Presidenten: Etter
ønske fra justiskomiteen vil presidenten ordne debatten slik: 5 minutter
til hver partigruppe og 5 minutter til medlemmer av regjeringen.
Videre vil det
– innenfor den fordelte taletid – bli gitt anledning til inntil
fem replikker med svar etter innlegg fra medlemmer av regjeringen,
og de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid,
får en taletid på inntil 3 minutter.
Lene Vågslid (A) [12:06:14 ] (leiar i komiteen og ordførar
for saka): Denne midlertidige loven har me i justiskomiteen behandla
på skikkeleg vis på under ei veke. Det har me gjort for å bidra
til nødvendige tiltak og at me får på plass endringar som kan hjelpe
norske bedrifter og viktige arbeidsplassar som no står i fare for å
gå konkurs som fylgje av koronautbrotet.
Eg vil starte
med å takke komiteen for eit svært godt samarbeid – litt intenst
– og gode forhandlingar.
I ei tid der mange
bedrifter blir hardt ramma, er det viktig at me på Stortinget bidreg
til at bedrifter ikkje går over ende. Det kan gode og sunne bedrifter
faktisk oppleve når kontantstraumen i ein periode plutseleg stoppar
heilt opp. Komiteen meiner at effektive rekonstruksjonsreglar kan
bidra til at bedrifter som under normale omstende ville klart seg
godt, i større grad no kan reddast og viktige arbeidsplasser og
verdiar sikrast.
Med endringane
Stortinget vedtek i dag, kan ein lettare få ytterlegare kredittar
og lån som er nødvendige for å kome over kneika. Spesielt viktig
er det at nye kredittar får superprioritet, som gjer at desse blir
sikra framfor eldre gjeld.
Statsråden må
òg merke seg dei tydelege føringane som kjem frå justiskomiteen.
Det er ein samla komité som meiner at regjeringa må fylgje nøye
med på korleis denne loven verkar undervegs, og at regjeringa må kome
med endringsforslag viss det viser seg at innretninga ikkje gjev
det resultatet me ynskjer. Ein slik type fortløpande evaluering
vil òg gje grunnlaget for å vurdere ei forlenging viss det viser
seg å vere nødvendig. Komiteen meiner det må leggjast vekt på om
tiltaka har hatt ynskt effekt, f.eks. om små og mellomstore bedrifter nyttar
reglane i tilstrekkeleg grad, og om reglane gjev arbeidstakarane
eit nødvendig vern, slik som føresett.
Hovudregelen i
denne midlertidige loven inneber at tilsette kan ta del i drøftingane
og bli konsulterte ved rekonstruksjonsforhandlingar. Men det blir
òg stilt eit unntak der regjeringa i forskrift kan gje retten moglegheit
til å unnlate å nemne opp kreditorutval for dei minste bedriftene.
Dermed blir òg dei tilsette si stemme vald bort i forslaget til
regjeringa.
Eg er difor glad
for at det er ein samla komité som i dag føreslår å sikre at tilsette
blir høyrde i alle rekonstruksjonsprosessar. Komiteen fremjar difor
eit forslag som sikrar at dette må varetakast når regjeringa utformar
slike forskrifter. Viss retten etter dette unnlèt å nemne opp kreditorutval,
skal ein sikre at dei tilsette blir høyrde på ein annan måte. I
krisetider må me òg passe på at retten og vernet til arbeidstakarane
blir sikra, og det oppnår me no, med det forslaget komiteen får vedteke
i dag.
Statistikk frå
SSB frå 9. januar 2020 viser at det er mindre enn 5 pst. av alle
selskap i Noreg som har meir enn 50 tilsette. Arbeidarpartiet meiner
det er prinsipielt og reelt viktig at det er hovudregelen i loven
som primært skal brukast i desse viktige prosessane. Som ein ser av
innstillinga, meiner Arbeidarpartiet at det bør vere eit tak på
30 personar som definerer det som skal vere små føretak, og me fremjar
det som eit eige forslag.
