3. Økonomiske og administrative konsekvensar

3.1 Konsekvensar for det offentlege

       Framlegget vil medføre ei overføring av arbeidsoppgåver knytt til opningstider frå kommunen til fylkesmannen. Ved at fylkesmannen har fleire saker på området, vil det opparbeidast meir kompetanse på ein stad, noko som også vil gje grunnlag for meir kostnadseffektiv handsaming av sakene.

       Det er vanskeleg å verdsetje kva for eit omfang søknader om dispensasjonar vil få, men sett under eitt, går ein ut frå at framlegget vil medføre noko meirarbeid for fylkesmennene.

       Politiet vil i høve til gjeldande opningstidslov få eit utvida ansvarsområde ved at uaktsam krenking av lova og medverking vert straffbart. Det er uvisst kor stort meirarbeid dette vil medføre.

       Oppfølging av reglane om natt-, søn- og helgedagsarbeid er ein del av Arbeidstilsynet sine alminnelege tilsynsoppgåver.

       Ei utviding av tilsynsmyndet medfører at meir enn 40.000 utsalsstader med meir enn 180.000 arbeidstakarar blir omfatta også når det gjeld arbeidsmiljølova sine reglar om natt-, søn- og helgedagsarbeid. Det er også foretatt visse endringar, i høve til høyringsforslaget, med sikte på å leggje til rette for ei effektiv handheving. Dette gjeld fyrst og fremst utsalsstadene si plikt til å leggje fram dokumentasjon i høve til unntaksreglane i forslag til ny opningstidslov § 3 nr. 1 og nr. 2.

       Når det gjeld sysselsetting, kan endringar i opningstidene tenkjast å ha ein viss verknad for trongen av deltidsarbeidstakarar.

3.2 Konsekvensar for private

       Utsalsstader som vert fritekne frå lova etter ei arealgrense, og som ikkje heilt klart tilfredsstiller kravet om salsflate, må etter lovframlegget sørgje for at tilstrekkeleg dokumentasjon er tilgjengeleg ved utsalsstaden. Mange utsalsstader har allereie i dag slik dokumentasjon tilgjengeleg gjennom takstpapir e.l. Kostnadene ved å innhente ei såkalla arealavrekning frå ein takstmann går ein ut frå vil liggje i underkant av 1.000 kroner.

       Eit fåtal kioskar og bensinstasjonar som i dag går utover arealgrensa vil måtte følgje dei alminnelege opningstidene i lova. Dersom desse ønskjer å stå fritt når det gjeld å halde ope, må det påreknast ombyggingskostnader som for enkelte kan bli omfattande.

       Som følgje av det nye framlegget vil utsalsstader som i dag held ope etter kl. 21.00 på kvardagar, og kl. 18.00 på dagar før søn- og helgedagar, måtte stengje tidlegare. Dette kan føre til ein omsetningsnedgang, men det er usikkert kor stor økonomisk verknad dette vil ha for verksemdene.