om å etablere funksjonelle dokumentasjonsordningar. Mjøs-utvalet la 19. april i år fram ei samrøystes delutgreiing, «Realkompetanse i høgre utdanning». Eg vil etter ein høyringsrunde kome raskt tilbake med konkrete forslag til oppfylging av denne utgreiinga. Eg ynskjer å gje vaksne utvida høve til å studere på høgre nivå, på grunnlag av dokumentasjonsordningar med legitimitet både i arbeidslivet og i utdanningssystemet.

Regjeringa er oppteken av at utdanningspolitikken skal femne om alle, at ingen grupper skal falle utanom. Eg nemner som eitt konkret eksempel innvandrar- og flyktningkvinner med så lite grunnutdanning og dårleg språkgrunnlag at dei ikkje maktar å støtte borna sine i skulearbeidet. Regjeringa vil, i samarbeid med lokale styresmakter og innvandrarorganisasjonar, kartleggje utdanningsnivået til desse kvinnene og planleggje tilpassa opplæringstiltak for kvinner med born. Tilstandsrapportane viser at det er nødvendig for fylkeskommunane å arbeide meir med den vidaregåande opplæringa for minoritetar.

Dei sosiale og kulturelle endringane i samfunnet gjer at mange opplever livet som ei reise i landskap utan kart og oppgådde stiar. I ein slik situasjon treng ikkje minst unge menneske hjelp til å orientere seg. Eg er samd med professor Rune Slagstad når han skriv:

«Mer enn noe annet roper dagens situasjon på lærere som kan oppdra til samfunnsånd, og som kan gi identitet til en skole som et moraldannende fellesskap.»

Historia har vist at berekrafta i eit samfunn i stor grad heng saman med verdiforankring og etiske kvalitetar i folket.

Regjeringa ynskjer å stimulere til drøfting av verdiar i dei kvardagsfellesskapa der folk lever og samhandlar. For born og unge er skulen ein slik fellesskapsarena. Skulen skal vere verkstad for arbeid med å møte og meistre utfordringane i eit stadig meir fleirkulturelt samfunn. Gjennom kontakten min med Skule-Noreg møter eg konkrete og spennande lokale verdiprosjekt i skuleklassar eller på skular, drivne fram av entusiastiske elevar, lærarar, skuleleiarar eller foreldre. Dette er positivt og lovnadsrikt. Det arbeidet skulane gjer med verdispørsmål, vert skikkeleg meiningsfullt når det vert knytt opp mot konkrete saker og spørsmål, som arbeid med menneskerettar eller med lokal Agenda 21 i kommunane. Eg kjenner t.d. til interessante prosjekt der elevar engasjerer seg aktivt i praktiske energisparingstiltak på vidaregåande skular. Eg er oppteken av at departementet kan vere med på å spreie positive idear og røynsler på dette området.

Det nye faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering i grunnskulen skal vere ein møteplass for samtale om og arbeid med verdiar og livssyn, på tvers av det livssynsmangfaldet elevane representerer. Tilstandsrapportane frå utdanningskontora viser at talet på klagesaker for å få fullt fritak frå undervisninga i faget har gått ned sidan 1997, trass i at faget er innført på fleire klassesteg. Det same gjeld talet på elevar som vert haldne borte frå undervisninga. Eg minner om at staten ved dom i Oslo Byrett 16. april er frikjend i fritakssaka mot Human-Etisk Forbund. Saka er varsla anka til lagmannsretten.

Regjeringa vil vidareutvikle KRL-faget og praktisere fritaksreglane i samsvar med tidlegare opptrekte hovudlinjer og intensjonane frå Stortinget. Innsatsen for å gje lærarar og skuleleiarar god etterutdanning vil verte vidareført. I respekt for religiøs eller livssynsmessig integritet er det viktig for meg å vite kva elevar og foreldre opplever som problematisk eller krenkjande. Praksis viser at spenningar omkring faget kan dempast gjennom dialog og god informasjon. Eg oppfordrar skulane til å satse på konstruktivt samarbeid med foreldra for å finne fram til ei fleksibel praktisering av retten til delvis fritak.