Det er viktig
at me no stiller til disposisjon alle nødvendige og fungerande verktøy
som kan hjelpe så mange bedrifter som råd gjennom den krisa me no
står i. Viss desse reglane blir brukte tidleg nok på ein riktig
måte, meiner me dei vil kunne utgjere ein forskjell for mange bedrifter
med tilsette som kan få berga arbeidsplassane sine. Med færre i
arbeid vil me kunne få lågare omsetning, som igjen resulterer i
endå færre arbeidsplassar. Denne negative spiralen vil me i Arbeidarpartiet
bidra alt me kan i denne prosessen for å endre. Viss me ikkje får
til dette, vil det kunne utfordre vår felles velferd. Den norske
modellen er eit svært viktig bidrag for å sikre dette, og eg er
glad for at dei tilsette si stemme òg no, gjennom komitéforhandlinga,
er sikra.
Som ein ser, er
det ein samla komité som stiller seg bak tilrådinga. SV har varsla,
i eige forslag, at dei stemmer imot § 66 nr. 3. Det kjem representanten
frå SV til å gjere greie for sjølv.
Elles tek eg opp
det forslaget Arbeidarpartiet står bak, og takkar igjen for eit
godt samarbeid i ei veldig viktig sak.
Presidenten: Representanten
Lene Vågslid har tatt opp det forslaget hun refererte til.
Frida Melvær (H) [12:11:16 ] : Eg vil òg få takke komiteen
for eit utruleg godt samarbeid i denne saka. Koronakrisa set definitivt
òg oss stortingsrepresentantar på prøve, og det går fort i svingane
når vi skal einast om viktige tiltak for bedrifter, på svært kort
tid. Eg vil særleg rette ei stor takk til leiaren av justiskomiteen, som
har leia dette arbeidet på ein framifrå måte.
Proposisjonen
vi behandlar i dag, inneheld ei rekkje tiltak for å gjere rekonstruksjonsprosessen
for bedriftene enklare og meir effektiv. Det overordna målet med desse
endringane er at fleire bedrifter skal ha eit enklare regelverk
å halde seg til, i tillegg til at tiltaka skal bidra til at fleire
bedrifter overlever ein potensiell konkurs.
Mellom anna opnar
vi for at forhandlingar om rekonstruksjon kan innleiast tidlegare
enn i dag, og det skal verte lettare å vedta ein rekonstruksjonsplan.
I tillegg opnar vi for at det skal verte lettare å selje bedrifta og
gjere om gjeld til aksjekapital. Det vert òg opna for at bankane
kan få førsteprioritet for pantet sitt dersom dei kjem bedriftene
i møte med nye lån.
Frå Stortingets
side har alle partia i justiskomiteen sikra at i dei tilfella der
retten vel ikkje å nemne opp kreditorutval, skal tilsette i alle
bedrifter vere med på drøftingar i samband med dette. Alle partia
i komiteen er òg einige om at det er viktig at denne retten vert
sikra for dei tilsette, òg i små og mellomstore bedrifter.
Vi er òg einige
om at regjeringa undervegs skal vurdere om lova fungerer etter føremålet,
og at det i denne vurderinga skal takast omsyn til om lova hjelper
bedriftene til lengre levetid, og at interessene til tilsette og
aksjonærar er best mogleg beskytta. Ei fortløpande evaluering av
lova er særleg viktig i ei lite føreseieleg tid, og det er viktig
å ha eit godt grunnlag for å evaluere tiltaka, slik at dei anten
kan forlengjast eller endrast til det beste for bedriftene.
Eg vil gjerne
òg knyte ein kommentar til levetida til lova. Vi meiner at lova
må få god tid på seg til å fungere. Rekonstruksjonsprosessar pleier
å ta lang tid, og dersom regjeringa skal ha eit godt grunnlag for
å evaluere lova, er det etter vår oppfatning nødvendig at ho skal
få verke fram til 1. januar 2022 – slik regjeringa har føreslått.
Eg vil gjerne
òg få grunngje kvifor regjeringspartia ikkje støttar forslag nr. 1,
frå Arbeidarpartiet og SV. Det har sin bakgrunn i at vi ikkje ønskjer
å definere kva som reknast som ei lita bedrift på bakgrunn av eit
konkret tal på tilsette. Det kan vere behov for forenkla reglar
for bedrifter som har meir enn 30 tilsette, og det kan òg vere behov
for å bruke dei alminnelege reglane for bedrifter under 30 tilsette.
Vi ønskjer at dette skal vurderast i kvart enkelt tilfelle, slik
at bedriftene følgjer det regelsettet som passar best for situasjonen
i den enkelte bedrifta. For regjeringspartia har omsynet til fleksibilitet
i kvart enkelt tilfelle vore avgjerande for å lande på denne konklusjonen.
Eg vil gjerne
igjen takke for et godt samarbeid i ein hektisk lovgjevingsprosess.
Ein så stor grad av semje på tvers av partilinjene viser at vi evnar
å samarbeide godt når landet og bedriftene våre verkeleg treng oss.
Per-Willy Amundsen (FrP) [12:15:24 ] : La meg starte med å
gi ros til justisministeren og regjeringen for at man har fått denne
saken raskt til Stortinget. Samtidig vil jeg gi ros til vår komitéleder
og til komiteens gode samarbeid, og for at man har håndtert saken
raskt, som komitélederen påpekte, på under én uke. Det er viktig. Det
er viktig når vi ser de signalene vi må ta inn over oss, når vi
leser i media hver eneste dag – sist i dag, med SSBs beskrivelse
av nedgang i bruttonasjonalprodukt – om det som er mørke skyer på
himmelen i tiden fremover. Det er en realitet, det må vi forholde
oss til, og det må vi også tilpasse oss så godt som mulig.
Dette mener jeg
er en svært god lov, for den gir muligheter til bedrifter som på
lang sikt kan ha et stort potensial, og som på lang sikt i høyeste
grad er levedyktige, men som i en akutt situasjon her og nå står
i fare for å gå konkurs. Rekonstruksjon vil i den sammenheng være
et alternativ som betyr at vi kan redde flere bedrifter og legge
grunnlaget for å ta vare på flere arbeidsplasser. Det kan kun være
av det gode.
Jeg vil til og
med kanskje gå så langt som til å si – og dette vil man jo komme
tilbake til, for denne loven er midlertidig, som flere har vært
inne på – at det kan være mye som taler for at det uansett er riktig
å ha denne typen åpning og bestemmelse. Jeg registrerer at man i
media litt sånn populært har omtalt dette og sammenliknet det med
det amerikanske systemet med «Chapter 11». Det er kanskje ikke en
helt håpløs sammenlikning, for jeg tror mange har observert at det systemet
man har i USA, som kanskje legger til rette for et mer dynamisk
næringsliv, har man lyktes med. Det kan være at man i den prosessen
som vil komme i forbindelse med en permanent lov, hvor man høster
erfaringer og gjennomgår dem, kanskje også kan gjøre loven enda
bedre. Men vårt utgangspunkt er at dette er svært godt.
Jeg er glad for
at Stortinget viser vilje og evne til å ta inn over seg den krisen
vi står i. Dette er en alvorlig krise og en utfordring for næringslivet
og arbeidsplassene i tiden som kommer. Stortinget viser seg også
nå som stort, tar ansvar og håndterer det, på tvers av alle partier,
så godt vi kan. Vi kommer med nye regler som legger til rette for
at vi kan gjøre nettopp dette – redde bedrifter og arbeidsplasser.
Det er mange som kjenner på usikkerhet der ute. Da er vår første
jobb som tillitsvalgte i nasjonalforsamlingen å sørge for at vi
gjør alt det vi kan for å ta vare på arbeidsplassene til folk flest
der ute.
Jeg takker for
samarbeidet. Jeg mener nok en gang at vi her ser Stortinget på sitt
beste, i samarbeid med regjeringen: Vi får frem saker raskt og kommer
med gode beslutninger som gjør oss – gitt den vanskelige situasjonen –
best mulig i stand til å håndtere krisen.
Jenny Klinge (Sp) [12:19:34 ] : Først vil eg få takke dei andre
medlemene i komiteen for eit godt samarbeid i ei svært rask behandling
av denne proposisjonen, og ein særleg takk til saksordførar Vågslid
for ein kjempegod innsats.