Negativ åtferd, uro og vald i skulen svekkjer kvaliteten på læringsarbeidet. Men læringsmiljøarbeid har òg eit verdiperspektiv. «Å lære å leve saman» er det fyrste av dei fire overordna UNESCO-måla for livslang læring. Evne til kommunikasjon og samarbeid er fundamentale kvalitetar i eit vellukka familieliv, i næringsliv og i demokratiutvikling.

Den tragiske hendinga i Sogndal som vi vart kjende med sist veke, har mint oss om kor viktig det er at skulen tar på alvor haldningsskapande arbeid. Her må vi som vaksne kjenne ansvaret vårt, både i skulen og på andre samfunnsarenaer. Røynsler viser at nettverk av tiltak og samarbeid mellom ulike aktørar gjev mindre vald og negativ åtferd i skulen og i lokalmiljøet elles. Eg utfordrar til brei mobilisering og dugnad, nasjonalt og lokalt, for trygge og gode oppvekstmiljø. Regjeringa har på dette området teke initiativ til eit prosjekt i ti utvalde kommunar over heile landet. I prosjektkommunane Kristiansand, Lørenskog og Bøler bydel i Oslo vert det løyvt øyremerkte ressursar til særskild satsing for å styrkje skulen si rolle i oppvekstmiljøet.

Tilstandsrapportane frå utdanningskontora fortel at Skule-Noreg engasjerer seg aktivt mot negativ åtferd, mobbing, rusmisbruk og vald gjennom trivselsundersøkingar, handlingsplanar og program mot mobbing, skulemeklingsprosjekt osv. Ansvarleggjering av elevane og aktivt og forpliktande samarbeid mellom skule og heim er særleg viktig. Vi treng ein open og utfordrande dialog om desse spørsmåla. Foreldra har hovudansvaret for å oppdra born og unge. Lærarar kan ikkje erstatte foreldre eller ta over oppsedingsansvaret. På dette området treng vi òg å ha tett kontakt med og involvere foreldre på dei fyrste årsstega i vidaregåande opplæring.

Etikkspørsmål står på dagsordenen også innanfor høgre utdanning. Sist onsdag helsa eg velkomen til Noreg verdskonferansen for forsking og etikk i UNESCO-regi. Etter initiativ frå Stortinget vil eg ved hjelp av Noregsnettrådet vurdere korleis etikkundervisninga kan styrkjast på universitets- og høgskulenivå, og kva tiltak som kan vere med på å sikre ein høg etisk standard innanfor nærings- og finansmiljøa.

Eit samfunn i rask endring set store krav til fleksibilitet og omstillingsevne. Derfor treng vi ein dynamisk, ikkje ein statisk utdanningspolitikk. Regjeringa vil sjå på etablerte system med nye briller og korrigere kursen når gode grunnar tilseier det. Konkret ser eg m.a. fram til spennande diskusjonar og endringsprosessar når Mjøs-utvalet og Berg-utvalet neste vår legg fram innstillingane sine om vegen vidare innanfor høgre utdanning og på det såkalla «mellomnivået».

Regjeringa har som visjon å skape større kvalitetsmedvit i og mellom alle ledd i utdanningskjeda. Eg er oppteken av å styrkje skule, høgskule og universitet som kultur- og verdiberande nøkkelinstitusjonar inn i framtidssamfunnet. Moderniseringa av norsk utdanning på 1990-talet har gjeve oss eit godt utgangspunkt for utviklinga vidare. Felles overordna mål for opplæringa på alle nivå gjev kursen også inn i eit nytt årtusen. Samstundes vil Regjeringa arbeide for forenkling, meir fleksibilitet og redusert sentral detaljstyring gjennom rundskriv, forskrifter osv. Eg vil flytte meir av utviklingsfokus frå sentrale til lokale arenaer, skape meir elev-, student- og foreldremedverknad, og styrkje samvirket mellom skule, arbeidsliv og samfunnet ellers.

Eg inviterer til dialog, samarbeid og brei og aktiv medverknad i arbeidet med å vidareutvikle ein dynamisk utdanningspolitikk etter slike hovudlinjer.

Lodve Solholm hadde her teke over presidentplassen.

Presidenten: Presidenten vil foreslå at kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren si utgreiing om utdanningspolitikk vert lagd ut for handsaming i eit seinare møte – og ser det som vedteke.