Senterpartiet
er oppteke av å hjelpe både bedriftene og arbeidsfolk i desse vanskelege
tidene, og det har vi bidrege til m.a. gjennom dei breie forlika
som er inngått her på Stortinget dei siste vekene. Ein del bedrifter
har kome eller vil dessverre kome i ein svært vanskeleg økonomisk
situasjon som følgje av koronapandemien og dei restriksjonane som
er sette i verk. Eit lovverk som bidreg til både ein raskare prosess
og større fleksibilitet, er viktig for å unngå unødvendige konkursar
og tap av arbeidsplassar framover. Effektive rekonstruksjonsreglar
kan bidra til at bedrifter som i normale tilfelle er lønsame, i
større grad kan reddast og verdiane sikrast.
Det er viktig
for Senterpartiet at den mellombelse lovendringa faktisk oppfyller
intensjonen med endringa. Derfor ønskjer vi at regjeringa følgjer
med på korleis lova blir brukt, og at dei eventuelt raskt kjem tilbake
til Stortinget med forslag om endring viss det skulle vise seg nødvendig.
I samband med
ein rekonstruksjonsprosess er det viktig at dei tilsette i både
små og store bedrifter får ta del i prosessen, og at dei blir høyrde
undervegs. I dette lovutkastet er det ikkje definert kva som skal
reknast som små bedrifter. Det er fordelar og ulemper ved å setje eit
fast tal på t.d. kor mange arbeidstakarar det skal vere i ei bedrift
for at ho skal kunne reknast som lita. Senterpartiet er einig med
fleirtalet i at ein bør unngå ei talfesting i lovteksten, fordi
vi meiner det no er mest tenleg. Ikkje minst merkar vi oss at departementet
i proposisjonen legg opp til at ein nærare definisjon av små bedrifter skal
kome i forskrift.
I tråd med det
vi skriv om løpande evaluering i merknadene, og at regjeringa må
gjere framlegg til endringar om det er nødvendig, er det klart at
definisjonen på små bedrifter òg er noko regjeringa må følgje med
på verknaden av framover. Sjølv om dette blir fastsett i forskrifter
og slik ikkje må til Stortinget igjen, vil det vere naturleg at
regjeringa vurderer endringar også i dei komande forskriftene viss
det etter kvart viser seg at den første definisjonen av små bedrifter
som regjeringa set, ikkje er tenleg eller har negative sider.
Det er ingen tvil
om at justisministeren og Stortinget har snudd seg raskt rundt då
regjeringa kom med dette forslaget, og eg håper at denne raske behandlinga vil
vere til hjelp for den enkelte bedrifta i denne krevjande situasjonen.
Petter Eide (SV) [12:22:29 ] : Stortinget behandler nå en lov
om rekonstruksjon i forbindelse med denne pandemien for bedrifter
som har vært i krise. Vi kommer til å vedta den samlet. Jeg synes
denne saken er i tråd med hvordan storting og regjering har håndtert denne
pandemien. Det har vært god respons fra både storting og regjering
i disse sakene. Vi har tatt ansvar alle sammen, og vi har prøvd
å unngå partipolitisk strid, nettopp for å vise både folk, bedrifter
og selskaper osv. at det er et samlet politisk Norge som står bak
de tiltakene som vi leverer på.
Så skal jeg ikke
gå i detalj om den loven, for den synes jeg er glimrende redegjort
for av justiskomiteens leder, og jeg er enig i hennes betraktninger.
Hun har for øvrig gjort en fantastisk jobb. Vi fikk dette lovforslaget for
bare få dager siden, og det har blitt jobbet døgnet rundt nå, under
ledelse av komiteens leder, og det har imponert oss alle.
Jeg skal heller
bruke tiden på å redegjøre for to reservasjoner som SV har. Vi kommer
til å stemme for denne loven, men vi har altså to reservasjoner.
Vi mener at med de to tingene vi da ikke ville gå inn for, kunne
loven stått seg veldig bra likevel.
Det ene er knyttet
til varighet, og jeg vil veldig gjerne at justisministeren etterpå
kommenterer hvorfor regjeringen her foreslår en varighet ut 2021.
Dette er en midlertidig lov, og når det er en midlertidig lov, mener
vi at den i prinsippet bør vare kortest mulig. I begrunnelsen for
en varighet på halvannet år skriver departementet at man ønsker
å vinne erfaringer med nye regler, fordi det er nyttig å ha med
seg i vurderingen i framtidige endringer av denne loven. Så her
bruker man altså denne midlertidige loven til noe helt annet enn
en pandemibekjempelse; man bruker denne loven til å skaffe seg erfaringer
knyttet til en endring av et nytt lovverk. Jeg synes det er uheldig,
for vi bør ikke bruke denne krisesituasjonen til å eksperimentere
med lovgivningen. Til det er situasjonen for alvorlig. Så må det
også legges til at denne loven vil ha store økonomiske konsekvenser både
for selskaper, for kreditorer og ikke minst for statens mulighet
til skatteinntekter. Dermed synes jeg det er uheldig at man har
en vikarierende begrunnelse, for å kalle det det, for varigheten.
Vår andre reservasjon
er knyttet til dette med skatt. I loven ønsker man også å legge
fram at det offentlige ikke skal ha fortrinnsrett for skatt for
de selskapene som er i konkursforhandlinger. Staten vil da bli en
kreditor på lik linje med – jeg holdt på å si – enhver pølsebu som har
krav i det selskapet som er i konkursforhandlinger, og det synes
vi er uheldig. Vi mener at det ikke er riktig å eksperimentere med
skattelovgivningen under denne krisesituasjonen, også fordi provenytapet
her ikke på noen måte er beregnet.
Disse to tingene
kombinert, både en varighet på halvannet år og et unntak fra fortrinnsretten
for skatt, gjør at denne loven har svært usikre økonomiske konsekvenser.
Skal man gjøre endringer i skatteregimet for selskaper, må det være
basert på en egen utredning og et langt mer solid beslutningsgrunnlag.
SV ønsker altså
å legge fram forslag om disse to tingene i dag: en kortere varighet,
en varighet kun ut dette året, og i tillegg ønsker vi ikke å endre
på at staten skal ha fortrinnsrett i skatte- og momsinnbetalinger.
Med det tar jeg opp SVs forslag.
Presidenten: Da
har representanten Petter Eide tatt opp det forslaget han refererte
til.
Solveig Schytz (V) [12:27:05 ] : Koronakrisen har skapt store
problemer og store inntektstap for mange bedrifter. Det er veldig
alvorlig, og det skaper stor usikkerhet for mange. At flest mulig
har en jobb å gå til – til sommeren, til høsten, til neste år og
i årene som kommer – er helt avgjørende både for økonomien og for
det enkeltmennesket det gjelder.
Justis- og beredskapsdepartementet
har lagt fram forslag til en ny midlertidig lov om rekonstruksjon
for å avhjelpe økonomiske problemer som følge av utbruddet av covid-19,
der målet er å redusere risikoen for unødige konkurser i levedyktige
virksomheter som er rammet av en akutt svikt i inntektene som følge
av utbruddet. Effektive rekonstruksjonsregler kan bidra til at bedrifter
som under normale omstendigheter vil være lønnsomme, i større grad
kan reddes og arbeidsplasser og verdier sikres.
Jeg er veldig
glad for at det er bred enighet i komiteen i denne saken, og jeg
vil takke særlig saksordfører Lene Vågslid, og også resten av komiteen,
for et veldig godt samarbeid.
Statsråd Monica Mæland [12:28:28 ] : Først og fremst: Tusen
takk for veldig godt samarbeid med komiteen og med saksordføreren
– et viktig og godt samarbeid i denne situasjonen. Jeg er veldig
glad for at en enstemmig komité støtter forslaget i proposisjonen
om en midlertidig lov om rekonstruksjon for å avhjelpe økonomiske
problemer som følge av utbrudd av covid-19.
Regler om gjeldsforhandlinger
følger altså i dag av konkursloven, men det åpnes i veldig liten
grad forhandlinger etter disse reglene. I korte trekk skyldes det at
reglene er lite egnet til å gjennomføre en vellykket rekonstruksjon
av virksomhetene. Den situasjonen vi nå er i, og de akutte effekter
av utbruddet av covid-19 for norsk økonomi, gjør det særlig viktig
å få på plass mer effektive gjeldsforhandlingsregler. Det må påregnes
at mange virksomheter vil få økonomiske problemer på grunn av svikt
i inntektene, og flere virksomheter kan dermed få behov for å finne
ordninger med kreditorer som kan hjelpe dem gjennom en vanskelig
periode for å unngå konkurs.
Forslaget er begrunnet
i enpersonsutredningen om rekonstruksjonsregler som var på høring
høsten 2016. Det foreslås omfattende endringer i de gjeldende regler om
gjeldsforhandling i konkursloven, og det foreslås at reglene gis
i en egen midlertidig lov. I den nye loven brukes begrepet «rekonstruksjon»
i stedet for «gjeldsforhandling». Det understrekes at et siktemål
med forslaget er å gi flere virkemidler til forhandlinger med kreditorer utover
ren nedsetting av gjelden. I tillegg foreslås det bl.a. at forhandlinger
om rekonstruksjon vil kunne innledes tidligere enn i dag, mens skyldneren
fortsatt har midler igjen.
Et stort problem
med dagens regler er at det ved åpning av gjeldsforhandlinger ofte
er lite midler igjen som kan bidra til at man får en løsning for
virksomhetene. Med lovforslaget vil det også bli lettere å vedta
en rekonstruksjonsplan, og det gis adgang til flere rekonstruksjonstiltak
enn i dag, f.eks. det å gjøre om gjeld til aksjekapital ved rekonstruksjon
med tvangsakkord. Det åpnes for å kunne gjøre midlertidig unntak
fra det offentliges fortrinnsrett for krav på skatt og merverdiavgift,
og det åpnes for å få pantesikkerhet for lån til finansiering under
rekonstruksjon med prioritet foran alle andre panthavere. I tillegg
styrkes skyldnernes beskyttelse mot åpning av konkurs og gjennomføring
av tvangsdekning under rekonstruksjonsforhandlinger. Samlet har forslagene
til formål å etablere et mer effektivt verktøy for å få ryddet opp
i virksomheters gjeldsproblemer og sortere ut hvilke virksomheter
som kan være levedyktige.
Lovforslaget antas
å kunne føre til flere vellykkede gjeldsforhandlinger og et redusert
antall konkurser, og dermed at viktige arbeidsplasser kan reddes
og verdier kan skapes. Det gjelder generelt, men det får særlig
betydning for å redusere risikoen for unødige konkurser i levedyktige
virksomheter som er rammet av en akutt svikt i inntektene. Slike
virkninger vil være positive både for den enkelte bedrift, for kreditorene,
for næringslivet generelt og for samfunnet totalt sett.
La meg da kort
kommentere noe av det som har vært tatt opp i de tidligere innleggene.
Representanten
Petter Eide satte spørsmålstegn ved midlertidigheten. Da må jeg
være veldig tydelig på at grunnen til at vi veldig fort har fått
fremmet dette, er koronasituasjonen. Men denne enpersonsutredningen ble
jo i sin tid gjort fordi det generelt har vært et ønske om å få
på plass sånne regler, også i Norge. Det er mange andre land som
har det, og de reglene vi har, er lite egnet både i en akuttsituasjon
og i en normalsituasjon.
Så er det slik
at man nå ønsker å samle erfaring fra ulike saker, fra ulike deler
av landet, og det tar litt tid. Det gjør vi for å kunne fremme en
permanent lov, men som da vil bli undergitt permanent og ordentlig
lovbehandling – det er en ordentlig lovbehandling, dette også, men altså:
da på mer ordinær måte og med ordinære høringer og den type ting.
Så det er bakgrunnen for at lengden er som den er.
Når det gjelder
skatt, er det slik at det offentlige har en fortrinnsrett. Vi sier
at det kan gis en fortrinnsrett, men at det offentlige ikke alltid
skal ha det. Det handler om at det offentlige også er med på et
spleiselag, en dugnad, for å redde arbeidsplasser. Det mener jeg
er viktig – det er et viktig bidrag fra det offentlige, og det kommer det
offentlige til gode når man redder arbeidsplasser.
Jeg vil også si
til komiteen at når man har fått på plass § 61 andre ledd nr. 4
om ansattes rettigheter, er det veldig bra, veldig viktig – og en
god lov er blitt enda bedre.
Presidenten: Flere
har ikke bedt om ordet til sak nr. 7.
Votering, se voteringskapittel